Samfunnsfag 9 frå Cappelen Damm Grunnbok (kapittel 1)

Page 10

Du og fellesskapet Du er hovudpersonen i ditt eige liv. På godt og vondt skal du leve med deg sjølv heile livet. Derfor kan det vere lurt å bli ordentleg godt kjend med deg sjølv og skape eit eg som du likar å vere saman med. I ungdomstida er dette kanskje ekstra vanskeleg. Det er ikkje så lett å vite kven du er – og endå vanskelegare å vite kven du skal bli.

Nokre dagar synest du kanskje at du sjølv og livet ditt er heilt greitt. Andre dagar kjennest det som om heile verda er imot deg. Dei fleste menneske har det slik av og til, men i ungdomstida kan det kjennast ekstra forvirrande. Akkurat no er du i ein livsfase der du står midt mellom barndommen og vaksenlivet. Det er framleis mange ting du ikkje har lov til å gjere, samtidig som det blir stilt større krav til deg som aktiv deltakar, både i ditt eige liv og i samfunnet.

8

SAMFUNNSFAG 9 FRÅ CAPPELEN DAMM


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.