aktuelt lb # 3-21
20
Anita Sævik
Leiar i fagutvalg for religion og etikk, Norsk Lektorlag
Religionsfagets legitimitet i framtidsskolen Religionsfaget er eit eksistensielt sanningssøkande fag som stiller grunnleggande spørsmål om verdsbilde, menneskesyn og etikk. Det kan ikkje reduserast til eit samfunnsfag.
STORTINGSMELDING 21 (2020–2021) er kalla Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. Dette er ein flott tittel – kanskje nokon har hatt Olav H. Hauges dikt «Det er den draumen» i øyret:
Det er den draumen me ber på at noko vedunderleg skal skje, at det må skje – at tidi skal opna seg, at hjarta skal opna seg, at dører skal opna seg, at berget skal opna seg, at kjeldor skal springa – at draumen skal opna seg, at me ei morgonstund skal glida inn på ein våg me ikkje har visst um.
I formålsparagrafen til opplæringslova – som er kalla skolens grunnlov, møter vi ein liknande overordna visjon: Opplæringa skal byggje på grunn leggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfridom, nestekjærleik, tilgjeving, likeverd og solidaritet, verdiar som òg kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn og som er forankra i menneskerettane (§ 1–1).
Når ein no vil fjerne eller krympe religion og etikk som fellesfag i vidaregåande opplæring, er det grunn til å spørje: Kva dører vil ein opne? Kva framtid vil ein skape? Kva skole vil ein ha? Kva fag skal gi elevane rasjonell, metodebasert djupnelæring i «respekt for menneskeverdet og naturen» om ein fjernar religionsfaget med dei tilhøyrande disiplinane filosofi, etikk, religions- og livssynskunnskap? Kva andre fag skal – på vitskapsfilosofiske premissar – kunne undervise elevane om eksistensielle spørsmål og samanhengen mellom verdsbilde, menneskesyn og etikk? I læreplanen til fagfornyinga (som gjeld frå 01.08.2022) er religionsfaget definert som «et sentralt fag for å forstå seg selv, andre og verden rundt seg». Det skal også gi etisk kompetanse, dvs. «rammer for å undersøke og klargjøre hva som er godt og rett for individ og samfunn i dag og i framtiden». Den foreslåtte fjerninga av religion og etikk i vidaregåande skole er ikkje noko mindre enn ei svekking av – kanskje også brot på – opplærings lova § 1–1. Og spørsmålet er kva ein vil erstatte vår «kristne og humanistiske arv» med? Er det naturalisme, transhu-
manisme, postmodernisme …? I så fall bryt dette med skolens verdigrunnlag.
Barnet og badevatnet – fag eller fragment? Å velje fragmentert delkompetanse framfor fag er på godt norsk å kaste barnet ut med badevatnet. Etter stortingsmeldinga å dømme er det nettopp det ein her vil gjere: fjerne faget når studiekompetansen er mangelfull. I staden for å sjå på metode og arbeidsmåtar i og mellom fag kuttar ein breidda i allmenndanninga til elevane. Ein kvittar seg med religion og etikk, historie, samfunnsfag, naturfag og geografi … Vi kan derimot snu på flisa, og spørje om elevane blir «best mulig studieforberedt» av ikkje å ha religion og etikk, om dette dekker «elevenes og arbeidslivets behov»? Når stortingsmeldinga identifiserer «livskompetanse» som «kompetanse […] som er verdsatt i arbeids- og samfunnslivet», legg denne definisjonen seg tett opp til læreplanmåla i religionsfaget, og spørsmålet er: Kva fag erstattar kompetansen religion og etikk gir? Når ein no har skrota det mykje omtalte «framtidsfaget», er senarioet at vi like fullt kan få eit frankensteinsk hybrid-