5 minute read

Finn din plass

Verkeleg fridom er å tore å velje kven du sjølv vil vere, og kva du vil gjere. Men i ungdomstida kan det kjennast hardt å stå imot press. Kva om du risikerer å bli skyvd ut av vennegruppa? Av og til orkar du kanskje ikkje å seie ifrå, sjølv om du veit at noko er feil, fordi konsekvensane kan vere tunge å bere.

Å ikkje bli akseptert er den største frykta til mange. Derfor bør kanskje de som har venner og kjenner tilhøyrsel til andre, snu dykk litt ekstra rundt og sjå etter om nokon står åleine. Ofte skal det ikkje meir til enn å inkludere eit menneske før heile livet hans eller hennar er positivt forandra.

Du er bra nok!

Det er ikkje så lett å oppfylle dei krava det moderne samfunnet set. Nokre kan nærast bli motlause av redsel for at dei aldri blir bra nok, eller for at dei aldri klarer å finne sin eigen veg. Kanskje har dei meir enn nok med berre å komme seg gjennom dagen utan å gå for mykje på trynet.

I ungdomstida er sjølvtillit, sjølvkjensle og sjølvbilete viktige omgrep. Vi treng alle å ha tillit til at vi sjølve er bra nok. Det skal så lite til for å øydeleggje desse fine orda – Eg er bra nok! – og rive ned det synet eit menneske har på seg sjølv. Særleg i ungdomstida kan vi ha lett for å oppleve ting andre seier, som kritikk. Eller motsett: Vi risikerer alle å såre andre menneske med ting vi seier, heilt utan å skjøne det sjølve.

Tilhøyrsel – eller utanforskap

For mange menneske er det veldig viktig å føle at dei høyrer til ei gruppe. Derfor kan det vere ekstra sårt å ikkje bli inkludert eller akseptert for den du er. Mange vil i periodar av livet sitt oppleve utanforskap, i større eller mindre grad. Nokre kan til og med føle på dette gjennom heile livet.

Ein kan føle seg utanfor på så mange ulike måtar. Nokre føler det fordi dei fleste andre i klassen har ein annan hudfarge enn dei. Andre fordi dei har heilt andre fritidsinteresser. Nokre føler rett og slett at dei ikkje passar inn nokon stad. Dei kan føle at den kulturen dei høyrer til heime, ikkje passar med den dei høyrer til på skulen og blant vennene sine.

Sjølvtillit = kor sikker du er på deg sjølv i ein bestemt situasjon Sjølvkjensle = kjenslene du har om din eigen verdi Sjølvbilete = det du meiner om deg sjølv, og det du trur andre meiner om deg

Å kunne ha det kjekt saman har mykje å seie for sjølvtilliten, sjølvkjensla og sjølvbiletet – og vi kan vere gode venner utan å spele for det same laget. Korleis vi taklar kjensla av utanforskap, kan også variere. For mange kan utanfor-kjensla føre med seg mykje fortviling, sinne eller frustrasjon. I så fall er det lurt å prøve å få brukt denne energien til eit eller anna positivt. Kanskje har du ei indre kampsak som er skikkeleg viktig for deg?

● ? Kva tenkjer du kan gjerast for å skape mindre utanforskap i klassen din?

● ? Kva ansvar meiner du at du har for å sikre at medelevar opplever at dei blir tekne vare på og sett?

Hent fram det du er god på!

Klimaaktivisten Greta Thunberg hadde heldigvis ei indre kampsak. Ho var fortvila og frustrert over at dei vaksne brydde seg altfor lite om klimakampen, så derfor sette ho seg ned utanfor Riksdagshuset i Stockholm, med ein plakat der ho hadde skrive «Skolstrejk för klimatet». Kvar einaste fredag sat ho der og demonstrerte. Heilt åleine.

Greta Thunberg har Aspergers syndrom. På nokre måtar er dette ein styrke, meiner ho – mellom anna fordi ho ikkje bryr seg særleg om kva andre seier og meiner om henne.

Les meir om engasjementet til Greta Thunberg på side 52, 160 og 312.

Aspergers syndrom = tilstand som mellom anna gjer at ein kan ha problem med samspel med andre

Global = det som gjeld heile verda Det hende at nokre gjorde narr av henne. Men sjølv om Greta den gongen berre var 15 år, var ho overtydd om at kampen for klimaet er viktigare enn noko anna i verda. Og eit par år seinare hadde engasjementet til Greta Thunberg spreidd seg til heile 150 land. Hundretusenvis av ungdommar gjekk ut i gatene og ropte ut krav om kraftigare klimatiltak.

Greta Thunberg har diagnosen Aspergers syndrom. Det har ho vore heilt open om, og ho meiner at Asperger fungerer som ein styrke for henne. Kva andre menneske måtte tenkje, bryr ho seg ikkje så mykje om. Heller ikkje om korleis ho kler seg. Det einaste viktige for henne har vore å kanalisere energien sin mot ei sak ho verkeleg trur på. For dette har ho fått nokre av dei største prisane i verda – og fått høve til å reise jorda rundt for å snakke om klima. Frustrasjonen til Greta Thunberg blei til handling.

Verda har blitt mindre

Det har blitt viktigare å forstå verdshistoria enn nokon gong. Men kanskje også vanskelegare. Det har skjedd store endringar i maktforhold rundt om på kloden. Kvifor enda vi der vi er i dag? er eit spørsmål mange har stilt seg.

«Verda har blitt mindre», seier vi gjerne. Med det meiner vi at ting som skjer éin stad, kan få store konsekvensar andre stader også. Det fekk heile verda erfare tidleg i 2020: Den globale virusspreiinga gav oss alle ein felles fiende, og dei fremste forskarane i verda gjekk saman om å utvikle vaksinar som kunne bremse smitten av viruset.

Også klimakrisa – og konsekvensane av dei menneskeskapte klimaendringane – har bidrege til at mange no er opptekne av å finne globale løysingar. Denne typen samarbeid har aldri skjedd før.

Samarbeid er nøkkelordet for å sikre framtida til jorda. For å sørgje for at noko så enkelt og livsviktig som at alle menneske har tilgang til vatn, må leiarar frå heile verda klare å jobbe saman mot eitt felles mål. Sånn sett er eigenskapane og identiteten til leiarane med på å avgjere skjebnen til mange menneske i verda.

This article is from: