Mangfald Mennesket er eit flokkdyr som til alle tider har flytta på seg, på jakt etter nye stader å bu, dyrke jorda og ha tilgang til reint vatn. Vatn er den einaste ressursen alle samfunn til alle tider har måtta lære seg å kontrollere – eller tilpasse seg. Og stadig oftare blir det tørke eller flaum, slik at det blir umogleg å bli buande i landsbyar der familiar har dyrka jorda i generasjon etter generasjon. Ein annan grunn til at så mange ser seg nøydde til å forlate heimstaden sin eller heimlandet sitt, er krig. Også norske soldatar har dei siste tiåra delteke i krigar, til dømes i Syria, Afghanistan, Libya og Irak. Mange menneske har måtta flykte frå desse landa.
Menneske frå 190 land bur i Noreg Det er ganske nytt i verdshistoria at menneske frå område i Afrika og Midtausten har flykta så langt som til Noreg. Vi har alltid levd litt isolert her oppe i nord. Vi har hatt nokre få minoritetar av samar, kvener og finnar, men dei siste tiåra har menneske frå alle kontinent også komme til landet vårt. Noreg har på ganske kort tid gått frå å vere eit av dei mest etnisk og kulturelt homogene landa i verda til å ha innbyggjarar frå 190 ulike land. Desse menneska har teke med seg eit spennande mangfald av mat, kultur og mykje anna. Utan at vi tenkjer over det, sklir tradisjonar
34
SAMFUNNSFAG 9 FRÅ CAPPELEN DAMM
Etnisk og kulturelt homogen =
etnisk og kulturelt einsarta, altså utan mangfald