3 minute read

Mitt liv som bok

Men inni er vi like – eller?

Ein kjend, gammal barnesong slår fast at «mye er forskjellig, men det er utenpå». Barn lærer frå tidleg skulealder at vi menneske kjem i alle ulike fargetonar, storleikar og fasongar. Moralen er at alle skal føle seg like mykje verde, uansett korleis dei ser ut. Men mange gløymer kva som er like viktig: Vi er ikkje heilt like inni, heller. Det må vi snakke om.

Også det du er på innsida, er ein del av identiteten din. Nokre blir fødde med eit hjarte som ikkje verkar heilt som det burde, nokre har ei nyre som ikkje heilt klarer jobben sin, eller ein allergi som seier ifrå når ein minst ønskjer det. Andre har ein rygg som skaper mykje trøbbel, eller ting i hovudet eller i nervesystemet som gjer at ein ofte seier for mykje, snakkar for fort og ikkje alltid har kontroll over det ein seier og gjer, men tek veldig stor plass – eller ikkje klarer å ta plass i det heile teke.

Minn deg sjølv på at også det er greitt. Det er meininga at vi skal vere ulike, både inni og utanpå. Det er nettopp ulikskapane som gjer oss til unike individ.

Identiteten din er litt som ei bok. Og det same er livet ditt. Litt etter litt går det opp for deg kva neste kapittel skal bli. Og denne forteljinga er ikkje ferdig før du har komme til siste side. Nokre ting i livsboka kan du sjølv styre og skrive inn, og andre ting skjer nærast automatisk på vegen. Blir det styrt av tilfeldige hendingar? Var det skjebnebestemt? Svara på slike spørsmål vel du gjerne sjølv.

Noko av det kanskje viktigaste vi kan gjere med identiteten vår i dag, er å setje ned farten og ikkje føle at vi må vere best i alt. Vi må lære oss å godta at identitet er noko heilt individuelt – og at alle menneske er like mykje verde, heilt uavhengig av kva dei er gode til eller ikkje meistrar så godt.

Meir enn nokon gong treng vi å byggje sterke fellesskap mellom menneske. Vi må tenkje på kva for val som er dei beste for jorda vår – og for dei menneska som skal leve på henne i framtida. Vi skal setje våre spor på denne kloden, men utan å etterlate oss avtrykk på han. Akkurat det ansvaret ligg til oss alle saman.

Unik = her: enkeltståande, eigenarta

Individuelt = her: spesielt, særeige

Identitet

Alle menneske har ein identitet. Identitet kan skildrast som eit sett med eigenskapar som gjer at nettopp du er du. Identiteten din blir forma både av dei som er tett rundt deg, og av storsamfunnet du lever i.

Nokre menneske opplever sjølve at dei stort sett har den same identiteten opp gjennom livet, medan andre lever eit liv der dei går gjennom store endringar.

Delar av identiteten din er du fødd med, og det kallar vi arv. Andre delar av identiteten din er forma av menneska du lever saman med, og dette kallar vi miljø. Vi menneske er både arv og miljø, og til saman gjer dette deg til den du er.

Ulike erfaringar og ulike val er med på å forme den du skal bli. Nokre gonger er du kanskje veldig medviten om at akkurat no er du litt i endring, og andre gonger har du kanskje nye tankar om ting, basert på noko du har lese, sett eller opplevd.

Toleranse og respekt er viktig for at vi skal få eit godt og inkluderande samfunn. Vi menneske har mange ulike identitetar og ulike styrkar. Ei verd der alle hadde vore heilt like, hadde ikkje utvikla seg. Derfor er mangfald viktig for samfunnet og samfunnsutviklinga. Vi må alle finne ein måte å leve saman på og respektere ulikskapane våre og dei ulike vala vi gjer i livet, så lenge dei ikkje går ut over andre på ein negativ måte.

Identiteten din og vala dine i livet kan vere med på å drive samfunnet framover.

This article is from: