Samfunnsfag 9 frå Cappelen Damm Grunnbok (kapittel 1)

Page 13

Kven er du – eigentleg? Allereie før du er tenåring, har mykje av grunnlaget for identiteten din blitt danna. Du kan ta ansvar, du veit at du kan planleggje og gjennomføre ganske mange ting på eiga hand. Du har eit indre liv med tankar og draumar, og du begynner å få ei klar oppfatning av kva du trur på – og ikkje trur på. Du kan fortelje historia om ditt eige liv, og på mange måtar veit du kven du sjølv er. Då du var 8–9 år, var mykje av identiteten din allereie forma. Men i dag vil du kunne setje ord på dei tinga som har vore med på å prege deg. Det er til dømes lettare for deg å vite kvifor du blir redd for noko.

Ikkje heilt vaksen, men heller ikkje barn Vi menneske begynner altså å formast for alvor i puberteten. Og for mange er dette ein samansett livsfase: Det er så mykje nytt og spennande, men også ein god del press og forventningar frå dei vaksne. Kjensla av å ikkje vere heilt vaksen, men heller ikkje barn, kan i ein del samanhengar vere frustrerande. No som du er i midten av tenåra, har du kanskje blitt endå meir oppteken av spørsmål som Kven er eg eigentleg? Kven er det mennesket eg ønskjer å vere? ER eg det mennesket eg ønskjer å vere? Likar eg å vere saman med meg sjølv? Likar eg den eg er når eg er saman med andre? Slike spørsmål kan vere vanskelege å svare på. Men uansett er det viktig at du tenkjer over dei.

Å bli eldre handlar om å velje Etter kvart som du blir eldre, kan du lettare velje kven du vil omgåast, og kven du ser på som familie. Det blir gjerne sagt at «venner er den familien du vel sjølv». Særleg i ungdomstida kjennest det ofte slik.

Ganske vaksen, men framleis litt barn. Nokre dagar mest det eine – eller det andre.

Du vel kanskje også andre førebilete enn dei du hadde før. Spør ein småbarn, har dei gjerne omsorgspersonane sine som dei største førebileta. Men det vil endre seg: I ungdomstida opplever du kanskje at dei heime berre er dumme, eller i alle fall altfor strenge, og at dei ikkje skjønar nokon ting!

KAPITTEL 1 IDENTITET

11


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Samfunnsfag 9 frå Cappelen Damm Grunnbok (kapittel 1) by Cappelen Damm - Issuu