
6 minute read
Kven er du – eigentleg?
Ganske vaksen, men framleis litt barn. Nokre dagar mest det eine – eller det andre.
Allereie før du er tenåring, har mykje av grunnlaget for identiteten din blitt danna. Du kan ta ansvar, du veit at du kan planleggje og gjennomføre ganske mange ting på eiga hand. Du har eit indre liv med tankar og draumar, og du begynner å få ei klar oppfatning av kva du trur på – og ikkje trur på. Du kan fortelje historia om ditt eige liv, og på mange måtar veit du kven du sjølv er.
Då du var 8–9 år, var mykje av identiteten din allereie forma. Men i dag vil du kunne setje ord på dei tinga som har vore med på å prege deg. Det er til dømes lettare for deg å vite kvifor du blir redd for noko.
Ikkje heilt vaksen, men heller ikkje barn
Vi menneske begynner altså å formast for alvor i puberteten. Og for mange er dette ein samansett livsfase: Det er så mykje nytt og spennande, men også ein god del press og forventningar frå dei vaksne. Kjensla av å ikkje vere heilt vaksen, men heller ikkje barn, kan i ein del samanhengar vere frustrerande.
No som du er i midten av tenåra, har du kanskje blitt endå meir oppteken av spørsmål som Kven er eg eigentleg? Kven er det mennesket eg ønskjer å vere? ER eg det mennesket eg ønskjer å vere? Likar eg å vere saman med meg sjølv? Likar eg den eg er når eg er saman med andre?
Slike spørsmål kan vere vanskelege å svare på. Men uansett er det viktig at du tenkjer over dei.
Å bli eldre handlar om å velje
Etter kvart som du blir eldre, kan du lettare velje kven du vil omgåast, og kven du ser på som familie. Det blir gjerne sagt at «venner er den familien du vel sjølv». Særleg i ungdomstida kjennest det ofte slik.
Du vel kanskje også andre førebilete enn dei du hadde før. Spør ein småbarn, har dei gjerne omsorgspersonane sine som dei største førebileta. Men det vil endre seg: I ungdomstida opplever du kanskje at dei heime berre er dumme, eller i alle fall altfor strenge, og at dei ikkje skjønar nokon ting!
Samtidig: Éin del av deg kan kanskje ha lyst til å krype opp i fanget og kjenne tryggleiken deira, medan den andre delen helst vil slengje med dører og skrike. Humøret ditt endrar seg raskare enn du sjølv klarer å henge med på, og kjenslene svingar. No er det kanskje nokon heilt andre som er førebileta dine – og som du heller vil tru på og høyre på – enn dei der heime.
Vi menneske vekslar gjerne mellom ulike identitetar og prøver ut ulike roller. Freidig, frigjord, frekk, fryktsam? Det kjem an på situasjonen – og kven du er saman med.
Fleire identitetar
Dei fleste menneske lever på sett og vis med det vi kan kalle to identitetar: Éin der du er heilt åleine med deg sjølv – når ingen ser deg og du ikkje treng å bevise noko eller må tilfredsstille krav og forventningar frå andre – og ein heilt annan i dei fellesskapa du har med andre menneske.
Eller er det ofte snakk om meir enn to identitetar? Viser du andre sider av deg sjølv når du står i skulegarden saman med andre, enn når du besøkjer besteforeldra dine eller er heime og sit rundt
Identitet = personlegdom, den du er, eller den du oppfattar at du er

Rolle = summen av forventningane som blir stilte til oppførselen din i ein bestemt situasjon middagsbordet? Det handlar gjerne om at vi spelar ulike roller, avhengig av kven vi er saman med.
Skilnaden mellom å gjere og å vere
Det er viktig å tenkje på at vi ikkje er handlingane våre. Dersom du gjer noko som er dumt, er ikkje det det same som at du er dum. Det er stor skilnad mellom å gjere og å vere.
Ofte er vi altfor harde mot oss sjølve, til dømes dersom vi har gjort noko vi veit ikkje er så klokt. Nokre gonger prøver vi å gjere ei god handling, men så blir det berre kluss – og så opplever vi kanskje å bli misforstått i staden. For nokre skjer dette ofte. Ein prøver så godt ein kan. Likevel endar ein kanskje stadig opp med kjensla av at ting gjekk litt skeis. Kva skjedde?
Alle hadde den same oppfatninga av Martin: Han var ein sånn som ikkje gadd å gjere lekser, og som aldri var førebudd til timen. No gjekk
han i niande klasse. Han hadde for lengst begynt å miste motet. Aldri om han kom til å gjere det bra på skulen, nei. Martin verka så skulelei og lat at dette stod fram som sjølve identiteten hans.
Men hadde det nokon gong hendt at nokon spurde Martin: «KVIFOR er du så sjeldan førebudd?» Heldigvis skjedde det til slutt at ein av lærarane tok seg tid til å snakke med han. Då fekk ho vite noko veldig interessant: Martin delte soverom med to mindre søsken, og ikkje nokon stad i den vesle leilegheita hadde han høve til å få sitje i ro åleine og gjere lekser.
Læraren fekk avtalt med det lokale biblioteket at Martin kunne få sitje der tre dagar i veka og gjere lekser etter skuletid. Kort tid seinare merka lærarane stor forskjell på guten. Plutseleg var han aktiv i timane, gjorde alltid leksene og leverte bra på prøver.
Tenk at løysinga kunne vere så enkel! Så kvifor hadde ikkje nokon funne på dette før?
● ? Kvifor trur du det kan vere vanskeleg å setje ord på det ein strevar med?
Når identiteten din ikkje er deg
Nokre gonger treng vi litt hjelp til å sjå ting utanfrå. Det var ikkje meir som skulle til for å få endra identiteten til Martin. Han gjekk frå å oppleve seg sjølv som ein skuletapar, til plutseleg å trivast på skulen. Kanskje hadde den eigentlege identiteten hans alltid vore dette: ein gut som likar å lese og lære. At Martin dessverre blei oppfatta stikk motsett, kom av forhold som var utanfor hans kontroll.
Det er så viktig å ikkje vere for hard mot seg sjølv. Å kunne tilgi seg sjølv er kanskje noko av det vanskelegaste som finst, men likevel noko av det viktigaste. Kunsten å ta med seg lærdom av eigne feil vidare i livet må vi aldri gløyme.
Absolutt ingen menneske handlar alltid rett eller er perfekte heile tida, sjølv om mange får det til å verke slik i sosiale medium. Vi er ikkje dei dårlege vala våre, vi gjer dei. Og har vi gjort dei, kan vi aktivt velje om vi vil prøve å gjere ting annleis neste gong.
● ? Kvifor er det ofte vanskeleg å rose seg sjølv?

Når er vi den mest naturlege utgåva av oss sjølve? Medan vi tøysar eller er alvorlege? Når vi er saman med venner på vår eigen alder, eller med folk i familien? Kunsten å unne andre det dei har
Mange kjenner på misunning og sjalusi i løpet av livet sitt. Det er menneskeleg å ønskje seg det same som andre har. Men det er langt ifrå like greitt å sjå at andre har dette, utan å unne dei det. Kanskje du sjølv har noko som dei faktisk ønskjer seg? Kanskje har du ditt eige rom, men ingen søsken? Eller så har du kanskje søsken, men ikkje eige rom? Barn av skilde foreldre har kanskje begge delar: det eine på den eine staden og det andre i heim nummer to.
Nokre meiner at identitet handlar om å finne ut korleis vi kan gjere ein innsats for noko som er større enn oss sjølve. Det er sikkert lett å seie for ein som er vaksen, men midt i tenåra har ein gjerne meir enn nok med å vere ei best mogleg utgåve av seg sjølv. Å skulle løfte blikket og bli noko som har verdi utover dette, kan vel kjennast uoverkommeleg?
● ? Tenkjer du at tenåringstida er ein periode der du har nok med å vere oppteken av deg sjølv?