4 minute read

Bajas i lokalhistorisk hjørne

kurt olav helle

KURT OLAV HELLE er 46 år og deler i her i TPN sine lokale betraktninger fra Nesjavegen i Lonevåg. Han er til daglig skribent, manusforfatter, musikkanmelder og mer. Har holdt med Leeds siden ‘71.

Advertisement

JoJo baJas har tatt heilt av

oM Jo baJas, dei andre arsenalFansane rundt nesJavegen, leeds tvilararar, og andre dJevelske kreFter.

Når ein føre 1-1-oppgjeret her rett etter nyttår mot Arsenal i FA Cup`ens 3. runde kom dinglande framføre tippekassen til Rema 1000 Chelsea-Trond, satsa ein ein pen sum på at Leeds kom til å vinna oppgjeret mot Arsenal på Emirates, var det ikkje måte på negativitet blant dei ein møtte på butikken. Ingen hadde tru på Leeds. Dei berre lo, og ikkje minst i førarsetet: Bajas Jo. Etter å ha hatt stor suksess å ha ført nabobygda sitt fotballlag Valestrand oppi 3. div, framføre 1.000 tilskodarar, har han mildt sagt tatt heilt av (lurar på om det er ein mildare tone der i gården no, etter å ha tapt for Ipswich første kampen i Ligacupen, neppe skulle ein tru). I skrivande stund har han fyllt 40, og i helsing i Bygdanytt (lokalavisa) kan ein lesa fylgjande helsing (utdrag), om Wenger Jo`en, som for tida er den største trenarkjendisen i næraste omegn: ”Når ting går din veg er du alltid like grei, men når me sei deg i mot, er me ein idiot”. Godord å ta med seg for den lokale Wenger`en. Men eg visste før kampen at den Bremnerske anda var med ein når sonen til Varaordføraren henta ein i Jeepen får å sjå kampen på Viasat Fotball den lørdagen. Dette var dagen sjølv ikkje kommentator Th or Eggen kunne øydeleggja gleda over 1-1 resultatet. Før på dagen hadde både Flatevad Johnny`en og Bajas Jo`en ledd av ein og tidligare hadde Jo`en ledd av laget og mumla om at: Har Leeds lag i det heile tatt?, etterfulgt av sin karakteristiske innpust latter, som verkeleg trekkjer ein Leeds fans ned i driten. Ingen hadde trua, men merkeleg nok var S.Vest skeptisk. Han tenkte vel tilbake kva som skjedde året før då Man U vart slått ut, og hadde innsett realitetane. På ein god dag kan Leeds slå dei fl este ut, og det veit dei fl este som tenkjer normalt. Ein hadde ei von om at blant ca 40.000 tilskodarar på Elland Road skulle Leeds slå Arsenal i omkampen, men det ”gjekk seg ikkje” som me sei her ute.

Ellers er det eit hardt liv her ute på Øya, for Leeds-fans. Det blir ikkje betre når ein vært utsatt for Jaja fakte (oppkalt etter Jan Arve Johannesen, broderen til Liverpool Stepp, som i utgangspunktet er Leeds fan, men snusar og på Man U, etter sterk påverknad av Man U S.Vest som er enige om det meste, og inkl fotball verkar det som). Ein får dirigering som nærast kinesisk pressesensur om kva ein kan skriva om i Leeds magasinet. Eigentlig har han alltid likt å dirigera heilt sidan han tok leikebilane mine, og la dei under Rauen (gammal varebil frå Bruaneset) og kjøyrte over dei når bilen kom heim frå arbeid. Ei gneldrebikkje ved navn Tassen skremde og vitet av ein. Mulig Stepp hyrte den inn for å halda Leeds fans vekk. Nesjavegen kan bli et Burmesisk tempel der ein føler seg som ein An Chu Chi, som er innesperra med si Leeds tru, og ikkje vågar å gå ut, på grunn av småspotske angrep fra S Vest, om kor feil ein måkar snø, strør på dei galne plasser. Han tok for seg Man U Giggs (Ingve Valestrand) fordi han ikkje strødde vegen, om han ikkje var snill kom han til å kjøra tømmerkloa etter han. (Det var strødd dagen etter).

Rett føre Arsenal kampen fekk ein tekstmelding frå Joppen om at frelsaren steig av ved Kvisti. Det var då ein vind av Joppa religiøsitet spredde seg i sinnet. Då ein seinare traff S Vest svingande med tømmarkloa på traileren, virka han i ange over at kanskje Man U kom til å møta Leeds i FA cupen igjen. Det skjedde no ikkje. Og her sit ein dagen derpå og undrast over korleis det kjem til å gå med Leeds United framover. Blir det Premiere League neste sesong? Det blir ikkje lett å fronta Leeds-evangeliet fremover. Då er det godt å få hjelp frå eldre pensjonistar som John Flostrand (sonen til ho Olga med dei legendariske basarane frå 70-tallet) som fortalde meg fylgjande: Eg kan ikkje mykje om fotball, men hugsa Leeds på 70-tallet. Dei var heilt sikre på kupongen, og dei spelde uvanleg god fotball. Alltid sikkert å tippa på dei. Som Viasats Vidar Davidsen sa det under Arsenal omkampen: Leeds er ei til tider sovande fotballkjempe. Men det er no heldigvis fredfullt i skrivande stund her i Nesjavegen blant S.Vest, Man U Giggs, og ein heil gjeng med pensjonistar. Ein er trygg for at Jajen værna om oss, viss det skulle bli brann eller andre ulykker. Han er trass i å freista å driva pressesensur overfor Leeds magasinet ein dugande brannmann. Det skal han ha, sjølv om eg aldri har tilgjeve han for å øydeleggja leikebilane mine. Arsenal Axen på Leitet krasja trøbilen min. Hadde det ikkje vore for Joppa frelsa hadde ein aldri oppdaga sjela i Leeds United. No er heldigvisårets kjedeligaste månad på hell, og ein ser fram til at det skal vårast for Leeds. Premiere League neste? Not?

Kurt Olav Helle 5282 Lonevåg.

NB: Eigentleg trur ein Jajen heldt med Leeds endå, men det er klart at når S.Vest er den dominerande frelsarfotballmessige urkrafta her i Nesjavegen utstyrt med tømmerklo på tilhengaren kan ingen føla seg trygg. Men ein kjennar ei anna kraft Blowing in the Wind. Joppafrelsa har endå ikkje mist taket....

This article is from: