
2 minute read
Valfridom
Dersom du hadde drege 100 000 år tilbake i tid og hadde bede eit menneske om å fortelje historia si, ville du kanskje fått høyre historia til klanen. Ikkje personen si eiga historie. Også i dag finst det nokre mindre samfunn der det kollektive vi-et er viktigare enn enkeltmenneska, men i den vestlege kulturen vår har behovet for å finne og skape sin eigen identitet blitt sterkare enn nokon gong.
Nokre kjenner kanskje at det ligg mykje fridom i det å ha mange val. Andre føler at det berre blir kaos, og at det er for mykje å velje mellom som det er. Berre det å bestemme seg for kva ein skal ha på seg kvar dag, kan bli eit ork.
Det kollektive «vi-et» var mykje sterkare før enn i dag. Men sjølv om vi no er meir opptekne av «eg» enn av «oss alle», kan det framleis vere fint å stå tett i tett saman på ein tribune for å heie på favorittlaget vårt.
Etisk = moralsk
Toleranse = evna eller viljen din til å akseptere andre sine meiningar, haldningar og handlingar som du sjølv ikkje deler eller er einig i Aldri før har vi vore så frie til å gjere eigne val som vi er i det norske samfunnet vårt, men vi har heller aldri vore så fulle av inntrykk utanfrå. Aldri før har informasjon nådd så langt ut, så fort. Aldri før har vi, på godt og vondt, kunna dele så mykje informasjon med andre.
● ? Meiner du at det er positivt eller negativt at vi har så mange moglegheiter og så stor valfridom?
● ? På kva måte kan vala du gjer, påverke andre?
Vi må få lov til å vere ulike
Ikkje alle menneske kjem like godt overeins. Det kan ha ulike årsaker, som dårleg kjemi, ulike interesser eller avstand i etiske verdiar. Det viktigaste er ikkje at vi likar alt ved eit anna menneske, men at vi respekterer ulikskapane til kvarandre. Det å godta at vi menneske er ulike, er noko vi må gjere heile livet.
Dessverre er det mange som kastar vekk mykje krefter på å uroe seg over kva andre kan synest om dei. Særleg medan dei er i tenåra. Du kan ikkje bli likt av alle. Og omvendt: Det er ikkje mogleg for deg å like alle andre. Det er nettopp mangfald som gjer samfunnet til den spennande staden det er.
Toleranse
Nøkkelordet her er toleranse. Vi må alle lære oss å tolerere at andre kan ha eit livssyn og verdigrunnlag som er annleis enn vårt. Alle må ha det same grunnprinsippet: Vi er alle like mykje verde, sjølv om vi ikkje alltid kan vere einige.
I eit samfunn treng vi alle typar menneske, både dei som jobbar i kulissane – altså i bakgrunnen – og sterke individ som torer å stå fram, heilt framme på scena. Nokre kjempar for andre, medan andre har meir enn nok med å kjempe for seg sjølv og med å halde hovudet over vatnet.
I ei tid der ungdommar får så mange inntrykk utanfrå, og ofte føler eit enormt press på å vere «vellykka», blir vi meir sårbare for å la oss trekkje inn i det ekstreme. Til å la oss styre eller prege av menneske og ideal med negativ påverknad – både på oss sjølve og på omgjevnadene våre.