Men inni er vi like – eller? Ein kjend, gammal barnesong slår fast at «mye er forskjellig, men det er utenpå». Barn lærer frå tidleg skulealder at vi menneske kjem i alle ulike fargetonar, storleikar og fasongar. Moralen er at alle skal føle seg like mykje verde, uansett korleis dei ser ut. Men mange gløymer kva som er like viktig: Vi er ikkje heilt like inni, heller. Det må vi snakke om. Også det du er på innsida, er ein del av identiteten din. Nokre blir fødde med eit hjarte som ikkje verkar heilt som det burde, nokre har ei nyre som ikkje heilt klarer jobben sin, eller ein allergi som seier ifrå når ein minst ønskjer det. Andre har ein rygg som skaper mykje trøbbel, eller ting i hovudet eller i nervesystemet som gjer at ein ofte seier for mykje, snakkar for fort og ikkje alltid har kontroll over det ein seier og gjer, men tek veldig stor plass – eller ikkje klarer å ta plass i det heile teke. Minn deg sjølv på at også det er greitt. Det er meininga at vi skal vere ulike, både inni og utanpå. Det er nettopp ulikskapane som gjer oss til unike individ.
Unik = her: enkeltståande,
eigenarta
Mitt liv som bok Identiteten din er litt som ei bok. Og det same er livet ditt. Litt etter litt går det opp for deg kva neste kapittel skal bli. Og denne forteljinga er ikkje ferdig før du har komme til siste side. Nokre ting i livsboka kan du sjølv styre og skrive inn, og andre ting skjer nærast automatisk på vegen. Blir det styrt av tilfeldige hendingar? Var det skjebnebestemt? Svara på slike spørsmål vel du gjerne sjølv. Noko av det kanskje viktigaste vi kan gjere med identiteten vår i dag, er å setje ned farten og ikkje føle at vi må vere best i alt. Vi må lære oss å godta at identitet er noko heilt individuelt – og at alle menneske er like mykje verde, heilt uavhengig av kva dei er gode til eller ikkje meistrar så godt. Meir enn nokon gong treng vi å byggje sterke fellesskap mellom menneske. Vi må tenkje på kva for val som er dei beste for jorda vår – og for dei menneska som skal leve på henne i framtida. Vi skal setje våre spor på denne kloden, men utan å etterlate oss avtrykk på han. Akkurat det ansvaret ligg til oss alle saman.
42
SAMFUNNSFAG 9 FRÅ CAPPELEN DAMM
Individuelt = her: spesielt,
særeige