1 minute read

NYTT I BLADSTYRET: IDUNN!

HÅKON REMØY, bladstyrar

Dette er det siste bladet med meg som bladstyrar. Det har vore ei glede å arbeida med dette bladet i sopass lang tid. Eg kjende at dette var rette tida for meg å gå av, eg har byrja i fast jobb, og etter kvar kjem eg truleg ikkje til å vera like aktiv i Målungdomen. Då er det betre at nokon som kjenner organisasjonen, tek over.

Advertisement

No går stafettpinnen vidare til Idunn Victoria Rostøl.

KAN DU FORTELJA LITT OM DEG SJØLV?

Eg kjem frå Stavanger, men har vore ein del av Vestlands-diasporaen i Oslo dei siste åra. Eg drog austover med Sørlandsbanen for å studera idéhistorie og driv nå på med ein master i faget, der eg skriv om ein bit av historia til romani og rom i Noreg. På sida av Blindern har eg arbeidd på Folkemuseet og HL-senteret, og nå er eg eit par dagar i veka på Skrivarstova. Elles er eg og har vore med i fleire tidsskrift knytte til studentmiljøet, og ser sjukt fram til å vera med på å laga Motmæle dei neste månadane!

KVA VAR DIN VEG INN I MÅLUNGDOMMEN OG NYNORSK?

Som byunge hadde eg ikkje nynorsk som hovudmål og hadde heller aldri tenkt tanken på å byta før eg byrja på Kongsgård. Der var det eit aktivt elevmållag med hyggelege folk som arrangerte diktkveld, steikte vaflar og forkynte det glade bodskapet på fest. Eg blei medlem, men byrja ikkje å skriva nynorsk konsekvent før eg flytta til Oslo. Å plutseleg vera den einaste med annleis dialekt i forelesinga gjorde meg mykje meir bevisst på språket mitt, noko som gjorde at eg til slutt omfamna nynorsk fullt og heilt. Med moglegheit for å skriva både “korfor”, “løye” og “bos” burde jo nynorsk vera det sjølvsagte fyrstevalet for alle siddisar! Heldigvis finst det lure målungdommar som kan frelsa mang ein bokmålselev med nynorsk hjarte.

ER DET NOKO SÆRSKILT DU YNSKJER Å FÅ TIL MED MOTMÆLE?

Målet må jo vera å vidareføra Motmæle som eit levande og engasjerande medium, der målungdommar slepp til med det som er viktig for dei. Motmæle skal spegla kor samansett organisasjonen er, og me skal ha plass til både lått og løye, spennande intervju, rein språknerding og aktuelle språkpolitiske diskusjonar. Så om du brenn inne med noko du vil ha med i Motmæle eller har nokon spørsmål, kontakt meg på idunn@malungdom.no!

This article is from: