4 minute read

FORDJUPINGSOPPGÅVER

Next Article
Mitt liv som bok

Mitt liv som bok

OPPGÅVE 1

Du og fellesskapet (s. 9) 1 Lag eit tankekart med overskrifta

«Dei sterke sidene mine / positive eigenskapane og interessene mine». Skriv ned alt det du synest er interessant og morosamt å halde på med, og kva for positive eigenskapar du har.

Døme kan vere: Eg elskar dyr, eg er omsorgsfull, eg er flink med språk. 2 Skriv eit brev til deg sjølv med overskrifta

«Kjære meg sjølv». Skildre kven du er no, korleis livet ditt er, og kva draumar du har for framtida. Læraren tek vare på brevet ditt og gir deg det når du sluttar i 10. klasse.

OPPGÅVE 2

Kven er du – eigentleg? (s. 10−15)

Jobb saman med læringspartnaren din. Lag ein informasjonsbrosjyre eller ein informasjonsfilm med identitet som tema og med «Kva påverkar identiteten vår?» som tittel. Føremålet med denne brosjyren/filmen skal vere å hjelpe ungdommar med å bli medvitne om kva som er med på å forme identiteten deira. Pass på at de får med dette: a medfødd identitet som kjønn, utsjånad, seksuell orientering og funksjonsvariasjonar b identitet som eit resultat av påverknad frå kvar ein kjem frå, kvar ein bur, familie, venner, skule/ lærarar, reklame, kjendisar og påverkarar c korleis identiteten vår er i endring gjennom heile livet, frå barn til tenåring, vaksen og gammal d korleis og kvifor tenåra er ein særleg viktig og vanskeleg periode Pass på at du aktivt brukar omgrep som roller, rollekonflikt, sjølvbilete, sjølvkjensle, sjølvtillit – og sjølvsagt identitet.

OPPGÅVE 3

Identitet i dag – og før (s. 16–19)

Før i tida hadde ungdom færre valmoglegheiter enn i dag. Jobb saman med læringspartnaren din, og finn ut av kva for valmoglegheiter du hadde hatt dersom du var fødd for 100 år sidan. Vel sjølve korleis de vil presentere funna dykkar for medelevar. Få med:

a Kva for valmoglegheiter hadde du hatt? b På kva måte trur du desse valmoglegheitene ville ha påverka kven du er? c Trur du det er lettare, i dag, å gjere val i tråd med eigne interesser og draumar enn det var for 100 år sidan?

Grunngi meininga di og vis med døme.

OPPGÅVE 4

Finn din plass (s. 20–23) 1 Jobb saman med læringspartnaren og lag ein biografi om Greta Thunberg. Presenter biografien dykkar anten munnleg eller skriftleg.

Få med dette: • kven ho er • kva ho er oppteken av • utfordringar ho har møtt i kampen for det ho brenner for • om du trur ho har opplevd utanforskap • om kampen hennar for miljøet har gitt henne høve til å finne ein tilhøyrsel, og i så fall på kva måte 2 På bakgrunn av biografien, lag eit tenkt intervju med Greta Thunberg eller eit rollespel – pass på at de stiller opne og reflekterte spørsmål.

Døme: Kva var det som fekk deg så brennande engasjert i klimasaka?

OPPGÅVE 5

Valfridom (s. 24–25) 1 Jobb saman med læringspartnaren din og lag eit tankekart med temaet valfridom.

• Kva for val står du overfor kvar dag? • Kva for val er enkle, og kva for nokre er vanskelege? • Kva er det som gjer vala enkle eller vanskelege? 2 Lag eit tankekart saman med læringspartnaren din med temaet toleranse. • Kva er toleranse? • Korleis kan vi vise toleranse i kvardagen? • Når er det lett å vise toleranse, og når er det vanskeleg å vise toleranse? 3 Diskuter problemstillinga nedanfor saman med læringspartnaren din: • Du ser ein medelev som blir plaga av ei gruppe ungdommar. Denne medeleven har plaga deg tidlegare. Kva gjer du? 4 Kva for val står du overfor i problemstillinga ovanfor? Kan desse vala knytast til toleranse?

Diskuter med læringspartnaren din.

OPPGÅVE 6

Det er så viktig å snakke om kjensler (s. 26–27)

Jobb saman med læringspartnaren din og skriv eit Si ;D-innlegg med overskrifta «Nokon er klare til å hjelpe deg». Målet med lesarinnlegget er å gi viktig informasjon til tenåringar om kvar dei kan få hjelp dersom dei strevar.

OPPGÅVE 7

Kjærleik og seksualitet (s. 28–33)

Jobb saman med læringspartnaren din og lag eit informasjonshefte, ein informasjonsvideo eller ein podkast retta mot ungdom med temaet kjærleik og seksualitet. Pass på å få med desse punkta: • behov for nærleik • intimsoner • kjønnsroller og forventningar • seksuell legning/orientering • sexpress • påverknad frå medium og internett • samtykke

OPPGÅVE 8

Mangfald (s. 34–43) 1 Jobb saman med læringspartnaren din.

Finn ut av dette, bruk ssb.no som kjelde og grunngi meiningane dine: • Kva for innvandringsgrupper er størst i Noreg? • Kva for innvandringsgrupper trur du møter flest fordommar og mest framandfrykt? • Er det nokon innvandringsgrupper du trur møter lite fordommar og framandfrykt? • Ungdommar med lik etnisk bakgrunn heng ofte saman, kvifor trur du det er slik? Er det tilfellet på din skule også? Kvifor eller kvifor ikkje? • Har du sjølv opplevd å bli utsett for fordommar og frykt? Korleis fekk det deg til å føle, og korleis reagerte du? • Lag ei liste over kva for fordommar du har, diskuter kvifor de har desse fordommane og korleis de kan motarbeide dei.

2 Del med dei andre i klassen kva de har funne ut, og kva de meiner. 3 Diskuter korleis ein kan motarbeide rasisme og fordommar, som enkeltpersonar og som klasse. 4 Lag ein handlingsplan som de heng på veggen i klasserommet.

OPPGÅVE 9

Samandrag

Jobb individuelt: Skriv ein logg der du reflekterer over kva du kan no som du ikkje kunne før du starta perioden. • Korleis har du jobba med temaet? • Kva for strategiar har du brukt når du har stått overfor noko du synest har vore vanskeleg?

This article is from: