Lektorbladet #5 og 6 2020

Page 32

36

notiser   lb # 5 /6-20

Skulemat og skuleuniform SKULEMAT ER STADIG tema i offentlege og politiske debat-

tar. Skuleuniform er derimot lite diskutert. Begge deler får overraskande stor oppslutning i ei ny undersøking blant norske foreldre gjort av SIFO. 65 prosent av foreldra meiner matpakke bør bli erstatta med eit måltid på skulen, og dei opnar for å betale for dette sjølve. Det er foreldre med lågast utdanning og inntekt som er mest positive til skulemåltid. 35 prosent av dei spurde meinte at skuleuniform kan bidra til mindre fokus på kropp og utsjånad, og 43 prosent meinte det kan bidra mot kjøpepress.

Rekordmange studentar ved fagskulane

Intensiv opplæring i lesing fungerer ELEVAR MED BEHOV for ekstra støtte i lesing som får intensiv

opplæring på 1. trinnet, oppnår betre resultat i lesing på 2. og 3. trinnet enn det som er vanleg for denne gruppa elevar. Det viser resultat frå lese- og skriveprosjektet «På sporet». Ein annan studie, som så langt ikkje er publisert, har sett på intensiv opplæring i matematikk for 120 seksåringar. Studien avdekte at elevane oppnådde framgang i problemløysing og resonnement i rekning på kort sikt. Progresjonen stoppa deretter opp for elevane etter at den intensive opplæringa var avslutta. Forskarane konkluderer med at intensiv opplæring i matematikk er noko ein må gje over lengre tid. Dette får også støtte i internasjonal forsking. I 2018 innførte regjeringa ei plikt for skulane til å gje intensiv opplæring for elevar som vert hengande etter i lesing, skriving eller rekning på 1.–4. trinnet.

FAGSKULANE RUNDT OM i landet har opplevd ein kraftig

auke av studentar. Denne hausten er det over 4000 fleire studentar på fagskulane enn på same tid i fjor. Auken er særleg stor innanfor økonomisk-administrative fag, tekniske fag og helsefag. Totalt er det godt over 20 000 som no tar ei fagskuleutdanning.

Stabilitet i nasjonale prøvar

Ønskjer pensjon ved 65,5 år YRKESAKTIVE ØNSKJER NO å slutte å jobbe eitt år tidlegare

enn dei ønskte for fem år sidan. Det viser Norsk seniorpolitisk barometer. No er ønskt avgangsalder for dei som står i jobb, blitt redusert til 65,2 år. Dette er ned eitt helt år frå 2015. Innanfor undervisning og forsking har respondentane (362) i gjennomsnitt svart at dei ønskjer å gå av når dei er 65,5 år.

OM LAG 180 000 ELEVAR i 5., 8. og 9. trinnet har gjennomført

dei nasjonale prøvane i lesing, rekning og engelsk denne hausten. Resultata har vore stabile over tid, men gutane presterer litt svakare på alle prøvane i år samanlikna med i fjor. Til dømes har talet på gutar på det høgaste meistringsnivået gått ned i alle tre ferdigheitene på 5. trinnet. Det er fleire gutar som presterer litt betre enn jentene i rekning. I lesing er det jentene som gjer det betre. I engelsk presterer gutane og jentene meir jamt. Desse kjønnsforskjellane har vore stabile over tid.

Folkehøgskular og vitensenter REGJERINGA FORESLÅR å kompensere folkehøgskulane,

vitensentera og to freds- og menneskerettssenter med 30,1 millionar kroner. Midlane skal dekkje meirutgifter og inntektstap som følgje av koronapandemien. Folkehøgskulane har fått auka utgifter til utstyr, tilpassing av bygg til smittevern, reinhald og personell. Halvparten av ekstraløyvinga på ti millionar kroner blir fordelt likt mellom skulane, medan den resterande halvparten blir fordelt etter elevtal. Vitensentera får ein stor del av inntektene sine frå billettsal og besøk av skuleklassar. Dei får 18,6 millionar kroner for å kompensere for inntektssvikten. I tillegg blir det sett av éin million kroner for å kompensere for inntektssvikt for Narviksenteret og 500 000 kroner for å kompensere for auka utgifter og færre besøk hos Falstad­senteret i Levanger.

Gutane presterer litt svakare, men det er framleis fleire som presterer godt i rekning.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.