
7 minute read
Identitet i dag – og før
Frå gammalt av ligg det i urinstinktet til mennesket at vi har behov for å bli likte – eller i det minste aksepterte – av flokken vår. Forfedrane våre trong flokken sin for å overleve i naturen. Men gjennom tusenvis av år med utvikling har mennesket fått større og større høve til å skilje seg ut. Dette høvet førte med seg nye behov. Vi fekk behov for å definere vår eigen identitet.
For å forstå notida må vi også kunne forstå fortida. Alt som skjer i dag, er eit resultat av dei lange linjene i verdshistoria. Alt levande liv har si forklaring. Alle dyreartar, alle planter. Alt det vi kan sjå på planeten no, men også det som ikkje er her lenger.
Vi kan ikkje snakke om identitet og moglegheiter utan å sjå det i lys av den kulturen, den historiske perioden og den delen av verda vi sjølve lever i. For i vår del av verda, og i vår tid, har vi utruleg mange val og moglegheiter som ingen menneske hadde før.
«Det var ein gong …»
I det tradisjonsbundne samfunnet hadde menneska færre val. Dersom du var dotter i huset, skulle du vere med på å bake brød og passe småsøsken. Dersom du var son, var sjansen stor for at du tok over arbeidet til far din på garden, eller på ein fiskebåt.
Du hadde kanskje eitt eller to antrekk til kvardags og eitt til høgtider. Identiteten din var i stor grad det du var fødd inn i. Både i arbeidslivet og i det sosiale livet ville du mest truleg ha halde deg til det familien var, og kvar dei heldt til – heile livet. Tanken på å flytte til ein annan verdsdel og utdanne seg til noko heilt anna enn det foreldra dreiv med, var frykteleg fjern for nesten alle.
I vår kultur er det ikkje nødvendigvis slik. I dag er det nesten forventa at unge menneske vel sin eigen veg. Mange begynner å jobbe med det same som foreldra sine, men det er stort sett fordi dei vil, ikkje fordi dei ikkje har nokon andre val.
● ? Kva for tankar har du gjort deg om framtida? Veit du kva du «vil bli» som vaksen?
● ? Kunne du tenkje deg å gjere det same som foreldra dine?
Urinstinkt = medfødd reaksjon eller oppførsel som mennesket alltid har hatt
Tradisjonsbunden = det som er knytt til eller følgjer tradisjonar
Kritisk tenking = vurdere og analysere informasjon om noko for å skaffe seg ei godt gjennomtenkt og korrekt oppfatning av det Styrt av sosiale medium
Kritisk tenking er viktigare enn nokon gong. Ein tekst kan nå mykje raskare ut i verda enn i nokon annan periode i verdshistoria. Eit bilete kan leve sitt heilt eige liv på internett. Det kan vere vanskeleg å skilje mellom kva som er falske og ekte nyheiter. Tilgang på stadig nye og større sosiale plattformer har gjort det mogleg for alle menneske å skrive og skape den historia dei ønskjer, både om sitt eige liv og andre sitt liv.
Sosiale medium er skapte for å vere retta mot det dagsaktuelle, mot augeblinken og særleg mot det private. Nokre meiner vi nesten er i ferd med å bli styrte av sosiale medium. At det ikkje lenger er vi som bestemmer over dei, men dei som bestemmer over oss.
Så lett å la seg påverke
I sosiale medium er det nokon som lever av å påverke deg. Det er derfor dei blir kalla påverkarar, eller influensarar. Mange av influensarane har eit heilt team i kulissane som jobbar for seg. Målet er å få alt til å sjå perfekt ut.
Det seier seg sjølv at du ikkje kan bruke populære influensarar som målestokk i jakta på å få oppfylt draumane dine. Det er fint å ha førebilete, men det er ikkje slik at du skal bli denne personen. Det einaste viktige du kan bli, er den rette versjonen av deg sjølv. Ikkje kva reklamen vil at du skal bli.
Vi lever i ei tid der alle kan skape – og vere midtpunktet i – sin eigen blogg. Men kven treng eigentleg det? Det er så viktig å stoppe opp og spørje seg sjølv: Kor mykje stemmer eigentleg det eg skreiv no, eller las no, med realitetane? Og kan det vere med på å løfte andre menneske, eller kan det skade dei?
● ? Kva slags bilete av deg sjølv ønskjer du å leggje ut i sosiale medium?
● ? Er det du legg ut i sosiale medium, alltid det heile og sanne biletet, eller «pyntar» du litt på sanninga og framhevar det som er positivt?
Arv og miljø
Er det arv eller miljø som gjer at du har blitt den du er? Dei fleste av oss har ting ved identiteten vår som verkar medfødde, som vi har arva frå dei biologiske foreldra våre. Samtidig er det sider ved oss som kjem av påverknad utanfrå, altså frå miljø vi er ein del av: kva slags musikk vi likar. Kva for eit fotballag vi heiar på. Om vi har lyst til å gå lange fjellturar i ferien eller heller slappe av på ei strand i sola.
Ingen vel kvar dei er fødde, eller kven som er den biologiske familien deira. Kva hudfarge du har, kor høg du kjem til å bli, kva for utsjånadstrekk du utviklar, eller om du har medfødde sjukdommar eller funksjonsvariasjonar. Og ingen vel kva kjønn dei er fødde i, eller om dei føler at dei er fødde i feil kjønn. Ein vel ikkje kven ein elskar, eller kven ein forelskar seg i.
● ? Kven er du mest lik i familien din? Eller føler du at du er veldig ulik dei andre i familien din?
● ? Er det viktig for deg å kjenne deg att i foreldra og søskena dine for å føle samhøyr med dei?
Kan du sjå på nokre av desse gutane kva for eit fotballag dei heiar på, kva slags filmar dei likar å sjå, om dei trivst på skulen, og om dei trivst godt med å vere seg sjølve? Kven vi er, og kva vi likar, kan forandre seg medan vi veks opp og blir påverka av så mykje forskjellig.
Traumatisk = psykisk belastande, opprørande Det som gjer deg til akkurat deg
Vegen blir til medan ein går, har mange peika på. Det gjeld også forminga av identiteten din. Det er alle dei små og store tinga du gjer eller tenkjer, dei typiske måtane dine å reagere eller handle på. Alt det som definerer kva som er akkurat deg, har utvikla seg heilt frå du var veldig, veldig liten.
Allereie før du er tenåring, er mykje av grunnlaget for den personlege identiteten din danna. Du kan ta ansvar, du veit at du kan gjennomføre prosjekt på eiga hand. Du har eit indre liv med tankar og draumar, og du begynner å få ei klar oppfatning av kva du trur på og ikkje trur på. Du kan fortelje historia om ditt eige liv, og på mange måtar veit du kven du sjølv er.
Ungdomstida er ein periode av livet ditt der du i løpet av kort tid kanskje både finn deg sjølv og føler at du mistar deg sjølv litt. Kanskje opplever du, eller les og ser ting, som gjer at du faktisk ganske drastisk endrar store delar av den sosiale identiteten din. Heile ungdomstida er ein modningsprosess. Sakte, men sikkert føler du kanskje at du blir det mennesket du ønskjer å vere. Det er slett ikkje sikkert at den personen folk oppfattar deg som, er den du eigentleg ønskjer å vere. Kanskje oppdagar du dette sjølv, eller så er det kanskje nokon som fortel deg det.
Minna sit i kroppen
Eit barn som aldri har opplevd nærleik og tryggleik, kan bere med seg ein lengsel etter dette gjennom heile livet. Eit menneske som har opplevd krig som liten, kan skvette av at det smell i ei dør i klasserommet. Det kan til og med skje sjølv om ho eller han ikkje har nokon konkrete minne frå krigen. Ein som opplevde mykje bråk og kjefting heime i barndommen, kan vere ekstra følsam for dei ulike toneleia til dei vaksne.
Slik kan altså minne du ikkje eigentleg hugsar, sitje att i kroppen. Kjensla av redsel kan prege identiteten din gjennom eit heilt liv, sjølv om du var veldig liten då det traumatiske skjedde. Identiteten din blir forma heilt frå du er spedbarn.
Det kan vere mykje ved identiteten til eit menneske som ikkje synest på utsida. Derfor er det ekstra viktig å respektere ulikskapane til kvarandre. Prøv å hugse nettopp det: Nokon rundt deg kan bere på noko vondt du ikkje veit om.