Samfunnsfag 9 frå Cappelen Damm Grunnbok (kapittel 1)

Page 28

Alle menneske har ei psykisk helse. Den psykiske helsa er ein stor og viktig del av identiteten vår. Nokre opplever at dei kan segle gjennom livet utan å møte så mykje motstand, medan andre dessverre har evige traume og sår etter ting dei har opplevd. Dei fleste av oss opplever nok i løpet av livet periodar som er vanskelege. Korleis vi taklar vonde kjensler eller hendingar, kan variere. Medan nokre snakkar lett om kjenslene sine, synest andre menneske det er vanskeleg. Nokre treng meir tid på å snakke om, eller fordøye, hendingar som har gjort inntrykk på dei, medan andre har kanskje behov for å vere i fred med kjenslene sine. Uansett korleis du fordøyer ting du har sett, lese, høyrt eller opplevd, må du hugse å ta vare på den psykiske helsa di og finne ut kva som er best for deg. Du skal jo leve med deg sjølv livet ut. Livet har mange svingingar. Det er viktig å hugse at det meste går litt i bølgjedalar, og at det er heilt normalt å ha nokre dagar der du

26

SAMFUNNSFAG 9 FRÅ CAPPELEN DAMM

Det er så viktig å snakke om kjensler

Er du nokre gonger så lei deg at det verkeleg gjer vondt? I så fall kan det gjere godt å få snakka om det saman med venner som bryr seg.

Psykisk = mental, alt som har med tankar og kjensler å gjere Traume = belastning, anten fysisk eller psykisk


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.