3 minute read

Det er så viktig å snakke om kjensler

Next Article
Mangfald

Mangfald

Alle menneske har ei psykisk helse. Den psykiske helsa er ein stor og viktig del av identiteten vår. Nokre opplever at dei kan segle gjennom livet utan å møte så mykje motstand, medan andre dessverre har evige traume og sår etter ting dei har opplevd. Dei fleste av oss opplever nok i løpet av livet periodar som er vanskelege.

Korleis vi taklar vonde kjensler eller hendingar, kan variere. Medan nokre snakkar lett om kjenslene sine, synest andre menneske det er vanskeleg. Nokre treng meir tid på å snakke om, eller fordøye, hendingar som har gjort inntrykk på dei, medan andre har kanskje behov for å vere i fred med kjenslene sine. Uansett korleis du fordøyer ting du har sett, lese, høyrt eller opplevd, må du hugse å ta vare på den psykiske helsa di og finne ut kva som er best for deg. Du skal jo leve med deg sjølv livet ut.

Livet har mange svingingar. Det er viktig å hugse at det meste går litt i bølgjedalar, og at det er heilt normalt å ha nokre dagar der du

Er du nokre gonger så lei deg at det verkeleg gjer vondt? I så fall kan det gjere godt å få snakka om det saman med venner som bryr seg.

Psykisk = mental, alt som har med tankar og kjensler å gjere

Traume = belastning, anten fysisk eller psykisk

Føreseieleg = at du kan føresjå eller forvente at noko skal skje

Norm = regel for korleis vi skal oppføre oss i ein bestemt situasjon. Normene kan vere skrivne ned, men dei fleste er det ikkje

Nokon er klare for å hjelpe deg!

Mange ungdommar føler at ingen skjønar dei. Særleg ikkje dei vaksne. Men det finst vaksne som er spesialutdanna for å kunne hjelpe ungdommar som slit. Dei har den kunnskapen og erfaringa som trengst, for å kunne tilpasse hjelpa til dei som dei skal hjelpe.

Det er så mykje som kan bli lettare om ein får snakka om det. Dersom du sjølv har psykiske ting du slit med, kan du til dømes få hjelp om du kontaktar:

• ein vaksen du stolar på, til dømes ein lærar/føresett • helsesjukepleiaren på skulen din • skulepsykologen • fastlegen • ung.no (chattetenesta) • Røde Kors, tlf. 800 333 21 • Mental Helse, tlf. 116123 • SnakkOmPsyken.no (chattetenesta) • SnakkOmMobbing.no (chattetenesta til Blå Kors) føler at alt er fint, og nokre dagar der du føler at kvardagen er litt tyngre. Det går også an å føle sorg over at ein vi er glad i, har det vondt, sjølv om vi ikkje sjølve opplever den smerta. For mange kan det vere fint å snakke med nokon.

Alle fortener ei trygg hamn

Vi menneske treng tryggleik og at situasjonen vår er føreseieleg. Då kan vi finne den roa og dei kreftene vi treng for å utvikle oss på sunne måtar. Alle treng å ha ei trygg hamn. Likevel finst det barn og ungdommar som opplever at dei ikkje har det slik. Dette kan prege dei på fleire måtar, til dømes kven dei veks opp til å bli, og kva tillit dei har til andre.

Særleg i ungdomsåra saknar mange å vite kvar dei skal gå – eller kven dei skal snakke med – dersom dei føler at livet er vanskeleg. Vi vaksne vil gjerne rå dei til å ta kontakt med ein helsesjukepleiar, eller ein annan vaksen som ungdommen kan stole på. Foreldra, til dømes. Men mange unngår gjerne det. Dei er kanskje redde for å såre foreldra, eller for at dei skal lage mykje styr.

Del dei mørke tankane dine!

Nokre tenåringar ber på veldig mørke tankar. Dei kan slite med skam eller tvangstankar, føle at de ikkje lever opp til normene i samfunnet. Ofte er det ikkje så lett å setje ord på kva som er gale. Ein har ei grunnleggjande kjensle av å ikkje høyre til – eller å strekke til.

«Tenk positivt», seier dei som prøver å hjelpe. Men kven har plass til positive tankar når dei mørke tankane overskyggjer alt?

Det kan vere vanskeleg å skjøne forskjellen på om nokon er lei seg som følgje av ein dårleg periode, eller om dei er i ferd med å bli deprimerte. Det hender folk har det så fælt inni seg at dei skader seg sjølve på utsida for å fjerne smerta innvendig. Sjølvskading blant unge er dessverre eit fenomen som stadig aukar.

● ? Kva tenkjer du om det å vere lei seg? Er det naturleg og bra, eller er det berre vondt og «farleg»?

● ? Kan det å vere lei seg føre til noko positivt?

This article is from: