
10 minute read
Mangfald
Mennesket er eit flokkdyr som til alle tider har flytta på seg, på jakt etter nye stader å bu, dyrke jorda og ha tilgang til reint vatn. Vatn er den einaste ressursen alle samfunn til alle tider har måtta lære seg å kontrollere – eller tilpasse seg. Og stadig oftare blir det tørke eller flaum, slik at det blir umogleg å bli buande i landsbyar der familiar har dyrka jorda i generasjon etter generasjon.
Ein annan grunn til at så mange ser seg nøydde til å forlate heimstaden sin eller heimlandet sitt, er krig. Også norske soldatar har dei siste tiåra delteke i krigar, til dømes i Syria, Afghanistan, Libya og Irak. Mange menneske har måtta flykte frå desse landa.
Menneske frå 190 land bur i Noreg
Det er ganske nytt i verdshistoria at menneske frå område i Afrika og Midtausten har flykta så langt som til Noreg. Vi har alltid levd litt isolert her oppe i nord. Vi har hatt nokre få minoritetar av samar, kvener og finnar, men dei siste tiåra har menneske frå alle kontinent også komme til landet vårt.
Noreg har på ganske kort tid gått frå å vere eit av dei mest etnisk og kulturelt homogene landa i verda til å ha innbyggjarar frå 190 ulike land. Desse menneska har teke med seg eit spennande mangfald av mat, kultur og mykje anna. Utan at vi tenkjer over det, sklir tradisjonar
Etnisk og kulturelt homogen = etnisk og kulturelt einsarta, altså utan mangfald
frå andre land over til å bli ein del av vår identitet. Taco, til dømes. For nokre tiår sidan hadde få i Noreg høyrt om taco, men no er det ein fredagstradisjon i veldig mange familiar.
● ? Er det andre ting som du omgir deg med i kvardagen, som kjem frå andre stader enn Noreg?
Ein oppvekst mellom ulike kulturar
Kanskje kjem du sjølv – eller nokon i klassen din – frå ei familie som feirar både id og julaftan? Det er heilt vanleg at folk som flyttar frå éin kultur til ein annan, tek til seg mange bitar av den kulturen dei flyttar til, og samtidig beheld ein god del av den kulturen dei har med seg.
Barn som veks opp på denne måten, blir av forskarane kalla «third culture kids». Den kulturen dei kanskje føler at dei høyrer til, er verken kulturen til foreldra eller kulturen i det samfunnet dei lever i. Mange barn av innvandrarar har ei kjensle av å vekse opp mellom ulike kulturar. Det er mogleg dei føler at dei ikkje har røter nokon stad – og kjenner på eit sakn etter ein kultur som er deira.
Nokre kan bruke dette til å forme sin eigen kultur, ved å hente det beste frå kvart av dei ulike landa dei føler tilhøyrsel til.
● ? Kva trur eller meiner du er positivt med å ha tilhøyrsel i fleire kulturar?

Sommerferie, as. Veldig deilig for norske nordmenn, men jeg lover deg ikke noe deilig for oss utlendinger uten penger! Hva skal vi gjøre da? De har sånn sjøhytte, fjellhytte, havhytte, fastlandshytte, kysthytte, sånn der læreren lærte oss, ja, sånn derre skjærgårdshytte, mann! Pluss Sverigehytte, du vet, Nesoddenhytte. Tenk deg, de har hytte rett ved Oslo! Ikke at alle norske nordmenn kommer fra Oslo, men da jeg hørte det, jeg holdt på å pææse ut. Liksom, du vil ha utedo, du bare kjører litt bort fra Oslo til utedo. Og så er de der i flere uker. De plasserer de hvite og rosa rompene sine på sånne dritskumle svarte hull, også er det et lass med dritt under dem. Jeg får hjerteattakk av de doene, jeg får sånn noia, mann.
Jeg tenker sånn, brorsan, følgende, som det heter på fin norsk: Bro, pappaen min tok ikke tog og container til Norge gjennom Tyskland og Danmark for å bæsje ute. I utedo med sånn skeiv trevegg. Bygning som holder på å falle. Han kom til vakre, lange Norge for å bæsje inne. Hvis han absolutt skulle bæsje ute, da vi har masse, og jeg mener MASSE jord ute i Pakistan. Problemet er, i Pakistan det er dritgiftige slanger, mann. I Norge det er sånne søte små hoggeormer, med sånne hoggetenner. Jeg ler, as, mann! Jeg har sett dem hundre ganger når jeg går rundt Grorudvannet for å finne meg sjæl, for å få indre ro fra lillebruttern og foreldra mine. De er så ufarlige, ikke de i familien min, men hoggeormene. De sløver over stien, helt chill, de koser seg fordi de lever i Norge. I Pakistan jeg hadde fått balleklapp av slanger. For det første jeg hadde ikke gått på tur rundt noe vann der for å finne meg sjæl! Nordmenn lærte oss å finne seg sjæl. Pakistanske foreldre tar sandal og smacker deg så hardt at du ikke finner utgangsdøra engang, hvordan i helvete skal du finne deg sjæl?
Utdrag frå HØR HER’A! av Gulraiz Sharif
Terrorangrepet på Al-Noor-moskeen i Bærum
I 2019 skaut ein 21 år gammal norsketnisk mann seg inn i Al-Noormoskeen i Bærum utanfor Oslo. Han hadde som mål å «drepe flest mogleg». Den eine av dei tre mennene som var i moskeen, klarte å overmanne terroristen før han rakk å skade nokon alvorleg fysisk.
21-åringen hadde rett før angrepet skote og drepe si eiga søster. Drapet på søstera og angrepet på moskeen var rasistisk motivert. Mannen skal sjølv ha sagt at han frykta ein rasekrig og ville verne foreldra sine. Han sympatiserte med nynazistiske grupper og hadde før terrorangrepet vore aktiv i diskusjonsforum på nettet. Minoritetsstress
Kvar tiande innbyggjar i Noreg kjem no frå eit ikkje-europeisk område. Det vil seie at mange norske ungdommar står med eitt bein i familietradisjonar frå opphavslandet, og eitt bein i norske tradisjonar. Og kanskje særleg i den alderen du er i no, kan dette kjennast som ein umogleg spagat å stå i: følgje ønska til foreldra dine om å ta vare på og vidareføre kulturen frå opphavslandet deira, og samtidig vere norsk nok til å bli ein del av gjengen eller klassemiljøet.
Det finst faktisk noko som heiter minoritetsstress. Det oppstår hos personar som høyrer til ein minoritet og stadig føler at dei må forsvare denne identiteten. Minoritetsstress kan vere knytt til legning eller hudfarge, eller til andre kultur-relaterte ting.
● ? Er det noko du kan gjere for at nokon rundt deg skal føle mindre minoritetsstress i livet sitt?
Rasisme
Kjensla av utanforskap blir gjerne ekstra sterk for dei som opplever rasisme. Og rasismen finst i Noreg. Sjølv om nokre vil hevde at samfunnet vårt ikkje er særleg rasistisk, finst det mange menneske her i landet som dagleg opplever rasistiske ord eller handlingar. Kan du sjølv ha utsett nokon for rasisme utan at du eigentleg meinte det vondt? Eller har du sjølv opplevd rasisme eller diskriminering?
Framandfrykt er ofte kjernen til rasisme. Ordet er samansett av «framand» og «frykt». Så snart det framande sluttar å vere framandt, har mange opplevd noko interessant: Dei har ikkje lenger så mykje å frykte.
● ? Kvifor trur du det finst rasisme i samfunnet?
Mange måtar å helse på
Etter terrorangrepet på Al-Noor-moskeen i Bærum 10. august 2019 besøkte kronprins Haakon det islamske senteret for å vise støtte til offera. Då han skulle handhelse på ei ung kvinne, tok ho ikkje imot handa hans. I staden helsa ho med handa til hjartet og nikka til kronprinsen.

Denne unge kvinna, Zeliha Acar, forklarte etterpå at ho måtte gjere det ho følte var rett. Dersom ho handhelsa på kronprinsen, ville ho gitt frå seg ein verdi ho hadde halde fast ved lenge. Denne verdien var ein del av identiteten hennar.
Denne vesle hendinga førte til mykje debatt. Ei av dei vanlegaste årsakene til at ulike kulturelle uttrykk utviklar seg til debattar, er at vi ofte ikkje veit nok om bakgrunnen for at nokon handlar som dei gjer. Slike debattar der ulike verdiar blir sette opp mot kvarandre, er vanlege i fleirkulturelle samfunn.
Vi har lange tradisjonar i Noreg for å ta kvarandre i handa. Og ingen kunne jo vite, medan helsedebatten rasa, at handhelsing mellom nordmenn brått skulle ta slutt eit halvår seinare. Då kom koronaviruset og sørgde for at helsing med olbogen – eller ved å ta seg til hjartet – også blei vanleg i Noreg.
Då Zeliha Acar og kronprins Haakon skulle helse på kvarandre, gjorde begge det einaste naturlege: Éin strekte ut ei hand, og éin plasserte handa på hjartet.
● ? Har du nokon gong opplevd situasjonar der det har oppstått misforståingar i møte med nokon frå ein annan kultur? Syntest du det var pinleg eller berre komisk?

Popidolet Ella Marie Hætta Isaksen (frå bandet Isák) stod i spissen for eit opprør mot illustrasjonen på hermetikkproduktet Joikakaker, der ein samegut smiler i klassisk samekufte. Dette er respektlaust gjort mot samar, erklærte dei. Til slutt valde produsenten Nortura å ta omsyn til kritikken og endra innpakninga. Joika-opprøret
Samane er eit urfolk i Noreg som i mange år blei utsette for overtramp av styresmaktene. Samane opplevde at det ikkje var rom for å vere stolte av kulturen sin i majoritetssamfunnet. Det er heldigvis i stor endring. Samisk kultur og språk er blitt ein del av den norske identiteten. Ein kan sjå samiske nyheiter på TV og høyre samiske musikkartistar, mellom andre Ella Marie Hætta Isaksen. Ho tok i 2020 eit kraftig oppgjer med det som i årevis var eit av dei mestseljande hermetikkprodukta i Noreg: Joikakaker.
780 000 boksar med Joikakaker blei selde i 2019, alle med teikning av ein smilande samisk gut i klassisk samekufte. Dette produktet hadde eksistert i 60 år, med omtrent same emballasje heile tida. Produsenten Nortura blei overraska då kritikken plutseleg dukka opp. Logoen med sameguten hadde jo alltid vore der.
Men kva meinte samane sjølve? At dei hadde vore undertrykte altfor lenge. Derfor var ikkje slike same-karikaturar noko morosamt – det blei berre opplevd som krenkjande og sårt. Nortura valde å respektere misnøya etter lang tids debatt.
Karikatur = humoristisk framstilling som overdriv eller forvrengjer trekk eller eigenskapane til ein person eller ei sak, blir gjerne brukt for å latterleggjere noko eller nokon
Systemisk og strukturell rasisme
Samane har vore systematisk undertrykte av den norske staten i mange år, mellom anna ved fornorskingspolitikken som blei ført. Dette kan kallast systemisk rasisme, altså forskjellsbehandling gjennom reglar, politikk og generelle haldningar i samfunnet.
Eit anna omgrep er strukturell rasisme, altså generelle og umedvitne haldningar i samfunnet overfor menneske med minoritetsbakgrunn. Det er viktig at vi snakkar høgt om dette. Samtalar om rasisme kan vere vanskelege og ubehagelege – men i mange tilfelle heilt nødvendige.
● ? Kva trur du slike stereotypar kan gjere med identiteten til menneske med ein bestemt tilhøyrsel?
Dei mektige orda
Ord er viktige. Ingenting er så mektig som ord – dei kan skjere nokon i stykke eller løfte nokon opp. I Noreg har vi ytringsfridom, men med ytringsfridom følgjer også ytringsansvar. Det at vi har lov til å seie noko, er ikkje det same som at vi treng å seie det.
Å bruke språket for å krenkje eller såre nokon andre medvite seier meir om eins eigen identitet enn om den andre. Hugs å bruke orda dine med omtanke også dei gongene du er sterkt ueinig med nokon.
Folk som kjem med rasistiske kommentarar, gjer det ofte fordi dei fryktar – eller manglar kunnskap om – dei som dei angrip. Nokre gonger kan dei rasistiske orda komme av ein mangel på betre ordforråd. Språket vårt er stadig i endring. Ting som var greitt å seie for nokre år sidan, kan vere ugreitt å seie i dag. Folk begynner å bli medvitne om dette no, og dei fleste veit at ein bør unngå enkelte ord fordi dei er ladde med historie og undertrykking. Så snart nokon brukar desse orda i dag, vil dei avsløre kor historielause dei er.

Melaninrik
Også hudfargen er ein del av identiteten til eit menneske. Dersom du kjenner nokon som gjerne skildrar andre menneske ved å trekkje fram hudfargen deira, kan du tipse dei om at nye og betre ord har komme inn i daglegtalen. Melaninrik er eit slikt ord. Slampoeten Guro Sibeko innførte det for alvor i 2019, i boka Rasismens poetikk. Men sjølve ordet «melaninrik» blei teke i bruk på norsk allereie 20 år før dette.
Stereotypar = forenkla, generaliserte førestillingar om nokon eller noko
Melanin er fargepigment ein har naturleg i huda. Jo meir melanin, dess mørkare hud. «Melaninrik» er eit positivt ord, ein er rik på noko som bidreg til at ein får mindre rynker og sjeldnare blir ramma av hudkreft.
