LOKALHISTORISK HJøRNE
kurt olav helle KURT OLAV HELLE er 46 år og deler i her i TPN sine lokale betraktninger fra Nesjavegen i Lonevåg. Han er til daglig skribent, manusforfatter, musikkanmelder og mer. Har holdt med Leeds siden ‘71.
JoJo baJas har tatt heilt av oM Jo baJas, dei andre arsenalFansane rundt nesJavegen, leeds tvilararar, og andre dJevelske kreFter. Når ein føre 1-1-oppgjeret her rett etter nyttår mot Arsenal i FA Cup`ens 3. runde kom dinglande framføre tippekassen til Rema 1000 Chelsea-Trond, satsa ein ein pen sum på at Leeds kom til å vinna oppgjeret mot Arsenal på Emirates, var det ikkje måte på negativitet blant dei ein møtte på butikken. Ingen hadde tru på Leeds. Dei berre lo, og ikkje minst i førarsetet: Bajas Jo. Etter å ha hatt stor suksess å ha ført nabobygda sitt fotballlag Valestrand oppi 3. div, framføre 1.000 tilskodarar, har han mildt sagt tatt heilt av (lurar på om det er ein mildare tone der i gården no, etter å ha tapt for Ipswich første kampen i Ligacupen, neppe skulle ein tru). I skrivande stund har han fyllt 40, og i helsing i Bygdanytt (lokalavisa) kan ein lesa fylgjande helsing (utdrag), om Wenger Jo`en, som for tida er den største trenarkjendisen i næraste omegn: ”Når ting går din veg er du alltid like grei, men når me sei deg i mot, er me ein idiot”. Godord å ta med seg for den lokale Wenger`en.
58
THE PEACOCK NEWS FEBRUAR 2011
Men eg visste før kampen at den Bremnerske anda var med ein når sonen til Varaordføraren henta ein i Jeepen får å sjå kampen på Viasat Fotball den lørdagen. Dette var dagen sjølv ikkje kommentator Thor Eggen kunne øydeleggja gleda over 1-1 resultatet. Før på dagen hadde både Flatevad Johnny`en og Bajas Jo`en ledd av ein og tidligare hadde Jo`en ledd av laget og mumla om at: Har Leeds lag i det heile tatt?, etterfulgt av sin karakteristiske innpust latter, som verkeleg trekkjer ein Leeds fans ned i driten. Ingen hadde trua, men merkeleg nok var S.Vest skeptisk. Han tenkte vel tilbake kva som skjedde året før då Man U vart slått ut, og hadde innsett realitetane. På ein god dag kan Leeds slå dei fleste ut, og det veit dei fleste som tenkjer normalt. Ein hadde ei von om at blant ca 40.000 tilskodarar på Elland Road skulle Leeds slå Arsenal i omkampen, men det ”gjekk seg ikkje” som me sei her ute.