Page 1

MOTMÆLE GJEVE UT AV NORSK MÅLUNGDOM

FRAMHALD AV EG 35. ÅRGANGEN nr.1/21


ANNONSE

2

#nynorskbanken I Voss Sparebank er me opptekne av å levera framifrå banktenester på nynorsk. Me har til og med han Ivar på kortet. Velkomen som kunde.

www.nynorskbanken.no


BLADSTYRARTEIGEN INNHALD Bladstyrarteigen: s. 3 Leiarteigen: s. 4 Omtale: Outlier: s. 5 Kjætten: s. 6–7 Motmæleintervjuet: Victor Sotberg: s. 8–9 Podspalta: s. 10 Filmspalta: s. 13 Internasjonalt: s. 14 Bli med på A-laget: s. 18–19 Eg <3 kløyd infinitiv: s. 20–21 Truen går til Rogaland!: s. 22–25 Kva hadde Ivar Aasen røysta?: s. 26–27 Huldrefolk, havfolk og mat: s. 28–29 Morosider: 30–31 Sisteordet: s. 32

HER KJEM NOKO Å GLEDA SEG TIL

E nr. 1/21 Norsk Målungdom Lilletorget 1 0184 OSLO E-post: norsk@malungdom.no Telefon: 23 00 29 40 ISSN: 0809-2109 Bladstyrar: Idunn Victoria Rostøl Bladstyremedlemer: Ingvild Nese Rasmus Tennø Loe Ole August Iversen Marthe Mæland Håkon Remøy

Bladbunad: Anna Sofie Ekeland Valvatne Korrektur: Tobias Christensen Eikeland Prenteverk: Merkur Grafisk AS Tinging (eitt år): 200 kr Sal av lysingar: Rimelege prisar etter avtale. Ta kontakt på norsk@malungdom.no Bidrag: Me tek gjerne imot stoff frå lesarane. Artikkelforfattarane står sjølve ansvarlege for innhaldet i artiklane sine.

g skriv denne teigen frå heimekontoret, og det snør tett utanfor vindauget. Det var fleire plussgradar i går, og eg blei til og med litt solbrend på nasen. I dag er likevel kuldegradane tilbake, og både eg og småfuglane murrar. Det kjennest liksom litt barnsleg urettferdig ut at ikkje våren kjem i augneblinken me bikkar 1. mars. Etter ein kald og mørk vinter er me mange som lengtar etter is i sola og lette vårsko, men den gang ei. Om ein plussar på ein pandemi som liknar vinteren, sidan heller ikkje han slepp taket, er det ikkje rart me er mange snurte sutrarar for tida. Det er nemleg ikkje til å legga skjul på at det siste året har vore langt, og kanskje spesielt for me som er unge. Men her kjem eit lyspunkt, folkens! Bladet du har i handa! Det er spekka med bra greier, og her kjem ein pirresnutt. Nedstenginga har gått utover typiske målungdomsyslar, som å reisa på sommarleir og å samlast til grautkveld. Fleire lokallag har likevel vore kreative og funne saman det siste året. I Kjætten dette nummeret kan du lesa om korleis Synne frå Fron Målungdom og Jonas frå Studentmållaget i Oslo har halde koken. Dei kjem med fleire gode og inspirerande tips, som ein kan ta med seg til både lokallaget og vennegjengen! Andrew har kikka nærare på ei nedstøva bok om folketru i Nord-Noreg, og i bladet fortel han om både draugar og

huldrer. Boka gir eit spennande innblikk i kva som gøymde seg i djupet i gamle dagar. I Internasjonalen skriv Bjørk om heimlengsel. Ho studerer i Canada, og deler kva ho lener seg på når saknet av heimstaden og dei heime blir for stor. Håkon har høyrt på pod, og kjem med fleire anbefalingar. Me har intervjua Victor Sotberg, vinnaren av Dialekt-prisen i fjor. Johanna har skrive om kjærleiken hennar for kløyvd infinitiv, som ho meiner er både bortgøymt og undervurdert. Fleire snakkar med kløyvd infinitiv, så korfor er det så altfor få som skriv det? Også er det jo snart stortingsval. Kva ville Aasen gjort, tru? Tre politiske målungdommar med glimt i auget meiner dei har svaret. Via Zoom har me tatt turen til Rogaland og skrive om målstoda der. I nummeret kan du lesa om kva ein målungdom, ein målvaksen og ein lokalpolitikar meiner må til om nynorsken skal vinna fram i kommunesamanslåingsland. Ole har sett den nye samiske krimserien Outlier, og Gunnhild har som vanleg sett ein del film. Og mykje, mykje meir! Også blir det snart vår, då! Snart skal me slurpa iskald Solo! Til då kan du kosa deg med Motmæle i venstre handa og ein varm kakao med mykje krem i den andre. God lesing!

Idunn Victoria Rostøl


4

NYTT I NYNOREG

LEIARTEIGEN

DIALEKTAPP FOR INNVANDRARAR

ER DU EIT NYNORSKTALENT?

O

NORSK MÅLUNGDOM PÅ INSTAGRAM

m du følger Norsk Målungdom på sosiale medium, har du nok fått med deg at Norsk Målungdom, Nynorsk kultursentrum, Framtida.no og Daniel Kvammen har kåra 10 nynorsktalent. Men kva er eigentleg eit nynorsktalent, og korfor har vi kåra dei? Vi som er målungdommar veit at det finst nynorskbrukarar over heile landet, og at dei finst i alle former, storleikar og typar. Det finst nynorskbrukande elevar, legar, bussjåførar, skodespelarar, butikktilsette, advokatar og politikarar. Vi brukar nynorsk på sosiale medium, på skolen, i sakspapir, i avisa og på handlelista, og vi er overalt. Det er kanskje ikkje like tydeleg for dei som ikkje er målungdommar. Derfor vil vi vise fram mangfaldet som finst av nynorskbrukarar der ute. Uansett om du lærer nynorsk som hovudmål eller sidemål, om du er målungdom eller ikkje, så er det nemleg noko vi alle treng: Gode nynorskføredøme. Det blir brått litt lettare å halde på nynorsken når du ser at Kjartan Lauritzen har lagt ut eit innlegg på nynorsk. Kanskje får du litt meir motivasjon for å lære nynorsk som sidemål når du skrur på radioen og høyrer programmet Arian på P3.

Når du ser at nynorsken eignar seg godt til å skrive bøker og lesarbrev, slik som Gaute Eiterjord, og til å bruke som artist, som Synne Vo, blir det meir naturleg å sjå at du også kan bruke nynorsken din til det. Dei er nokre av talenta vi har valt ut, men det finst sjølvsagt mange fleire der ute! Juryleiar Daniel Kvammen hadde dette å seie om kåringa: «[Vi vil] visa at nynorsken ikkje berre er til for gretne, gamle skrotnissar, som sitt aleine på fjelltoppar, les tung litteratur, og hyttar med neven mot alt som er nytt. Det handlar om ungt blod, nye tankar og sterk gnist.» Er det nokon som har nye tankar og sterk gnist, så er det vel oss i Norsk Målungdom? Vi er jammen meg nynorsktalent, vi også. Nett DU bidrar til å løfte nynorsken kvar gong du brukar han. No håpar eg at nynorsktalenta vi har vald ut kan vere til inspirasjon, og gler meg til å oppdage enda fleire talent i framtida! Gunnhild Skjold

ros @sminida skje litt n a k r a v Det t i starompliser s k k is n k te os n vi kom ten... me g fekk vedta o ig jennom er, arbeidslov s g a ll a k lo rt kk eit sto plan og fe i håper at vi 6. V styre på dette jera ting g å l ti r få villige o n vi er k året, men eir digitalt. m til å satse

“Problemet er jo ikke dialektene. Problemet [...] er at de forstår norsk dårlig i utgangspunktet og at dialektene blir en ekstra terskel for dem”. Dette sa stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) til NRK. Sjølv om det allereie finst appar som folk kan bruke for å lære norsk, vil ein app som gjev ei oversikt over dialektane i Noreg gjere det lettare for dei både på arbeidsplassen og sosialt. Klinge meiner dette er noko som au kan brukast av nordmenn som ynskjer å lære meir om norske dialektar. Dette gjekk ho ut med etter at tidlegare UNE-sjef Ingunn-Sofie Aursnes omtalte sin bekymring om dialektbruk i det offentlege. Eksempelet ho drog fram var familieminister Kjell Ingolf Ropstad sin bruk av ordet “okke” og sa “Når vi skal nå alle med viktig informasjon, så er det viktig at man bør prøve å normalisere språkbruken”. Sjølv om setesdølingen erkjenner at spesielt ordet “okke” kanskje er eit av dei vansklegaste for utanforståande å skjønne, påpeikar han at han prøver å “kommunisere så tydelig som mulig, legge vekt på ordene, si de helt ut og prøve å ikke sluke ordene” samstundes som han understrekar at regjeringa au gjev oppdatert informasjon frå pressekonferansane på andre språk.

IVAR AASEN-BANKKORT I høve lanseringa av den nye nettsida deira gjev Voss sparebank ut eit spesialdesigna bankkort som er pryda med sjølvaste Ivar Aasen. No kan ein nemleg gå inn på nynorskbanken.no og koma til nettsida til banken. Den utflytta vossingen Idunn på 25 år bestilte kortet så fort ho høyrde om det, og banksjef for Voss sparebank er stolt over den positive responsen lanseringane har gjeve. Også Peder Lofnes Hauge, leiaren i Noregs Mållag har fått med seg nyhendet. Han delte artikkelen Framtida.no skreiv om saka på Twitter-kontoen sin, og seier på telefon til Framtida.no: “...det er ekstra kult at dei gjer det innanfor ein sektor som kanskje ikkje er så prega av nynorskdominans.”.

@malungdom Skjer ikkje.

@smiagder No kan jula berre kome! I går hadde SmiA ei fin juleavslutning , og det blei julestemning med nydelig konser t med Ingebjørg Bratland!


5

OMTALE AV OUTLIER OLE AUGUST IVERSEN

O M TA L A R

H

ar du drøymt om å sjå ein krimserie gå føre seg i det nordlegaste nord i Norge? Då er kanskje denne serien noko for deg! Det første me blir møtt med Elle som skal til å gå heim frå ein fest. På turen heim finn ho ein mobiltelefon som ringer og ho svarer. Ho høyrer ingenting… Det viser seg at telefonen høyrde til venninna hennar, Sofie, som

@malungdom Livet rullar i Norsk Målungdom! Denne helga har landss tyret hat t møte, og søndag var det Among Us. Neste veke kan du vere med på digital leir, der det både blir meir Among Us og intervju med Ronny Brede Aase!

har blitt bortført og drepen. Den neste personen me blir kjende med, som òg er hovudpersonen, er Maja Angell, kriminalpsykolog. Ho er eigentleg undervisar ved Kings College i London og er i gang med doktorgradskriving. Men så får ho greie på at Sofie har blitt bortført og drepen i heimbygda hennar, og ho vender snuta dit. I Finnmark har det lokale politiet nemleg allereie fanga forbrytaren, trur dei. Maja er nemleg ikkje samd. Ho meiner dei har fanga feil fyr, fordi han ikkje passar profilen til ein slik type mordar. Påstanden underbygger ho med hennar kriminalpsy-

@nynorsk_101 Herleg kjensle!

kologiske kompetanse. Den lokale konstabelen, som er veldig stolt over kva han har fått til er ikkje så nøgd. Historia går vidare ut på at Maja prøver å bevise at ho sjølv har rett utan å trakke folk på tærne. Samstundes må ho omgåast med alle folka ho bestemde seg for å forlate ein gong tidlegare, som byr på litt utfordringar. Ein klar styrke ved serien er samisk representasjon og prat. Ellers snakkar dei fleste med den regionale dialekta, med nokre innslag av dialekter som er framande for regionen. Undertekstinga er diverre på Bokmål. Handlinga i serien går føre seg på

@sminidaros SmiN takkar for semesteret med det årlege jolebordet! Lykke til med siste innspurt av eksamensperioden og god jul åt alle

berre 8 episodar på ca. 45 minutt kvar. Så om du har gått tom for ting å sjå på er nok denne eit godt alternativ. Vil du sjå han, finn du han faktisk på nettavisa Nordlys for berre 5 kroner! Den første episoden er gratis. Litt billegare enn å tinge på HBO, og så kan du lese i mange av dei flotte lokalavisene kringom i landet. Bilete: HBO Nordic

@ ma lu L ih h k n gd o m u b ei v v iin ! Vu o r b b L æ h k e b ie j v ijn ! o T il luk e b ie j jin e ! ke me s a m is d den k gen! e nasjona l da -


6

Haha, godt sp rsmål Men kva skjer hos dokker i Fron framover, då

Me har teke ein prat med Synne Solberg frå Fron Målungdom og Jonas Økland frå Studentmållaget i Oslo for å finna ut korleis ein kan driva med lokallagsaktivitet i ein pandemi!

Synne

Vi skal ha eit årsm te no etter vinterferien, der det sj lvsagt blir is og sikkert noko anna godt å ete Vi m ter jo kvarandre kvar dag, så vi gjer alltid ting saman, men det er alltid ekstra hyggeleg i målungdom-stil

Hei Jonas og Synne I pandemiåret har det vore vanskeleg å treffa kvarandre. Men dokker har likevel funne måtar å vera sosiale i lokallaga

Jonas

Jonas

Heisann Ja, til ein viss grad i alle fall Me frå studentmållaga saknar sj lvsagt å ta ein pils på pub saman, då Det får me ikkje lov til her borte i hovudstaden Synne

Hei Ja Vi i Fron MU har vore så heldige at dei mest aktive medlemane våre går på same skule, så vi har kunna m tt kvarandre på skulen for hyggekveldar og andre saker

Plass til ein til Synne

Vi er også så heldige at skulen arrangerer “hybelmiddag” for hybelbuarar, så vi har også tatt turen innom der eit par gongar, på målungdommen si rekning

Alltid plass i Fron MU

Dokker i SmiO har jo heller vore saman digitalt, Jonas Jonas

Jepp Me har vore storforbrukarar av Zoom Me har både hatt julebord og quizkveld, samt årsm te digitalt i haust. Neste arrangement no vert digital pils

2

Åh, kos Eg har h yrt rykter om at dokker òg planlegg ein bokaksjon

Jonas

Heldige Er fordelar med å bu i distrikta

1

Synne

Ja, det gjer vi Eg skal straks sende ut mail til alle barnehagane og barneskulane i Nord-Fron og S r-Fron, med informasjon, så håpar vi at alle er positive til aksjonen vår Vi gler oss kjempemykje og er sikre på at dette blir bra for språket og bygda Jonas Kva går ein bokaksjon ut på Synne

Synne Kva skulle ein gjort utan Zoom

Bokaksjonen vår går rett og slett ut på at vi skal gi ut barneb ker på nynorsk til alle barnehagane og barneskulane i området vårt, så ungane m ter språket tidleg Sj lv om nynorsken står sterkt her lærar ikkje ungane god nok nynorsk tidleg, fordi det nesten berre er barneb ker på bokmål både i barnehagane og biblioteka på barneskulane Jonas Det er jo eit kanoninitiativ

1


LOKALLAG Synne

Synne

Så vi måtte rett og slett ta saka i eigne hender I l pet av våren skal vi sende ut minst 100 barneb ker på nynorsk til barnehagane og barneskulane så språket lever vidare

Ja absolutt Ikkje gi opp, de kan alltid finne på noko hyggeleg saman: bok- og filmklubb, eit Zoom-m te der de gjer noko saman som å ete is eller anna mat som mållaget sponsar, eller finn på noko ute Eller sj lvsagt tips frå Fron MU: BOKAKSJON

2

Jonas Og veldig koronavennleg

7

2

2

Synne

Ja, det er det også Vi bur jo i eit så lite samfunn at det er lett å bli lagt merke til, så vi håpar Fron Mållag også sleng seg med, sj lv om vi enda ikkje har utfordra dei

Jonas Dei unge > dei vaksne Åhhhh, det h yrest knall ut Nå blei eg peppa

Me burde kanskje gjere det same for studentane i Oslo Hadde nok blitt ein ganske omfattande jobb å utarbeide all den akademiske nynorsklitteraturen, men kva gjer ein ikkje for språkmangfaldet

Men nå må eg tilbake til heimekontoret i korona-Oslo. Håper dokker får ein heilt super dag

1

Synne

Jonas

Det er draumen Eg skal jo til Oslo til hausten, kanskje vesle Fron MU startar ei skikkeleg r rsle

Same Takk for kjætten

Jonas

1

Synne

Du er hjarteleg velkomen i SMiO til hausten, då

Takk det same, og takk for kjætten 1

Synne Eg gler meg Gler meg sjukt mykje til å h yra om korleis det går med aksjonen Og ja, både barnehagebarn og studentar treng meir nynorsk i kvardagen Men på tampen: Har dokker nokon gode tips til andre lokallag der ute, som kanskje er dritleie korona og treng ny giv Jonas Me i SMiO likar å tenkje på oss sj lv som litt framsynte, så sj lv om det mest er quiz eller liknande over Zoom no, så driv me og planlegg kule ting til marknadsf ring, rekruttering, og arrangement når dette byrjar å gå over Vonleg er det mange andre som er dritlei korona når det er over, som vil vera med på all aktiviteten me har klar til dei

2


8


9

MOTMÆLEINTERVJUET: VICTOR SOTBERG IDUNN VICTORIA ROSTØL

I N T E RVJ U

Y

ouTubar og prog ramleiar Victor Sotberg er vinnaren av Dialektprisen 2020! Me i Motmæle er så heldige å få ein prat med prisvinnaren om dialekt, identitet og pandemitips. Kvart år sidan 2001 har Norsk Målungdom delt ut Dialektprisen til ein eller fleire offentlege personar, som gjennom stødig og sjølvsikker dialektbruk framstår som gode språklege føredøme for ungdom. Prisen skal bidra til å løfta fram det norske dialektmangfaldet. Me ynsker å heidra dei som står fram som eit godt føredøme og gjer ungdom sikrare på dialektbruken sin. Det er ikkje utan grunn at Noreg ofte blir kalla «dialektriket». Me har ein stor rikdom av dialekter, og slik vil me at det skal vera i framtida også. Det har ikkje alltid vore like lett å bruke dialekta si offentleg,

og vi ser i dag at det er mange dialekter som er under press frå såkalt “standard austnorsk”. Ved å møta eit stort og variert dialektmangfald der dei er, blir barn og unge sikrare i dialekta si. Derfor treng me eit stort dialektmangfald på TV, i realityprogram, på TikTok, i musikk, på YouTube, på Instagram og i radio. Victor Sotberg fekk gjennombrotet sitt på YouTube, og arbeider i dag med programmet FlippKlipp i NRK. Han har både gitt ut bok og vore med i fleire fjernsynsprogram. Victor snakkar på dialekt, men snakkar også om dialekt, og dette gjer han på ein arena der dialektmangfaldet ikkje alltid er så godt som me ynsker. Han bidrar til å ufarleggjera dialektbruk og gjera dialektmangfald gøy gjennom leiking med språket. Ved å bruke si klinkande klare steinkjerdialekt gjer han det lettare for barn og unge å bruke dialekta si. Fyrst og fremst: Gratulerer så mykje med Dialekt-prisen du fekk i fjor! Kva betyr dialekta di for deg? – Dialekta mi betyr

veldig mykje for meg! Ho er jo ein stor del av min identitet og kven eg er. Kor kjem frå og korleis eg uttrykker meg. Så mykje kan altså ei dialekt bety! Har du eit favorittord på Steinkjer-dialekta? – Eg har ei favorittsetning! Itj fårrå nålles! Som betyr: Ver forsiktig/ ikkje gjer noko dumt. Kva for eit dialektord må du alltid gjenta og forklara for andre? – Viss eg seier eg er matin må eg alltid forklara at det betyr at eg er sulten. Kva for nokre tilbakemeldinger har du fått og får du på dialekta di? Korleis har dei eventuelt forma forholdet ditt til dialekta di? – Eg får mykje positive kommentarar på dialekta mi. Dei fleste synest ho er sjarmerande og det gjer meg jo stolt over ho. Får også tilbakemeldingar om barn som ikkje snakkar trøndersk, men som begynner med det fordi dei liker dialekta mi så godt. Det er jo det søtaste! Du fekk jo Dialektprisen fordi du er eit dialektforbilde for ungdom i dag. Har

du eit dialektforbilde sjølv? – Hmmm, mitt dialektforbilde må nok vera familien min. Dei har mi flotte dialekt og eg snakkar alltid ekstra breitt når eg snakkar med dei. Dialekt smittar. Har du noko du vil seia til ungdommar som er usikre på dialekta si? – Dialekt er noko av det mest naturlege som finnest. Det er absolutt ikkje noko å vera usikker over. Det er noko som gjer deg til deg. Til sist: Nå sit jo alle heime, og me skal helst ikkje treffa andre. Fleire kjedar seg og kjenner seg einsame. Har du nokon tips som kan gjera karantenekvardagen litt kjekkare? – Måten eg gjer karantene litt betre er å ha mykje kontakt med vennar og familie. Eg speler mykje med kompisane mine over nettet. Snakkar med familien på FaceTime og går tur med trygg avstand med gode vennar! Ver kreative og sosiale! Bilete: Plan-B AS


10

NYTT I NYNOREG

PODSPALTA ved Håkon Remøy

DEN NORDISKE ODYSSÉ Produsent: DR LYD

Denne poddkasten er sopass gamal at du ikkje finn han på Spotify, men du lyt anten gå inn på DR sine sider eller på Apple Podcast eller liknande. Poddkasten er i utgangspunktet dansk, men han er laga på grunnlag av teoriane åt Felice Vinci om at Odysseen og Iliaden eigenleg er sette til Norden. Geografien, stadnamn og landemerke er noko Vinci får til å høva i hop. Itaka er den danske øya Fyn, og Troja er eigenleg finske Toija (ein stad mellom Åbo og Helsingfors). Og naturlegvis heldt kyklopane til ved Torghatten, fjellet med det velkjende hòlet tvers igjennom, som kan henda liknar litt på eit kyklopauga. Programmet går ut på at me får fylgja i desse fotspora som Vinci har teikna opp, me får vera med reporteren som fer rundt om i Norden og talar med folk på staden. Då får me vita litt om lokale segner og anna. Men me får no spørja kor truleg det er at Homer hadde kunna fått med seg noko om nordiske tilhøve, eller om det er truleg at desse stadnamna som likna, faktisk fanst medan Homer levde, kring 800–700 f.Kr. Dette er ein poddkast som er vel verd å lyda til. Dersom du vil lesa deg litt opp på dette fyrst, er det berre å søkja opp Odyssevskvædet på NB.no, då finn du ei omsetjing ved Arne Garborg. Sameleis kan du finna att Iliaden om du søkjer etter omsetjaren Eirik Vandvik.

VERDIBØRSEN Produsent: NRK

Verdibørsen har ei god poddkastrekkje no, der dei skal ha 22 episodar med å tala om folk som på ei eller anna vis har spela ei rolle i norsk historie. Denne rekkja tek utgangspunkt i boka Landet mot nord av Mona Ringvej. So langt har me fått høyra 12 delar, mellom anna om Einar Tambarskjelve, Olav Kyrre og Absalon Pedersson Beyer. Elles har det vore mykje anna forvitneleg stoff som ikkje er del av denne serien.

SPRÅKSNAKK Produsent: NRK

Språksnakk avløyste Språkteigen ved nyåret. Mykje er det same gamle, det kjem framleis om fredagane som poddkast, sundag som radioprogram, men det nye er at programmet er på éin time i staden for 30 minutt, og det er med eit panel av språkforskarar. Det er godt mogeleg det er litt meir vas no enn kva det var i Språkteigen. Men eit godt tips er at ein kan dobla avspelingsfarten, då brukar ein ikkje meir tid på det enn det ein gjorde tidlegare. Me får sjå korleis programmet utviklar seg, men er du språkinteressert, er det vel verdt å fylgja med.

SAMISK SPRÅKLEKKASJE 44 % av elevane som lærer samisk i skulen sluttar i løpet av grunnskulen. Øystein Vangsnes, professor i nordisk språkvitskap ved UiT, kjenner igjen ei slik språklekkasje frå unge nynorskbrukarar som går over til bokmål. Vangsnes meiner ein ikkje har forska nok på korfor unge samiskelevar vel slik, men tenker det er sannsynleg at strukturelle forhold ligg bak. Språkopplæringa er ofte for dårleg, og opplæringslova må leggja betre til rette for ein skulemodell som gir desse elevane ein reell språkkompetanse. Skal ein sikra framtida til dei nasjonale minoritetsspråka i Noreg, må ein føra ein politikk som skaper nye språkbrukarar. (Språkteigen 22. november)

NYNORSK BOKHANDLARPRIS I november vann Tore Renberg Bokhandlarprisen for romanen Tollak til Ingeborg. Sist gong ei nynorsk bok fekk prisen var heilt tilbake i 1967 (!), då vann Tarjei Vesaas med Bruene. Då Renberg blei intervjua etter utdelinga, kunne han avsløra at han på forhand hadde prata med kollega Olaug Nilssen. Ho var òg nominert til prisen med ei nynorsk bok, og dei var einige om at dei ikkje kom til å vinna; Bokhandlarprisen var jo som kjent ein bokmålpris. Men sjå dét! Den Norske Bokhandlerforening har fått kritikk dei siste åra for å oversjå den nynorske litteraturen. Kanskje har dei endeleg opna auga? (bok365.no)

TIX VANN MELODI GRAND PRIX Andreas Haukeland, betre kjend som TIX, vann årets Melodi Grand Prix med songen Fallen Angel. Artisten, som kanskje er mest kjend for dei vulgære songtekstane i russesongane sine, fekk nesten 100 000 fleire røyster enn Keiino sin Monument, og skal dermed representere Noreg under Eurovision-konkurransen i Rotterdam. I etterkant har TIX gjort seg merka i media på fleire felt. Mellom anna reagerte Haukeland på måten Dagbladet sin meldar hadde formulert seg, og sistnemnte lova å ete TIX sitt velkjende pannebånd dersom han vann. Lovnaden vart halden og under Debatten, der Haukland au var invitert, vart pannekake med pannebånd servert og ete på direkten. Seinare kom TIX med ei orsaking på Instagram der han beklaga for innhaldet i dei tidlegare russelåtane hans: “Russelåtene har vært en betydelig del av min fortid. Men det er nettopp det det er … fortid [...] jeg er herved mitt ansvar som forbilde mer bevisst.”


ANNONSE


12

ANNONSE

FØLG OSS PÅ TIKTOK!


13

KVITTER FRÅ TWITTER – nynorsktwitter på sitt beste

FILMSPALTA ved Gunnhild Skjold DE N NOR SKE:

Kings Bay (2016) Regi: Stig Svendsen

I 1962 førte Kings Bay-ulykka til at regjeringa måtte gå av. I notida får ein journalist tilsendt nokre gamle russiske lydband som viser at regjeringa kunne ha avverja skandalen, og startar å grave i saka. Der dei to andre filmane i denne spalta baserer seg på faktiske skandalar, er konspirasjonen her oppdikta. Handlinga skårar nok ikkje topp på verken realisme eller kvalitet, men dette er likevel ein god underhaldningsfilm der Kari Bremnes gjer ein overraskande god figur i si første skodespelarrolle. For meg personleg er nok det beste med denne filmen at han utspelar seg i heimbyen min Tromsø, så eg kan kose meg med å peike på skjermen og rope «Der har eg vore!» og «Han der kjenner eg!». Eg forstår at dette ikkje tilføyer like mykje til filmopplevinga for alle andre som det gjer for meg, men la gå. Om ikkje anna gjer det seg godt med ein norsk spelefilm utan Oslopreget. DEN UTANL ANDSKE:

Spotlight (2015) Regi: Tom McCarthy

Spotlight skil seg ut i motsett retning med å handle om ein ekte skandale dei fleste av oss nok har høyrt om: overgrepsskandalen i den katolske kyrkja. Boston er ein by der den katolske kyrkja er overalt, og når journalistane først byrjar å grave viser det seg at historier om overgrep og maktmisbruk gjennomsyrer heile byen. Dette er noko «alle veit», men som ingen har sagt frå om. Med eit stjernelag av skodespelarar, er det lett å bli rive med i handlinga. Filmen viser også kor viktig det er at journalistar har rom til å grave og undersøke. Nokon gongar får det nemleg varige konsekvensar over heile verda. Uansett om du vil lære meir om gravejournalistikk, om sjølve skandalen eller om du berre vil sjå ein god film, er dette eit godt val. Filmen stakk også av med Oscar-prisen for beste film KL A SSIK AREN:

Alle presidentens menn (1976) Regi: Alan J. Pakula

Når ein snakkar om journalismethrillarar er det nesten umogleg å unngå Alle presidentens menn. Det er ikkje den første filmen i sin sjanger, men det er nok ein av dei som har hatt størst innverknad på sjangeren i ettertid. Denne er også basert på ei sann historie, denne gongen om etterforskinga av Watergateskandalen. I dag er det nok mange som kjenner Watergate best som opphavet til uttrykksforma der vi sleng stavinga «-gate» på slutten av ein kvar skandale. For dei av oss som ikkje fekk med oss politiske skandalar på starten av 70-talet, kan det derfor vere greitt med ei påminning om kva som faktisk skjedde, i ei tid der skandalar om amerikanske presidentar faktisk fekk varige konsekvensar.


14

INTERNASJONALT Bjørk Tørnqvist

HEIMLENGSEL

E

g er snart ferdig med ei fire år lang høgare utdanning i Ottawa, Canada. For det meste består kvardagen av skulearbeid, jobb og det vesle sosiallivet pandemien tillèt. Sjølv om eg har det travelt og dagane går fort, er det innimellom tider der eg kjenner at akkurat no hadde det vore fint å vere heime att i stova hjå foreldra mine på Sola. Når heimlengsla kjem krypande, plar det som regel å hjelpe litt å høyre på norsk musikk eller podkastar. Men, i det siste har eg oppdaga kor mykje det kan hjelpe å lese norsk – særleg nynorsk – når eg lengtar heim. Å lese nynorsk gjev meg ei kjensle av nærleik til Norge og det norske språket som eg

ikkje elles får i kvardagen. Innimellom når det går ei stund mellom kvar gong eg ringer heim, kjennest det litt som om eg gløymer norske formuleringar og måtar å uttrykkje meg på. Å lese bøker på nynorsk vert litt som ei lita påminning om korleis ein kan uttrykkje seg på norsk. No skal eg ikkje late som om bokmål ikkje kan gjere det same, men det er noko med nynorsk som kjenst litt meir nostalgisk på eit vis. Bokmål har for meg ofte vore assosiert med byråkratisk språk, eller skumlesing av nettaviser. Det kan godt hende eg legg litt vel mykje verdi i nynorsken nett no, men gjer det eigentleg noko? Nynorsk kjennest nært og personleg,

og gjev meg garantert litt trøyst når eg lengtar heim. I det siste har eg lurt litt på kva nøyaktig det er med nynorsk som gjer at språket kjenst så nært. Eg trur noko av det ligg i at når eg les nynorsk i Canada veit eg med god sikkerheit at eg er den einaste i omgangskrinsen min som forstår språket. Det i seg sjølv kan ein kanskje tenkje at vil verke meir isolerande enn trøystande. Men det at det er eit språk som er brukt av mange, og som knyt meg til heimen min, gjer at kjensla av isolasjon går over til å kjennast samlande – med dei heime. Det minner meg på eit vis på at sjølv om eg kan kjenne meg litt åleine, så er det fult av folk heime eg kan dele språket mitt med.

Eg prøver ikkje å seie at å lese nynorsk er ei løysing som fjernar all heimlengsel, og det er ikkje alltid det hjelp like mykje. Likevel hjelper det alltid litt, og kven treng vel fleire grunnar enn éin til å lese meir nynorsk i kvardagen Bilete: Privat


15

INTERVJU PÅ RUNDGANG med Anna Sofie Ekeland Valvatne

K V EN E R DU? Eg er 23 år og kjem frå verdas aller flottaste storby: Stord kommune! Nett no bur eg i eit veldig hyggeleg kollektiv i Bergen med to av mine aller beste venninner medan eg studerer kulturvitskap på UiB. KORLEIS KOM DU ME D I NMU? Eg var veldig aktiv i Sosialistisk Ungdom, og no er eg i SV. Der møtte eg storvervaren til Noregs Mållag, Oddny Miljeteig. Ho verva meg til Mållaget, og så fekk eg ein e-post frå målungdommen

om eg ikkje heller ville vera medlem der til ein billigare penge, sidan eg var så ung. Det takka eg jo sjølvsagt ja til! FORTE L L I T T OM DE N F YR STE T IL SK IPING A DU VAR PÅ: Sjølv om eg allereie hadde vore medlem i NMU i nokre år, var eg faktisk ikkje på mi fyrste tilskiping før eg byrja å jobba som lokallagsskrivar i 2017. Det passa liksom aldri! Då var eg på haustkonferansen i Drammen, og kjende ingen! Det tok heldigvis ikkje lang tid før eg blei ein del av

gjengen, og lærte meg å spela Ligretto. Etter det har eg vore på nesten alle tilskipngane til NMU, sjølv etter eg slutta i jobben min! K VA BOK HAR DU PÅ NAT TBORDET DI T T? Nett no går det faktisk berre i pensum. Får så utruleg dårleg samvit for å lesa andre ting enn ting til bacheloroppgåva mi, haha. Men eg har teke prokrastineringa mi til eit nytt nivå og fått meg Storytel. Der høyrer eg nett no alle 17 lydbøkene som ligg ute frå Frøken Detek-

tiv- serien. Kan anbefalast! SK JE R DE T NOKO SPE NN A N DE I LOK A LL AG E T DI T T? Eg sit i styret til Studentmållaget i Bergen, og nett no går det mot årsmøte. Det er fleire i styret som skal gje seg, så det blir veldig spanande å sjå kven som skal sitja i det nye styret. Og så har me tinga sjukt kule genserar! Gler meg til me får dei! K V E N V IL DU G JE S TAFET TPINNEN V IDARE T IL? Marit Voldsund Fjeldvær

ANNONSE

HAR DU BETALT MEDLEMSPENGAR? DU BETALAR MED KODEORD “MEDLEMSPENGAR” TIL 2090, PÅ VIPPS TIL NORSK MÅLUNGDOM, ELLER VED Å SETJA INN 80 KR PÅ KONTONUMMER 3450.65.48618. MERK BETALINGA MED NAMNET DITT!

U BETALT MSPENGAR?

Utstilling om barnefattigdom på Garborgsenteret Hetlandsgata 11, 4344 Bryne | www.garborg.no




18

Å VERA ELLER Å IKKJE VERA FOR A-INFINITIV – BLIR DU MED PÅ A-LAGET? SVEIN OLAV B. LANGÅKER

PÅ A- L AG E T

D

et skjer oftare og oftare. E-infinitiv snik seg inn i tekstar, stilar, lekseplanar, avisartiklar, sakspapir, Facebook-oppdateringar og lesarbrev. Til og med i stortingsreferat blir hardingar, sunnhordlendingar, strilar og sogningar sitert med e-infinitiv. Det er nesten som eg høyrer Liv Signe Navarsete ropa ut: «Du veit ikkje kva du snakkar om!» BOMMAR OG FEILAR Men langt verre enn at reint e-infinitiv vinn fram: I same tekst møter ein oftare og oftare både «vere» og «vera», «gjere» og «gjera» og «feile» og «bomma». I stadig fleire andre artiklar eg les, anten dei kjem inn til oss i Framtida.no eller eg les dei andre stader, så møter eg både a-infinitiv og e-infinitiv i same tekst. Elevar, lærarar, rektorar, journalistar og tilsette i stat og kommune – mange gjer ofte denne feilen. Også her i Framtida.no hender det at me blan-

dar e- og a-infinitiv. Men e- eller a-infinitiv er ikkje ei smakssak. Skriv du ein tekst, så skal du halda deg til éin av dei, ifølgje offisiell nynorsk rettskriving. «LAT ALLE VONER FARA!!» Viss du har følgd godt med i norsktimane på skulen, så vil du kanskje ila til med at det er lov med kløyvd infinitiv. Det er sant. Men det er ein smal og risikofull sti å legga utpå. Språkrådet skriv at det er tre vegar til å læra kløyvd infinitiv skikkeleg: 1. kjennskap til eit austlandsmålføre (med visse justeringar) 2. kunnskap om skrivemåten i gamalnorsk 3. ei liste med 304 verb som skal ha a-infinitiv Skal du bruka kløyvd infinitiv og få A på eksamen, så er det berre til å setja i gang med éin gong. Då må du pugga dei 304 verba, skaffa deg inngåande kunnskap i verbbøying i gamalnorsk og/eller bli god på kjennskap til austlandsmålføre. Men pass deg for dei visse justeringane! Som det står over porten for kløyvd infinitiv: «Lat alle voner

fara de som går inn!» KVEN KJEMPAR FOR...... A-INFINITIV EN? Av alle små eller store problem i verda, så er det dei færraste som kjempar den rake og reine a-infinitiven si sak. Det er så vidt eg veit ingen nasjonale institusjonar som arbeider for a-infinitiv. Nynorsk pressekontor brukte e-infinitiv om lag 12 gonger så mykje som a-infinitiv i 2020. På nettsidene til NRK brukte dei e-infinitiv på nynorsk cirka 6 gonger så mange gonger som a-infinitiv. Ivar Aasen-tunet har innført e-infinitiv i språknorma si, sjølv om Aasen sjølv brukte a-infinitiv. I Det Norske Samlaget bruker dei e-infinitiv i nesten all omtale av bøkene dei gjev ut. Eitt av dei heiderlege unntaka frå vårkatalogen er boka med den slåande tittelen «Kunsten å irritera seg over skrivefeil» av Kristin Fridtun. På Det Norske Teatret har dei utrydda a-infinitiven frå eigenomtalen av teaterstykke. Nokon vil kanskje seia at det er provinsielt av hovudstadsteateret – all den tid nynorskens mest verdskjende dramatikar Jon Fosse går andre vegen og no berre nyttar a-infinitiv i verka sine.

BLI MED PÅ A-LAGET! I tillegg til Jon Fosse er lokalaviser som Sogn Avis, Hordaland og Sunnhordland og enkeltkommunar viktige. Mange kommunar har fastsett språkbruksplanar med a-infinitiv. Men planane må bli følgde opp. Skulane og barnehagane må gjera innbyggjarane sine trygge på eit talemålsnært skriftspråk og stoppa snik-e-infinitiviseringa i samfunnet! For viktigast er alle dei som bruker a-infinitiv i dialekten sin. Fleirtalet av nynorskbrukarane gjer det, anten dei bur i indre Sogn, Hordaland eller Rogaland. Og heile poenget med nynorsken er jo at han er bygd på talemålet vårt. Så sogningar, hardingar, strilar, sunnhordlendingar, rogalendingar og alle andre som vil: Det er trygt og godt å vera heime i a-infinitiven! Bli med på A-laget du òg! (Teksten var fyrst publisert på framtida.no 03.02.21)

Illustrasjon: Anna Sofie E. Valvatne


19


20


21

EG <3 KLØYVD INFINITIV JOHANNA BREIVANG

KLØYVD

K

løyvd infinitiv er noko eg hev elska ganske lenge, heilt sidan eg fyrst fekk interessa i språk og dialekt, er det noko som hev havt interessa mi. Det er kanskje ikkje det som verkar som særleg spennande kampsak å hava, men noko må ein vel krangle om! Vi hugsar nok alle godt i norsktimane, då dei prata om dialektmarkørar eller når dei fortalde oss korleis ein skriv nynorsk. At ein seier “å vera, å kast” her, saman med at ein skulle pugge ein gut, guten, gutar, gutane. Om at i motsetning til bokmål, så hev ein valfridommen ved infinitiv. Etter 2012 blei dette enno friare enn før, men infinitiv hev lenge vori ei sak som Språkrådet hev gått fram og tilbake med kvar rettskrivingsreform. Tidleg i februar skreiv

Svein Olav B. Langåker, redaktør i Framtida. no, eit godt innlegg om a-infinitiv. Eg er einig med det meste. Eg stend ved det at e-infinitiv kan kjennast lett ut som minimal-nynorsk og ofte ender som halvvegs kløyvd infinitiv uansett, så eg vil derfor oppfordre folk til å skrive med a-infinitiv framfor e-infinitiv. Men eg vil då au oppfordre at folk lærer seg skikkeleg kløyvd infinitiv fyrst og framst! Nokre ting er det verdt å lære seg! Ein burde jo ikkje berre feie bort kløyvd infinitiv. Eg trur at argumentet om at ein må lære seg og pugge det ikkje funkar, og heller ikkje det med at ein må ha kjennskap med norrønt. Det argumentet kan jo i grunn gjelde alle reglane til norsk skriftspråk. Grammatisk kjønn er jo eit godt eksempel på noko som ein berre må kunna, som hev variasjon i dialekt og der ting forsvinn litt nokre stadar. Eg kunne ikkje tenkt meg å argumentere det bort for det. At eg må hugse at det heiter ein medlem

eller eit kjevle. Det er jo ein del av standardisering og skrifttradisjon at ein må “pugge” litt. At vi tek tidi med å pugge verb, tenker eg er like viktig som at vi tek tidi til å lære oss å bøye substantiv og kjønni deira. Eg hev i det siste særleg teki interesse i midlandsnormalen, og hev lesi ein del om dialektar. Dette hev gjort at eg hev rett og slett blitt forelska i nokre ting ved skrifttradisjonen, som eg skulle ynskje vi hadde meir av i dag. Eg kan gjerne argumentere ut dagen om gjeninnføring av i-mål eller skiljet mellom sterkt og lint hokjønn, eller at vi skal ha jamvekt som midlandsnormalen hadde. Det finst så mange flotte ting i skrifttradisjonen vi burde hava. Men den mest aktuelle tingen er jo kløyvd infinitiv. Sjølv om kløyvd infinitiv er ganske etablert del av mange landsdelar, særleg i fjellbygdene på Austlandet, der nynorsk framleis stend sterkt i dag, så hev kløyvd infinitiv enda i baksetet. Kløyvd infinitiv hev

blitt skjult og bortgøymt. Eg fær lyst til å seia nærmast sabotert. Det er ikkje rart at folk er ukonsekvente med ein målmarkør, når det knapt finst kjeldor som er tilgjengelege eller nyttige! Så eg vil oppfordre folk til å nytte kløyvd infinitiv, og for å gjenbruke eit format eg sagde tidlegare i år: Snakk med kløyvd infinitiv, skriv med kløyvd infinitiv! Neste gong du tek ein titt i ordboki, tak ein ekstra titt om kva infinitiv verbet hev! Illustrasjon: Anna Sofie E. Valvatne


22 IDUNN VICTORIA ROSTØL

PÅ T U R

D

et er noko i lufta på Vestlandet for tida, og me i Motmæle skal finna ut kva det er. Dette er fyrste tekst i ein serie om nynorskstoda på Bestlandet, og turen går til… Rogaland.

TUREN GÅR TIL... ROGALAND!

I 2020 fekk Vestland fylke nynorsk som administrasjonsspråk, trass i at fleirtalet av innbyggarane i den nye fylkeskommunen skriv bokmål. Frå hausten 2021 har Bergen kommune sett av pengar til ein fast nynorskklasse, og det i bykjernen. I Rogaland fylke blei Nye Stavanger kommune språknøytral, noko som vekte oppsikt i ein bokmålsby. Nye Ålesund kommune blei i 2019 verdas største nynorskkommune, sjølv om òg denne vestlandsbyen har lange tradisjonar med å skriva bokmål. Kva for nokre grep har målungdommar, målfolk og lokalpolitikarar tatt for å få til denne typen gjennomslag? Er dei teikn på at nynorsken vinn stadig nye terreng i vest, eller dreier dette seg om tilfeldige blaff? Dette er store spørsmål, men det er jo sånn me skal bryna oss på! I dette nummeret reiser me til Rogaland, og då nærare bestemt Nye Stavanger, Sandnes og Jæren. Gjennom sprakande Zoomlinje får me høyra synspunkta til ein lokalpolitikar, ein målungdom og ein målvaksen. Dei gir forskjellige innblikk i eit område som er eit lappeteppe av nynorsk– og bokmålsbrukarar, der den store trenden er at byane er dominerte av bokmål og bygda av nynorsk. Dette

har òg prega administrasjonsspråka i kommunane, men kommunesamanslåingar skakar ved desse gamle skiljelinjene. KAMPEN OM MÅLET I NYE STAVANGER KOMMUNE Eirik Faret Sakariassen sit i kommunestyret for SV i Nye Stavanger kommune, som før 1. januar 2020 berre var Stavanger kommune. Det Nye med bykommunen frå 2020 er at dei gamle nabokommunane Finnøy, Rennesøy og Stavanger har slått seg saman. Dette skjedde ikkje utan mykje rabalder, og nokre av diskusjonane var knytte til språk; for kva for eit administrasjonsspråk skulle den nye storkommunen få, der Finnøy var nynorskkommune, Rennesøy språknøytral og Stavanger bokmål? Finnøy og Rennesøy kommune hadde rundt 10 000 innbyggjarar, mens det budde rundt 130 000 i gamle Stavanger kommune; det låg med andre ord opp til ein skeiv språkkamp prega av ein overveldande bokmålsmajoritet. Faret Sakariassen kasta seg inn i debatten med eit forslag om eit nynorsk Nye Stavanger, og i kommunestyret la han fram korleis storkommunen kunne bli verdas største nynorskkommune. Dei lokale laga i SV og Senterpartiet gjekk saman for å verkeleggjera planane. Frå heimekontoret fortel han korfor dette var ein sentral kamp å ta: – Ein viktig del av identiteten til dei nye kommunebydelane, Finnøy og Rennesøy, er nynorsk. Finnøy var ein gammal nynorskkommune, mens Rennesøy var ein språknøytral kommune med fleire nynorskklassar. I den nye storkommunen må me sørga for at den språklege identiteten i desse kommunebydelane blir tatt vare på, og at nynorsken får ei

sterk stilling. Det var derfor eit viktig forslag på eit lokalt plan, men òg eit politisk signal om at det er viktig å dyrka nynorsk i Noreg, og då må òg dei store byane omfamna nynorsk. Som nemnt innleiingsvis enda Nye Stavanger kommune opp som ein språknøytral kommune (og Ålesund knabba tittelen verdas største nynorskkommune). Det bleimed andre ord ikkje noko av forslaget, men Faret Sakariassen seier seg likevel fornøgd med eit språknøytralt Nye Stavanger. SV og Senterpartiet enda nemleg opp med å stå aleine bak eit lite populært nynorskforslag, eit forslag som møtte sterke reaksjonar: – Eg undervurderte verkeleg krafta i debatten, seier Faret Sakariassen. Eg har sjeldan fått meir tilbakemeldingar med negativt forteikn enn når eg foreslo dette; ikkje frå andre i partiet, men frå veljarane som blei ganske sinte. Fordommane mot nynorsk strekker seg langt. Nynorsk har ikkje stått særleg høgt i kurs i Stavanger, og fordommane er, som Faret Sakariassen påpeiker, mange. Då forfattar og siddis Tore Renberg blei bedt om å halda sjølvaste opningsforedraget for Kapittel, litteraturfestivalen i Stavanger, valde han å snakka om nettopp nynorskforakta i byen. Han hadde nyleg gitt ut sin fyrste bok på nynorsk, og i arbeidet med boka reflekterte han over språk, makt og heimbyen. For korfor i alle dagar hadde han ikkje skrive på nynorsk før? I foredraget fortel Renberg om spynorsk mordliste på ungdomsskulen og Sylfest Strutle på fjernsynet (for deg som er yngre enn 50: søk på YouTube!). Nynorskforakta han vaks opp med var såpass utbreidd at han aldri stilte spørsmål ved


23

BOKMÅLET OG BYEN Både Renberg og Faret Sakariassen er klokkeklare på at nynorsk er målet som høyrer til Rogalandsområdet og dialektane der. Men korfor driv ein på i fleire kommunar og balar med bokmål likevel? Vebjørn Sture, tidlegare leiar i Målungdommen og eksil-siddis, gir oss ein dose målsoge: – I område der bokmål er dominerande, så er ikkje spørsmålet eigentleg korfor ein skriv bokmål, men korfor ein aldri skifta over til nynorsk. Alle dei stadane der ein skriv nynorsk i dag er jo fordi ein har tatt eit val om å gå over til det. Bokmålet av i dag er framhaldet av skriftspråket som fanst i Noreg då nynorsken blei til, ein gradvis fornorska dansk. Mange kommunar gjekk over til å skriva

nynorsk på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet, men det skjedde ikkje i Stavanger, verken då eller seinare, så spørsmålet blir: Korfor ikkje? Dei stadane der ein valde å gå over var i stor grad ikkje byar, og det har sikkert noko å gjera med kven som bestemte på kva stadar. I store byar var dei høgast på strå tettast knytte til det gamle skriftspråket og valde å halda seg til det. Eit eksempel er korleis det pene talemålet til dei mektige byborgarane var mykje fjernare frå nynorsken enn talemålet i landlege kommunar. I dag skal ein likevel ikkje trenga godt språkøyra for å forstå at grunnen til at ein skriv bokmål i Stavanger ikkje er dialekta Ja, korfor gjer ein det, då? Renberg fortel at han sjølv aldri opplevde nynorsken som eit faktisk val, då han allereie hadde skrive bokmål i fleire år då han blei introdusert for det i skulen. Det var berre eit par nynorskklassar i Stavanger då han voks opp, og han hamna ikkje i ein av dei. (Per i dag er det ingen nynorskklassar i gamle Stavanger kommune.) Faret Sakariassen er ivrig nynorskforkjempar og tidlegare målungdom, men skriv faktisk bokmål sjølv; han lar vere å skriva nynorsk fordi han ikkje synest han meistrar det godt nok. Han har brukt koronakvardagen på å ta nynorskkurset til Språkrådet, men foreløpig er nynorsken berre til privat bruk i SMS-ar til den nynorskføre sambuaren frå Jæren. Sture er òg siddis frå bokmålsklasse, men han gjekk ut frå vidaregåande med nynorsk som hovudmål. Det hadde ikkje noko med at han fekk betre nynorskundervising frå skulen

enn Renberg og Faret Sakariassen, snarare tvert imot: – Eg har alltid hatt eit bevisst forhold til dialekta mi og vore stolt av ho, men på det skriftlege haldet var eg ein skikkeleg ignorant bokmålsunge. Storesystera mi konfronterte meg grundig på dette då eg var rundt 12-13 år, og då snudde eg! Eg blei forelska i nynorsk, og då eg gjekk i 9. klasse ymta eg frampå til læraren at eg ville byta hovudmål. Tilbakemeldinga var at det kunne eg ikkje, og eg var heller ikkje klar over at eg faktisk hadde rett til å velja det frå 8. klasse. Eg fekk ikkje bytt over før i 2. året på vidaregåande. Då Sture endeleg følte eg trygg nok i målet til å byta (og fekk ein lærar som respekterte språkrettane til elevane), hadde han i fleire år trent seg opp i nynorsk sjølv på privaten. Han brukte det mykje på nettet, og klarte dermed på eige initiativ å bygga seg opp såpass med språkkunnskapar at han stod overfor eit reelt val mellom nynorsk og bokmål som hovudmål. Dette valet er ikkje sjølvsagt, noko historiene til både Renberg, Faret Sakariassen og Sture viser: – Når me i Målungdommen har arbeidt i alle år for god sidemålsundervising, er idéen at alle elevar skal ha fridom til å velja kva for eit skriftspråk dei vil bruka! Bokmålselevar som ikkje har lært nynorsk godt nok mister retten til å velja skriftspråk sjølv, slår Sture fast. Det er mange konsekvensar av at bokmålselevar ikkje lærer nynorsk godt nok. Ein er som sagt at dei går glipp av det viktige språkvalet, men ein annan er at kjipe haldningar til nynorsk får bein å gå på, fortel

K I R

EI

han eller tenkte noko særleg over det. I foredraget utfordrar Renberg desse haldningane, og påpeiker at nynorsk er det skriftspråket som klart funkar best for siddisar som “seier ‘eg’ og ‘ikkje’ og ‘kor’ og ‘ka’ og ‘helsiken’ og ‘kaffornåge’.” Han avslutta foredraget med ei utfordring til publikummet: “Gå heim og gje nynorsken ein sjanse.” Foredraget blei trykt i lokalavisa Stavanger Aftenblad, og det blei spreidd og lese av mange. Blant lesarane var Faret Sakariassen, som på same tid skulle vera med på å forma Nye Stavanger kom mu ne:................. – Eg var veldig inspirert av Kapittel-foredraget til Tore Renberg. Me har jo ein dialekt som er mykje nærare skriftspråket nynorsk, men skriv likevel “jeg”! Me bør heller nytta eit skriftspråk som er nærare korleis me faktisk snakkar og som derfor er meir naturleg for oss.


Sture: – Den motviljen mot nynorsk som finst botnar som regel i at ein har møtt nynorsk som eit språk ein skal ha eksamen i: “Her har du i snitt ein halvtime undervising i veka og lykke til, versegod!” Om nokon elevar spør korfor dei skal ta seg bryet med å læra seg språket, får dei gjerne til svar at det er fordi nokon i staten skal kunne svara på brev på nynorsk. Om dette er det einaste møtet du får med nynorsk, er det verkeleg ikkje rart om du lurer på kva som er vitsen med det heile. Å SKAPA EIN SPRÅKMANGFALDIG STORKOMMUNE Sture uttrykker bekymring for korleis det skal gå med den gamle nynorskkommunen Finnøy i ein bokmålsdominert storkommune: – Når Finnøy kommune fyrst er slukt, må ein for all del sørga for at dei ikkje blir språkleg lidande der oppe! Korleis skal den språknøytrale storkommunen få til det, då? Sture meiner det er avgjerande at nynorsken blir synleg på alle kommunale flater. Han framhevar kor viktig det er å sjå nynorsk i kvardagen, og at kommunen prioriterer at det tilsette som meistrar nynorsk er involverte i tekst som skal ut til befolkninga, som poster på sosiale medier og forskjellige oppslag: – Det er eit grep som gjer nynorsken meir synleg utetter, og som gjer at Stavanger kan stå fram som den språkleg mangfaldige kommunen han faktisk er, meir enn kommunen har gjort dei siste 150 åra. Då eg snakkar med Faret Sakariassen, har han nyleg fått gjennomslag for at det nye skolereglementet i kommunen skal vera på nynorsk. Ein slik siger kan verka som ein liten fillesak, men nå vil det henga skolereglement skrivne på nynorsk i heile storkommunen; i Rennesøy og Finnøy vil ein sjå eit glimt av at målet blir tatt med vidare inn i Nye Stavanger, mens ein i gamle

Stavanger blir minna om at ein skriv fleire mål i kommunen. Denne typen sigrar er viktige om ein skal få ein faktisk språkmangfaldig kommune, og då er ein avhengig av lokalpolitikarar som bryr seg om språk og som ser kor viktig det er å ta denne typen kampar igjen og igjen. Faret Sakariassen kan vidare fortelja at kommunen arbeider med ein ny språkbruksplan, der ein skal sjå nærare på korleis ein kan arbeida for å ta vare på språkmangfaldet ein har i dag og styrka det ytterlegare i framtida. Alle kommunalt tilsette i Nye Stavanger fekk dessutan nå i februar utdelt ein ny språkprofil, som skal sørga for at dei tilsette skriv betre norsk og meir nynorsk. Om ein aukar språkkompetansen blant dei kommunalt tilsette, vil ein òg sjå meir nynorsk i kommunen Eit anna prosjekt for Faret Sakariassen & co framover er å ha tett kontakt og samarbeid med mållaget lokalt, og å arbeida saman for å få til nynorskklassar i gamle Stavanger. Det har ikkje vore nynorskklassar i gamle Stavanger kommune sidan 2014, men han veit at det er fleire stadar i kommunen der det er ynskt. Ambisjonen er at elevane i storkommunen skal kunne velja nynorsk i skulen, og då er målet å få til fleire klassar. Faret Sakariassen framhevar at det då er viktig å sjå nærare på korleis ein finansierer skolar, og å ha språkmangfald i mente når ein fordeler pengane. Det er ofte fleire nynorskklassar på mindre skoler, og det er dyrare med nynorskklassar om ikkje alle på skolen bruker det; her må ein hugsa å ta omsyn til at det skal vera rom for å velja nynorsk når ein skal laga budsjett, fortel Faret Sakariassen. Eit enkelt og effektfullt grep kommunen kan gjera, er dessutan å sørga for at det kjem tydeleg fram når ein godtek skoleplass at ein kan velja målform. I dag går storkommunen ut ifrå at alle ferske elevar vel

bokmål, noko som ikkje er tilfellet. Ikkje alle foreldre veit heller at dei kan velja målform for barna sine, og det vil Faret Sakariassen endra på: – Her må me gje foreldra reell valmoglegheit; dei må kunne seia ifrå på ein enkel måte om dei ynsker nynorsk. Om Nye Stavanger kommune klarer å realisera planane om meir nynorsk i skulen og føra ein progressiv språkpolitikk i tida framover, vil fleire elevar meistra begge skriftspråka og få den viktige valfridomen heile livet. Kanskje kan kommunesamanslåinga føra til at ennå fleire rogalendingar vel nynorsk eller berre føler seg meir komfortable med språket? Det verste utfallet av storkommunen vil vera om nynorskbrukarane i Rennesøy og Finnøy blir overkøyrde og gløymde av den enorme bokmålsmajoriteten, og om ein som konsekvens sit igjen i Nye Stavanger kommune anno 2040 med eit meir språkfattig distrikt. Skal ein unngå det, treng me sterke lokallag i målrørsla og lokalpolitikarar som ser kor viktig det er å vakta om språ k ma ng fa ldet. OM DEI SOM HELD PÅ NYNORSKEN OG DEI SOM VEL HAN VEKK Små nynorskkommunar som blir svelgde av store bokmålskommunar er ei utfordring for nynorsken i Rogaland. Ei anna er eit stort fråfall av nynorskbrukarar i skolen, der fleire som byrja skolegangen som nynorskelevar går ut som bokmålselevar. Maren Braut kjem frå Braut i Klepp kommune og studerer nå i Trondheim. Ho byrja skolegangen sin på Tu skule, som er ein nynorsk barneskole. Der hadde alle i klassen nynorsk som hovudmål, men allereie då ho byrja på ungdomsskulen endra bildet seg: – På ungdomsskolen hadde ennå dei fleste nynorsk, men det var sikkert fem i klassen som hadde bokmål som hovudmål. Det var på ein måte då det gjekk opp for meg

M

24

N E AR


25

VEB J

ØR N

at me, nynorskbrukarane, faktisk er i ganske mykje mindretal i heile landet. Seinare byrja Braut på Vågen vidaregåande skule, som ligg i Sandnes kommune. Ho kjem som sagt frå Klepp kommune, som er ein nynorsk kommune på Jæren. I nyare tid har det kome fleire større tettstader på Jæren, men tradisjonelt har det vore eit ruralt område der nynorsken har stått sterkt. Sandnes kommune har i fleire tiår vore ein veksande kommune, der byområda strekker seg stadig lenger utover i kommunen og dei nynorske skolekrinsane stadig krympar. Sandnes er ein språknøytral kommune, der berre 2 % av elevane hadde nynorsk som hovudmål i 2017. Kvar morgon pendla Braut mellom heimkommunen og den vidaregåande skulen i Sandnes, og klasserommet som møtte ho der var ganske annleis frå h e i m e : – Eg hugsar at fyrste norsktimen ville læraren at dei som hadde nynorsk som hovudmål skulle rekka opp handa. Læraren måtte liksom laga eit stort poeng ut av det, men eg rekte stolt opp handa og såg rundt meg. Eg var litt redd for at eg kanskje var aleine, men me var faktisk to. Då blei eg letta! Det var ein kjempeforskjell frå barne- og ungdomsskulen på mange måtar. Plutseleg måtte eg få skolen til å bestilla inn nynorske skolebøker, for det var det få som hadde gjort før. Braut har alltid vore glad i og stolt av å skriva nynorsk, og det blei desto viktigare for ho då dei plutseleg var to i klassen. Ho blei med i Målungdommen allereie i tiande klasse, men det var fyrst då ho kom til Vågen at ho blei aktiv i eit lokallag. I Vågen Elevmållag var dei fleire som visste korleis det var å vera del av eit språkleg mindretal på skulen. Elevmållaget og Målungdommen blei verdifulle fellesskap å ha med seg, og då ho flytta til Trondheim for å studera, blei ho sjølvsagt med i Studentmållaget i Nidaros.

Mens Braut heldt fast på nynorsken gjennom heile skolegangen, såg ho fleire medelevar som valde vekk nynorsken og bytte hovudmål. Ho har inntrykk av at det ikkje dreier seg om at elevane ikkje liker nynorsk, men at dei, trass i å ha begynt skolegangen som nynorskelevar, ikkje meistrar det like godt som bokmål: – Eg har to gode venninner som skifta til bokmål som hovudmål fordi dei fann ut at dei gjorde det betre i bokmål og skreiv mindre feil. Krava til sidemål er vel eigentleg òg litt snillare enn krava til hovudmål, noko som gjorde at dei fekk betre karakterar av å byta. Braut meiner at dette har ein samanheng med all eksponeringa av bokmål i forhold til nynorsk i samfunnet. Ho meiner at om fleire skal halda på nynorsken i Rogaland, må ein arbeida bevisst med at fleire skal lesa nynorsk i kvardagen, både på internett, i aviser og i sosiale medium. Eit anna poeng er at kommunane og fylkeskommunane må legga betre til rette for nynorskelevane enn i dag: – I Rogaland er det eit problem at når du begynner på vidaregåande, så blir det automatisk registrert at du som elev har bokmål som hovudmål. Ein må sjølv gå inn og gje beskjed om å endra det. Dette er noko fylkeskommunen lett kunne gjort noko med, og som hadde gjort livet som nynorskelev i Rogaland mykje lettare. Andre tiltak ein kan gjera er å sørga for at nynorskelevar ikkje må venta i ein månad på skolebøkene sine, eller ikkje få skolebøker i det heile og berre ha bokmålsbøker, sjølv om du har krav på skolebøker på hovudmålet d i t t . Som sagt studerer Braut i dag i Trondheim. Ho går på statsvitskap, og der er dei eit stort kull med fleire som skriv nynorsk. Ho har derfor foreløpig fått eksamen på nynorsk, men Braut er ikkje særleg fornøgd med pensumlista.

Mesteparten av pensumet er på engelsk, og noko er på bokmål. Ho meiner fleire fagbøker burde bli omsette, og då til nynorsk. Braut held med andre ord på nynorsken, og målet er like viktig for ho i dag som då ho rekte opp handa i den fyrste norsktimen på Vågen. Når ho ser på språkstoda i Rogaland, er ho ikkje i tvil om korleis framtida bør sjå ut: – Flesteparten seier “eg”, ikkje “jeg”! Eller, eg seier jo “æg”, men dialekta mi er veldig lik nynorsk. Me snakkar jo nærare nynorsk, så korfor skal ikkje Rogaland vera eit nynorsk fylke? Ja, korfor ikkje? Faret Sakariassen, Sture og Braut har kome med fleire gode tips og refleksjonar om korleis me kan arbeida for eit språkmangfaldig Rogaland, og mykje av det som kjem fram i intervjua er gjeldande òg for andre stadar i Noreg. Eg håper fleire målungdommar blir inspirerte av dei kloke orda, for det er me som må kjempa desse kampane i dag og i morgon. Stå på krava dine som nynorskelev, allier dokker med det lokale mållaget, ta kontakt med lokalpolitikarar og sprei det glade bodskapet! Berre saman kan me trygga språkmangfaldet for framtida. Bilete: Privat K JELDER: https://www.aftenbladet.no/ kultur/i/qngeJ0/den-paradoksale-nynorskforakten https://www.aftenbladet.no/ k u lt u r/i /Ga BE kV/st ava nger-kommune-proever-aa-bliforstaaeleg-til-og-med-paa-nynorsk https://www.allkunne.no/ framside/geografi/noreg/komm u n a r / sa nd nes -kom mu ne -rogaland/23/83812/

Bi


26

KVEN HADDE IVAR A OLE AUGUST IVERSEN

Og i diktet Nordmannen hadde han på eit tidspunkt eit vers som var slik:

SV

Lat no andre om storleiken kivast lat deim bragla med rikdom og høgd Millom kaksar eg litet kann trivast Millom jamningar helst er eg nøgd.

om me alle veit var det Aasen som reiste land og strand kring for å samle det norske folkespråket. Det var av omsyn til at elevane hans ikkje skulle måte slite seg gjennom kolonistspråket som dansk var på den tida. At han er opptatt av folk si personlege kulturelle utvikling er definitivt noko SV også er opptatt av. I sin livsførsel levde han relativt kummerleg, iallfall i høve inntektene han etter kvart fekk. Eit liv i enorm luksus var ikkje for han.

Som tyder på at han ikkje var særleg glad i rikfolk, dei er jo oftast skildra som kaksar. Det kan hende han ikkje let verset halde fram å vere i diktet sidan det er ganske konfronterande, og til dels kontroversielt, men eg har ikkje funne noko som tyder på at han gjekk frå dette synspunktet personleg. SV-folk trivst heller ikkje så godt mellom kaksar, og heller kivast dei ikkje om storleiken, difor hadde nok Aasen stemt SV!

S

EMMA BERGE NESS

S E N T E R PA R T I E T

D

et er kjekt for ein Senterpartist å bli spurd om å skrive i Motmæle! Eg hadde nok kvidd meg litt om eg var medlem av Høgre, men nok ein gong kan eg puste letta ut og tenke: Heldigvis er eg i rett parti. Språkpolitikk er viktig for mange Senterpartiet. Eg har sjølv nynorsk som målform. Eg er ein av dei som sukkar høgt av dei mange som konsekvent snakkar om nynorsk når dei eigentleg meiner sidemål, er begeistra for alle slags dialekter og tek ansvar for vidareutdanning av bokmålsbrukarar i alle samanhengar eg kan. Sistenemnte er ikkje alltid like godt motteke i kollokviegruppa, men læringseffekten er god. Nynorsken treng litt draghjelp, politisk så vel som i det daglege. Noregs Mållag gjekk gjennom alle partiprogramma i forkant av Stortingsvalet i 2017. Dommen den gong då var at Sp: ”Har ein solid nynorskpolitikk. Sp slår som einaste parti fast at jam-


AASEN RØYSTA PÅ ? stilling krev ein særskild innsats for nynorsken”. I desse dagar byrjar partiprogrammet vi skal gå til val på til hausten å ta form. Eg vil tore å påstå at språkpolitikken framleis vil vere solid, også inn i neste fireårsperiode. Ivar Aasen sitt bidrag til det norske språket fortener ei klok forvaltning. Aasen var ein heidersmann. Ikkje berre fordi han danna grunnlaget for nynorsken slik vi kjenner den i dag, men òg på grunn av måten han gjorde det. Aasen reiste landet rundt og prata med mykje folk - så enkelt og så vanskeleg. Dette er ei arbeidsform som har stor overføringsverdi til politikken. Å reise rundt og prate med folk er noko av det viktigaste ein kan gjere som politisk engasjert. Dette er ein måte å jobbe på som heng høgt i Senterpartiet. Avslutningsvis må det seiast at Aasen alltid er ein del av festelege lag i Senterpartiet. Det er ikkje eit ordentleg selskap før forsamlinga røyser seg og syng Nordmannen for full hals. For å oppsummere, så pregar arbeidet til Ivar Aasen framleis Senterpartiet - både politisk og kulturelt. Senterpartiet arbeider mot ei ny regjering til hausten, og ein ny politisk kurs for heile Noreg. Lat oss rydja og byggja oss Grender!

JONAS ØKLAND

HØGRE

D

et er nok ei vanleg forståing av høgresida i norsk politikk generelt ikkje er vaktarar av dette «sidemålet» nynorsk. Nynorsk vert oppfatta av somme som ei stor inngriping i enkeltpersonar sine liv. Det samsvarar ikkje særleg med liberalismen sine grunnpilarar. Ein kunne sjølvsagt lagt meir valfridom til skulen ved å skilje ut nynorsk som valfag. Det er jo kjekt å kunne sleppe det ein ikkje likar. Nynorsk overkompliserer jo i tillegg samfunnet. Det verkar jo veldig merkeleg å skulle halde seg til to måtar å skrive eit språk på. Det er ikkje akkurat ein føresetnad for eit enkelt liv for individet at ein må lese eit offentleg brev om att, og om att. Det er jo eigentleg ei hindring i demokratideltaking å ikkje måtte kunne to skriftspråk for å kunne lese nyhende og, ja, til og med statsbudsjett. Men kva er nynorsk, om ikkje fridom? Det er jo akkurat dette Ivar Aasen legg til grunn som 22-åring då han skreiv: «Etter at fedrelandet vårt på ny er blitt slik det ein gong var, nemleg fritt og sjølvstendig, må det vere om å gjere å bruke eit sjølvstendig og nasjonalt språk, då dette er eitt av dei fremste kjennemerka på ein nasjon.» Det som er vakkert med nynorsken er jo at den kjem frå ei tid der Noreg henta tilbake røtene sine, og ynskte å gjere seg norske att. Nynorsken markerer nettopp fridom. Sjølv om ein var i union med Sverige, var det ein veksande norskpatriotisme, og ein var eit eige kongedøme igjen. Nynorsken markerer fridomen som Noreg sakte men sikkert fekk, som utvikla seg til den staten me er i dag. Ikkje berre er nynorsken ein god markør på eit fritt samfunn, men like mykje er det viktig for enkeltindividet å

Illustrasjon: Anna Sofie E. Valvatne

27

kunne bruke nynorsk. I eit liberalt samfunn må det vere enkelt for individa å leve. Noko av det flottaste med Noreg er dialektmangfaldet, som fjordar og fjell har skapa. Jo meir globalisert verda blir, jo mindre skil dialektane seg frå kvarandre. Nynorsken gjer at det for veldig mange i Noreg blir enklare å skrive på den måten ein snakkar. Er det noko som er personleg og meiningsfylt, så er det talemålet ditt. Det å ha eit skriftspråk som gjer at det kjennest meir naturleg å skrive, då det ligg tettare mot slik ein snakkar, er frigjerande for mange. Når det vert snakka om konservatisme, som òg er ein sentral ideologi for meg, vert det jo ofte referert til som endringsvegring. Det er ein måte å karikere det på, når eg eigentleg likar å snakke om det som å bruke historia for å ta kloke val. Ivar skriv om språket etter lausrivinga frå Danmark: «Skal vi då, tenkte eg, gi slepp på denne verdfulle skatten frå fortida, som forfedrane våre gjennom all sin motgang truleg har teke vare på og overlevert til oss som ein heilag arv? Skal det å eige denne skatten, og det er rettferdig, bli nekta oss også no når folkefridomen på ny finst mellom våre fjell?» Det å sjå på språket som ei heilag arv synst eg er uendeleg flott. Det er ei arv me må plikte oss å take vare på. Det at det er somme ulemper ved å ha to skriftspråk overgår ikkje det at me har eit språk i landet som over mange hundre år vart vaska vekk. Det er framleis ei viktig del av historia og identiteten vår som nasjon. Å halda nynorsk som skriftspråk levedyktig er ei konservativ bragd i mine auge. Nynorsk er eit liberaliserande skriftspråk med høg nasjonalhistorisk verdi. Det er som ein ser, fleire grunnar til at eit samfunn i utvikling, at nynorsken skal med, òg om utviklinga er heimla i liberalisme og konservatisme. Nynorsken høyrer altså godt heime i politisk høgreside.


28


29

HULDREFOLK, HAVFOLK, OG MAT PÅ HÅLOGALAND ANDREW RABBITT

MENNESKE

N

yleg fann eg på ei liti bok som eg hev trivest mykje med, som heiter Folketru og Folkeliv på Hålogaland II, av Johan Hveding. Boki vart gjevi ut i 1944 av Norsk Folkeminnelag, og di ho kom ut under krigen hev ho ikkje likaste utsjånad – eg laut til dømes nytta papirkniv for å skilja sidone frå kvarandre. Men ein må ikkje døma ei bok etter umslaget, og det segjer eg bokstaveleg her. I sine 103 sidor inneheld boki ein rikdom av seder og folketruer frå Helgeland til Finnmark frå fyrre hundradår. Her greider eg sume av deim for dykk! HULDREFOLK Huldrefolki vart til då eit kvinnfolk med mange born såg at Jesus skulle koma på vitjing hjå henne. Huset hennar var rotut, og ho hadde ikkje tidi for å kleda alle ungane so langt det rakk. Men det vart to born att – ei gjenta og ein gut. Deim putta ho ned i kjellaren, og der skulde dei vera fram til gjesten var gått. Då Jesus kom fram, spurde han kvinnfolket kvar dei to vantande borna var. Ho svara at ho ikkje hadde fleire, men Jesus visste at ho laug. «Mor», sa han, «når borna ikkje er gode nok for meg å sjå, so er dei ikkje gode nok for nokon annan heller. No skal dei to borna dine verta verande under jordi og aldri meir få bu i dagsens ljos.» Soleis vart det, og frå dei ættar huldrefolket. Ein måtte akta seg og vera varsam kring huldrefolket, for dei kunde lett

verta sinte og hemna seg på folk eller fe dersom ein arbeidde for lenge utyver kveldane. Dei lika det stilt då, og ein skulde ansa på at borna var inne i god tid. Dei heldt til i haugane, og dei som hadde set dei sa at dei var småe på skap og alltid kledde i blått. Dei hadde buskap nett som menneski, men helst var det bukkar og geiter dei hadde. Var nokon heppen nok for å kasta stål yver eit huldrekrøter, so fanga han det – men det var den einaste måten å få tak i huldrebuskapen på. Det gjeng fleire fråsegner um folk som laut flytja fjøs eller hybel etter dei fær ein draum frå eit huldrefolk. Væte dryp igjenom jordi inn til huldrestova. Han som ikkje fylgjer dette bodet, mislukkast. HAVFOLK OG DRAUGAR Havfolki varsla um vêr. Ein kunde ofte sjå at dei var ute og gjekk, eller at dei gol ned på strandi fyrr eit uvêr. Dersom ein såg eit havfolk, trong ein aldri vera redd. Dei gjekk alltid same vegen, og var ingen fåre for manneætt. Derimot lyt ein vera redd um ein ikkje fylgde ei enkel råd: høyrer ein rop, skal ein ikkje ute og ror. Det gjeng ei segn um kvi håløygar ritar ein kross på båtane sine. Desse varde naust eller båtar mot draugen (på Senjamål ut. dråg). Draugen såg ut som ein lågvoksen mann i fullt sjøhyre; men han var overvoksen med tang eller tare. Han varsla um ulukker eller mannedaude på sjøen. Ofte var han å sjå i båtane um ein sjølv sat attmed. Han flytta seg frå rom til rom og peika ut kven som skulde gå åt (døy på sjøen). Ein høvesmann sat i atterromet på båten sin og skar agn ein kveld. Best som det var, fekk han sjå ein draug

i framskoten. Draugen kom attyver skrevande, og for kvart rom han kom til, sa han: «Her høver det ikkje! Her høver det ikkje!». Men då han kom til agnbeten sa han: «Her høver det!» «Ja, høver det for deg, so høver det for meg òg,» sa høvesmannen, og sette agnsaksa gjenom draugen og ned i beten. Draugen vart verande der um kvelden med kniven i seg. Neste morgon kom dei ned til båten. Draugen var burt, og det var berre ei bruskeplata fast millom kniven og agnbeten. Dette skalkestykke kosta mannen livet um nokre år. MAT OG MÅLTIDER Fyrr poteta kom til Noreg var det byggkorn som var mest å eta. Det var umissande, der rug og havre ikkje yverlevde dei harde vetrane i dei nørdste lutene. Skulde folket halda seg med gongmat, laut dei ha rug, som dei bytte til seg hjå bergenskjøpmennene eller russane. Dei vanlegaste måltider var soleis: Frukostbeten (åbeten) Fall burt um sundagane. Brød (kaka eller omnsbrød), heimesmør, eit eller anna slag ost, mjølk eller karvi-te med mjølk i (kaffi vart lite nytta på landsbygda heilt upp til 1880-åri). Frukosten Alltid eit fast mjølkemål. Mjølka var oftast åleine suvlet til matmålet; smøret rakk ikkje til. Mjølmaten skifte millom flatbrød, skjerpakavring, omnsbrød eller kaka. Middagen Til middagen var hovudmaten fisk, sild eller kjøt. Av fisk hadde dei til vanleg å velja millom fersk, stråla eller speken. Til ferskfiskmålet var det rogn då rogn var å få, men lever var det all-

tid – og mykje av ho. Henne kunde ein laga mykje av – levermylja, leverklining, kams og levermage. Ein mangesidig og kraftig rett, som serleg dei vaksne karmennene sette pris på. Til strålafisken var det feitt eller saus av eit eller anna slag. Steikt fisk var lite kjend. Suppamaten til middagsmålet var fiskesodd til ferskfisken. Sildesodd vart sjeldan koka. Til stråla- eller spekemat var det suppa av bygg-gryn eller byggmjøl, som var koka i mjølk eller vatn. Kjøt var serleg sundagsmaten. Det vart sjeldan nytta av bøndene fleire enn to gonger i veka. K a f f i Kaffi med brunsukker var eit slag fast mål eit par timar etter middagsmaten, blanda sterkt ut med byggkorn når dei brende han. Dersom det skulde vera noko «kvitt i kaffien», var det jamnast ferskmjølk. Millommat (non) Surmjølk, heimesmør, ost, flatbrød, skjerpakavring, omnsbrød eller kaka. Med kvart rømmekolla. Ofte bær i mjølka: moltbær, blåbær, tytebær, og stundom krøkjebær. Kveld Alltid byggmjølsgraut, med saup eller mjølk til drygsla mauket. Suvlet var mjølk og sirup. Sume tider var det eit smørauga i grauten. Det er mykje godt å finna i fyretida, som snart vert gløymd dersom me ikkje gjer det me kan for å verja minni. Finn deg ei bygdebok, eller ei bok um lokale folkeliv, og les litt um korso ting var fyrr! Illustrasjon: Kristina Kassab Liland


30

TJAFS – EIN VINTERSAMSTRIKK INGUNN VESPESTAD STEINSVÅG

STRIKK

I

februar skipa me til eit digitalt alternativ til vinterleiren, med ulike digitale aktivitetar. Og kva er vel ein vinterleir i Norsk Målungdom utan handarbeid? Difor blei det laga ein samstrikk, og me strikka tjafs (scrunchie på sidemål). Gjekk du glipp av samstrikken? Frykt ikkje! Her får du mønstera på dei ulike tjafsane. Du treng: - 50 g garn for einsfarga og 50 g av kvar farge for tofarga - Rundpinne nr. 4, 40 cm - Heklenål nr. 4 - Strikk, 20 cm Strikketettleik: 21 masker x 28 pinnar = 10 x 10 cm. Tjafsen blir strikka rundt på

KALENDEREN

rundpinne, blir bretta dobbelt i lengda, og blir hekla saman til slutt. NMU-TJAFS Legg opp 92 masker på rundpinne nr. 4, 40 cm. Strikk 1 omgang glattstrikk og start på mønster. Start nede til høgre, og strikk mønsteret fire gonger per omgang. Avslutt med 1 omgang glattstrikk og fell av. Ikkje klipp av tråden, men tre nøsta gjennom den siste maska. Fest alle trådane, utanom den siste. Hekl kant rundt. TJAFSEN Legg opp 93 masker på rundpinne nr. 4, 40 cm. Strikk 6 omgangar glattstrikk og start på mønster. Start nede til høgre, og strikk mønsteret tre gonger per omgang. Strikk 14 omgangar glattstrikk mellom kvart ord, og avslutt med 6 omgangar glattstrikk. Fell av. Ikkje klipp av tråden, men tre

nøsta gjennom den siste maska. Fest alle trådane, utanom den siste. Hekl kant rundt. NYNORSKTJAFS Legg opp 92 masker på rundpinne nr. 4, 40 cm. Strikk 6 omgangar glattstrikk og start på mønster. Start nede til høgre, og strikk mønsteret to gonger per omgang. Strikk 14 omgangar glattstrikk mellom kvart ord, og avslutt med 6 omgangar glattstrikk. Fell av. Ikkje klipp av tråden, men tre nøsta gjennom den siste maska. Fest alle trådane, utanom den siste. Hekl kant rundt. PERLETJAFS Legg opp 92 masker på rundpinne nr. 4, 40 cm. Strikk perlestrikk (1 rett, 1 vrang, motsett andre omgang) rundt til arbeidet måler 12 cm. Fell av. Ikkje klipp av tråden, men tre nøsta gjennom den siste maska. Fest oppleggstråden.

Hekl kant rundt. ENKEL TJAFS Legg opp 92 masker på rundpinne nr. 4, 40 cm. Strikk glattstrikk rundt til arbeidet måler 12 cm. Fell av. Ikkje klipp av tråden, men tre nøsta gjennom den siste maska. Fest oppleggstråden. Hekl kant rundt. HEKLEKANT Legg oppleggskanten mot avfellingskanten og hekl rundt tjafsen med helkenål nr. 4. Hekl 1 fastmaske i kvar maske gjennom begge lag. Når det står att om lag 5 cm, trer du strikken gjennom tjafsen, knyter ein knute på strikken og hekler deretter dei siste 5 cm på tjafsen saman. Avslutt med ei kjedemaske i den fyrste fastmaska. Klippa av og fest tråden.

Bilete: Privat

LANDSSTYREMØTE

LANDSMØTE I NMU

Når: 22. april

Når: 23.–25. april

Landsstyret i NMU har møte for å

Utsendingar frå alle lokallaga møter

førebu landsmøtet.

for å diskutere og vedta kva Norsk Målungdom skal meine og gjere det neste året.


31

MOTMÆLEKVISSEN 1. Kor lang er ein Alen? 2. Kva rolle hadde Josefine Frida Pettersen i SKAM? 3. Kva strøymeteneste kan ein sjå den samiske krimserien “Outlier” på?

Anna Sofie E. Valvatne

vore i media i det siste for å ha lyst til å eta menneskekjøt?

9. Kven skal representera Noreg i Eurovision i år?

6. Kva heiter den skalla rogalendingen som er programleiar på Luksusfellen?

10. Hege Jensen gjekk i 2013 ut i media og meinte at nynorsk kan føra til meir kriminalitet. Kva parti er ho medlem i?

7. Kva betyr “volvo” på latin? 4. Kor lang er ein gjennomsnittleg norsk erigert penis?

8. Kven er det som arrangerer Dei nynorske festspela?

5. Kva heiter skodepelaren som har

8. Nynorsk kultursentrum

4. 13,12 cm

7. Eg rullar

3. HBO Nordic

6. Hallgeir Kvadsheim

2. Noora

5. Armie Hammer

1. ca. 62 cm

10. FrP 9. TIX

FASIT NYNORSK GRUNNLOV

JAMSTILLINGSVEDTAKET

Når: 6. mai

Når: 12. mai

6. mai 2014 vedtok Stortinget ein

12. mai 1885 vedtok Stortinget at nynorsk og

nynorsk språkversjon av grunnlova.

bokmål skulle vere jamstilte skriftspråk.

Ein siger for jamstillinga!


LOKALLAGSLIMERICK JONAS ØKLAND

SISTEORDET

Pubbane i Oslo har vore lenge stengd Å møte rørsle er framleis sårt trengd Zoomquiz heilt frå Bern Då held me smittevern Slik at Raymond Johansen ikkje får oss hengd

desse tider, me mange må nå Målrørsla må ikkje bli for få Eg skal tipse dykk Om korleis lage trykk For lokallaget må jo bestå

I

Ein dag er kanskje korona forbi Eg kan berre ikkje seie kva tid Men fram til då lage planar små For å engasjere, som ein jobb på si

-

-

Framleis er det Koronaen som rår Men det kan jo likevel bli eit godt år Kva engasjerer? Jo, eg presenterer: Då tek me ei digital tår

NMU var gode på underslag Men har no pengar til regnvêrsdag Midlane må vekk Til oss i pose og sekk Reis på seminar, til Ørsta eller Haag

-

-

Me er jo ikkje gamle menn Lat no ikkje EDB kunnskapane svinne hen

Bruk sosiale medium Ikkje gjer rørsla stum Mange måtar å spreie bodskapen Ein kan lage mykje merksemd rundt seg

skaffe seg medlemmar ved å setje preg Lag dykk kampanjar Ja, noko som fangar Kanskje ein morosam video er eit steg Det er den draumen, som Olav sa eg har tjuvlånt litt dikt her, ja at dører skal opna seg for lokallaget og deg Til å ha fysisk aktivitet snart, faen ta

Illustrasjon: Anna Sofie E. Valvatne

RETUR: NORSK MÅLUNGDOM, LILLETORGET 1, 0184 OSLO


Millions discover their favorite reads on issuu every month.

Give your content the digital home it deserves. Get it to any device in seconds.