Page 1

MOTMÆLE GJEVE UT AV NORSK MÅLUNGDOM

FRAMHALD AV EG 33. ÅRGANGEN nr.2/19


ANNONSE

2

Eg kjem òg!

HAUSTKONFERANSE 27.-29. SEPTEMBER I BERGEN


BLADSTYRARTEIGEN INNHALD Bladstyrarteigen: s.3 Leiarteigen: s. 4 Frå arkivet: s. 4 Nynorsk i dataspel: s.5 Kjætten: s. 6–7 Motmæleintervjuet: Endre Olsen: s. 8–9 Kvardagsmat: s. 10 Mål og mimring: s. 12 Filmspalta: s. 13 Internasjonalt: s. 14 Verda er ein skandale: s. 15 Lokallagsskrivarbonanza: s. 16–17 Podspalta: s. 18 Tips og triks: s. 19 Språklovbonanza: s. 20–21 Pride på nynorsk: s. 22–23 Black metal: s. 24 Landsmøte: s. 25 Til fjells i Noreg: s. 26–27 Morosider: s. 28–31 Sisteordet: s. 32

nr. 2/19 Norsk Målungdom Lilletorget 1 0184 OSLO E-post: norsk@malungdom.no Telefon: 23 00 29 40 ISSN: 0809-2109 Bladstyrar: Elise Tørring Bladstyret: Ingvild Nese Rune R. H. Nygård Henrikke Madeleine Furu Olav Wixøe Svela Håkon Remøy Anna Sofie Ekeland Valvatne Bladbunad: Anna Sofie Ekeland Valvatne Korrektur: Håkon Remøy Prenteverk: Merkur Grafisk AS Tinging (eitt år): 200 kr Sal av lysingar: Rimelege prisar etter avtale. Ta kontakt på norsk@malungdom.no Bidrag: Me tek gjerne imot stoff frå lesarane. Artikkelforfattarane står sjølve ansvarlege for innhaldet i artiklane sine.

I

det siste har eg møtt ein del folk som fortel at dei er veldig glade i nynorsk, og at dei set stor pris på å sjå og møte nynorsk innimellom. Det er sjølvsagt stas å høyre utsegner som at «nynorsk er flott», likevel er det noko som skurrar. For sjølv desse fine menneska kjenner sterkt for nynorsken, blir utsegnene ofte følgde opp av sukk om at nynorsken likevel «ikkje er for meg», eller at det ikkje kjennest naturleg å bruke nynorsk (lenger). Det er sjølvsagt ei ærleg sak om ein føretrekker å bruke bokmål, men likevel er det noko litt sørgeleg ved at nynorsk kjennest «unaturleg» sjølv om ein er glad i det. Kvifor kjennest ikkje nynorsk naturleg for alle desse folka som elskar nynorsk? Det finst vel ein god del årsaker til at det er slik, og ei av dei er mangelen på synleg nynorsk i kvardagen. I store delar av landet ser ein ikkje nynorsken rundt seg anna enn på skulen, eller dersom ein ramlar innom ei nynorsksak på nrk. no. Mange møter rett og slett ikkje nok nynorsk til at det kjennest rett å kalle nynorsken for sitt eige språk! På landsmøtet til Norsk Målungdom i vår vedtok me å gjere noko med det. I år skal me halde kampanjen Nynorsk kvardag. Spør du meg, er det ein veldig lur kampanje å ha, for det er no eingong slik at det er flest kvardagar i løpet av eit år. Det er fleire handlelister, snappar, tindersamtalar og oppskrifter enn det er dikt og stor litteratur. Me lever jo faktisk i eit samfunn som er heilt avhengig av skriftspråk. Me kommuniserer gjennom skrift på så å seie alle arenaer i kvardagen. Dette gir ein heilt ypparleg sjanse til å gjere ein innsats for å synleggjere skriftspråket vårt. For det som skjer om ein skriv nynorsk i avtaleboka eller på handlelista, er at ein får litt meir nynorsk i sin eigen kvardag – og det er jo

heilt topp. Men dersom ein også brukar nynorsk på Snapchat, Instagram, nettsider eller i jobbe-postar, bidrar ein i tillegg til at nokon andre får litt meir nynorsk i kvardagen sin, og det er det faktisk ingen som har vondt av. Så kva kan me gjere for å syne fram dei nynorske kvardagane våre? Jo, me må sjølvsagt halde fram med å bruke nynorsk på Tinder, på Snapchat, på Instagram, i oppskrifter, i notatbøker og i timelistene på jobb. For å få ein nynorsk kvardag, må ein vise fram nynorsken kvar dag. I tillegg håper eg fleire kan syne fram den skjulte nynorsken dei har i kvardagane sine, til dømes ved å knipse eit bilete av mjølk på handlelista, av den nynorske skiltinga i daglegvarebutikken eller av nynorsk BankID. For dersom me gjer ein innsats for å syne fram at nynorsken passar like godt inn i kvardagen som i høgkulturelle høve, bidrar me kanskje til at nynorsken kjennest meir naturleg for dei som elskar nynorsk utan å bruke han. I år blei frisørkjedene Floke og Balanzera kåra til Årets nynorskbrukar av Nynorsk kultursentrum. Dei fortalde at nynorsken er eit sjølvsagt val når dei skal marknadsføre verksemdene sine, sjølv om dei au har avdelingar i bokmålsbyar. Å kunne sjå nynorsk hos frisøren er ei utruleg flott kjelde til kvardagsnynorsk. Målet treng jo ikkje nødvendigvis vere at kvar einaste innbyggjar skal elske nynorsk, men at nynorsken skal vere eit like sjølvsagt val som bokmålet, både i kvardagen og til fest. Elise Tørring


4

LEIARTEIGEN

FRÅ ARKIVET

Fagskular – kvalitet utan språklege rettar?

D

NORSK MÅLUNGDOM PÅ INSTAGRAM

ei siste åra har regjeringa satsa på å styrkja fagskulane, og i fjor vedtok Stortinget ei ny fagskulelov. Kvar vart det av dei språklege rettane? Målsak handlar om meir enn sidemål, hovudmål og mållov. Norsk Målungdom har difor dei siste åra freista å finna nye område i samfunnet som treng meir språk-politikk – og fagskulane er eit av desse. Fagskulane tilbyr kortare yrkesretta utdanningar i alt ifrå musikkteater på private Bårdar i Oslo til maskinoffiser på offentlege Fagskulen i Sogn og Fjordane. For å gå på mange av fagskulane treng du ikkje generell studiekompetanse. Mange tek vegen til ein fagskule frå yrkesfaglege studieprogram på vidaregåande, eller tek fagskuleutdanning attmed jobb. Hausten 2018 starta over 16 000 studentar på ei fagskuleutdanning, og dei siste åra har det vore ei stor satsing på fagskulane. Regjeringa har kome med ei ny stortingsmelding, Stortinget har vedteke ei ny fagskulelov og dei siste tre åra har fagskulane fått 124 millionar kroner til å betra tilboda sine. Mange av tiltaka går ut på å handsama fagskulestudentar likt med andre studentar. I den nye fagskulelova fekk til dømes større fagskular lov til å knyta seg til studentsamskipnader, og fagskulestudentar fekk rett til studentombod. Ingen veit kor mange nynorsk-

brukarar som er studentar på dei over 90 fagskulane me har i Noreg. Men dei finst, og dei har dårlegare språklege rettar enn medstudentane sine på høgskular og universitet. Norsk Målungdom meiner at fagskulestudentar ikkje bør straffast med færre språklege rettar. Dei lyt ha rett til eksamen, vitnemål og karakterutskifter på nynorsk, slik som studentar ved offentlege høgskular og universitet har i dag – og det bør gjelda både for private og offentlege institusjonar. Dessutan bør me kartleggja kva pensum som vert nytta – kva som finst på nynorsk – og korleis me kan få mest mogleg på nynorsk. Fleire språklege rettar fører til meir synleg nynorsk for nynorskbrukarane. Me veit at meir nynorsk i kvardagen gjer brukarane av eit mindre brukt språk som nynorsk til tryggare språkbrukarar og fungerer som ein vaksine mot språkskifte. Den vaksinen bør fagskulestudentar få. Fredrik Hope

gs @krisme geleg å yg h g le u tr U tisk så fantas in e samle smøte g på land flink gjen ira og klar .G til NNMU tyre og i sentrals r for eit å råkpe for sp en! skal kjem k og nynors mangfald

I

år, som alle andre år, skal Norsk Målungdom arrangere sommarleir for sine medlemer. 2013 var inkje noko unntak. Me har tatt ein titt i arkivet til Motmæle, og fann ein tekst frå det året, som også var det same året Ivar Aasen blei 200, der ein medlem skreiv om kva ein kan oppleve på sommarleir. Mange har vore på sommarleir før, og det er alltid nokre ting ein gjer. Bading, leik, quiz og nye vener er standard på kvar ein sommarleir. Men det finst også ting ein berre kan gjere på sommarleiren til Norsk Målungdom. Eg har allereie snakka om leiken. Men kor ellers kan ein vere med på verte-kjende-leikar? Eg snakka også om quiz; standard sommarleirinnslag. Men ikkje hos NMU. Nei, for her har ein kviss! Ein lærer også kjempemykje. Anten ein vil lese eit anna språk (i 2013: latin) eller

@kongsgardelevm allag Nynorskrussen på Kongsgård anno 2019 takkar for seg, og vonar dei nynorske russeknu tane heng til neste år!

lære om læreplanar i norskfaget. Men noko ein lærer om, som eg personleg trur at mange av dagens bokmålsbrukarar og nynorsk-motstandarar bør lære, er respekten for det vakre språket. Artikkelforfattaren bringar med seg eit unikt perspektiv på målsaka. Som oppvaksen i bokmålsland kan ein sjå at det finst dei som bryr som om språkmangfald. Og når ein kan sjå trafikkskilting med teksten “Køyr sakte!! Born leikar i vegbana”, forstår ein at nynorsk ikkje berre er noko du treng for å få ein ok karakter på skulen, men at det faktisk handlar om folk sin identitet. Det er noko ein ikkje lærer på andre sommarleirar. Ingvild Nese

@puchowskijk This is super exciting. The Norwegian examination board decided to use an article I wrote in 2017 as par t of the annual exam in Norwegian for final year pupils. That’s 50,000 Norwegians reading something I wrote.


5

NYNORSK I DATASPEL ANASTASIA BENGTSSON

DATA S PE L

T

idleg hausten 2014 skjedde det eit sjeldan fenomen i det norske spelutviklingsmiljøet. Dei Hamar-baserte spelutviklarane i Sarepta Studios gav ut eit nytt gåte-, eventyr- og samarbeidsspel, «Skuggemeisteren» (Shadow Puppeteer), som ikkje berre hadde støtte for 11 språk, men til og med inkluderte språkpakker på båe målformene. Dataføretaket gjekk føre som eit godt døme ved å taka vare på og formidla digital kulturarv og valde ein veg som ikkje er prega av pengejag og kommersialisme. Pengejaget har lege til grunn for dagsens

@malungdom I dag har vi stått på stand og hatt årsmøte i Fron Målungdom!

stode, men samstundes er det vanskeleg å forventa ei anna haldning i ein bransje med tøff konkurranse. Språkvalet i dataspel er sterkt påverka av marknaden. Nordmenn, ved å vera so engelskkunnige, har gjort seg ei bjørneteneste: Dei største dataspelføretaka nyttar seg av andre språk, til dømes fransk og russisk. Elles hadde det vore vanskeleg å greia å overtyda ein russar som aldri hadde sett på noko anna enn dubba filmar, om at det er verdt å betala for eit spel på engelsk. Likevel er det ikkje for seint å snu denne utviklinga. Når det gjeld omsetjingar av spel, kan ein grovt skilja spel i to kategoriar: Den fyrste inneheld avanserte dataspel som krev røysteleggjarar, den andre inneheld spel utan munnleg språkbruk, der brukargrensesnittet spelar ei viktigare rolle i brukarsamhandlinga. Eit godt døme på den fyrste kategorien

@kongsgardelevmallag Tusen takk for ei framifrå landsmøtehelg! Me lærte mykje nytt, og vart kjend med veldig trivelege folk. Gler oss allereie til å sjå dykk igjen!!

er eit populært episodebasert spel, «Life is Strange». Spelet går føre seg i ei realistisk verd i den fiktive amerikanske byen Arcadia Bay, der spelaren fylgjer hovudkarakteren Chloe, og gjennom sine handlingar påverkar Chloe og andre sine liv. Det å setja om eit slikt spel til fleire språk er ei like vanskeleg og krevjande oppgåve som filmdubbing, ein skal vera veldig forsiktig og passa på at det ikkje fører til dårleg spelkvalitet, eller at det ikkje står i motsetnad til speldesignarane sin visjon. Den andre kategorien derimot, med eit stort tal av sokalla indiespel og «open kjeldekode»-baserte spel, er open for alle som vil bidraga med omsetjing – både spelarar og språkinteresserte. Det verdskjende sandkasseog overlevingsspelet Minecraft har ein stor omsetjingsfellesskap med 16481 brukarar og 116 språk – inkludert ei ferdig nynorsk språkpakke. Det einaste naudsynlege vilkåret for deltaking i eit slikt pro-

@gard_sture_ kunst Portrett av beste Ivar Aasen #kunst #maleri #aasen

sjekt er ein brukarkonto med fleire tilordna roller, til dømes ‘omsetjar’ eller ‘korrekturlesar’. Sistnemnde lèt ein røysta på ferdige omsetjingar frå andre brukarar for å velja den beste. Av andre dataspel med nynorske datapakker er det verdt å nemna «lichess», ein fritt tilgjengeleg sjakk-tenar, og ein forretningsverksemd-simulator «OpenTTD», der ein tek ansvar for ei transportbedrift og skapar samband mellom byområde og industriar. Spelet tilbyder ogso ein fleirspelarmodus. Elles finst det tusenvis av spel der ute som ventar på omsetjing, so det er berre å taka saka i eigne hender og hjelpa til. Illustrasjon: Ane Olivia Uri

@nyn

orsk_

tinde r


6

Eline

Hausten 2019 skal Stortinget fastsetja nye læreplanar. Det kjem òg ein ny læreplan i norsk, og i forslaget til ny læreplan i norsk er nynorsken svekkja på fleire område. Motmæle har snakka med Eline Bjørke, leiar i Noregs Lærarmållag, for å høyra kva dei meiner om Kunnskapsdepartementet sitt framlegg til læreplan. Hei Eline! Har du fått med deg at det er kome eit framlegg til ny læreplan i norsk? Du er leiar i Lærarmållaget, ikkje sant? Kva tenkjer de om framlegget? Eline Hei! Ja, det stemmer at eg er vald som leiar i Noregs Lærarmållag, som på ein måte er eit lokallag i Noregs Mållag, berre for lærarar, uavhengig av kor dei bur Og det er klart vi fylgjer med på fagfornyinga og dei nye læreplanane! Vi er jo litt spesielt interesserte

I både gjeldande læreplan og i forslaget til læreplan er det like kompetansemål i hovudmål og sidemål, og det er veldig bra. Poenget med det er at det skal vere eit mål at alle elevane lærer både nynorsk og bokmål godt, og viss elevane faktisk når kompetansemåla, kan vi få reell jamstilling mellom nynorsk og bokmål i samfunnet rundt oss. Vi veit at sjølv om det er like kompetansemål i nynorsk og bokmål i dag, så er det ikkje sånn at alle elevar går ut av vidaregåande og kan språka like godt. Mange nynorskelevar er det, men bokmålselevane er det verre med. Og i staden for å ordne opp, slik at også bokmålselevane kan få god kompetanse i både nynorsk og bokmål, vil Kunnskapsdepartementet altså at lærarane skal vere litt "snillare" når dei vurderer sidemålstekstane deira. 1

Uff! Det høyrest ikkje bra ut! Eline Nei, det er ikkje bra. Løysinga på sidemålsfloken ligg liksom rett framfor nasen vår, og det er ikkje å berre tenkje at ting må vere dårleg for alltid, berre fordi mange bokmålselevar slit med sidemålet sitt i dag. Løysinga er sjølvsagt å gi dei meir nynorsk! Meir nynorsk er i det heile løysinga på det meste

1

Framlegget til læreplan er.. kva skal ein seie? Ikkje max krise, men det er ikkje godt nok. Kva er problemet, eigentleg? Eline Jo, her er det mykje å ta tak i. Det mest alvorlege er kanskje at Kunnskapsdepartementet foreslår å læreplanfeste at lærarane skal vurdere sidemål mildare enn hovudmål. Kva vil det seia?

Læreplanen tek ikkje omsyn til at nynorskelevane lærer eit mindre brukt språk. Mange nynorskelevar byter til bokmål, eller føler at dei ikkje meistrar nynorsk godt nok. Det er fordi dei ser mykje bokmål utanfor skulen, og så tek ikkje skulen ansvar for gi dei meir nynorsk i skulen. Men det må dei gjere! Læreplanen bør seie noko om at nynorskelevane må få meir nynorsk, slik at dei får moglegheit til å bli trygge språkbrukarar Det verkar jo som det er ei ganske enkel løysing på dette, ja. Kvifor har dei då valt å gjera noko anna i staden?


LÆREPLAN!

7

Eline

Ja, det er eit godt spørsmål Heile poenget med denne fagfornyinga er "djupnelæring": At elevane skal lære ting i djupna. Eg meiner dei legg opp til det stikk motsette ved å læreplanfeste mild vurdering i sidemål. Eg meiner beint fram dei gjer elevane ei bjørneteneste Dei trur sikkert dei er snille med elevane, for det vil sannsynlegvis føre til at bokmålselevane kan få gode karakterar i sidemål sjølv om dei ikkje har imponerande nynorskkompetanse. Tull og tøys, gi dei heller moglegheita til å lære nynorsk i djupna!

Men kva kan me gjera med dette, då? Korleis får me endra på læreplanane? Eline Godt spørsmål! Heldigvis er dette berre eit framlegg, dei har jo ikkje vedteke noko enno. Og sidan vi lever i eit demokrati , har vi høve til å påverke. Fram til høyringsfristen var det mange som sende inn høyringssvar, mellom anna oss i lærarmållaget, Norsk Målungdom og mange lokallag i Norsk Målungdom. Det er veldig bra! Det har vore mykje snakk om eit karakterforsøk Korleis blei det med det, eigentleg? Eline Det er mange skular som har vore med på eit karakterforsøk, der dei ikkje har fått sidemålskarakter i undervegsvurderinga. Udir meinte at elevane som var med på forsøket kom til å få betre kompetanse i sidemål, men dei tok feil. I rapporten ser dei at elevane som var med på forsøket, ikkje får meir kompetanse i sidemål enn dei som ikkje var med Difor er det litt rart at Kunnskapsdepartementet foreslår å droppe undervegsvurdering med karakter i sidemål i læreplanframlegget Det kan dessutan vere uheldig for nynorsken. Vi veit at karakterar gir status, og at så lenge det er sidemålskarakter, vil både elevar og lærarar prioritere sidemål. Dessutan synte rapporten etter forsøket at elevane sakna sidemålskarakteren. Og då seier eg: Gi elevane det dei vil ha! Sidemålskarakter

Men kva kan me gjera no etter fristen? Eg kjenner eg er huga på å kjefta på nokon!! Eline Samd! No handlar det om å få politikarane til å høyre på oss For å få dei til å gjere det kan vi mellom anna skrive lesarbrev og ha aksjonar. Eg skal i alle fall sende nokre lesarbrev til lokalavisa mi Og viss ein kjenner ein og annan politikar, særleg i eit av regjeringspartia, kan det sjølvsagt vere lurt å ta ein telefon Smart! Det trur eg at eg må gjera òg! Eg antar at de i lærarmållaget er på saka?


8

Bilete: Marius Knutsen


9

– Skulle eg fyrst riva den barrieren mellom meg sjølv og språket var eg nøydd å syngja slik eg snakkar Tekst: A nna Sofie E. Valvatne

E

ndre Olsen kjem frå Grov på Stord. I “boka om meg sjølv” skreiv veslesyster hans at “Endre er bror min. Han er høg, tynn og bleik og kler seg i cowboy-klede. Dette er ikkje særleg kult”. – Det stemmer vel framleis ganske greitt, ler Olsen. Artisten skriv songar som ofte vert framførte som dei vart skrivne – med røyst og gitar, men vel så gjerne med fullt bergensbasert rockeband. I 2018 gav han ut albumet “Bøttevis med blått”, som fekk terningkast fem av Dagbladet. – I fjor var albumet høgdepunktet. Nett no er det singelen “Kom april” og plata som han er ein forsmak på. Dei største høgdepunkta er når brikkene fell på plass. Fyrst skrivemessig, så spelemessig saman med musikarane og så når produktet ligg der ferdig og det har blitt noko ein har jobba mykje for at det skal bli. Stordabuen er guten som flytta heimanfrå, men som kom attende. No bur han saman med kjærast og to ungar på Stord. Og der var det alt starta. – Eg byrja med musikk på grunn av eit par meter med heavy metal-vinyl hjå ein onkel på Fjellgardane. Ei heimelaga ishockey-kølle som fungerte

som Gibson Les Paul. Og endeleg dei fyrste grepa eg fekk læra på far min sin gitar, fortel han. MUNN, IKKJE PENN Olsen song lenge på engelsk. Dette var musikkspråket hans. Sette han på ei plate, var det oftast engelske tekstar som kom ut av høgtalarane. Dessutan budde han i England ein periode, og dei karrieremessige ambisjonane var nok òg litt engelskspråklege. Etter kvart vart det meste rundt han meir lokalt forankra, og vegen frå tankane og ideane til dette engelske popspråket vart i overkant lang. – Det byrja kjennast litt rart ut, rett og slett. Ikkje minst det å stå på scenen og snakka på norsk mellom songane, for så å slå om til engelsk når eg skulle syngja, forklarar Olsen. Å syngja på nynorsk var aldri eit alternativ. – Skulle eg først riva den barrieren mellom meg sjølv og språket var eg nøydd å syngja slik eg snakkar, ikkje slik eg skriv. Tekstideane vert uansett fyrst formulerte av munnen, ikkje pennen, når eg lagar songar. Å skriva på noko anna enn nynorsk har aldri vore noko alternativ, sjølvsagt, held han fram. SPRÅKLEG RYTME Språket spelar ei stor rolle i musikken til Endre Olsen. Det legg

store føringar for korleis det endelege resultatet vert. – Dialekta mi, val av ord, rekkjefylgja på orda, rytmikken, rimmønster, stemninga som pressar seg fram, gjennom teksten etter kvart som han tek form. Alt dette og meir til styrer både melodiføring og måten eg fraserer. Altså, eg har mykje meir slingringsmonn når det gjeld det musikalske enn det tekstlege: Har eg ei setning som ikkje passar til melodien, men som seier nett det ho skal, med nett mange nok eller få nok ord, då er det melodien som må føya seg, fortel han. Han vil riva ned barrierane mellom seg sjølv og språket, og kjenner difor berre på eit ansvar for seg sjølv når det gjeld dialekta og nynorsken. – Folk snakkar rimeleg nyanserte versjonar av same dialekt her eg bur, og min einaste målestokk er meg sjølv. Altså er kravet til måten eg formulerer meg på i tekstane, at eg sjølv ville sagt det. Far min ville gjerne formulert seg annleis. GITARDRIVEN FOLKEMUSIKK Det meste kan inspirera Olsen til å laga musikk. Nokre gongar er det det mangelfulle i dei songane han allereie har skrive, som han vil skriva meir på for å gjera betre. Andre

gongar er det bøker eller engelsk folkemusikk. – Inspirasjon kjem vel frå dei fleste hald. Eg høyrer folk som har funne si heilt eiga stemme, både i tekst og musikk, og det gir meg lyst til å pussa endå meir på mine eigne ting. Eg kan høyra på gitardriven engelsk folkemusikk og få lyst til å vidareutvikla fingerspelet mitt eller eksperimentera meir med opne stemningar. Til sjuande og sist er det nok vissa om at det sannsynlegvis kjem eit eller anna, om ein berre set seg ned og byrjar. Finn eg den fyrste lina, kan resten av jobben byrja. DEI ANDRE KAN HALDA KJEFT Endre Olsen fekk mange fine attendemeldingar på albumet sitt “Bøttevis med blått”, og likeins med den nye singelen “Kom april”. – Det vil ikkje seia at eg er enormt populær, heller at dei andre har vit til å halda kjeft, og det synest eg godt dei kan halda fram med, smiler han. Stordabuen har ikkje planar om å sakka farten. Ambisjonen hans er alltid den same: – Skriva, syngja og spela betre. Difor fylgjer planane ambisjonen. Ein må gjera meir av alt. Fleire songar, fleire plater og fleire konsertar, avsluttar han.


10

Bilete: Anita Stokke

KVARDAGSNYNORSK TIL Å PUTTE I MUNNEN Har du høyrt om matbloggen kvardagsmat.no? Om ikkje er han verd ei vitjing. Bloggen er driven av Anita Stokke Blomvik og er ein av dei få store nynorskbloggane. Der legg ho ut oppskrifter på korleis ein kan lage god mat til kvardag frå botnen av, utan at ein må vere utdanna meisterkokk. Mat er jo noko me alle må ha, og då er det jo ein stor bonus når oppskrifta er på nynorsk! Anita har vore så venleg å la bladstyret få velje ut nokre oppskrifter frå bloggen hennar: ein fiskerett og ein frukostrett. Alle er enkle å få til, smakar heilt nydeleg og er hybelvenlege på den måten at dei kostar lite, og heilt fint er moglege å lage til éin person eller fryse ned restane av.

Lakseburgar i pitabrød

Til 3–4 personar treng du: Lakseburgar: • 400–500 g laks • 1 vårløk • 1 neve frisk persille • 1 ts salt • 1/2 ts pepar I tillegg treng du: • 3–4 pitabrød (du kan lage heimelaga om du vil) • litt salat • 1/2 agurk Dressing: • 6 ms gresk yoghurt • 2–3 ms frisk persille • Safta frå 1/2 sitron • salt og pepar

Slik gjer du: 1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme. 2. Del laksen i terningar og finhakk vårløk og persille. 3. Ha alle ingrediensane til burgaren i ei matmølle og køyr saman i 10–15 sekund til du har ei finhakka blande. 4. Form burgarar med hendene (eller bruk ei form) og steik dei gylne på kvar side. Legg over i ei eldfast form. 5. Varm pitabrøda i steikeomnen medan du steiker burgarane i panna. 6. Set den eldfaste forma midt i omnen i 5–10

minutt, til burgarane er 2. La heve på kjøkkenbengjennomsteikte. ken i 8–12 timar, gjerne 7. Rør saman dressingen. over natta. 8. Server burgar i pitabrød 3. Set omnen på 250 gramed salat og dressing der over- og undervartil. me med eit steikebrett inni. 4. Bruk ei is-skei eller Eltefrie frukostrundliknande og fordel røra stykke utover i eit muffinsTil 16 små eltefrie frubrett (eller på eit vanleg kostrundstykke treng du: brett) med bakepapir. • 400 g kveitemjøl 5. La etterheve i 15–20 • 200 g sammalt kveite minutt. grov 6. Set brettet inn i omnen • 1 ts tørrgjær og skru ned temperatu• 1 ts salt ren til 225 grader. • 1 ts honning 7. Steik i ca. 15 minutt, til • 4 dl kaldt/lunka vatn rundstykka er gylne. 8. Avkjøl på rist. Slik gjer du: 1. Bland alt det tørre i ein bolle, rør inn vatnet og set på lokk.


11

INTERVJU PÅ RUNDGANG med Håkon Johnstuen

K V EN E R DU? Håkon Johnstuen. 22 år, målsiddis og tidlegare elev på Stavanger Katedralskole. Bur for tida i Trondheim der eg studerer matematikk. Har vore leiar av Kongsgård Elevmållag og styremedlem i Studentmållaget i Nidaros. Engasjert i målsaka, og har som fanesak at språklege rettar skal bli overhaldne. Diverre er ikkje NTNU verdsmeistrar i dette. KORLEIS KOM DU ME D I NMU? Som oppvaksen i bokmålsbas-

tionen Stavanger var det ikkje før på ungdomsskulen at eg blei introdusert for skriftspråket som høyrer til min måte å snakka på. Då eg fyrst fekk smaken på det, var det berre å konvertera. Og tenk, då eg byrja på vidaregåande hadde skulen eit eige lokallag!

“Skal me leggja ein vedstabel saman”. Eg hugsar òg godt då komikar Terje Torkildsen hadde nynorsk-stand-up i Grotten på Kongsgård.

grunnlovsfeiring 6. mai. Det er ein kjempekjekk gjeng med medlemar frå alle delar av landet. Er du student i Trondheim? Finn oss på Facebook!

K VA BOK HAR DU PÅ NAT TBORDET DI T T? Ringdrotten, sjølvsagt.

K V E N V IL DU G JE S TAFET TPINNEN V IDARE T IL? Eirik Tangeraas Lygre

FORTE L L I T T OM DE N F YR STE T IL SK IPING A DU VAR PÅ: Den fyrste tilskipinga eg hugsar, var då poeten Helge Torvund las opp dikt frå den då heilt nye diktsamlinga

SK JER DET NOKO SPE NNANDE I LOK ALL AG ET DI T T? SmiN har skipa ei rekke arrangement i vår; teatertur, nynorskkurs for lærarstudentar og oppdater-aksjon før

ANNONSE

No kan du lytte til DAG OG TID

DAG OG TID har lansert lydavis. Les meir og prøv gratis på dagogtid.no/lydavis


12

MÅL OG MIMRING: AUD SØYLAND

Bilete: Privat

A

ud Søyland var aktiv i Norsk Målungom frå 1971 til 1984. I laupet av tida hennar i NMU rakk ho innom mange forskjellige verv. I dag er ho 64 år og bur i Valdres. Motmæle har teke ein prat med ho for å høyra om tida hennar i verdas beste organisasjon. KVA VERV HADDE DU I ORGANISASJONEN? – Styremedlem i Bryne elevmållag, styremedlem i Studentmållaget i Oslo (leiar H-1976), redaksjonsmedlem i Mål og Makt (1980–1983), landsstyremedlem i NMU (1979–1980), leiar i NMU (1981–1982) KVA ER DU MEST STOLT AV FRÅ TIDA I NMU? – At me starta

dialektaksjonane. Det var vanskeleg å vita korleis me skulle gripa fatt i det arbeidet, men eg trur ganske sikkert at dei aksjonane har hatt noko å seia for at me i dag kan bruka dialekt både i kringkasting og på Stortinget. KVIFOR VART DU MEDLEM? – Dels arv, sidan eg kjem frå ei sterk målslekt, og dels interesse for språk generelt og norsk språk spesielt. Eg gjekk på norrønlinja på Bryne gymnas då eg vart medlem. VAR DET NOKO USEMJE I NMU, OG I SO FALL OM KVA? – Det var sterk splitting mellom “dei nasjonale” og “dei sosiale” på den tida eg

var i SmiO. Det kunne vera harde diskusjonar på møta i laget vårt, men hardast gjekk det for seg på landsmøta. Den nasjonale linja stod sterkt i Bergen, mens den sosiale linja stod sterkast i Oslo. På landsmøtet i 1976 vart det med knapt fleirtal vedteke at skrivarstova og sentralstyret skulle flyttast frå Bergen til Oslo. Det var med andre ord dei sosiale som gjekk av med sigeren. KORLEIS VAR DET SOSIALE SAMHALDET I NMU? – Me kunne ha det hyggeleg saman sosialt, sjølv om miljøet var noko prega av dei ulike målsyna. Me som hadde ulike verv, brukte jo mange timar saman. Det gjekk mykje tid med til å

skriva, stensilera, pakka og adressera lagssendingar, anten ein sat i SmiO-styret eller i sentralstyret i NMU. Etter arbeidsøkta gjekk me gjerne ut og åt pizza eller lauksuppe, som var noko av det rimelegaste me kunne få kjøpt. Mange av oss fekk venner for livstid i målungdommen, og mange av oss trefte den me framleis held lag med – noko eg òg gjorde. ER DU FRAMLEIS AKTIV I MÅLRØRSLA? – Ja, eg flytte til Valdres i 1987 og vart medlem i Nord-Aurdal Mållag. Sidan 2013 har eg vore leiar i laget.


13

KVITTER FRÅ TWITTER – nynorsktwitter på sitt beste

FILMSPALTA ved Gunnhild Skjold DE N NOR SKE:

Kvinner i for store herreskjorter (2015) Regissør: Yngvild Sve Flikke

Kvinner i for store herreskjorter handlar om tre kvinner. Sigrid er student, og ein dag treffer ho forfattaren Kåre, som ho er fan av. Dei innleiar ein flørt, sjølv om han er 20 år eldre. Trine er performancekunstnar på jakt etter det store gjennombrotet, men får planane sine øydelagde når ho blir gravid. Agnes ville bli forfattar, men har skrivesperre på tjuande året og er på jakt etter sonen ho ein gong adopterte bort. Filmen er basert på ein roman av Gunnhild Øyehaug, og er eit morosamt bilete av tre kvinner på forskjellige stadium i livet. Dette er ein film som eignar seg godt til filmkveld med lokallaget. DVD-en kjem til og med med nynorsk teksting! DEN UTANL ANDSKE:

Harry Potter og de vises stein (2001) Regissør: Chris Columbus

For meg, og sikkert mange andre på min alder, var Harry Potter ein sentral del av oppveksten. I tillegg til å vere startskotet for ein suksessfull filmserie med 10 filmar (så langt), skapte han ei bølgje av meir og mindre gode fantasyfilmar for ungdom. Harry bur hos den kjipe onkelen og tanta si, men finn ut at han er trollmann og tatt opp ved magiskolen Galtvort. Der får han gode vennar og ein ekte heim for første gong, men bak kulissane lurer den vonde trollmannen Voldemort, som prøver å komme tilbake for å ta over trollmannsverda. For mange har sjølvsagt Harry Potter ein nostalgisk verdi, men dette er også fantastiske filmar som har ein verdi i seg sjølv. Ein tur inn i den magiske verda til Harry Potter er noko alle burde unne seg, anten om det er første eller tusende gong. KL A SSIK AREN:

Labyrinth (1986) Regissør: Jim Henson

For dei som kjenner meg godt, er det nok ei overrasking at eg har klart å skrive 10 filmspalter utan å skrive om Labyrinth. Da rulleteksten rulla første gong eg og venninna mi såg han, såg vi på kvarandre og sa «Skal vi sjå han igjen?». Og det gjorde vi. Dette er nok den filmen eg har sett flest gongar, og eg likar å sjå filmar om igjen. Labyrinth handlar om tenåringsjenta Sarah. Ho likar å drøyme seg bort med å spele scener frå favorittskodespelet sitt, der ei jente ønsker broren sin bort til kongen av goblinane og må slåst for å få han tilbake. Ein dag Sarah sit barnevakt for broren, prøver ho å ønske han bort. Sjokket er stort når goblinkongen faktisk tar han, og ho må kjempe seg gjennom ein labyrint for å få han tilbake. Det er mange ting å like med Labyrinth. Dei fleste karakterane i labyrinten er spelt av dokkefigurar, og det er fascinerande å sjå korleis karakterar som i dag ville blitt skapt med dataeffektar har blitt skapt med figurar. Filmen er ein musikal med songar av David Bowie, som også spelar goblinkongen, og filmen er ein kultklassikar det er vel verdt å sjekke ut.


14

INTERNASJONALT

Eirik Andreas Albretsen

HELSING FRÅ EIT AV VÅRE NÆRASTE NABOLAND

Bilete: Wikipedia

H

ei, først og fremst. Eg er Eirik, og eg studerer i Tyskland. Overraskande få gjer som eg, tykkjer eg, for eg må påstå at Tyskland er av våre næraste naboland – både geografisk og kulturelt! Ikkje minst er det eit flott og trygt land å vere i. Overgangen frå ei lita bygd i Sogn til ein av dei store byane i Europa var stor. Viss ein reknar med heile området som lokaltransporten i München dekker, bur det nærare tre millionar menneske her! Fordelen med det er jo at bussen går litt

oftare enn annankvar time. München er ein flott by, tykkjer eg. Vi har elva Isar rett ved døra, det er grønt overalt, og det er veldig ryddig og rolig, til trass for kor mange som bur her. Byen er ein times togtur unna Alpane og er eit fantastisk utgangspunkt for reiser rundt om i Europa. Med tog og buss kjem ein til Praha, Wien eller Venezia på få timar, og å toge til Paris tek berre éin time meir enn Kristiansand–Oslo! Det er likevel ting eg skulle ynskje var annleis. Å studere og leve på tysk er slitsamt

iblant, sjølv om eg kan språket godt. Matbutikkane stenger klokka 20 og semestera er forskyvde frå vår og haust til sommar og vinter. Dei lengste eksamenane tek stressande 90 minutt, og sjølv om bussane og toga går ofte, tek det som regel minst like lang tid som frå bygd til bygd. For ikkje å nemne at papirarbeidet med søknaden og leitinga etter bustad var komplisert. Når det er sagt, finst det alltid nokon som vil hjelpe! Likevel har eg klart det. Eg er her, og eg kosar meg!

Sjølv om å komme hit og studere er eit litt større steg enn å søke gjennom Samordna opptak, kan eg verkeleg anbefale det. Eg gler meg alltid til å reise hit, og eg gler meg alltid til å reise tilbake. Til sjuande og sist er Tyskland korkje langt vekk eller veldig forskjellig frå heimlandet! PS. Ta gjerne kontakt om de vil høyre meir eller kanskje har lyst å prøve eit år eller tre i Tyskland sjølv!

ANNONSE

VERVEKAMPANJE 19. august - 22. september FÅ TIPS I RESSURSPAKKA PÅ MALUNGDOM.NO/2019/VERV


15

Bilete: Wikipedia

VERDA ER EIN SKANDALE - EI BYGD EG ALDRI HAR BESØKT RAHMAN CHAUDHRY

BOKMELDING

N

år Målungdommen spør om eg kan skrive ei bokmelding, er utvalet i bokhylla som er eigna til formålet, mildt sagt lite. For ein 22-åring oppvaksen i Groruddalen med vitnemål frå Oslo Katedralskole råder ikkje nynorske forfattarskap over utruleg mange hyllemeter på hybelen i Bergen sentrum. At det er dei store amerikanske som har overtaket i mitt private bibliotek, må de ta opp med lærarane mine på Katta, ikkje meg. Likevel er det ei kvinne som kjem seg umerka inn mellom Saabye Christensen og Shakar, og kviler med to bøker i byguten si bokhylle. Agnes Ravatn, ho som lenge var ein av Vestlandets ambassadørar i forfattarmiljøet i Oslo, før ho returnerte heim og slo seg til ro i Valestrand. Eg tykkjer at Agnes Ravatn skriver litteratur ulikt nokon andre i Noreg, kvifor eg trur

det kjem eg att til. I essay-samlinga si Verda er ein skandale, utgitt av Samlaget (openbert) i 2017, skildrar Ravatn korleis det gjekk frå at ho, sambuaren og sonen skulle bruke eit halvt år på Vestlandet, til at dei pakka saman sakene på Frogner i Oslo og flytta tilbake for godt. Det er essay som målar eit bilete av to vaksne, forvirra menneske som har ein idé om å returnere tilbake til det naturlege – til regnet, garden og naturen. Reisa frå Oslo vest til ein gard på Valestrand er mildt sagt turbulent for Ravatn: Verda er ein skandale er ei samling av anekdotar – nokre av dei vittige, nokre av dei alvorlege – som skildrar alt som høyrer til å forlate ein komfortabel kvardag i Oslo sentrum, til fordel for eit internettlaust, avsides og aude liv. Ravatn skriver humoristisk om korleis ho har måtta få seg ny underhaldning i kvardagen, fordi internettet enno ikkje har klart å komme seg til den litle garden på Valestrand. I djup desperasjon tyr ho og sambuaren til det einaste som er å sjå på i vindauget: Villsauene som breker ute på gardsplassen. Ein skulle ikkje tru at nokon kunne skrive meiningsfylt

litteratur om kjensla av å sjå villsauer bli henta på hausten, men når Ravatn mister si einaste underhaldning (internettet kom aldri på plass), er melankolien til å ta og føle på. Som ein av hennar einaste venner og sparrepartnarar på sin nye buplass speler diktaren Einar Økland ei stor rolle i Verda er ein skandale. Det er for eksempel han som kan skilte med opphavsretten til bokas tittel. «Verda er ein skandale» er ikkje det einaste kryptiske utspelet Økland har i Ravatn si essay-samling. I Ravatn si jakt på lykka på landet tyr ho ofte til Økland for refleksjonar og tilbakemeldingar på eigne tankar. I boka får vi eit innblikk i Økland sine tidvis innsiktsfulle, tidvis usamanhengande resonnement om det å ha det godt aleine, å ikkje gje bort seg sjølv til andre, korleis ein penslar vatn på knekkebrøda for at dei skal bli ekstra sprø, og korleis ein finn lykka der ein ikkje trudde ho skulle ligge og vente på deg. Essaysamlinga bruker dei små episodane som inngang til det store spørsmålet Ravatn har reist tilbake til Vestlandet for å få svar på: Kva er lykke, og kvar stad finst ho? Kan lykka finnast

på ein hagefest for forfattarar i Oslo sentrum, eller er ho bortgøymd bak ei løe på Valestrand? Finst lykka i det heile tatt, og kva må til for å oppspore ho? Kor mange trillebårlass med lauv må berast, kor mange tre må hoggast ned, kor mange heimelaga knekkebrød må steikast før lykka openberrar seg foran auga dine? Om Ravatn kjem nærmare svaret på spørsmålet sitt, er det nok ikkje opp til meg å avsløre for lesaren av denne bokmeldinga. Er du likevel ein av dei som ikkje veit kor lykka ligg og ventar (sånn som eg er), kan Verda er ein skandale opne nokre dører du ikkje har opna sjølv, og i det minste gi deg ein god latter. Eg reiser nok ikkje til Valestrand for å finne meg sjølv med det første. Reisa frå Oslo til Bergen var skilsettande nok for meg. Men for ein stressa student som ikkje klarer å sjå lenger framom sin eigen nasetipp enn neste eksamensdato var Verda er ein skandale eit behageleg avbrekk, om ikkje noko anna. Om du også treng eit avbrekk frå kva enn du stressar med, for å le av ei dame som ikkje klarer å bake knekkebrød og stirrer på villsau på dagtid, veit eg kva bok eg hadde anbefalt deg.


16

KORLEIS ER LIVET SOM LOKALLAGSSKRIVAR, EIGENTLEG? ståande i fire og ein halv time langs motorvegen ANNA SOFIE på Notodden? Jo, no skal EKELAND du høyra. Det flottaste som VALVATNE skjedde, var då me ET TERMÆLE bestemte oss for å leika 1-2-3-raudt lys og leiaren 2017 gjekk eg i Ås Mållag, ei dame i påbygg på Stord slutten av 70-åra, ville vidaregåande bli med. Eller kanskje då skule. Eg hadde Fredrik og Elise byrja å søkt meg inn på danse og alle stod rundt og Universitetet i klappa for dei? Bergen, hadde planar om å Til slutt kom me oss på ta over som leiar av Horda- Haukeliekspressen og sette land Sosialistisk Ungdom, kursen mot Oslo. Der vart og skulle i alle fall ikkje bli eg sitjande med to fulle ein del av Oslo-makta. Slik gutar som var veldig blei det altso ikkje. interesserte i kven me var. Eg enda opp som Som den ansvarlege mållokallagsskrivar i Norsk ungdomen eg er, so nytta Målungdom etter eit eg høvet til å verva dei impulssøk. Dei siste to begge to. åra har eg fått reisa kringom det flotte landet vårt, - DET ER JO FAEN MEG verva folk på bussen og SANT! møtt nokon av dei kjekEg møter utruleg mange kaste folka eg veit om. menneske når eg står på Til sumaren sluttar eg i stand. Dei aller fleste er stillinga og flyttar attende positive, sjølv om dei ikkje til Vestlandet for å byrja å alltid har lyst til å bli studera. Det er vanskeleg å medlem. Likevel er det oppsummera tida mi som diverre nokre få som ikkje tilsett i Norsk Målunger so positive. dom, men eg har i alle fall Eg hugsar spesielt ein gut prøvd. Her er nokre ting eg møtte på Universitetet som har festa seg godt i i Agder under vervekamminnet. panjen 2018. Han gjekk målretta bort til standen BUSSFORLIS I TELEMARK til Studentmållaget i Agder Noregs Mållag skipa til for å seia at han hata landsmøte i Vinje i 2018. nynorsk. Han langa ut om Der var eg so heldig å få at han hadde fått øydelagt vera utsending for snittet sitt på grunn av Studentmållaget i Oslo. Me sidemålskarakteren, og at fekk gjennomslag for både det var “slike som dykk” fråsegner og meir pengar sin feil. Etter at han hadde til Målungdomen. Men eg fått blåst ut, sa eg at det trur at det eg hugsar best, at han fekk ein dårleg er då bussen vår forliste på karakter i sidemål, ikkje veg attende til Oslo. Kva var språket sin feil, men gjer eigentleg ein heil buss systemet rundt språket sin av målfolk når dei vert feil, og at det er det me

I

må endra på. Eg var nokso sikker på at han er var ei “lost cause” som ein seier på sidemål, men den gong ei. - Nei, men herregud! Det er jo faen meg heilt sant!, braut han plutseleg ut. - Kan eg få lov til å bli medlem?, heldt han fram. Eg må ærleg innrømma at eg vart noko forfjamsa. Det plar vera nokso ok å verva folk som i utgangspunktet ikkje er so huga på nynorsk og sidemålsordninga, men det plar ta litt meir tid enn dette. Men det viser jo berre at Norsk Målungdom er utruleg viktig, fordi me får folk til å sjå på sidemål og nynorsk med eit anna blikk. Ofte skal det ikkje meir til. Hei på deg gut frå UiA. Vonar du framleis er medlem og vil fiksa sidemålsordninga! ULL OG BINGO Den raraste dagen eg har opplevd som lokallagsskrivar, ja kanskje til og med i heile livet, er dagen eg skulle skipa Knarvik Elevmållag. Når eg er på reis for å skipa lag, so plar det vera stand i matfriminuttet og eit ope møte etter skuletid. Det betyr at eg har nokre timar å slå i hjel mellom desse to tinga. Eg tok turen til Knarvik Senter for å finna ein stad eg kunne sitja og jobba. Då eg hadde sett meg godt til rette på kaféen Folkemunne, kom det plutseleg ein haug med gamle menneske inn. Det viste seg å vera Knarvik eldresenter. Eg jobba vidare,

heilt fram til ein av dei kom bort og inviterte meg med på ullutstillinga som var like ved kaféen. Denne stordabuen hadde aldri vore på noko ullutstilling før, so det takka eg ja til. Etter å ha sett på flotte ullfigurar laga av skulane i Lindås kommune var det tid for Bingo på Folkemunne. Det var hard konkurranse, men til slutt stakk eg av med sigeren. Diverre hadde eg berre handbagasje på vegen attende til Oslo, og det var ikkje so lett å få med seg ei fruktkorg gjennom sikkerheitskontrollen på Flesland. Twist’en tok eg med på skipingsmøtet til Knarvik Elevmållag, og fruktkorga gav eg til Anbjørg på Knarvik eldresenter. TUSEN TAKK! Eg er so utruleg takksam for alt eg har opplevd som lokallagsskrivar. Dette er dei to kjekkaste åra eg har vore med på, og kjem til å hugsa dei for alltid. Kleint, eg veit. Men å byrja i ei stilling som dette var nett det ei skulelei jente frå Stord trong. No er eg klar for studietid i Bergen og veit godt kven eg skal ta kontakt med om eg ikkje får eksamen på nynorsk!


17

Alle bilete: Privat


18

PODSPALTA ved Frida Pernille Mikkelsen Dialogisk Produsent: Moderne Media

Eg er stor fan av lange podkastar med mykje prat, sånt som berre kan surre i bakgrunnen medan ein får gjort det ein skal. Dialogisk er den perfekte podkasten for dette føremålet. Det heile går ut på at Gunnar Tjomlid og Dag Sørås sit i studio og pratar om ulike emne, her gjerne med eit grunnlag om at ein kanskje skal opne nokon nye dører og sjå saka frå ei litt anna side. Episodane varer opp mot to timar, men dei litt eldre episodane er berre ein time. Temaa er gjerne litt aktuelle, men av og til ikkje aktuelle i det heile, men alltid tema som ikkje berre har ei side ved seg. I studio får dei og besøk av ekspertar, folk som veit litt meir, eller folk med ei meining som gjerne ikkje er heilt på normalen. Her får ein moglegheit til å lære noko nytt, kanskje få nye meiningar om nokre saker, eller bli sterkt irritert og provosert. Er ikkje det alt ein vil ha av ein podkast?

Hamsteren min ble spist av en hund Produsent: Moderne Media

Dette er kanskje den podkasten eg ler aller mest av, og merkeleg nok har den eit såpass dystert tema som døden. Konseptet er at komikar Martin Lepperød inviterer kjente folk inn i studio for å snakke om og rundt døden. Opplevingar ved døden og litt om alt det litt rare rundt det. Det heile, meiner i alle fall eg, blir veldig artig. For å kome inn i tonen kan det kanskje vere ein ide å høyre ein av dei tidlegare eller andre podkastane til Lepperød, her finn ein På tynn is, Terningkast tre og den nye Karakter. Podkasten har ikkje så veldig mange episodar, dei kjem ut litt sporadisk, og har kanskje ei litt lite profesjonell leiing, men eg meiner i alle fall at det er denne litt klumsete tonen som gjer det heile utruleg morosamt. Eg har fleire gongar måtta jobbe hardt for å ikkje le høgt på kollektivtransport. Så om du som meg er glad i den litt klumsete humoren, anbefaler eg deg eit lytt til denne perla.

Game of Thrones-podkasten Produsent: NRK

No er siste episode av serien Game of Thrones send, og du kjenner kanskje på eit stort sakn, eller kanskje du tenkjer at no er tida for å sjekke kva alt styret var om. Mitt beste tips er å høyre på Game of Thrones-podkasten. Dette er ein skikkeleg nerdepodkast, med lange episodar som nøye går gjennom kvar epsiode av serien. Eg trur nok det var akkurat denne podkasten som gjorde at eg på ekte vart hekta på GoT. I podkasten går dei gjennom kvar episode, deler ut ris og ros og bruker lang tid på å diskutere fanteoriar. Podkasten er ved Marte og Sigurd frå P3 sitt filmpoliti. Dei står for det meste av praten sjølv, men inviterer iblant inn gjestar. Av og til kjem det også ut intervju med skodespelarane eller andre rundt produksjonen. I tidene då både sesong 7 og 8 blei sleppt, gledde eg meg like mykje til ein ny podkast-episode som den faktiske episoden av serien.

TIPS OG TRIKS MARTHE MÆLAND

S TA N D

S

tand er ein enkel måte å promotera lokallaget på, men alle som har stått på stand, har nok opplevd å stå i fleire timar utan at det kjem nokon bort. Korleis kan ein ha ein vellykka stand? Vi i Studentmållaget i Agder har nokon tips og triks til korleis nettopp ditt lokallag kan bli verdsmeistrar i stand. Ha eit føremål. Kvifor skal de ha stand? Avtal på førehand kva fokuset skal vera og kva de vil promotera. Anten det er eit arrangement, ein kampanje Målungdommen har, eller om det berre er for å verva med-

lemmer, er det lurt å ha det klart føre seg før ein stiller seg opp. Då veit dei som står på stand, kva dei skal snakka om til folk som kjem bort. Tenk over når på dagen det er lurt å stå. Sjølv har vi i SmiA erfart at etter kl. 13.00 er det ikkje noko poeng for oss å stå, fordi då er det færre studentar på universitetet. Vi prøver òg å alltid ha stand tidleg i veka, fordi det er mange som er glad i langhelg, og på fredag er det lite studentar som tek turen til universitetet. Finn ut korleis det er hjå dykk, di fleire folk som er til stades, når ein står på stand, di større er sjansen for at nokon faktisk kjem bort. Det er betre å stå to timar i den travlaste tida enn å stå seks timar når det ikkje er folk til stades. Skap engasjement! Den standen vi i SmiA har hatt best suksess med, var då


19

Bilete: SmiA

Bilete: Sogndal Målungdom

S: STAND OG LOKALLAGSMØTE vi hadde måla eit banner med ”UNIVERSITETET BRYT LOVA!” på. Folk vart nyfikne og flokka seg rundt standen vår. Vi fekk faktisk verva heile 14 nye medlemmer ved hjelp av denne standen, så det er ingen tvil om at lovbrot engasjerer. Ha banner eller plakatar som er store nok til at folk kan sjå på avstand kven de er og kva de held på med. Mange unngår å gå bort til standar, men dei kikkar ofte bort og les på plakatar eller banner. Om dei ikkje kjem springande for å melda seg inn, vert dei i alle fall klar over at de finst. Det kan aldri bli for mykje gratis ting på ein stand. Bak bollar eller kake, kjøp inn Mozell, twist og kjeks. Jakkemerke er alltid populære. Ha ein enkel konkurranse eller aktivitet. Vi har gjort det så enkelt som at folk skal skriva ned eit dialektord (og kva det

betyr) på eit A3-ark, og så er dei med i trekkinga av ein liten premie. På denne konkurransen er trekkinga tilfeldig, alle dialektord er jo like fine! Om trekkinga blir gjort på Facebook-sida til lokallaget, får ein i same slengen promotert ho. Eit siste tips er at Facebook og Instagram er supre måtar å la folket vita at ein står på stand. Så fort standen er klar, knips eit bilete og legg ut på instastory. Pass på å smila på biletet, så er det kanskje nokon som tek turen innom berre fordi de ser så hyggelege ut.

RASMUS TENNØ LOE

MØTE

L

okallagsmøte er den viktigaste lokallagsaktiviteten ein driv med. Det kan vere vanskeleg å vite korleis ein går fram for å skipe eit lokallagsmøte, men om ein følgjer desse tipsa, bør det meste vere på plass. Først må ein finne ut kva ein skal gjere på møtet. Dette kan anten styret bestemme, eller ein kan til dømes lage ein plan på årsmøtet om kva ein skal gjere på møta i året framover. Ein kan til dømes få nokon til å halde ei innleiing eller ha ein klistremerkeaksjon. Etter at ein har bestemt

kva ein skal gjere, må ein velje eit tidspunkt for møtet. Det kan vere lurt å finne ein eller to dagar i veka då ein veit at dei fleste i lokallaget har tid, slik at planlegginga tek kortare tid. Bruker du eit lokale som også blir brukt av andre, så hugs å sjekke at det er ledig på den aktuelle dagen. Møtet bør vere rett etter skulen for å få med flest mogleg folk. Etter at dato og tidspunkt er bestemt, må det lagast Facebook-hending. Facebook-hendinga bør opp så tidleg som mogleg, helst veka før, slik at folk har tid til å setje av dagen. På hendinga bør du skrive kva som skal skje på møtet, og pass på å nemne at det er gratis pizza og brus å få. Ha alltid mat på møtet. Gratis mat gjer ofte at folk har ekstra lyst til å kome, så pass på å tinge masse pizza og kjøp inn Mozell.


20

EI NY SPRÅKLOV – EIN STOR SJAN FREDRIK HOPE

POLITIKK

I

ti år har me venta på at det skulle koma ei ny heilskapleg språklov som skal erstatta mållova, språkparagrafane i samelova og lovfesta norsk språk. Og skal me tru kulturminister Trine Skei Grande, kjem lova i tidleg i 2020. Saman med lova kjem det ei stortingsmelding om språkpolitikk. Med andre ord: Norsk språkpolitikk kan vera heilt annleis neste år. For å passa på at både språklova og politikken i språkmeldinga vert so bra som råd for nynorsken, dialektene og språkmangfaldet, har Norsk Målungdom sendt inn ei rekkje innspel. Her kjem nokre av dei viktigaste krava våre! EI KVASSARE SPRÅKLOV Dagens mållov seier mellom anna at nynorsk skal brukast i nynorskkommunar, at staten skal svara deg på nynorsk, og at du har rett på eksamen, førarkort og skjema på språket ditt. Ei språklov meiner me at sjølvsagt må føra vidare dagens språklege rettar. Men ei ny språklov bør ta mål av seg å vera noko

meir enn ein repetisjon. Språklova lyt bera Noreg inn i den fleirspråklege samtida. Ein viktig del av dette er eit kvassare lovverk. Den største veikskapen med dagens mållova er at det ikkje er noko straff for å bryta ho. Du får eit strengt brev frå Språkrådet og kan elles gå vidare i livet ditt. Resultatet er at lovbrota skjer opp att og opp att – universiteta lagar ikkje nynorskeksamenar, Statens vegvesen held fram med å skilta på bokmål i nynorskland, og Avinor drit i å bruka nynorsk på Flesland. Me krev at det skal vera sanksjonar for brot på språkreglane, som dagbøter eller ei plikt for den ansvarlege statsråden å retta opp i lovbrotet. Dessutan bør lova gjelda for meir enn mållova gjer i dag. Dagens mållov gjeld i liten grad for kommunar og fylka. I ei tid med kommunereform og større fylke er det viktig at det er språklege reglar ogso for desse. I kommunar med nynorsk språkvedtak og i språknøytrale kommunar med nynorskskular må det verta ført ein språkpolitikk som held oppe nynorsk. Det må vera eit krav om at kommunane har språkbruksplanar, og at dei brukar marknadsmakta si og stiller krav om nynorsk, til dømes ved inn-

kjøp av digitale tenester og læremiddel. Språkmeldinga må koma med fleire tiltak for å styrkja og halda oppe nynorskbruken i kommunane. Og viss det vert fleire kommunesamanslåingar, bør heller nynorskkommunar slå seg saman med kvarandre enn at dei skal verta slegne

tar ei oppgåve frå staten t skal ikkje føra til at innby får færre språklege rettar. samskipnader, Norsk tipp Vinmonopolet er sokalla organ – organ eller selska oppretta ved ei eiga lov, o difor ikkje berre kan regu gjennom språklova. Det b ein hovudregel at desse o

saman med kommunar der bokmål dominerer. Språkreglane bør gjelda for statstilknytte verksemder (som Vy), selskap der staten eig meir enn helvta av lutene (som Statoil), Stortinget, dei ulike organa for Stortinget (som Riksrevisjonen og Sivilombodsmannen) og Hoffet. At staten privatiserer eller flyt-

fylgja språkreglane i state Språkrådet bør lovfesta meir makt. Til dømes bør ansvar å føra tilsyn med o klageorgan for brot på spr reglar i skulen.

SYNLEGGJER SPRÅKMAN DET! Ein symboltung, men l kostnadskrevjande måte å

NYTT FRÅ NYNOREG Foreining for radikalt bokmål

Ruijan Kaiku set i gang kvenske radiosendingar

28. april blei Foreninga for radikalt bokmål stifta. Dei ønsker at dei radikale formene i bokmålet skal få høgare status og få meir rom i offentlegheita. Hans-Christian Holm er leiar for den nystifta organisasjonen, og du kan lese meir om foreininga på www.bokmal.no.

Den kvenske avisa Ruijan Kaiku skal til med kvenske radiosendingar. Ruijan Radio kjem til å senda frå Alta. Kanalen kjem for det meste til å vera på norsk, men med einskilde innslag på

kvensk. Fyrste sendingane var 6. juni og 13. juni. Frå hausten av vert det sending kvar veke. Det er mogeleg å lytta til sendinga her: https://bit.ly/2QPnRm4

Mozell i ny bunad Siste nytt er at Mozell, favorittbrusen åt Målungdomen, har fått ny flaskebunad. Heit eller teit?


21

NSE TIL MEIR SPRÅKMANGFALD

til fylka, yggjarane . Studentping og a særlovsap som er og som ulerast bør vera organa bør

en. ast og få r dei få i og vera råklege

NGFAL-

likevel lite å styrkja

språkmangfaldet på, er å lovfesta at alle statleg åtte bygg skal fasa inn fleirspråkleg skilting. Nynorsk og bokmål bør vera eit absolutt minimum, medan det bør leggjast til rette for at mest mogleg ogso kan skiltast på samisk og kvensk i same slengen. Studentar ved høgskular, universitet og fagskular skal ha rett til

vitnemål, eksamen og karakterutskrifter på nynorsk eller bokmål etter eige ynske. Dette skal gjelda både for private og offentlege institusjonar. I dag har du dårlegegare språklege rettar om du går på ein fagskule eller ein privat høgskule, enn om du går på ein offentleg høgskule. Staten har ei enorm marknadsmakt og gjev dessutan tilskot til

ei rekkje tiltak. Det er urimeleg at staten i dag ikkje brukar desse kanalane for å oppnå sine språkpolitiske mål og betra vilkåra for dei språklege mindretala i Noreg. Dei ulike delane av staten må snakka saman og ha konkrete planer for språkbruken. Eit konkret døme på dette er at når verksemder eller organisasjonar får statleg støtte til å laga materiell til bruk i skulen, må det vera eit krav at materiellet kjem i både bokmåls- og nynorskutgåver eller i ei språkdelt utgåve. Eit anna døme er at statleg filmstøtte bør koplast til eit krav om at produsenten skal levera teksting og materiell på både nynorsk og bokmål. EI SPRÅKMELDING MED FART Det er ikkje alle tiltak som høver å stå i ei lov. Heldigvis kjem det ei språkmelding saman med lova – og der meiner me at det er plass til ny språkpolitikk. Mediepolitikk er språkpolitikk. Regjeringa har lagt fram si stortingsmelding om mediepolitikken, og det er varsla fleire endringar. Norsk Målungdom legg vekt på at staten sin mediepolitikk må fylgja staten sin språkpolitikk. Omsynet til nynorskbrukarane og nynorsken er ein del av dette. Difor må staten stilla språkkrav når dei gjev mediestøtte og ta vare på dei media som er viktige for nynorsken og dei andre mindre brukte språka Noreg har eit særleg ansvar for. Framtida er digital, og me treng språkteknologi på både nynorsk og

bokmål. Ressursar som ordbankar må vera opne og tilgjengelege slik at det blir lett å tilby digitale tenester på norsk, inkludert taletenester. Alle offentlege tenester som vert digitaleiserte, må koma på nynorsk og bokmål på same tid, og nynorsk må vera eit krav når staten stør til dømes utvikling av automatiserte omsetjingstenester. Ordbøker som Norsk Ordbok må bli vidareførte, oppdaterte og fulldigitaliserte. I framtida må ein kunna prata dialekt til kjøleskapet sitt og andre språkteknologiske verktøy. For å få til dette vil Norsk Ordbok, Språkbanken til Nasjonalbiblioteket og dei mange språksamlingane kringom på universiteta vera avgjerande viktige – viss dei vert digitaliserte og tilgjengelege. I tillegg har me spelt inn at minst 25 prosent av lover må koma på nynorsk, at nynorsk og bokmål er skriftspråk, ikkje målformer, at universitets- og høgskulesektoren må bli meir nynorskvenleg, at lærarstudentar lærer å læra vekk nynorsk, og at den språklege jamstillinga bør grunnlovsfestast. Dessutan vil me at staten Noreg skal arbeida for språk som ein menneskerett. Lyst til å veta meir? Les alle innspela våre på malungdom.no! Illustrasjon: Anna Sofie Ekeland Valvatne

ANNONSE


22

Bilete: Storapride og Sofjo Pride


23

PRIDE PÅ NYNORSK OLAV WIXØE SVELA

PR I D E

D

ei siste åra har det vore ei oppblomstring av pride-feiringar i Bygde-Noreg . Bygdepride blei først arrangert i Ørsta og Volda våren 2018, og sidan har det kome til tilsvarande markeringar både på Stord og i Sogn og Fjordane. Storapride vart arrangert for første gongen på seinsommaren i fjor og gjentek suksessen i august i år, og i Sogn og Fjordane arrangerer dei i juni pride for aller første gong. Me har snakka med leiarane av Storapride og SoFjo Pride, Anna Sofie Ekeland Valvatne og Sandra Edith Tenud, om det å vere skeiv på bygda, organiseringa av pride og til sist litt om nynorsken sin plass i det heile. BRAUT EIN BARRIERE Både på Stord og i Sogn og Fjordane hadde dei lenge tenkt på å skipe til pride. Etter ein vellukka Bygdepride i Ørsta og Volda tok ideane til å realisere seg. Dei to prideleiarane peiker på fleire moglege årsaker til den plutselege spreiinga av pride på Vestlandet. Forutan suksessen i Ørsta/Volda, peiker Anna Sofie og Sandra på to viktige årsaker: – Eg trur rett og slett at dei noko meir konservative miljøa som tradisjonelt har vore, og framleis er, på Vestlandet har blitt mindre, seier Anna Sofie. Det har

skjedd seinare enn andre plassar i landet, men når det fyrst skjedde, så gjekk det i rekordfart! – Det finst rørsler og menneske som vil og treng å feire pride. Bygdepride braut ein barriere for trua på at ein kan få til pride på bygda. Det handla om at ein fekk sjå at det er mogleg å samle folk, fortel Sandra. Storapride og SoFjo Pride fått mykje støtte og positive tilbakemeldingar både frå einskildpersonar og frå fleire organisasjonar og kommunar. Likevel har det òg vore einskilde negative røyster. – Eg merkar at mange tykkjer det er ok å vera homofil og lesbisk, men om me snakkar om transpersonar, panfile, bifile eller folk som ikkje er binære, så er ein plutseleg «så sjukt spesiell». Me må jobba for å fiksa desse haldningane. Målet om å opne opp har ikkje vore utan frukter. Anna Sofie fortel at fjorårets Storapride har bidrege til å påverke openheita og haldningane til folk: – Då me skipa til pride i fjor, starta me ein debatt som ikkje hadde vore i kommunen tidlegare. Det førte til at lærarar, foreldre og andre ansvarspersonar snakka med borna sine om seksualitet og kjønn. Det hadde nok veldig mange av dei ikkje gjort om det ikkje var for Storapride. Og det er jo nett det me vil at dei skal gjera! Eg veit òg at dei som ikkje var så opne om seksualiteten sin, no har blitt noko opnare. I Sogn og Fjordane vil dei òg nytte dialog som middel i møte med kritikarane: – Me tek kontakt med dei for å få dei med på å feire,

høyre appellar, samtale, ta seg ein øl og høyre konsertar. Me endrar ikkje ting ved berre å gå i fakkeltog, men ved samtale og samling. STONEWALL-OPPRØRET I år er det femti år sidan Stonewall-opprøret, hendinga rekna for å markere byrjinga på den moderne LHBTI-kampen. Over heile kloden markerer og feirar ein dette. Det globale og historiske ved LHBTI-rørsla står sterkt òg på Vestlandet. Dette er noko dei er stolte av å vere ein del av, og som blir vektlagt i årets Storapride – Eg blir så utruleg stolt når eg ser attende på historia til rørsla eg er ein del av. Me er komne så utruleg langt sidan Stonewall, men me har framleis langt att å gå. Når me ser attende på alt me har fått til tidlegare, gjev det oss pågangsmot. Me ser at det nyttar, at me kan endre ting om me berre jobbar på og står saman. I Sogn og Fjordane kjem dei til å fokusere på at dei i år arrangerer SoFjo Pride for første gong, og at dei med det trer inn i LHBTI-historia. Både Storapride og SoFjo Pride ønskjer å vise at dei er ein del av ei større, internasjonal rørsle, og med det vise solidaritet og samhald med LHBTI-personar på tvers av landegrenser, mellom anna i appellar og parolar. – Sjølv om me ikkje kan forstå alt dei andre går gjennom, så deler me mange av dei same erfaringane. Me utgjer jo ikkje ein enormt stor del av samfunnet, så då slår ein seg jo saman på tvers av grenser, både geografiske og kulturelle, fortel

Sandra. – Me vil løfta blikket og kjempa ein internasjonal kamp, seier Anna Sofie, før ho trekk parallellar til målrørsla: Om fleire tek denne kampen i lag, får me større slagkraft – nett som i målrørsla og andre rørsler. KJENNA SEG ATT Pride og LHBTI-kampen handlar om identitet; det gjer òg nynorsken og målrørsla, og sjølvsagt er pride på Vestlandet pride på nynorsk. Folk i Sunnhordaland skal kjenne at dette er deira arrangement, fortel Anna Sofie: – Hadde me berre lagt ut tekst på bokmål eller engelsk, hadde det verka som noko som kom langt vekke ifrå. – Det fell jo veldig naturleg at arrangementet vårt er på nynorsk, meiner Sandra òg. – Nynorsk er jo slik som LHBTI-fellesskapet òg ein motkulturell minoritet. Samstundes er det viktig for oss å markere nynorsk når me går inn i Vestland fylke. Om me skal halde fram med pride i det nye fylket, så kjem me til å halde fram med det på nynorsk, slår ho fast. Anna Sofie meiner pride på nynorsk og i lokalsamfunna kan bidra med noko eige til feiringa: – Det gjer at fleire kan finna seg ein stad i rørsla. Om det berre er noko som skjer i Oslo eller Trondheim, så klarar ikkje nødvendigvis ei bifil jente frå Stord å kjenna seg att i rørsla, men når ein ser folk ein kjenner, ser språket sit, ser politikarane sine, så ser ein seg sjølv i rørsla. Det handlar om identitet!


24

BLACK METAL – EIN HEIDENSK MO

Illustrasjon: Astri Elgethun

ØYSTEIN SANDVE

MUSIKK

6

. juni 1992 står eit tjuetals brannmenn kring ei stavkyrkje utanfor Bergen. Med slangane i full sprut prøver dei forgjeves å sløkkja Fantoft stavkyrkje som står i full brann. Då brannen er under kontroll og stavkyrkja ligg i ruinar, finn politiet ein halshoggen hare ved kyrkjedøra. Det set i gang ei omfattande politietterforsking. Eldpåsetjinga av Fantoft stavkyrkje er berre byrjinga: Kort tid etter brenn ei rekke kyrkjer ned, og ein norsk musikar – Varg Vikernes – vert arrestert, mistenkt for nedbrenninga av stavkyrkja. Med det kravlar eit nytt miljø opp frå mørkeret: det norske black metal-miljøet. Svartmetall som musikksjanger hadde på dette tidspunktet ei særs kort historie. På slutten av 80-talet fanst det berre to skandinaviske black metal-aktørar: norske Mayhem og svenske Bathory. I likskap med mange andre band på denne tida, spelte dei aggressiv og intens metal med eit antireligiøst og mørkt image. Likevel gjorde Mayhem og Bathory musikksjangeren meir populær i Noreg, og

danna eit fundament for ei ny bølgje black metal, som får mykje merksemd på kort tid, på grunn av kyrkjebrannane. Alle dei store norske medieaktørane engasjerte seg i saka – og avisene spekulerer blant anna i okkultisme og sataniske praksisar i musikkmiljøet. Mediedekninga av black metal-miljøet førte ikkje berre til ekstremt god PR, dei vart òg stempla som satanistar. Men var den ferske norske bølgja ei satanisk rørsle, eller var det eit uttrykk for noko anna? Skjerande gitartonar og dundrande slagverket er trekk som går igjen i mange metalsjangrar. For mange er det utfordrande å lytta på og vil høyrast ut som støy for eit uerfarent øyra. Men dei norske black metal-musikarane anerkjende ikkje den allereie eksisterande metalmusikken; dei meinte han framleis var altfor tilgjengeleg og kommersiell. I den nye bølgja black metal vart den teknisk krevjande instrumentbruken bytt ut med repetitive melodiar og rytmar, i forsøk på å skapa eit atmosfærisk lydbilete. Med forvrengd, skrikande vokal innpakka i særs låg studiokvalitet vart black metal definert på ny. Plateomslaga vart meir og meir minimalistiske og produksjonskvaliteten vart kraftig svekt. Di styggare lydbilete ein hadde, di betre. Den nye bølgja gjorde

med det motstand mot marknadskreftene. Dette utgjorde eit paradigmeskifte innan black metal. Det er lett å forstå skuldingane media spreidde om musikkmiljøet i 1993: Den mørke klesstilen og det blasfemiske, musikalske uttrykket deira, førte til at utanforståande fort stempla dei som satanistar. Ja, mange av songtekstane tok opp sataniske ritual og praksisar, men realiteten er litt meir omfattande enn det. Mange songtekstar var ikkje berre antikyrkjelege, dei skildra òg eventyrlege forteljingar om Norden, om den norske naturen og om norrøne krigarar. I songen «A Blaze in the Northern Sky» skrik Darkthrone at

It took ten times a hundred years before the King of the Northern Throne was brought tales of the crucified one

Norden hadde klart seg godt i tusen år med åsatrua før evangeliet frå Midtausten tok over. Varg Vikernes, mannen bak einmannsbandet Burzum, som òg vart dømd for drap, meiner at det er ein rettvis hemn å brenna kyrkjer, fordi mange kyrkjer er bygde oppå heilage norrøne plassar. I ein av songane hans, «Jesu Død», tydeleggjer han synet sitt på kristendom. Bandet Immortal avsluttar ein av

songane sine med: «A sign for the Norse hordes to ride / Is the way for our enemies to die». Og det er tydeleg kven som er fienden. Songtittelen til Gorgoroth «En stram lukt av kristent blod» gir oss tydelege indikasjonar på kva det norske black metal-miljøet meinte om kyrkja. Sjølv om black metal-musikarane mildt sagt ikkje tolererte kyrkja, var det ikkje på eit reint ateistisk grunnlag, men heller på eit heidensk fundament. Vikernes og Bjørn Inge Tunsberg, to musikarar som i lag sette fyr på Åsane kyrkje, påstår at kristendommen har øydelagt førkristelege kulturar – deriblant den norrøne åsatrua. Den norske bølgja black metal viser sitt hat mot kyrkja, som dei ser på som inntrengande og øydeleggjande på den «ekte» norske kulturen. I staden for framhevar dei åsatrua i musikken. Bandet Enslaved heidrar Odin i songen «Allfoðr Oðinn». Mange andre songar heidrar dei gamle, norrøne æsene, og tek i bruk heidenske vikingmotiv i sitt musikalske uttrykk. Black metal gir uttrykk for at dei ønskjer at Noreg går tilbake til sånn det var før kristninga. Dei målar eit bilete av at Noreg er øydelagt av den framande religionen, som blant anna Satyricon trekker fram:

Gud med ditt og dine Har du lagt mitt Norgesrike i ruiner Fordumstider staute skikk og bruk Kvestet du med dine stygge ord Nå skal du bort fra vår mark

Den påståtte åsatrua deira gir òg uttrykk for noko meir alvorleg


25

OTKULTUR – nemleg framandfrykt. Vikernes fortel om den fine barndommen sin på Fana. Det var homogent, og samfunnet var norsk. Då McDonald’s etablerte seg på Bryggen i Bergen i 1990 vart det teke dårleg imot. Vikernes fortel at han og nokre andre i miljøet utstyrte seg med gevær, tok syklane fatt, og skaut på restauranten. Black metal-miljøet tok eit tydeleg standpunkt mot amerikaniseringa av samfunnet. Framande, globale krefter var rett og slett uønskte. Til gjengjeld framhevar black metal sin eigen kulturelle identitet ved å vera stolt over å vera nordisk. På albumet Vikingligr Veldi heidrar Enslaved sitt norrøne opphav med songar som «Norvegr». Kristoffer «Garm» Rygg, frontfigur i black metal-prosjekta Ulver og Borknagar, har òg ytra seg kritisk mot framande krefter: I eit intervju fortel han at andre kulturar korrumperer den nordiske kulturen. Albumet Bergtatt av Ulver byggjer på norske bergtakingsmytar som er eit vanleg tema i norske eventyr og folkemusikk. Albumet er eit av mange døme der black metal har late seg inspirera av folkemusikken. Nasjonalromantiske uttrykk har òg fått fritt spelerom i black metal, både i musikken og i andre uttrykk. Black metal er ein ekstrem musikksjanger som i dag er eit globalt fenomen. Sjangeren fekk eit nytt løft på 90-talet då eit særnorsk musikkmiljø fekk etablera seg. Desse nykommarane elta inn polittikk i musikken sin. Black metal vart plutseleg noko meir enn musikk; det vart òg eit uttrykk for politisk motkultur. Black metal ytra eit framandhat mot amerikanisering av samfunnet, marknadskrefter og kyrkja sin posisjon. I tillegg måla dei eit bilete av at det har eksistert ein fellesnordisk kulturarv – som sakte, men sikkert vart forpesta av kristendom. Ein kan jo vera skeptisk og tenkja seg at dette berre er ein del av det kunstnariske uttrykket til black metal. Jo, det kan godt henda. Men i så fall vart mange av dei oppetne av sitt eige image – som førte til kyrkjebrann og drap. Og ein halshoggen hare ved ei kyrkjedør.

LANDSMØTE I OSLO INGVILD NESE

MØTE

P

å Ellingsrud skole i Oslo samla fleire titals målfolk og nynorsk-entusiastar seg for å avgjere kva Norsk Målungdom skal jobbe med i året som kjem. Etter opninga ved leiar Fredrik Hope kom den fyrste gjesten på besøk. Statssekretær og nordfjording Sveinung Rotevatn kom for å halde ei helsingstale. Etter tala var det høve til å stille spørsmål om kva regjeringa vil gjere for språkmangfaldet i Noreg. Mellom anna vart det spurt om nynorske læremiddel, nynorsk teksting på film og om den nye læreplanen i norsk. Gjennom helga fekk me også besøk av helsingstalarar frå fleire av dei politiske ungdomspartia. Det kom også representantar gjennom heile helga frå organisasjonar som Norsk Målungdom samarbeider med. Dei kom frå Elevorganisasjonen, LNU, Noereh!,

NSO og Pedagogstudentane, og leiaren i Noreg Mållag, Magne Aasbrenn, tok ein tur innom. Fredagen slutta med middag og hyggeleg samvære. Etter frukosten laurdag morgon starta møtet igjen med leiartala ved Fredrik, og etter tala var det ope ordskifte. Gjennom dagen skulle me behandle budsjett, fråsegner og arbeidsprogram. Det hadde komme inn mange fråsegner med ulike tema som målungdommar bryr seg om, men dei fire som blei vedtekne, var: “Meir makt til Språkrådet”, “Nynorske læremiddel til fagfornyinga!”, “På Stord skriv me saman” og “Utvid den dialektpolitiske verktøykassa”. Laurdag kveld bydde på ein fantastisk festmiddag med taler og dans. På siste dag av landsmøtet vart Gunnhild Skjold frå Tromsø vald som ny leiar. Me takka også av nokre frå sentrallekken. Åsmund Mikalsen Kvifte, Eline Bjørke og Fredrik Hope takka for seg frå sentralstyret, og Anna Sofie Ekeland Valvatne takka for seg som lokallagsskrivar. Så eg vil berre avslutte denne teksten med å takke dei for den fantastiske jobben dei har gjort, og eg gler meg til å sjå kva dei nye utrettar når dei tek over.


26

Alle bilete: Samuele Mascetti

TIL FJELLS I NOREG... MED EIN BRITE SOM FØRAR? SAMUELE MASCETTI

FJ E L LG E I T

S

umaren er her og for mange tyder dette at skiene skal pakkast vekk og fjellstøvlane skal finnast fram. For fjellturar lyt ein gå, anten det snør, eller det er grønt og sola steikjer. Statistikkane åt DNT seier at aldri det har vore so mange som ferdast i fjella som i dag, men kvar kjem denne gløden for høge toppar ifrå? Det heiter jo at nordmenn er fødde med ski på beina, men kva med sumartida då? Dette skreiv språkvitaren Gustav Indrebø i 1936, då han var på feltarbeid i Indre Sogn og spurde dei lokale om fjellnamnet Hurrungane i Vest-Jotunheimen: Hurrungane er som me hev høyrt nokre ofseleg ville, sundrivne fjell, høge og stupbratte, med tronge dalar og botnar. Snøen rasar ned der, steinsprangi gjeng. «Der ramlar ned stein stødt» ordlagde ein lustring seg. Dei stupbratte bergveggjene slær attende ljoden og aukar uhyggja. «Eg låg ei natt på Bandet [Maradalsbandet, under toppen av Store Skagastølstind]» fortalde den same heimelsmannen «det var den fælaste natt eg hev livd».

Sumar tydde nemleg lange arbeidsdagar heime på garden eller oppe på stølane; høge fjelltoppar skulle ein berre

styra unna og ein søkte opp dit berre om det var heilt naudsynt. Fjellturisme er altso ein ‘nyare’ trend, som kom frå utlandet, spesielt Storbritannia. EIN EKTE FJELLFANT William Cecil Slingsby (1849–1928) er ikkje nett det ein kallar for ein ‘kjend profil’ når det gjeld fjellturisme i internasjonalt perspektiv. Han var ein framifrå fjellklatrar frå Yorkshire i England og alt som tjueåring hadde han klatra mykje i Alpane. Diverre vart han aldri so kjend som kameraten Albert F. Mummery (1855–1895), ein av dei mest legendariske føregangsmennene i, som fullførte mang ei fyrsteklatring i Alpane og var den aller fyrste som freista koma seg opp på ein 8000-ar (Nanga Parbat i Himalaya, der han døydde). Slingsby var aldri i Himalaya, men namnet hans er kjent for særs mange her til lands. Det var han som fyrst kleiv opp på mange av dei norske tindane over 2000 moh., som før var sette på med stor age og rekna for heilt uovervinnelege. Mellom 1872 og 1921 vitja han Noreg over tjue gonger og tindeidretten stod alltid i fokus, med om lag femti fyrsteklatringar i den sørnorske fjellheimen. Sumaren 1876 vart han sanneleg vigd til ‘far til den norske tindeidretten’ – som han ofte vert kalla – etter at han gjennom seks

døger klatra til topps på fem urørte tindar i Jotunheimen, blant anna Storen (Store Skagastølstind). Desse og andre bragder samla han i boka Norway, the northern playground (utgjeven i 1904). NASJONALROMANTIKK Reiseskildring var ein svært populær boksjanger i den andre helvta av 1800-talet. Dei fleste koplar henne kanskje til Ferdaminne frå sumaren 1860 av Aa.O. Vinje: Storslegen, særnorsk natur og ei sterk bondedåm svevande over folk og land, i kvass motsetjing til den livsfjerne byråkratargråleiken åt dei danske styresmaktene i byane. Slikt var typisk for den tida, då norskdomssaka stod sterkast. Slingsby har ikkje noko av dette, sidan han både var heilt framand med den norske politiske stoda, og høyrde nett til det sosiale laget som i Noreg slutta seg til danskemakta. Berre fjella fengsla han. Lell finn me mange livlege og morosame skildringar av kvardagslege hendingar frå det norske bondesamfunnet, som ofte verka noko utriveleg for den fine briten. Me kan t.d. lesa om stølsdrifta på Skogadalsbøen fremst i Utladalen der fjellklatraren ikkje toler stellet og kosten so godt, men undrast over det gamaldagse ‘muraselet’ med ljore og jordgolv: After the inevitable milking was ended my meat-tin was opened and it gave us and excellent meal. The sæter

sæl – one of the two – was the reverse of luxurious. […] It was built of stone and it had mud floors, and as it had no chimney the smoke oozed through a dry wall, the doorway, and a small hole in the roof.

Somme gonger vert forfattaren rett og slett paff over kor merkelege norske tradisjonar er, for so å koma på at leivningar av likande sedvanar fanst i heimlege strok i Yorkshire au, truleg av di staden lenge var under norrønt velde i mellomalderen: The ‘Halling’, an acrobatic dance only performed by male, in some places is very popular. Amongst other eccentricities in the dance is that of kicking down a hat suspended some distance above the dancer’s head, followed by a back somersault. Not many years ago this dance was known in our own village in Yorkshire.

DET NORSKE SPRÅKET Slingsby lærte seg litt norsk – rettare sagt dansk – og skreiv stadnamn, personnamn og samtaler ned med norskdansk rettskriving: Horungene for ‘Hurrungane’, Melkedal for ‘Mjølkedalen’ osb. Då boka hans kom ut i norsk omsetjing i 1966 (Til fjells i Norge), var det diverre riksmål som vart nytta. Lell avgjorde omsetjaren Thor Bryn at fjellfolket frå kvar si sida av Jotunheimen skulle ‘tala’ eit norskare mål, kanskje i motsetjing til det finpussa målet åt den britiske turisten. Når forfattaren for fyrste gong får auga på Storen, seier føraren frå Lom at tinden er umogeleg å klatra,


27

og når forfattaren i eit anna høve lyt spørja stølsfolk om drikke, heiter det at: Da vi ba om melk, ble vi først ikke forstått. Så gikk det et lys opp for en av beboerne, og han sa: «Å, mjølk, – ja!»

Dette er ein snodig, men forvitneleg særsvip hjå boka, som eg tykte om, trass i det veldig konservative bokmålet som boka er omsett til. Det er òg litt gøy å jamføra den norske tilmåtinga med den engelske originalen. Gudbrandsdalsmålet laut ha låte veldig eksotisk til Slingsby sine øyro, sidan han kjende trong til å informera lesaren om kor underleg det lokale ordet for det han kjende som ‘melk’, var: Murk skreiv han ned. Merkeleg ord, ja, men med litt godvilje skjønar me at han høyrde rett: Ø-ljoden i ‘mjølk’ er veldig lik ljoden ein ofte noterer med u i engelsk rettskriving (t.d. church), medan den tjukke l-en i ‘mjølk’ noterte han med r, ikkje so rart med tanke på korleis den engelske r-en høyrest ut. Trass i dette hadde Slingsby sjeldan vanskar med å skjøna kva dei lokale sa. Straks ein la vekk dansken og prøvde seg på norsk so vart det ingen problem med å både forstå andre og gjera seg forstått. Denne påstanden minte meg på Jacques-Louis de la Tocnaye (1767-1823), ein fransk adelsmann som seint på 1700-talet vart ein av dei fyrste turistane i Noreg. Han skreiv nemleg at: Til tross for at folk fra de forskjellige fjordarmene snakker ulike dialekter, forsto jeg hele tiden hva de sa. Språket er en varierende blanding

av engelsk, svensk og islandsk, og hvilken blanding jeg møter, er ikke så vesentlig. Danskene, derimot, som ikke har noe annet språk enn sitt eget, har vanskelig for å forstå norsk (frå En franskmann i Norge i 1799, Cappelen, 1980).

Her tenkte han sikkert på trekk som i dag er særlege nynorskformer, t.d. tek (engelsk take), ar-endingane i verb (som i svensk), pronomenet eg (som i islandsk) o.a. Kor kult er det at ein utlending for over 200 år sidan skjønte at nynorsk speglar det felles norske språket betre enn bokmål, til og med før nynorsk faktisk fanst?! I FJELLET FOR 150 ÅR SIDAN Tilbake til reiseskildringa hans Slingsby no, for ho gjev ogso ei framifrå skildring av friluftslivet i Noreg før DNT fanst. Slikt kan visst fengja mest merksemd hjå den norske lesaren. Stølane vart som oftast nytta som leirar, der turgåarane kunne skaffa seg kost og husrom hjå budeiene . Småe setergrender som i dag ikkje har noko å seia for den jamne fjellvandraren, var på den tida heilt naudsynlege og avgjerande for at turane skulle lukkast. Gode døme på dette er stølane Murane (Muradn i boka, overraskande nok på skikkeleg sognemål) og Guridalen: […] before the middle of July it’s useless to attack Skagastølstind, because there will be no folk at the sæters of Muradn, Skogadalsbøen, Vormelid or Guridal, which are the only places where we can get food and shelter […]

seier Knut Lykken, reinjeger og bonde frå Lykkja i Valdres,

som var fjellførar for Slingsby og Emanuel Mohn den vidgjetne sumaren 1876. I dag er Guridalen nedlagd og eit par av sela er vortne private hytter, medan i Murane finn ein nesten ikkje noko spor etter dei gamle stølshusa. Dei fleste klatrarar og turfolk bur på Turtagrø Hotell, Spiterstulen o.a., som i si tid var viktige stølsgrender. Nokre fåe turisthytter fanst alt då Slingsby reiste til Noreg for fyrste gong. Gjendebu i vestenden av Gjende vart bygd i 1871, og Eidsbu i vestenden av Bygdin vart bygd av Aa.O. Vinje i 1868, same år som DNT vart skipa. I dag heiter staden Eidsbugarden, der Vinjerock går av stabelen kvar sumar; eit fint og stort høgfjellshotell ligg der, men stoda var annleis på den tida då Slingsby ferdast der: [Eidsbu] takes the place of a wretched and almost invisible ‘fælæger’ […] and thought I have spent many nights there, and I have been glad of its shelter, I cannot help expressing a doubt if there be a more draughty or a colder site in all of Scandinavia.

BRIGDE I KLIMAET Det er interessant å lesa ei slik bok ogso når det gjeld dagens endringar i vêrlaget jorda rundt. Skildringane av breane er særskilt påfallande. Slingsby var van med å nytta dei som naturlege oppgangar for å koma so nær dei høgaste tindane som det råd var. Ei sovoren åtferd var heilt vanleg i Alpane på den tida, men vart rekna for rein galskap her i Noreg. Fjellfolka frå Jotunheimen ville heller slita seg i

hel oppetter rasfarlege berghamrar, enn setja fot på den stødige, men lumske isen. Forfattaren vår var difor raus med omtaler av brevandringar, so fleire skulle læra seg om dette. Eit heilt kapittel skildrar ei kryssing av Jostedalsbreen frå Tunsbergdalen til Lodalen. Tunsbergdalen er neddemd i dag, men ei gamal setergrend ligg framleis i nordvestenden av vatnet, oppå ei hylle i ein hengjande sidedal – Tverradalen. Det er noko skremmande i å lesa kor mykje større breen var på den tida: Då Slingsby gjekk der, strekte den sørlege fronten seg innåt stølen i Tverradalen, heile to kilometer frå der han ligg no. Det same galdt for den nordlege fronten, som fylte botnen av Kjenndalen inst i Lodalen og stogga ved foten av Nonsnibba, om lag halvannan kilometer frå den lægste bretunga i dag. Det er òg svært underleg å lesa om ein tur frå Utladalen i Årdal til Fortunsdalen i Luster, på tvers av Hurrungane: Brefronten låg den gongen nede i botnen av Stølsmaradalen, og gav lett tilgang til Ringsskar (vasskilet) med bratt, men jamn stiging. Står ein i same botnen om sumaren i dag, ser ein på ein stupbratt, naken vegg med mange hjellar, og breen som glitrar liggjande oppå den øvste hjellen. Om ein so freistar koma seg lenger aust, der breen er meir tilgjengeleg, finn ein eit hav av stygge sprekkar. Litt mindre hyggjelege omstende enn i 1870-åra.


28

Illustrasjon: Christine Vihovde

KVA TYPE AKTIVIST ER DU?

D

et er so utruleg mange forskjellige måtar å driva med aktivisme på! Ein kan gjera alt frå å dela noko på Facebook til sivil ulydnad. Ta testen for å finna ut kva type aktivist du er!

1. KVA TID BETALAR DU MEDLEMSPENGAR? A) Kanskje etter at eg har fått ti SMS-ar om det, og ikkje orkar meir mas. B) So snart eg får faktura! C) 1. januar kl 00.01, sjølvsagt!

2. HAR DU VORE PÅ EI TILSKIPING MED NORSK MÅLUNGDOM FØR? A) Nei, det har eg ikkje. B) Eg går på lokallagsmøte, men har aldri vore pånoko meir C) Eg er med på alt!

3. DU SER EIT BOKMÅLSSKILT I NYNORSKLAND. KVA GJER DU? A) Hæ? Var det eit bokmålsskilt?

B) Tenkjer “hmm, det skal ikkje vera der” og går

vidare med livet ditt

C) Du roper ut: BOKMÅLSSKILT I NYNORSKLAND?! Og sender ein klage til Statens vegvesen samstundes som du skriv ein kronikk om brot på mållova

4. ER DU OMSETJAR PÅ FACEBOOK? A) Kva vil det seia? B) Har vore med på å setja om både Facebook og Wikipedia på lokallagsmøte før C) Sjølvsagt! Eg set om både Facebook og Wikipedia so ofte som mogleg!

5. KOR MYKJE NYNORSKSTÆSJ EIG DU? A) Eg fekk vel noko då eg melde meg inn?

B) Har ei T-skjorte og noko anna ståande frå standen i vervekampanjen. C) Eg har ein habil garderobe av Eg <3 nynorsk-t-skjorter og dagverdkrus til 12.

6. DU ER PÅ FEST OG NOKON SLENGJER DRIT OM SIDEMÅLSORD-

NINGA. KVA GJER DU? A) Altso, eg liker nynorsk, men skjønar at folk synest det er stress med sidemål. B) Går i stand-modus og seier at eg skjønar fru trasjonen, men påpeiker at det jo er systemet det er noko gale med, ikkje sidemålsordninga! C) Held ei tordentale om korleis Aasens tanke og utforming er tufta på demokratiske verdiar, og at rettane til nynorskbrukarane heng nær saman med sidemålsordninga. Tala varer resten av kvelden.

7. KAMERATEN DIN FRÅ HEIMBYGDA HAR LAGT OM TIL OSLODIALEKT ETTER AT HAN FLYTTA DIT FOR Å STUDERA. KORLEIS REAGERER DU? A) Har han lagt om? B) Synest det er skikkeleg teit, men det vert så dårleg stemning viss eg tek det opp. C) Seier klart og tydeleg frå om kor viktig det er for det norske språkmangfaldet at han tar vare på dialekta si.

Oslofolka får tilpassa seg i staden for han!

8. KOR MANGE VERS AV NORDMANNEN KAN DU? A) Mellom bakkar og berg utmed haaaavet, nanananananananana B) Eg kan tre, trur eg C) Kva for ein versjon si tar du til? Det har forresten ikkje noko å seia. Eg kan alle.

9. KORLEIS SER BOKHYLLA DI UT? A) Har dustefjerten og bollefisen frå eg var liten, trur eg. B) Har lokallagshandboka, nokre bøker frå Samlaget og jubileumsboka til lokallaget mitt. C) Har alt av Aasen, Vinje, Garborgane, og ein signert Aasen-biografi av Grepstad.

10. KOR MANGE NMU-LOKALLAG FYLGJER DU PÅ FACEBOOK? A) Berre sentralt, trur eg B) Lokallaget mitt og laget i nabokommunen C) ALLE!! Fylgjer dei på Instagram òg.


ANNONSE

25 %

kr ngkast ngsr ngen

Me arbeider berre med éi sak. Eller det er jo ikkje heilt sant. Det siste året har me også meint noko TV 2, strøymetenester, lokalradio og distriktskontor. Svært mange møter nynorsk berre gjennom radio og tv. Me vil sikre at det også blir slik i framtida. Sidan me er heilt utan statsstøtte, er me avhengige av fleire medlemer. Er du under 30 år, kostar det berre 150,- å vera medlem. Meld deg inn ved å senda ein e-post til post@kringkastingsringen.no.

Bli med i K-ringen! Flest A: Sofa-aktivist! Du betalar stort sett medlemspengane dine, sjølv om det ofte ikkje vert gjort før i desember etter at du har fått ti purre SMS-ar og tre fakturaer på e-post. Om Norsk Målungdom deler noko på Facebook eller Instagram, dukkar det opp i nyhendestraumen din. Av og til trykkjer du på liker, men som oftast skrollar du deg vidare for å sjå på videoar av hundar med solbriller og hawaii-skjorte. Du har aldri vore på ei tilskiping, men tykkjer det er bra at andre reiser. Språk er viktig for deg, men du har ikkje høve til å engasjera deg so mykje i organisasjonen sjølv om du tykkjer målsaka er sjukt viktig. Sofa-aktivistar er viktige for Norsk Målungdom. Det at du liker og deler innlegga våre på Facebook, betyr at fleire folk får opp auga for kva me held på med og ser kor viktig det er. Medlemspengane du som oftast betalar, gjer at organisasjonen får meir å rutta med, og at me kan jobba endå meir for nynorsk, dialekt og språkmangfald! Likevel vonar me at fleire av sofa-aktivistane vert anten lokallagsaktivistar eller målgerilja. Kanskje du kan ta med deg ein sofa på stand?

Flest B: Lokallagsaktivist! Du er aktiv i lokallaget ditt, anten i styret eller ordinær medlem. Kanskje melde du deg inn fordi språk er sjukt viktig? Eller kanskje for å få gratis pizza? Uansett er du glad for at du vart med! Når lokallaget skipar til noko stiller du opp, men har sjeldan eller aldri vore med på noko som vart skipa til av sentrallekken. Fram til det kom ein sentralist for å hjelpa til med årsmøtet dykkar, var du eigentleg ikkje klar over at det var noko meir enn lokallaget ditt, men tykkjer det er bra at me er mange som står i lag. Utan lokallaga hadde det ikkje vore nokon organisasjon å engasjera seg i. Det er mange grunnar til at lokallaga er sjukt viktige. Den viktigaste er nok at lokallaga er Norsk Målungdom sitt fjes i lokalsamfunnet. Det er i lokalsamfunnet me lever livet vårt, og det er diverre her me opplever at rettane våre vert brotne. Då er det so sjukt viktig å ha eit målungdomslokallag der som kan stå opp for rettane våre og syna dei med makt at det er nokon som fylgjer med på kva dei gjer. Sjølv om det er kjekt å vera med venene sine i lokallaget, kan det stundom vera fint å melda seg på ei nasjonal tilskiping. Då får du verkeleg sjå at me er mange, og at me kjem frå heile landet. Noko finare enn det skal ein leita lenge etter.

Flest C: Målgerilja! Ivar Aasen, er det du? Det er få som er so engasjerte i målsaka som det du er. Du melder deg på alle nasjonale tilskipingar, reiser på lokallagsmøte og har gjerne eit verv eller ti i rørsla. Om det er eit bokmålsskilt i nynorskland eller eit surt lesarbrev om sidemål, so er du på saka. Språkrådet kjenner godt att namnet ditt, for å seia det sånn. Det er utruleg viktig med folk som vier all si tid til å jobba med språkpolitikk! Det er slik me har fått lovfesta retten til læremiddel på nynorsk, det er slik me hever statusen til samisk og kvensk, og det er slik me gjer det enklare å vera nynorskbrukar i Noreg. For å få gjennomslag for politikken vår må me vera mange slik at me får større slagkraft, men me treng òg nokre eldsjeler som gir litt ekstra for å språkmangfaldet. Målrørsla treng fleire medlemmar i målgeriljaen. Om ikkje du er den framtidige leiaren i Norsk Målungdom, so er det ingen som er det. Send ein e-post til valnemda@malungdom.no då vel!


30

Illustrasjon: Runa Gjerland

EG HELD PUSTEN det har gått nokre sekund no ei bølge med framande tankar rasar gjennom hovudet eg held fast i meg fryktar at dette er angst angst som angrip meg hugs hugs hugs eg pustar no medan eg gret ikkje steng det ute det var psykologen som sa det i hovudet mitt eller det var jo eg som fortalde meg hugs pust hugs pust eg held fast i alle gode minne Illustrasjon: Ingvild Nese

KALENDEREN

- Ida Hauge Dignes

Sumarleir i lag med NU

Ivar fyller år!

Når: 2.–7. juli

Når: 5. august

Norsk Målungdom skipar sommarleir

Ivar Aasen sin 206-årsdag.

saman med Noregs Ungdomslag!

Drikk eit glas mozell og sjå

Leiren skal vere på Skogn

deg fritt ikring!

Folkehøgskole i Levanger kommune i Trøndelag.


31

MOTMÆLEKVISSEN 1. Kor langt er Jølstravatnet?

Rune Rasmus Holsen Nygård

6. Kva er Grønningen, Færder og Store Torungen?

2. Kva heiter den som er fyrst i arverekka i Noreg?

7. Kor brei er definisjonen på strandsona i Noreg?

rett for kvinner og menn i Noreg? 12. Kva kallar ein den svarte stripa fjordhesten har i manen og bak mot halen?

3. Kven vann Farmen 2015? 8. Kva er ei osp? 9. Kva tyder kvarde?

4. Kven var statsminister før Erna Solberg?

13. Kor lenge går ei husmus drektig? 14. Kor lenge går ei løve drektig?

10. Kva år vart Grunnlova vedteken på nynorsk?

5. Kor gamal må ein vere for å øvekøyre med traktor?

15. Kor lenge går ein elefant drektig?

11. Kva år vart det allmenn stemme-

Gjer ein skilnad for målsaka!

Haustkonferanse i

Verv vener, klasse- eller

Bergen. Følg med for meir

studiekameratar og andre

informasjon.

kjende. Slik kan DU gjere NMU større og sterkare!

1. 30,5 km

13. 18–20 dagar 14. 108 dagar 15. 600–660 dagar

Når: 27.–29. september

FASIT

9. Det er tre rette svar: kant, bord, linning på klede. 10. 2014 11. 1913 12. Ein ål

Når: 19. august–22. september

2. Kronprins Haakon Magnus

4. Jens Stoltenberg 5. 15 år 6. Fyrtårn 7. 100 m 8. Eit tre

Haustkonferanse!

3. Eilev Bjerkerud

Vervekampanje!


STRESS NED! RUNE RASMUS HOLSEN NYGÅRD

SISTEORDET

N

okre gongar går det litt fort i svingane. Eg stressar rundt som ei hovudlaus høne og veit ikkje kva eg driv med. Pulsen er høg, og målet vert gjerne ikkje nådd. Det endar opp med trippelt arbeid, og resultat som ikkje syner igjen. Det er difor eg – og du – må stresse ned. Eg minnest at eg var på tur med nokon eg arbeider med, og eg var så fokusert og stressa, at eg nesten ikkje fekk med meg kor vi gjekk. Plutseleg var det

nokon som sa at dei såg ei ørn. Ei ørn? Eg har sett ørn før, og eg treng ikkje sjå ein svart prikk på himmelen. Har eg liksom tid til å stå å glo opp i dagen, og ikkje gjere det eg skal? Eg vart irritert og fekk lyst til å stikke hovudet i sanden. Men kollegaen min gjer ein betre jobb enn eg, og grunnen til det er ikkje lett for meg å takle. Han har hovudet med seg og ro til å finne seg sjølv i jobben. Han ser seg rundt og tek inn inntrykk. Han legg merke til ørnene som flyg forbi og har overskot til å få med seg det som skjer rundt han. Han fokuserer rett og slett betre i alle situasjonar fordi han har tankane

og hovudet med seg. Ein annan dag gjekk eg på tur med ein annan kollega, som ein kan kalle litt alternativ. Ho er veldig oppteken av energi og kva ulike energiar gjer med oss. Medan eg gjekk målretta for å komme meg frå A til B, hadde kollegaen min sjølve turen som mål. Den kraftige rosafargen til ein blome gav ho varme, ein stein som var litt grå gav ho styrke. Slike fargar gav meg ikkje så mykje, før eg forstod kva som var poenget hennar: Ein må følgje med på tinga ein har rundt seg! Det å sanse og få med seg dei ulike tinga og styrkane vi har rundt oss, er verdifullt og gjer at vi

får meir ut av kvardagen. Då vi gjekk tilbake igjen, var eg i same båt som kollegaen min, og vi byrja å snakke om fargane. Fargar som grøn har for meg tidlegare berre vore grøne, men no er grønfargen eit teikn på livet. Ein kraftig grønfarge gjer at eg får lyst til å springe, og til å bruke den energien eg får. Slike fargar, eller energiar om du vil, må vi få med oss. Vi må sjå og reflektere over alt som omkransar og legge merke til dei viktige tinga. Så, eit lite tips frå meg til deg: Sjå deg rundt og stress ned. Det kan vere ein god ide i ny og ne! Illustrasjon: Anna Sofie Ekeland Valvatne

RETUR: NORSK MÅLUNGDOM, LILLETORGET 1, 0184 OSLO

Profile for Motmæle

Motmæle 2.19  

Motmæle 2.19  

Profile for motmale
Advertisement