Lektorbladet # 3 2021

Page 31

lb # 3-21   notiser

Ny fylkesleiar i nord GRO REPPEN er ny fylkesleiar i Lektorlaget Troms og Finn-

mark. Lektoren, som jobbar på Heggen vidaregåande skule i Harstad, overtok dermed vervet etter Gudleiv Solbø. Med seg i styret har ho Runar Nergaard (Kirkenes ungdomsskole), Gry-Helen Leikanger og Jan Christer Sannes (begge Ishavsbyen vgs.) og Asgeir Stanghelle (Vardø vgs.)

kan søkje med til høgare utdanning. Ved opptak på vilkår reknar ein ut poenga på grunnlag av karakterane på kompetansebeviset. Ved symptom på covid-19, påvist covid-19, isolasjon eller karantene kan ein dokumentere fråvær på eksamen med eigenmelding. Ved fråvær på eksamen av andre årsaker enn covid-19 gjeld dei vanlege dokumentasjonskrava.

Pandemien og grunnskulen ÉIN AV FIRE SKULAR måtte i periodar halde heilt eller delvis

fysisk stengt minst éin gong i løpet av perioden 4. januar til 12. mars som følgje av koronasituasjonen. I Oslo gjeld dette 60 prosent av grunnskulane. 4 500 elevar fekk eit tilbod på skulen når skulen elles var fysisk stengd. I veke 10 var 102 000 elevar borte frå skulen minst éin dag, noko som utgjer 16 prosent av elevane. Nesten halvparten av fråværet var koronarelatert. Totalt 17 800 lærarar hadde minst éin fråværsdag i same veke. Det utgjer éin av fire lærarar. Dette viser ein fersk rapport frå Utdanningsdirektoratet.

Nedgang i talet på søkjarar I ÅR HAR 12 421 søkjarar lærarutdanning som sitt førsteval.

Toppmøte om studenthelse I HELSE- OG TRIVSELSUNDERSØKINGA til studentane i år

kom det fram at altfor mange studentar slit med einsemd og vanskelege tankar og at altfor få søkjer hjelp. No vil regjeringa samle studentar, utdanningsinstitusjonar, samskipnadar og helsetenesta for å snakke om korleis ein på både kort og lang sikt kan betre den psykiske helsa til studentane. Det er forskings- og høgare utdannings­ ministeren, Henrik Asheim, og helse- og omsorgsminister Bent Høie som inviterer til toppmøte 26. mai.

Etter historisk høge søkjartal i 2018 og 2019 er det i år ein samla nedgang på 4,3 prosent. Den største nedgangen er i søknader til grunnskulelærarutdanninga (GLU). Det er 1,5 førstevalssøkjarar per studieplass til lærarutdanningane samla, og det er også mange søkjarar som har ei lærarutdanning på andre eller tredje plass. Søkjartala til PPU er ikkje med i desse statistikkane. Dei vert ikkje registrert i Samordna opptak, sidan det er lokale opptak.

Kan verte læraroverskot NYE FRAMSKRIVINGAR frå SSB tyder på at det kan verte

Fråvær på eksamen ELEVAR SOM ER SJUKE, er i karantene eller har symptom, har rett til utsett eksamen. Elevane kan då søkje om opptak på vilkår til høgare utdanning, slik at dei ikkje vert forseinka i utdanninga si. Dei som kjem i denne situasjonen, vil ha rett til utsett eksamen – normalt til hausten. Elevane får i mellomtida eit kompetansebevis som dei

overskot av alle typar lærarar fram mot 2040. For første gong viser utrekningane at det også kan verte overskot av grunnskulelærarar. Nedgang i folkeveksten er hovud­ årsaka. Det har også vorte fleire lærarstudentar og større gjennomføringsgrad. Tidlegare rapportar har spådd ei betydeleg og stigande underdekning i heile perioden. Rapporten trur særleg det vert stort overskot av barnehagelærarar.

31


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.