
7 minute read
KVA TYDER SMÅORDA EIGENTLEG?
from Motmæle 3.20
by Motmæle
Tenkjer du på eit tilfeldig ord, er det høgst sannsynleg at du ser føre deg noko ekte ute i verda: katt, raud, hav, mor, mjuk er ting som me kan både oppleva med sansane våre og førestilla oss. På norsk fagspråk heiter dette leksikalsk tyding, som vil seia at tydingsinnhaldet i eit visst ord viser til eit røynleg fenomen; dette gjeld ikkje berre konkrete ord, men ogso abstrakte ord som viser til kjensler og andre tenkte tilstandar (kjærleik, daud, sekund, minne, osb.). Andre ord har derimot berre grammatisk tyding, som vil seia at dei ikkje har eit presist tydingsinnhald, likevel lyt dei vera på plass i den eine eller hi setninga for at ho skal vera rett. Dette er altso reine funksjonsord, og dei vanlegaste er småord som jo, for, av, då, med og liknande. Dei «tyder» jo ikkje noko i seg sjølve, desse småorda, men er heilt naudsynlege for ein effektiv og vellukka kommunikasjon.
Det kan henda at eit ord missar si leksikalske tyding og går over til grammatisk tyding: Denne utviklinga heiter grammatikalisering og er ein prosess som alltid har gått føre seg i språket. Eit bra døme er substantivet vis n., som tyder ‘måte’, men som òg vart grammatikalisert som ending til å laga adverb av adjektiv (vanleg-vis, heldig-vis) og substantiv (år-vis, par-vis). Andre gonger er grammatikaliseringa finurlergare og vanskelegare å spora opp av di ho skjedde i svært gamal tid, til dømes endinga -leg/-lig, som har same opphav som ordet lik n. og i eldre tider tydde ‘utsjånad/skapnad’. Nokon som er venleg, er altso nokon som ser ut eller ter seg som ein ven. Den bundne artikkelen -en oppstod sameleis frå ei grammatikalisering av hinn, det norrøne ordet som tydde ‘den (eine)’. Opphaveleg heitte det hinn heimr med det peikande ordet stilt føre substantivet (likesom på engelsk: the home), men for om lag tusen år sidan vart hinn redusert til ei ending med grammatisk tyding (heim-inn), og me fekk den moderne etterstilte artikkelen (heim-en). Småorda i språket er ofte resultat av grammatikalisering, og det er spesielt spanande når eldgamle ord som alt var gløymde i førhistorisk tid, lever vidare gøymde inne i daglegdagse småord. Preposisjonane hjå og til er nettopp slike ord.
Advertisement
Hjå vert ofte oppfatta som eit skikkeleg konservativt nynorskord, særskilt av sure bokmålsfolk som hevdar at dei aldri har sett eller høyrt det, men det er faktisk ganske vanleg i mange talemål og er uttala som regel jå, men ogso sjå og kjå. Denne preposisjonen kjem frå norrønt í hjá (h-en vart uttala): Det er merkeleg at dei brukte to preposisjonar som uttrykkjer nesten det same (i og hjå), med mindre hjá eigenleg var noko anna… Dette gjev oss ein peikepinn om at hjá kanskje var eit substantiv, og i so fall lyt det ha forsvunne lenge før vikingtida. Ved å samanlikna dei ulike germanske måla fann språkvitarane ut at hjá truleg var ei bøyingsform av det urgermanske ordet *hiwa-, som tydde ‘ekteskap/huslyd/ heimefolk’. Urgermansk vart tala dei fem siste hundreåra før Kristus, medan urnordisk vart tala etter det, men før norrønt: For to tusen år sidan tydde í hjá altso ’i lag med huslyden’, men før vikingtida miste ordet si leksikalske tyding og vart grammatikalisert som preposisjon. Ordet heldt seg berre som fyrstelekk i nokre samansetjingar (hý- på norrønt), blant anna i hybel m., som heitte hýbýli eller hýbøli på norrønt og var synonym til ‘hus’, men ser me nøye på ordet, skjønar me fort at det eigenleg tydde ‘ekteparet sitt bøle’. Eit anna ord med same opphav er hjon n., som i dag er eit gamaldags nynorskord for ‘ektepar’ – men standard på islandsk: hjón – og som ikkje tilfeldigvis liknar mykje på hjå.
Stadiet før urgermansk heiter urindoeuropeisk, det aller eldste språksteget som er mogeleg å utforska. Vågar me oss so lenge attende i tid, finn me ut at urgemansk *hiwa- kjem frå urindoeuropeisk *kéywos, som ogso utvikla seg til latin civis – ‘borgar’, altso ein frå heimstaden – og som seinare gav oss mange lånord som sivil og sivilisasjon (og på engelsk city og citizen). Eit anna ord frå den same indoeuropeiske rota er *kóymos, som utvikla seg til urgermansk *haimaz og gav oss norrønt heimr og norsk heim. Sjølve rota *kéy- tydde truleg ‘å slå seg ned/liggja’, og soleis ogso ‘å setja bu’. Er du heime hjå nokon, har du då bokstaveleg tala slege deg ned der, i alle fall ei lita stund. Dette tydingstilhøvet kjem ogso fram i det yngre synonymet hos, som er laga til substantivet hus n. og peikar soleis på at me er innom nokon, ikkje berre innandørs.
Til skilnad frå hjå er til eit ord absolutt alle brukar heile tida, som tyder at me aldri reflekterer over det. Allereie på norrønt heitte det til og vart nytta akkurat sameleis som i dag, so det hjelper oss ikkje mykje. Me veit likevel at tysk har eit substantiv som heiter Ziel n. og tyder ‘mål, føremål’, og z- i innljod i tysk svarar ofte til t- i skandinavisk (til dømes seier me tid og tann, medan dei Zeit og Zahn). Slik får me eit hint om kva til opphaveleg kan ha tydt, og om me dreg heile vegen attende til urgermansk, finn me substantivet *tila- n., som tysk Ziel kjem ifrå. På den tida hadde *tila truleg eit breiare tydingsinnhald, kanskje ‘tidspunkt, høve, mål’, men i norrønt finn me ikkje dette ordet att, unnateke i den sjeldne samansetjinga aldrtili m., ‘livets ende, døyande dag’. Likevel noterte både Hans Ross og Ivar Aasen verbet tila seg eller tilast med tydinga ‘koma seg (etter sjukdom), trivast, veksa’ på 1800-talet. Her er det litt vanskeleg å skjøna samanhengen, men anten ein kjem seg, trivst eller veks, gjer ein det over tid, og dette fortel oss at handlinga som verbet uttrykkjer lyt sjåast i tidsperspektiv. Om me no tenkjer på det, uttrykkjer me ofte fysisk avstand og avstand i tid på same måte, til dømes når me seier at noko er langt frå ferdig. Det er altso alltid avstand me talar om, og tydingsinnhaldet i urgemansk *tila- kom til å uttrykkja båe typane avstand: Eit mål er noko me går imot uansett om det er snakk om tid (som eit tidspunkt eller ein frist) eller fysisk mellomrom (som ei skiljeline eller eit endepunkt). Soleis vart substantivet *tila- grammatikalisert, missa si leksikalske tyding og vart verande som preposisjon med grammatisk tyding som peikar på ei rørsle i retning mot noko.
Korleis kan me stola på slike etymologiske spekulasjonar baserte på rekonstruerte ord frå førhistoriske språk, skal tru? Vel, me kan ikkje vera heilt sikre på dei, men me kan koma fram til nokolunde trygge hypotesar ved å samanlikna ulike språk, fyrst og fremst innanfor same grein og språkfamilie (til dømes dei germanske språka, som alle har preposisjonen til eller ei form av han), men mellom nabospråk òg. No har det seg slik at nabospråka våre i nord og aust lånte ein god del ordforråd frå urgermansk og urnordisk, det vil seia før norrønt utvikla seg, då folket i Skandinavia tala eitt felles språk. Dette veit me fordi enkelte ord framleis liknar på dei eldgamle formene av våre moderne ord, til dømes konge, som heitte konungr på norrønt, men *kuningaz på urgermansk: I dag heiter det kuningas på finsk og estisk, gonagas på nordsamisk og gånågis på lulesamisk. Endinga -az var allereie dotten vekk i norrønt, men ho heldt seg i nabospråka som lånte ordet, og dette fortel oss at kontakten mellom folkeslag som ligg til grunn for ordlånet skjedde før den norrøne tida, altso sikkert før år 700. Det er då ikkje overraskande at finsk og estisk har i dag substantivet tila, som tyder ‘høve/tilhøve, stilling, stode/ situasjon’: Dette ordet er lånt beint frå tidleg urnordisk eller urgermansk, og tydinga viser til eit visst punkt i tid og rom, som høver med *tila si opphavelege tyding ‘noko ein siktar på, går i retning mot’.
Vil du vita meir? Er du litt av ein språknerd eller er du nysgjerrig på samanliknande språkvitskap og ordopphav heilt attende til urgermansk og urindoeuropeisk, anbefaler eg Våre arveord – Etymologisk ordbok av Harald Bjorvand og Fredrik Otto Lindeman, som finst i tre utgåver (2000, 2007 og 2019) og den fyrste utgåva er tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket si nettside. Vil du berre vita kvar eitkvart ord kjem ifrå, passar det best med Norsk etymologisk ordbok – Tematisk ordnet (2013) av Yann de Caprona, som du sikkert får låna på biblioteket. Forfattaren har òg ei kjempefin side på Facebook (Norsk etymologisk ordbok – Tematisk ordnet, av Yann de Caprona) der han legg ut ei ordforklaring kvar dag med eit fint, sjølvknipsa bilete som illustrasjon. Berre å lika og fylgja!
SAMUELE MASCETTI