
1 minute read
Du og fellesskapet
Du er hovudpersonen i ditt eige liv. På godt og vondt skal du leve med deg sjølv heile livet. Derfor kan det vere lurt å bli ordentleg godt kjend med deg sjølv og skape eit eg som du likar å vere saman med. I ungdomstida er dette kanskje ekstra vanskeleg. Det er ikkje så lett å vite kven du er – og endå vanskelegare å vite kven du skal bli.
Nokre dagar synest du kanskje at du sjølv og livet ditt er heilt greitt. Andre dagar kjennest det som om heile verda er imot deg. Dei fleste menneske har det slik av og til, men i ungdomstida kan det kjennast ekstra forvirrande. Akkurat no er du i ein livsfase der du står midt mellom barndommen og vaksenlivet. Det er framleis mange ting du ikkje har lov til å gjere, samtidig som det blir stilt større krav til deg som aktiv deltakar, både i ditt eige liv og i samfunnet.
Fint å vere saman, fint å vere åleine
Mange likar å vere ein del av eit fellesskap, men dette gjeld ikkje alle. Som menneske er vi ulike. Nokre trivst best midt i ein vennegjeng, andre trivst best åleine og treng ro og fred innimellom. Nokre treng mykje tid åleine for å få overskot. Andre får overskot av å vere saman med menneske.
Det å bli vaksen handlar om å ta ansvar for sitt eige liv. Etter kvart som vi blir eldre, skjønar vi betre at vi er ein del av eit større fellesskap – der vi alle er avhengige av kvarandre og har forpliktingar overfor kvarandre.
Å skape sin eigen veg
Nokre veit allereie tidleg i tenåra kva dei ønskjer å drive med når dei blir vaksne. Andre brukar lang tid på å finne ut kva som skal bli deira plass og deira rolle her i verda. Identitet er ikkje noko du berre får, men noko du sjølv utviklar. Det handlar om å skape sin eigen veg. Dette kan opplevast som det mest slitsame – men også det mest fascinerande – med heile ungdomstida. Vi formar oss sjølve, gjerne med nyttig hjelp frå dei vi har rundt oss.