Motmæle 3.20

Page 18

18

DÅ NYNORSKEN VART INNFØRT I HERØY HÅKON REMØY

H Æ R Ø Y VÆ R I N G

E

g er oppvaksen på Remøya, ei øy ute i havgapet på Nordvestlandet. Færre enn 400 bur der, so skulen eg gjekk på, Remøy skule, hadde jamt under 40 elevar. Då eg byrja på skulen hausten 1999, var me fire i klassa. Gjennom heile skulegangen min var nynorsken sjølvsagd. Eg hugsar me til dømes song «Fager kveldsol smiler» (spørst kor mange skular som legg opp til salmar i dag). Lokalavisa Vestlandsnytt nyttar berre nynorsk redaksjonelt, kommunen krev nynorsk frå staten og har nynorsk administrasjonsmål. I kyrkja og på bedehuset er det nynorsk som gjeld............................. Nynorsken var altso ei sjølvfylgje då eg voks opp, og han må seiast å vera det framleis i Herøy kommune.

Men det var ein kamp for å få han i bruk. I ei bok om Herøy lærarlag kan me lesa om kampen om å få han inn i skulen. Frå 1892 kunne kvart einskilt skulestyre i Noreg velja mellom riksmål og landsmål. Tidleg på 1900talet ville alle krinsane i kommunen halde på riksmålet (som forresten ikkje skilde seg særleg frå dansk skriftnorm på den tida). I 1901 skreiv lærarlaget ei fråsegn om ny «seminarlov», i denne samanhengen er seminar ‘lærarskule’, der stod det: «Om morsmaalets stilling i den fremtidige seminarundervisning, udtaler foreningen, at den nye seminarlov maa kræve, at eleverne til eksamen maa skrive minst en stil paa landsmaal og en paa rigsmaal». Lærarlaget var altso målmedvitne, endå om dei ikkje skreiv fråsegna på målet. Men dei undra seg vidare på kva dei kunne gjera for landsmålet. Då sende dei ogso eit framlegg til skulestyret: «Lærarforeiningi i Herøy framber ynskje

om at dei born som hev hug på det fær bruka bibelhistorie på landsmålet». Dette fekk dei inn med knapt fleirtal. Men dei fekk stort fleirtal for å innføre leseboka hans Nordahl Rolfsen «Læsebog for folkeskolen – Landsm a a l s u d g a v e »............. Det var altso stor ihuge hjå lærarane for å få taka i eit tak for nynorsken, men det var ikkje før februar 1907 dei byrja tala om skulemålet att. Då bad lærarlaget om at skulestyret skulle gjera landsmålet til hovudmål i kommunen, «slik at krinsarne hev valet.» I møtet i skulestyret 23. mai 1907 nemnde dei ogso liknande fråsegner frå Frøystad og Bø ungdomslag og frå Moltu krins. Skulestyret vedtok framlegget, og fem krinsar (Tjørvåg, Moltu, Runde, Remøy og Nautøy) gjekk over til nynorsk frå 1. klasse i 1908. Frøystad, Myrvåg og Nerlandsøy fylgde i 1916. Det var enno nokre krinsar som ikkje hadde bytt i kommunen. I 1919 bad lærarlaget om at dei hine

ogso burde tenkje på å skifte til landsmål: «Til neste aar skal etter lovi dei nye rettskrivningsreglar takast i bruk. Men brigdet i riksmaalsrettskrivingi vert so brysam for borni, at det fell lettare for deim aa gaa heilt yver til landsmaalet no. Tidi skulle derfor visseleg vera inne, daa alle born i Herøy fekk lov til å forma tankarne sine skriftleg paa det maal som høver deim best og som far og mor deira hev lært deim å snakka.» Her var det rett og slett eit poeng at landsmålet var morsmålet. Dette var før samnorsken hadde kome seg skikkeleg i gang, riksmålet var framleis mykje dansk......................... Tre krinsar, Leine, Kvalsvik og Bø, gjekk over til landsmålet i 1920, medan dei to siste, Myklebust og Berge, fylgde i 1925 og 1934. Men det var ikkje utan vanskar å få innført nynorsken i skulen, Remøy og Tjørvåg, som båe hadde nynorsk frå 1908, angra seg ikkje lenge etter. «Grunnen var særleg at målet i kristen-


Articles inside

LYSANDE REINSDYR OG PERSONLEG KONKURS

1min
page 32

MOTMÆLEKVISSEN

1min
page 31

BOWLINGKVELD MED TRØNDERSK MÅLUNGDOM!

1min
page 31

OPPSKRIFT PÅ LYSE KAKEMENN/-DAMER

1min
page 30

HOROSKOP FOR 2021, SIDAN 2020 VAR JÆVLEG

7min
pages 28-29

KVA TYDER SMÅORDA EIGENTLEG?

7min
pages 26-27

MITT LIV SOM GRINCHEN

4min
pages 24-25

SPRETT MOZELLEN OG NYT GALSKAPEN

2min
page 23

FRAMTIDA ER HER, OG FRAMTIDA ER PÅ TIKTOK

2min
page 22

SKJER DET NOKO MED DIALEKTA DI NÅR DU DREG HEIM TIL JOL?

4min
pages 20-21

DÅ NYNORSKEN VART INNFØRT I HERØY

7min
pages 18-19

NORDNORSK MÅLSOGE – EIT MYSTERIUM

3min
page 15

Å FLYTTE TIL NYNORSKLAND

1min
page 14

FILMSPALTA ved Gunnhild Skjold

2min
page 13

NYTT I BLADSTYRET: IDUNN!

1min
page 12

INTERVJU PÅ RUNDGANG med Sofie Frantsen

1min
page 11

OMTALE OM THE JULEKALENDER

3min
page 10

DEN STORE JOLEBRUSTESTEN

6min
pages 8-9

DIGITALT LANDSMØTE, RUNDE 2

1min
page 5

OD-DAGEN 2020

1min
page 4

NYNORSKELEVANE FORTENER BETRE

1min
page 4

STYRKING AV NYNORSKEN

2min
page 3
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.