8 minute read

Kjærleik og seksualitet

Next Article
Finn din plass

Finn din plass

Ei stor kjelde til glede, frustrasjon, tårer og latter i ungdomstida er kjærleik og forelsking. Få ting kan få oss til å bli løfta så høgt opp som forelskingsrusen, og få ting kan få oss til å falle så hardt i bakken som når vi kjenner oss avviste eller oversett, og slit med kjærleikssorg.

Der og då er det vanskeleg å tru at ein nokon gong skal komme seg ut av det. Og i løpet av dei neste åra er sjansen stor for at du sjølv kjem til å elske og bli elska – men også såre og bli såra.

Så fint å vere forelska! Så godt det kan gjere å vere så viktig for eit anna menneske!

Vi har ulike behov for nærleik

Ein del av det store prosjektet som er å finne identiteten sin, blir for mange å finne ut kven dei elskar, om dei elskar, og i kva grad dei har behov for å ha andre tett på seg.

Nokre går gjennom livet og treng stadfesting frå andre for å kunne føle at dei er noko. Andre går gjennom livet utan å ha nokon livspartnar eller kjærast, og utan noko ønske om å få det.

Så langt, men ikkje lenger? Vi menneske har ulike intimsoner, og derfor må vi seie ifrå om nokon går lenger enn vi likar.

Aseksuell = person som ikkje har seksuelle kjensler eller interesse for seksuelle handlingar

Intimsone = den psykiske eller fysiske sona du har rundt deg sjølv, der du kan føle ubehag dersom andre oppheld seg Nokre finn i ungdomstida ut at dei er glade i fysisk kontakt, medan andre ikkje likar å bli tekne på av andre menneske i det heile teke. Det er store skilnader i kor fysiske menneske er. Nokre kjenner på ei sterk seksualdrift allereie frå dei er veldig små, medan andre menneske er aseksuelle og har inga interesse for seksuelle kjensler eller handlingar.

I løpet av eit liv kan ein føle på mange ulike punkt langs denne skalaen. Vi menneske er ulike, og nærleiksbehova våre kan variere sterkt.

Ha respekt for intimsona til kvarandre

Du er no i ein livsfase med auka medvit om kropp og seksualitet. Dette er kanskje noko du helst ikkje vil snakke om. Også kroppen din vil, frå naturen si side, begynne å gjere seg klar til å treffe ein partnar, eller kroppen til ein annan.

Vi menneske har ulike intimsoner. Det vil seie at nokre likar å bli tekne på av andre, medan andre ikkje likar det. I tillegg handlar det om korleis ein likar å bli teken på. Slik nokre menneske strør om seg med klemmar konstant – og andre ikkje er «klemmarar» – kan

nokre menneske elske å kjenne andre sin kropp mot sin, medan andre helst vil unngå det. Derfor er det viktig å respektere intimsona til kvarandre.

● ? Kvifor er det viktig å respektere intimsona til kvarandre?

Små barn, store førebilete

Som barn begynner omgivnadene veldig tidleg å definere måtar å vere gut eller jente på. Utan at vi vel det sjølve, blir vi ofte presenterte for leiker, fargar og førebilete som bidreg til å skape førestillingar om kven vi skal bli.

Når vi er små, leikar vi oss inn i ei slags framtidsforteljing der vi hermar etter ting vi er kjende med: mor og far, eller mor og mor, eller far og far, eller åleinemor, eller åleinefar … Det er naturleg for ungar å etterlikne det mønsteret dei allereie kjenner.

Kanskje blir ikkje barnet medvite om at dette handlar om kjønn, før nokon påpeikar det. Spørsmål av typen «Har du to mammaer, du?» kan få eit barn til å reflektere over at nokon ser på dei som annleis, for første gong i livet sitt.

Då vi var små, såg vi gjerne opp til dei som var vaksne. Kva for førebilete har du no?

Fridom til å elske den du vil

Kjønn og legning eller seksuell orientering er ein del av identiteten til alle menneske, men kor sterkt vi som enkeltpersonar identifiserer oss med det, kan variere. Nokre veit allereie frå dei er veldig små, at dei er lesbiske, homofile eller bifile, og veks opp i eit miljø der det å stå fram med den seksuelle orienteringa si ikkje byr på dei store problema.

Andre kan trenge lang tid på å finne ut kven dei er – og fortelje dette ope. Dersom dei har ei seksuell orientering som ikkje er innanfor dei tydelege normene og forventningane til andre, risikerer dei å møte mykje motstand, både heime og i samfunnet.

Ekstra utfordrande kan ungdomstida bli om ein har ein religion og høyrer til ein kultur som er negativ til homofili.

Mange opplever at legninga deira fortel noko viktig om kven dei er. Men legninga di seier ingenting om kvar du står politisk, kva du likar å lese, kva du gjer på fritida, eller kven du faktisk er. Du skal vere fri til å elske akkurat den du vil, utan å bli definert av det!

Dei siste tiåra har det gradvis blitt mykje lettare å vere homofil eller lesbisk i Noreg. Etter ekteskapslova som blei sett i kraft i 2009, har homofile same rett som heterofile til å gifte seg. Noreg var også det første landet i verda som laga lover mot nedsetjande omtale eller diskriminering av homofile. Det bryt altså mot norsk lov å snakke stygt om nokon på grunn av legninga deira. Men i land ganske nær oss blir framleis menneske forfølgde og trakasserte på grunn av den seksuelle orienteringa si.

● ? Kvifor trur du homofili framleis vekkjer negative kjensler hos nokre menneske? Kva trur du skal til for å endre dette?

● ? Kva trur du er årsaka til at eit av dei vanlegaste skjellsorda blant ungdom er «gay» eller «homo»? Kva trur du skal til for å endre dette?

Er eg gut eller jente?

Kva er det som får oss menneske til å oppleve at vi eigentleg er gut eller jente, kvinne eller mann? Dette spørsmålet er viktig, for nokre menneske veks opp med ei oppleving av å vere fødde i feil kjønn eller feil kropp.

Jeg åpner google, skriver «født i feil kropp». Det kommer opp såååå masse, jeg vet ikke hvor jeg skal starte. Noen vil ta sånn hormonbehandling, da man kan få småboobs. Også man må ta medisin, så man ikke får guttestemme. Og viktig, man må også ta medisin for ikke å få skjegg og hår på brystet og sånt, som mange gutter får. Også jeg tenker Ali er bare i starten av livet sitt, alt det der kan jeg google etterpå.

Jeg begynner å se på tegn jeg ikke har tenkt på før. Ali liker ikke mumblerap og rockesanger, han liker bare romantiske sanger fra Disneyfilmer. «Let it goooo», «Into the unknown » fra Frozen 2 og en eller annen sang fra Moana, pluss den derre sangen Sjasmin synger i Aladdinfilmen. Så jeg forstår plutselig. Han vil ikke være Aladdin, han ville ikke ta på puppa til Sjasmin. Han vil være Sjasmin. Jeg trodde han likte Barbie og Elsa fordi de er tæte, schmøe, fine jenter. Og Moana er brun prinsesse, skikkelig pen, liksom. Så jeg tenkte siden han er brun, kanskje han er forelska i henne. Og når han likte de derre tinga jeg tenkte han skal sikkert imponere en jente i klassen, derfor han ser på det der. Så de kan ha noe å snakke om. Kanskje jenta han liker hadde sagt sånn: «Ali, du vet så mye om Elsa og Moana, jeg er heeelt imponert! » Og så hun hadde plutselig sagt: «Ali, bli med hjem til meg, jeg skal vise deg My Little Ponysamlinga mi, og alle Disneyprinsessene mine!» Ålllø, så romantisk, de hadde sett på samlinga, også kyssa sånn som man gjør på barnetrinnet. Men nei da, det går opp for meg nå! Han har lyst til å bli de prinsessene.

Utdrag frå HØR HER’A! av Gulraiz Sharif

Biologisk kjønn = kjønnet (gut/jente) som du er fødd med Transperson = ein person med ein utsjånad eller ein identitet som uttrykkjer eit anna kjønn enn kjønnet dei blei fødde som

Les meir om dette på nettstader som www.ung.no. Kjønnsidentiteten din er det du føler at du er. Og kjenner du ingen tilhøyrsel til det biologiske kjønnet du er fødd inn i, men heller til det motsette kjønnet, kan du skildrast som ein transperson.

Når kjønnsidentiteten din, altså det du føler du er, er ulikt det biologiske kjønnet du er fødd inn i, vil det truleg vere ei stor og viktig sak i livet ditt. Vi er ulike, og det gjeld å akseptere både eigne og andre sine eigenskapar. Det er så viktig å anerkjenne andre som den dei føler dei er.

● ? Kva utfordringar trur du transpersonar opplever kvar dag, både praktiske og kjenslemessige? Kva trur du skal til for at desse utfordringane kan bli mindre?

Ingen skal oppleve sexpress

Igjen er nøkkelordet identitet. Vi skal alle ha fridom til å utvikle identiteten vår – også når det gjeld kjønn, seksuell orientering og seksuelle ønske – og vi må alle akseptere eigenskapane til kvarandre. Då har vi samtidig ei plikt til å akseptere grensene til andre.

Mange opplever allereie i ungdomstida å bli utsette for seksuelt press. Folk debuterer tidlegare no enn for nokre tiår sidan. Sjølv om den seksuelle lågalderen er 16 år i Noreg, føler mange seg pressa til å ha sex når dei er yngre enn dette. Det er ikkje greitt. Sex skal berre skje dersom begge partar er einige og ønskjer det.

Det er så viktig at du kjenner på dine eigne grenser! Berre du kan bestemme kvar desse grensene går. Prøver nokon å utfordre dei, må du tore å seie ifrå. Det er jo din kropp. Han er den vakraste og tryggaste reiskapen du har, men også den mest sårbare.

Dessverre opplever nokre at andre trakkar over denne grensa. Det er ulovleg. Det er til dømes ikkje lov til å ha seksuell omgang med nokon som er medvitslause eller av andre grunnar ikkje kan motsetje seg handlinga. Det er heller ikkje lov å truge nokon til å utføre seksuelle handlingar. Dersom du opplever dette, kan du med lova i hand seie NEI! Ekstra skadeleg og skamfullt er det om ein vaksenperson misbrukar tilliten til eit barn. Også vaksne menneske kan oppleve situasjonar der dei ikkje føler seg komfortable.

This article is from: