Motmæle 3.22

Page 1

MOTMÆLE

GJEVE UT AV NORSK MÅLUNGDOM FRAMHALD AV EG 36. ÅRGANGEN nr.3/22

#nynorskbanken

I Voss Sparebank er me opptekne av å levera framifrå banktenester på nynorsk. Me har til og med han Ivar på kortet.

Velkomen som kunde.

www.nynorskbanken.no
ANNONSE

Bladstyrarteigen

Ne ene er bli lange og kulda har se inn. Me nærmar oss jul, og året nærmar seg slu en. Men det er ikkje berre ei avslu ing me går i møte. E er kvar avslu ing kjem nemleg ei ny byrjing, òg for oss i NMU. Difor høver det bra at me ser både a ende og framover i årets siste Motmæle.

I haust var det 115 år sidan Halldis Moren Vesaas vart fødd. Me heidrar ein av dei største lyrikarane i Noreg, uavhengig av språk, ved å la ho få vere sjølve andletet til denne utgåva. På side 20-21 kan du kome te are på Halldis og lese om livet, li eraturen og lyrikken hennar.

Me ser òg a ende til hausten som har vore i Norsk Målungdom. Fekk du ikkje delteke på haustkonferansen i Stavanger? Frykt ikkje, Sylvelin gjev rapport! Og er du interessert i å nne ut kva det er landsstyret eigentleg gjer? Bli med Maren på landsstyrehelg med dialektprisutdeling og sakspapirlesing på side 24-25. I september fekk NMU dessutan ny skrivar, og sjølv om mange allereie har sti a kjennskap til han, tek me ein prat med Jógvan, om målsak, studieteknikk og serinakaker.

Så er det ikkje til å kome unna at jula er like om hjørnet, og at ho nok står like på dørstokken når du får de e bladet. Jula er ikkje udelt ei lukkeleg høgtid, men ei tid som vekkjer mange kjensler, gode som vonde. Saman med Framtida.no og Magasine inviterte NMU til skrivetevling tidlegare i haust. I denne utgåva kan du lese dei beste bidraga om alt frå gunstige og ugunstige tradisjonar til dialekt og identitet, og det er ikkje utan ein god dose juletematikk, på godt og vondt. I lmspalta gjev Rasmus oss tips om jule lmar som både gjev julestemning og som evnar å romme spennet i kjensler kny til denne tida. Og skulle du enno ikkje ha få dekka behovet, kan du klippe ut din eigen, nynorske julepynt på side 29-30.

Som vanleg har me ei rekke faste spalter du kan kose deg med. I ordhistoria ser Trond nærare på ordet “lik” og undersøkjer korleis ordet rommar alt frå kropp og død til identitet og hugnad. I denne utgåvas “Mål og mimring” får me innblikk i ei anna tid og kjem li nærare på korleis det var å vere målungdom på det kon iktfylte 70-talet. Saman med Oline dreg me til Argentina og får høyre korleis det er å vere på utveksling i Sør-Amerika, før Andrew stiller spørsmål om identitet, språk og norskdom – og va ar med syltetøy og brunost. Og kva er vel Motmæle utan kviss? Agnete stiller med spørsmål og svar på side 31.

For ei år sidan, i det førre julenummeret av Motmæle, avslu a eg denne teigen med ei von om at me ville sjåast på vinterleir på den andre sida av årsski et. På grunn av ei ny bølgje med covid, må e me diverre avlyse leiren den gongen. Denne gongen vonar eg at ord skjer fyllest, og at så mange som mogleg får teke turen til Fossheim leirstad i januar. Bank i bordet!

God lesing, god jul og godt ny år!

INNHALD 3 | Bladstyrarteigen 4 | Haustkonferansen 5 | Leiarteigen 6 | Instragramspalta

| Skrivetevling 12 | Mål og mimring 13 | Internasjonalt 14 | Er eg norsk nok? 19 | Ferdaminne frå Valdres 20 | Halldis Moren Vesaas 22 | Intervju med Jógvan 24 | Bli med på møtehelg 26 | Intervju på rundgang 27 | Ordhistoria / Kalender 29 | Juletrepynt 31 | Kviss / Ny frå Nynoreg 32 | Sisteordet

3
7

Norsk Målungdom

Lilletorget 1 0184 OSLO

E-post bladstyret@malungdom.no norsk@malungdom.no

Telefon 23 00 29 40

ISSN 0809-2109

Bladstyrar

Olav Wixøe Svela

Bladstyremedlemer

Agnete Aas Haukås

Maren Braut

Rasmus Tennø Loe

Sabina Fosse Hansen Trond Tynnøl

Bladbunad Frida Pernille Mikkelsen

Korrektur

Jógvan Helge Gardar

Olav Wixøe Svela

Tobias Christensen Eikeland

Prenteverk

Merkur Grafisk AS

Årstinging

Tre nummer, 200 kr

Sal av lysingar

Rimelege prisar etter avtale. Ta kontakt på norsk@malungdom.no

Bidrag

Me tek gjerne imot stoff frå lesarane. Artikkelforfattarane står sjølve ansvarlege for innhaldet i artiklane sine.

Framside og midtsideillustrasjon

Agnete Aas Haukås

Utgjevar

Norsk Målungdom

Målungdommen sin

Sylvelin Bækken Toft

Det var endeleg duka for ei heidundrande målhelg i siddisbyen Stavanger, nemleg haustkonferansen, 30. september til 2. oktober.

Om lag 40 målungdommar tok turen ifrå store delar av landet, og Studentmållaget i Nidaros, Ka en Målungdom og eire andre lokallag var representerte.

Fredagen var se av til innlosjering på Revheim skule og lmvising av stavangerklassikaren Mannen som elsket Yngve skriven av forfa ar Tore Renberg. Kiosken (krambua) var fylt opp med mykje ny tilfang, og gjengen lada seg opp for ei kjekk og innhaldsrik helg ved å leggja seg tidleg (fornu ig ungdom!).

Laurdag formiddag starta med eit føredrag av bystyremedlem Rune Askeland frå MDG, som tok føre seg stoda til nynorsken i Stavanger kommune. Han fortalde at det berre er i dei ytre krinsane i Stavanger kommune at det framleis er nynorskklassar. Neste innleiar for dagen var Stian Ravndal frå Garborgsenteret som heldt eit glimrande føredrag om nynorskdiktaren Arne Garborg. Det var spanande å få høyra meir om den store og lokale nynorskforfa aren og diktaren ifrå Jæren.

E er lunsj vitja gjengen Stavanger sentrum, med den lokalkjende siddisen og landstyremedlemen Diandra Drarvik som omvisar. Ho viste oss alle perlene og dei sjarmerande trehusa og gjorde at heile gjengen fekk lyst til å y a til Stavanger. Det var også svært populært med klistremerkeaksjon, der mange ivrige målungdommar hengde opp klistremerke med nynorskslagord i sentrumsgatene. E er ekskursjonen tok me buss tilbake til Revheim skule, der me heldt fram med programmet for dagen.

4 Motmæle 3-2022
Foto: Maren Braut

Leiarteigen

Verdsmeister i hekk og dialekt

Dialekter var med på å forme meg som språkperson. Sjølv snakkar eg både «oslosk» og trøndsk, og har alltid synst at dialekter var spennande. Allereie på ungdomsskulen heldt eg time om dialekter og målmerke, og eg kosa meg gløgg. Norsk Målungdom har i over 20 år delt ut Dialektprisen til eit dialektføredøme for ungdom. Eg har følgt spent med i mange år på kven som vinn han.

haustkonferanse

I den neste programposten delte me oss inn i to grupper, der den eine gjengen fekk høyre på Kristofer Stavseng tala om kvifor og korleis ein skal skriva lesarinnlegg. Det var ny ig å få ei oppfrisking på det norsklærarane alltid har prøvd å stappa i oss. Resten av gjengen fekk høyra på Rasmus Tennø Loe frå sentralstyret som hadde styreskulering for alle styremedlemmane som var til stades. Dei som deltok fekk mange tips og råd for korleis å driva eit velfungerande styre. Den siste innleiaren for dagen var leiar Tobias Eikeland som heldt eit trygg-kurs. Han fortalde om korleis ungdommar kan verte trygge i det sosiale miljøet når ein er med i organisasjonen.

Det o sielle programmet for laurdagen vart avslu a med måling av banner, der slagord som «dialekt e sexy» vart brukt. Andre spelte Ligre o, som har vorte eit obligatorisk kortspel på alle tilskipingane til Norsk Målungdom. Til middag fekk me komla, og resten av kvelden vart ny a til sosiale aktivitetar som kviss og minibasar på ekte målungdomsvis.

Sundagen byrja med føredrag av kulturredaktør i Bergens Tidende og tidlegare NMU-leiar, Jens Kihl, som snakka om nynorsk i media. Han fortalde mykje om ulike media sin nynorskpolitkk, og kvifor det er ein fordel å vere nynorskjournalist. E erpå kom Åshild Slåen frå ne avisa Framtida.no og tok føre seg nynorskjournalistikk for unge mellom 15 og 25 år. Ho snakka om korleis det er å jobba i den einaste nynorskavisa for unge.

Til slu hadde Tobias ein slu apell, der han også delte ut vinnarpremiane frå årets vervekampanje. Ka en Målungdom stakk av med premien for beste elevmållag, medan Studentmållaget i Nidaros vann premien for beste studentmållag. E er ei o helg reiste alle heim med mykje nynorskmotivasjon i bagasjen, og semje om at det hadde vore ei kjekk helg i Stavanger!

I år fekk eg æra av å dele ut prisen til Karsten Warholm, som er ein stolt ambassadør for sunnmørsdialekta. Og det var utruleg stas! Utdelinga skjedde på Det Norske Teatret 5. november. E er utdelinga vart Warholm igjen ei god stund for å snakke med oss om dialekt, nynorsk og organisasjonen vår. Eg gler meg allereie til Dialektprisen 2023, så det er berre å begynne å tenkje på moglege kandidatar allereie no!

Nynorskstafe i ellbygdene Kvart år reiser me i samarbeid med Noregs Mållag på «Nynorskstafe en» i tre veker. I år gjekk turen til Telemark, Hallingdal og Valdres. Eg var så heldig å vera med på ei heil veke, og tok turen til Telemark og Hallingdal. Der heldt eg målferd for eire hundre elevar, verva og delte ut tilfang frå Norsk Målungdom. I tillegg fekk eg vera med på skipingsmøtet til Studentmållaget i Rauland! Det vart ein veldig artig tur. I tillegg til meg fór også Jógvan Helge Gardar (skrivar), Synne Solberg og Rasmus Tennø Loe (sentralstyremedlemmar). På side 19 kan du lesa om opplevingane Rasmus hadde på si veke av Nynorskstafe en!

Vinterleiren 2023

Ah, vinterleir, som eg har sakna deg! Vinterleiren er ei av dei tradisjonsrike tilskipingane me arrangerer. Siste gong var i 2020, like før koronakrisa tok til. No blir det endeleg vinterleir igjen, 27.–29. januar! Eg trur at vinterleiren er favori ilskipinga mi, og eg tilrår alle å melde seg på. Det blir snø, kos, bre spel og hy ekjensle. I tillegg blir det naturlegvis spennande innleiingar og kurs. Mellom anna kjem Ruth Vatvedt Fjeld, banneordekspert! Sjå side 18 for informasjon om påmelding.

5
Foto: Sylvelin Bækken To
6 Motmæle 3-2022 @ka enmalungdom: Styret i Ka en Målungdom 22/23! <3 @smitromso: For ei innhaldsrik veke me har ha ! Først heldt vi kviss på Studentsamfunnet Driv på tysdag og på onsdag var me på seminar i regi av Tromsø Mållag. 17.10 01.11 @ka amalungdom: Li få gruppebilete, men eit vellykka avslu ande teiknspråkkurs! Sjølvsagt med middag 22.11 @nynorskbyen: nygaten + sketorget <3 #nynorskbyen 20.11 @sminidaros: Sjekk ut stova vår <3 <3 <3 25.11 @malungdom: I dag byrjar Nynorskstafe en! Dei neste vekene fer me og @noregsmallag rundt i Telemark, Hallingdal og Valdres. 31.10

Skrivetevlinga Mine tradisjonar er over, vinnarane er kåra!

I førre Motmæle annonserte me at Norsk Målungdom skulle arrangere ei ny skrivetevling, saman med Framtida.no og Magasine . Temaet for tevlinga var «mine tradisjonar» og me inviterte alle under 25 år til å skrive ein tekst om emnet. Tekstane må e svare på éi av dei følgjande tre oppgåvene:

Oppgåve 1 – Negative eller positive tradisjonar: Ta føre deg ein tradisjon du likar, eller ikkje likar, og skriv om denne tradisjonen.

Oppgåve 2 – Dialek radisjon: Ta føre deg korleis du sjølv snakkar. Skriv om dialekta di og forholdet du sjølv og andre har til ne opp denne dialekta. Bruk gjerne konkrete døme frå dialekta di.

Oppgåve 3 – Tradisjon og fellesskap: Ta føre deg ein eller eire tradisjonar og diskuter om desse opplevest inkluderande eller ekskluderande for deg eller andre.

Juryen, beståande av Andrea Rygg Nø veit,

redaktør i Framtida.no og Tobias Christensen Eikeland, leiar i NMU, har samla seg og kome fram til tre vinnartekstar, så vel som to tekstar som mo ek heiderleg omtale. På førsteplass nn ein Hedvig Frøystadvåg (16) med teksten «Julas glade bodskap», på andreplass er Tiril Høiland (16) med «Treng me eigentleg skolegudsteneste?», og på tredjeplass står Marianne Steinsvåg Tollaksvik med «Eit val mellom mor og far». I tillegg får Marit P. Bersås (22) og Heidrun Sunde Stokke (22) heiderleg omtale for tekstane sine om dialek radisjonar. Hedvig mo ek 2000 kroner i førstepremie og Tiril 1000 kroner i andrepremie. Alle dei nemnde tevlarane får diplom, i tillegg til premiar og berene frå Norsk Målungdom, og tekstane vil alle bli publiserte på Framtida.no framover. Men allereie no kan du på dei påfølgjande re sidene lese dei fem bidraga som konkurrerte heilt i toppen i skrivetevlinga. Bla om og les i veg! (Merknad: Forfa arane står sjølve ansvarlege for innhaldet i tekstane.)

7

Julas glade bodskap

I år som i or skal alle norske heimar bli fylte med klementinar, lys, englar, gløgg og peparkaker. Julemusikken skal høyrast gjennom husveggane, og om du går ute om kvelden, er det obligatorisk at du ti ar inn i vindauga og rangerer kven i nabolaget som har det naste juletreet. I år som i or skal jula kome.

Jul for meg er at heile familien er samla, risgraut, kveldar der vi fyrer i peisen, Michael Bublé og lukta av grantre. Vi har alle forskjellige ting som skal vere på plass for at julefreden skal senke seg i hjarta våre. Jula er ikkje lenger berre Jesus i ei krybbe, Betlehem, gull, røykelse og myrra, og det er heilt grei . Jula er for alle, og ei gyllen moglegheit til å vere inkluderande og rause med kvarandre. Likevel synest eg det er trist å sjå at det eigentlege bodskapet i jula sakte, men sikkert forsvinn i frykt for å tråkke på det store mangfaldet Noreg er så heldige å vere rikt med.

Det er jo inga hemmelegheit. Jula er ei kristen høgtid. Ei feiring for å minnast Jesu fødsel. Det var kristendommen som gjorde høgtida så viktig og stor. Høgtida dei este av oss har eit veldig godt forhold til. Sjølvsagt kjem den mørke tida på året også med mykje sorg, sakn og einsemd for nokon, men eg vil tru at eirtalet er einige om at

jula er noko vi tenkjer på med glede og ne stunder.

Samfunnet i dag blir stadig meir sekulært. Kristendommen har ikkje lenger den sterke rolla i samfunnet, og det å vere truande kristen har nærmast bli uvanleg. La oss ikkje gløyme at det er kristendommen vi eigentleg har å takke for jula. Eg seier ikkje at den norske befolkninga skal lese juleevangeliet rundt juletreet på julekvelden. Korleis du feirar jul, skal eg ikkje henge meg opp i. Sjølv er eg ikkje truande, og Jesus,

Gud og kyrkja speler ikkje noka stor rolle i julefeiringa mi.

Det eg faktisk ser som eit problem, er dei ulike kon iktane som har dukka opp rundt juletider. På ein ungdomsskule i Telemark blei det fremja eit forslag om at julemat i staden skulle bli kalla tradisjonsmat, for å inkludere muslimar, humanetikarar og Jehovas vitne. Vi ser eksempel der barn i barnehagar og på barneskular ikkje får lov å delta i kyrkjebesøk, ta med julegåver heim eller ha på nisseluer. De e synest eg er frykteleg trist og skapar eit inntrykk av at jula er ekskluderande, noko ho på ingen måte er, berre fordi eit kristent bodskap ligg bak. Er vi verkeleg så redde for andre livssyn? Det er parodisk kor inkluderande vi trur vi er ved å endre på ord og erne tradisjonar som har stå sterkt i Noreg i eire hundre år. Jula kan vere ei gyllen moglegheit til å ne opp inkludere, ved å for eksempel gi våre nye medborgarar eit innblikk i vår kristne kulturhistorie. Eg kan ikkje skjønne at vi styrkar integreringa ved å gløyme heile kulturarven vår.

Du overlever ein liten dose Jesus oppi alle julegåvene, marsipangrisane og LED-lysa. Dei som ikkje føler seg inkludert i jula, føler seg mest sannsynleg ikkje særleg inkludert i det norske samfunnet elles heller. Da trengst det andre tiltak enn å erne ordet jul og viske ut den kristne trua frå historia vår.

Skrivetevling: «Mine
tradisjonar»
Illutsrasjon: Birger Cranner, Norsk Folkemuseum
8 Motmæle 3-2022
Foto: Paul Andreas Røstad, Teknisk Museum 1. plassen Hedvig Frøystadvåg, 16 år, Fredrikstad

Treng me eigentleg skolegudsteneste siste skuledag?

På juleavslutning på barneskulen og ungdomskulen gjekk me i kyrkja siste skuledag. Dei este elevane gjekk i kyrkja, men det var alltid nokon som ikkje blei med på grunn av religion eller andre grunnar. De e syntest eg var dumt. At elevar skal bli se e på ”sidelinja” av klassen berre på grunn av religion, synest eg er unødvendig. Kvifor er det ein tradisjon at elevar går i kyrkja siste skuledag?

Sjølv om alle elevar har re til fritak frå aktivitetar i skulen på grunn av religion eller livssyn, synest eg at å gå i kyrkja siste skuledag er ein tradisjon me ikkje treng å ta med oss vidare. Alt for mange elevar føler at dei ikkje passar inn fordi dei ikkje har same religion eller livssyn som eirtalet i klassen.

I kapi el 1.2 i Overordna del –

verdiar og prinsippa for grunnopplæringa står det at «skolen skal gi elevane historisk og kulturell innsikt, og bidra til at kvar elev kan ivareta og utvikla sin identitet i eit inkluderande og mangfaldig fellesskap» (Utdanningsdirektoratet 2019). For å oppfylle de e kravet går mange skular i kyrkja når det er jul. Å gå rundt juletre, synge julesongar og sjå ein jule lm er også ein måte å formidle tradisjon og kultur. Kvifor gjer me ikkje meir av de e siste skuledag? Aktivitetar som de e er noko som dei aller este elevar har glede av. Å si e og sjå ein lm og kose seg med venner. Eit slikt opplegg bidrar også til eit fellesskap i klassen før ferien.

Siste skuledag er noko alle elevar skal glede seg til og ikkje grue seg til. Religionen skal ikkje bestemme om du får ha avslutningsdag med klassen eller ikkje. Derfor synest eg det er veldig bra at skular ikkje får gå i kyrkja, og seie god juleferie re e erpå. No må klassane tilbake på skulen for å avslu e der. De e tenkjer eg er eit steg

i re retning. At dei har meir tid saman som ein heil klasse før ferien.

Eg trur det vil ta lang tid før denne tradisjonen ikkje nst lenger. Derfor er det veldig viktig at det alternative opplegget som skal tilbydast er eit ordentlig opplegg. Nokon plassar blir det alternative opplegget til undervisning i KRLE-faget. De e held ikkje. Alt fagsto skal gåast gjennom i samla klasse. Det alternative opplegget skal vere likeverdig kulturtilbod! (Malimo, 2021)

Dersom de e blir ordna skikkeleg opp i, har me kome enda eit skri lenger. Då vil det bli eit grei opplegg for alle, men me har fortse nokre steg å gå før skulegudstenestene er ute av skulen.

Om 100 år trur eg at skulegudstenester ikkje blir utført lenger. Eg trur at jula framleis vil bli markert i skulen, men ikkje på same måte som no. Eg trur at juleverkstad og jule lmar vil vera ein del av undervisninga før jul, men at det ikkje blir sa like mykje fokus på det kristne.

Skrivetevling: «Mine tradisjonar»
9
Foto: Oslo Museum 2. plassen Tiril Høiland, 16 år, Sauda

Eit val mellom mor og far

3. plassen

Spørsmålet som kryp oppover i halsen på meg kvart år, anten tidleg i november eller seint i oktober. Eg prøver å svelgje spørsmålet med varme koppar ingefærte så lenge eg kan, men det går like fort kvart år før teen er kald, og valet må takast. «Kvar skal du feire jul i år?», spørsmålet som eg meiner mange kan kjenne seg igjen i, følelsen av å ta eit val mellom mor og far.

Jula har alltid se lik ut for meg, den einaste skilnaden er at me byter stad på julefeiringa kvart år, slik at alle søskena til mor mi skal bidra. Me står opp tidleg i kjernefamilien her eg bur, saman med mor, stefar og to halvsøsken – og me har julefrukost. Seinare på dagen køyrer me anten til tante eller onkel, og tek resten av feiringa der. Pinnekjø et er me avhengige av, og det kjem aldri ei jul der eg ikkje spør tante «kan du nne eit stykke med nt kjøt for meg?», for sjølv om eg har ete pinnekjø i kanskje femten år, så smakar det best når nokon andre vel kjø biten. Eg bur saman med mor mi, og mamma og pappa er ikkje saman lenger. Det

var rundt fødselen min at dei gjekk frå kvarandre, og mamma hadde meg på fulltid. Som lita var eg ikkje særleg kjend med pappa, men eg var mykje med farmor og familien rundt. Eg hugsar at det å besøke pappa som lita alltid kjendest rart og ubehageleg. I dag er situasjonen heilt annleis. Eg har få eit halvsøsken på farssida også, og møter dei når eg kan. Pappa og eg kan snakke om det meste, og det er han eg kan diskutera dei store spørsmåla best med. Eg har aldri budd ei veke hos mor, og ei veke hos far, og følelsen av å pakke baggen for ei na borte er nok for meg.

I høve jula får eg alltid eit val. Det er heilt vanleg å spørje vener og familie om kvar dei skal feire jul, men eg skulle ønske eg alltid kunne gi eit kort og presist svar, og ikkje «eg skal tenkje li til på det». Det har alltid enda opp med at eg feirar jul med mamma, eg tenkjer det er naturleg då eg bur hos henne, og er mest saman med morssida av familien min. Samstundes har eg sidan eg var tre en år, tenkt tanken på å feire jul saman med pappa. Eg kjenner på dårleg samvit, når eg år e er år vel å feire

med mamma. Eg skulle ynskje det ikkje fantes eit slik val.

Eg veit at det er eire som kjenner seg igjen i de e valet. Jula er ein så stor tradisjon i heile Noreg, og ho betyr mykje for oss. Unge med skilde foreldre kjenner på mykje dårleg samvit i juletida, for det er ikkje berre jula an ein tek val. Det er første, og andre juledags middagar som også står for tur. Foreldre som er skilde bør handtere jula modent og ikkje gi barnet dårleg samvit for det som barnet vel, for det er til sjuande og sist, barnet si val.

Eg ynskjer at eg ein dag i framtida vel å feire med pappa.

Eg er generelt veldig glad i jula og freden rundt den. Eg er glad for å i det heile få lov å feire jul. Valet i år er også teke, eg feirar med morssida. Det er vanskeleg å bryte ein tradisjon som jula, då eg verdset ho veldig høgt. Eg ynskjer at eg ein dag i framtida vel å feire med pappa. Det er synd at jula berre er ein gong i året, det gjer valet vanskelegare. Lukke til, alle andre unge som kjenner på de e valet i desember – og hugs, det er di val, og du er ikkje åleine!

10 Motmæle 3-2022 Skrivetevling: «Mine tradisjonar»
Foto: wildpixel, canva.com Marianne Steinsvåg Tollaksvik, 18 år, Bømlo

Dialekt og heimstad

Heiderleg omtale Marit Ping Bersås, 22 år, Molde

Eg tør påstå at det ligg mykje identitet i kva dialekt ein har. Somme gonger vil dialekta gi ein peikepinn på kvar i landet nokon kjem frå. Andre gonger ikkje. Mange y ar på seg og blir o er for såkalla «knoting». Dessutan forsvinn mange av dei arkaiske trekka og mange «distrikts»-dialekter blir meir og meir bynære, og mykje forsvinn frå generasjon til generasjon. Folk y er frå bygd inn mot byane og mange legg a dialekta. Som om ikkje det var nok, får me òg mykje påverknad frå engelsk. Samstundes er Noreg rikt på dialekter, og vi kan framleis ane kvar personen kjem frå basert på talemålet; nord, sør, aust eller vest, bygd eller by. Når eg tre er nye folk, kan eg til dømes presentere meg slik: «Hei, jeg heter Marit». Den eg helser på, presenterer seg også gjerne på same måte med si namn. Vi vekslar smil og eit handtrykk, og kanskje

fortse samtalen. Eg har allereie gløymd kva namnet var, fordi eg er for oppteken av å prøve å høyre kva dialekt personen har. Små dialekthint som pronomen, nektingsadverb og tonefall blir fokuset, framfor kva samtalen eigentleg handlar om. Eg endar med å avbryte personen for å annonsere at eg vil gje e kvar dei er frå, for det er noko av det artigaste eg veit. Det naturlege oppfølgjarspørsmålet blir sjølvsagt «Du er frå […], kjenner du (namn på person frå […])». Dialektengasjementet boblar og gjer meg varm i dialekthjartet når eg tre er folk som held godt på dialekta si, sjølv om det er mange år sidan dei budde i heimtraktene.

Samtalepartneren får endeleg brote talestraumen og kastar ballen tilbake til meg. Sjølv har eg proklamert min kjærleik for dialektar og iherdig prøvd å geogra sk plassere samtalepartner basert på talemål. O e er det jo ein samanheng mellom desse momenta. Når det er min tur innser eg kor snevert dialektsyn eg eigentleg har ytra: «Du pratar slik, då trur eg du er derfrå».

Stolt dialektbrukar

Heiderleg omtale Heidrun Sunde Stokke, 22 år, Volda

Eg er stolt av dialekta mi. Ho har eg ha store delar av livet mi , og er med meg kor enn eg reiser i verda. Personleg vil eg nok seie at det er ei av dei o aste dialektene i Noreg. Kanskje fordi det var dialekta til sjølvaste Aasen? Dialektmangfaldet i Noreg er rikt, noko eg synest er særs bra. Innimellom får eg høyre frå folk at eg har «ei n dialekt», nokon har til og med hevda det er «den naste dialekta dei har høyrt». De e gjer meg sjølvsagt glad, men kvifor vert eg eigentleg så glad av det? Har eg faktisk den naste dialekta i Noreg?

Dialekta mi er frå Sunnmøre, altså ei vestlandsdialekt, og vert nok av ei del se på som ei av dei mest norske dialektene. Ho liknar mykje på nynorsk, det er kanskje ikkje så rart, då Ivar Aasen sjølv vaks opp berre nokre kilometer frå der eg sjølv har vakse opp.

Sjølv om eg har budd heimanfrå

i nesten re år, held eg på dialekta mi og knotar ikkje særleg mykje. Eg vil gjerne at andre skal høyre kor eg er frå, og i nokre tilfelle snakkar eg til og med breiare enn kva eg ville gjort heime. Sjølv er eg stolt av måten eg snakkar på og blir glad og opplever o e at venene mine synest eg snakkar på ein n eller artig måte. Det er ikkje så mange som har denne dialekta rundt om i Noreg, så eg føler på eit slags ansvar for å representere henne på ein god måte.

Noko eg er særs stolt over med dialekta mi er kj-lyden som vi u alar svært tydeleg. I ord som kjøken, kjole, kino er det ein kra full lyd. Ikkje noko sj-lyd her altså! Eg er òg glad i nokre av orda eg brukar, som «skodespelar» og «mykje». For ikkje å gløyme ord som «saud» og «haud», også kalla sau og hovud.

Ein kjenning sa ein gong «du har ei digg dialekt», de e se e meg li ut, og har få meg til å tenkje over korleis ein vert framstilt når ein snakkar dialekt. Har eg ei digg dialekt, eller sikta han meir meg som person? Eg har nemleg lært at haldningar til språk gjerne ikkje er kny til dialekta i seg

Først må det seiast at det ikkje er noko galt i å vere frå Oslo. Men spørsmål som «kor er du eigentleg frå», «du er vel frå Oslo» eller «kvar i Oslo er du frå» vekkjer kjensler hjå meg. Det som er heim for meg ligg langt unna hovudstaden. Ikkje aust for Dovre i det heile, sjølv om dialekta mi skulle tilseie det. Eg er ikkje frå byen ein gong, men på grensa mellom Nordmøre og Romsdal, på bygda –på ein gard. Kontrastane kan nesten ikkje bli større. Det er der eg har budd heile livet, det er det som er heime.

Eg er altså eit klårt døme på at dialekt og heimstad ikkje treng å ha noko samanheng. Og det er eire som har same dialektskjebne som meg. Som do er av ein til y ar tok eg til y ardialekta i staden for den lokale. Ikkje veit eg kvifor, og det er vel for så vidt ikkje noko feil med det. Dialekter er framleis noko av det artigaste og naste eg veit, og det rike dialektmangfaldet i Noreg er verdt å ta vare på. Hald fast ved dialekta di, same kvar du er frå eller kvar du bur.

sjølv, men til assosiasjonar ein har til den dialekta, basert på kulturelle assosiasjonar. Dialektbrukarar vert o e oppfa a som gode språkbrukarar, noko eg gjerne vil stå fram som. Eg brukar dialekta mi med stoltheit og er glad for at eg har ei dialekt. Nokre gonger verkar det som om andre opplever dialekta mi som morosam. Det er nok grunna nokre av måtane eg snakkar på. Eg kan seie at eg «har låkt i haudet», eller at eg har «haudeverk», det høyrest nok li rart eller spesielt ut for nokon som ikkje seier det slik. Men eg synest det er viktig å bruke desse orda, slik at dei ikkje døyr ut. Eigentleg skulle eg ønskje eg snakka endå breiare, og brukte ord som «åtgaum», «korkje» og «ymse» heilt naturleg i kvardagen.

Om eg har den o aste dialekta i Noreg er eg ikkje sikker på, men eg er i alle fall ein særs stolt brukar av ho. Eg håper at eg i framtida kan sjå tilbake på livet mi og tenke «eg har vore med på å sikre at sunnmørsdialekta ikkje døyr ut». Målet må vere å bli hugsa som ein ivrig og viktig dialektbrukar ein gong i framtida. Eller kanskje eg vinn ein dialektpris?

tradisjonar» 11
Skrivetevling: «Mine

MÅL OG MIMRING Åsmund Forfang

Kva er det beste minnet di frå Norsk Målungdom?

I slike hektiske år kunne grensene mellom organisasjonsliv og privatliv o e vere oppheva, og dei beste minna høyrer nok til det sosiale livet, som må haldast privat. Men det minnet frå organisasjonslivet som eg synest det er artigast å tenke på, særleg no i ei aktuell pandemitid, er nok frå ein av sommarleirane våre, målleiren på Tingvoll i 1977. Arrangørar var ml-fraksjonen i NMU, og det var midt i den mest sekteriske perioden for denne politiske rørsla, da dei e er modell av borgarkrigen e er den russiske revolusjonen var på alerten mot all slags fæle epidemiar som hadde herja i Russland. Derfor hadde alle leirdeltakarar i plikt å dyppe hendene i eit desin serande middel, kloramin, e er eit besøk på do. Det var konstant ei vakt postert der som passa på at alle ngrar vart dyppa, også tomlingane, som enkelte rabagastar lét peike i vêret, før hendene òg må e vaskast grundig med såpe. På den siste dagen fekk leiren så besøk av nysgjerrige utsendingar til landsmøtet i Noregs Mållag, som skulle haldast same stad, og ein lege, eller var det dyrlege, kom med den forløysande replikken: «Men veit de ikkje at kjemien i såpa opphevar verknaden av kloraminen?»

Kva var fanesakene då du var aktiv? Arbeidet for nynorske læremiddel til same tid og same pris, og dessutan arbeidet for å gi dialektane status i alle samanhengar.

Kva er du mest stolt av frå tida i målungdomen?

Det må absolu vere at vi fekk stort gjennomslag for arbeidet for nynorske læremiddel. Sjølv brukte eg mykje tid og kre er både på lobbyisme, på å skrive avhandlingar og aksjonsmateriell og på å organisere læremiddelaksjonar på grunnplanet.

Korleis vart du medlem og kva var motivasjonen din for å melda deg inn?

Slik eg hugsar det, stilte eg opp på eit medlemsmøte i Studentmållaget i Oslo. Så var det gjort. Motivasjon? Det var hyggeleg, vil eg tru.

Korleis var aktiviteten i målungdomen då du var med?

Det var stor aktivitet på alle nivå, både på grunnplanet og sentralt. Vi hadde stort kontor midt i sentrum, Storgata 37, og der var det ståk frå morgon til kveld.

Var det noko usemje i målungdomen, og i so fall om kva?

Det var usemje om absolu alt. Det var jo ei tid in sert av ideologiar, den tidas eigentlege epidemi. Hovudskiljet gjekk mellom dei som meinte at målstriden er ein politisk strid, og dei som meinte at den er ein nasjonal strid. Som ein tvers igjennom antinasjonalist stod – og står – eg på det som vart kalla den sosiale linja. Eg er jo av dei som vender seg brydd bort når nasjonen kjem på tale, og ingen får prakka på meg eit agg på 17. mai, som er ein li ubekvem dag for meg, men ein dag som gjer seg godt som utgangspunkt for ei interesse for historia til landet. Eg hører til generasjonen av antinasjonalistiske EU-motstandarar; i dag trur

Namn: Åsmund Forfang

Alder: Fødd 1952

Kva tid og kvar var du aktiv i Norsk Målungdom?

Var med i Studentmållaget i Oslo frå 1974 til 1978

Kva verv hadde du i organisasjonen ? Leiar i Studentmållaget i Oslo i 1975, medlem i sentralstyret i NMU i 1976, leiar i NMU i 1977–1978.

mange at ein EU-motstandar er nasjonalist. Men ordet nasjon er tvitydig, det kan bety både land og folkefellesskap på etnisk grunn. Det siste er i all hovudsak eit høgreekstremt prosjekt med det Erich Fromm kalla ein regressiv og patologisk nasjonalisme med ein incestuøs lengsel e er natur, jord, blod – og eit norsk språk. Den slags norskdom er ekkel, synest eg. I staden for nasjonalisme går eg inn for landisme, demokrati innanfor praktiske rammer som dei vi til vanleg kallar landegrenser, og med språk fylte av slikt innbyggarane i de e landet gjerne tar i munnen til kvardags.

Korleis var det sosiale samhaldet i målungdomen? Både og. Med dei sterke motsetningane vart det skapt øyer med sterkt samhald som gav stort sosialt og privat utby e for dei som var med der. Men mange som stod utanfor øyene, særleg nyverva folk, kunne nok føle at de e var ubehageleg, og eg meiner vi mista ikkje så reint få gode folk på den måten.

Korleis var nynorsken sin posisjon då du var aktiv?

I omfang omtrent som no, vel. Men i dag er nynorsken mykje meir allemannseige, ved at den blir brukt i eire samanhengar, også i populære bestseljarar på eire frontar. Eg hugsar oppslaga i Oslo-pressa da Olav Stedje kom med det dei kalla den første popsongen på nynorsk. Nynorsk pop, liksom? Det tykte dei var rart.

Korleis var det å vera målungdom i samtida? «Kult». NMU var kjent for å vere ein dyktig organisasjon med nokre av dei største skuleaksjonane på den tida. Blant aktivistar i andre ungdomsorganisasjonar hadde vi høg status, så nær som i Unge Høgre, som naturlegvis mislikte oss sterkt.

Er du framleis aktiv i målrørsla?

Eg er «passiv» aktiv som kasserar i eit nokså slumrande lokallag i Noregs Mållag.

Har tida i Norsk Målungdom vore viktig for deg seinare i livet?

På den måten at organisasjonsarbeid gir positiv ballast; ja. NMU var driven av svært dyktige organisasjonsfolk da eg kom inn, og mi læringskurve var bra . Den lærdommen eg så til slu sat a med, var at eg aldri meir skulle gå på husbesøk eller stå på stand eller på andre måtar oppsøke anna folk for å overtyde dei om at dei bør kle seg opp med mine meiningar. Og den lærdommen har så visst vore viktig for meg seinare i livet.

12 Motmæle 3-2022

Internasjonalt: Oline i Argentina

E er å ha mø kjærasten min på utveksling i Praha i 2021 og fullført masterstudiane i Trondheim, så valde eg å ny e denne nyvunne fridomen til å kjøpe einvegsbille til Sør-Amerika.

E er å ha budd i Buenos Aires, hovudstaden i Argentina, nokre månadar, har eg verkeleg kjent på det å vere del av eit samfunn som er både likt og fundamentalt annleis frå Noreg og Europa.

For hundre år sidan var Argentina eit av verdas rikaste land. I seinare tider har den økonomiske utviklinga vore negativ, og 50 % av befolkninga lever no under fa igdomsgrensa. Sjølv om eire strevar økonomisk, så kjenneteiknar ikkje de e dei personlege relasjonane. Eg har bli motta med opne armar og kyss på kinnet av storfamilien og vagt kjende av kjærasten min og familien hans. Sjølv om språkbarrieren mellom oss delvis hindrar samtalar, så hindrar det ikkje argentinarane frå å vise varme og omtanke.

Buenos Aires er ein europeisk storby i Sør-Amerika. Når ein går rundt i gatene kan ein sjå klare likskapar med Paris og Madrid. Det er stundom le å gløyme at eg ikkje bur i eit spansktalande land i Europa. Argentina er eit langstrakt land, og før du tenkjer at det er Noreg òg, kan eg informere deg om at Noreg er 1770 km langt, medan Argentina er 3800 km langt og 1420 km bredt. Argentina er altså meir enn dobbelt så langt som Noreg. De e medfører store skilnadar i klima og dyreliv.

Eit eksempel på de e er at det snødde i sør i februar (midt på sommaren her) og det var over 20 grader midt på vinteren i nord.

I sør såg vi dyr vi i Noreg kan tenkje på som forholdsvis vanlege: bever, hjort og rev. Li meir uvanlege dyr eg har se hi il er; ville dvergmarsvin (cuis), pungro e, apeka ar, sumpbever, mara (liknar på hare), odsvin, amingo, nandu (i slekt med struts og emu), muldyr, pingvin, øgle og guanaco (slektar på lama). Blant desse er eire dyr eg aldri hadde høyrt om før eg kom hit.

Det er fortse eire ting eg skal rekke før eg re ar snuten mot nord og y ar tilbake til Noreg. Blant anna skal vi sjå fossefalla i Iguazu, vandre i jungelen på grensa til Brasil og sjå dei store saltsle ene i Saltaregionen.

13

Er eg «norsk nok»?

skriva e er ei meir konservativ skriveråma en fyrr, e er å ha lese bøker av dei store målmennene – mest Aasen, Hægstad, og Gustav Indrebø.

Eg er fødd og uppalen brite. Eg vaks upp i Wiltshire på randi av ein by, og levde der i 20 år fyrr eg, e er å ha lært meg norsk i 4 år, kom meg til Noreg for fyrste gong. Då y e eg til Bergen, og studerte på universitetet der i ei år fyrr eg y e heim a , vart ferdig med studiane mine, og seinare fekk meg jobb som eg arbeidde i dei neste 2 åri. So er me komne til notidi, der eg i dag er 24 og ventar på svar frå Utlendingsdirektoratet um arbeidsløyve fyrr eg tek til i jobben min i Vesterålen.

Under tidi mi i Bergen byrja eg å skriva nynorsk. Mykje av norsken min lærde eg av ein ven frå Karlsøy i Troms, og dimed fekk eg li av dialekten hans derifrå. Sterke verb i nynorsk kom mykje nærmare talemåten min, og eg vilde skriva slik eg tala, og nynorsk var då det naturlege valet. Eg skreiv jamvel ein artikkel til Motmæle um det å læra nynorsk som utlending i 2020 (spesi kt i 2.20, um du vil lesa det!) – denne her kann de vel taka som ein uppfylgjar. Sidan den tidi hev det gjenge over 2 år, og meiningane mine hev endra seg li . Eg vel å

Ein ven viste meg ei bok ho les for tida, som heiter «Norsk nok», som handlar um identitet og kva det å vera «norsk» skal tyda, skriven av ymse skrivarar med ulike bakgrunnar, mellom andre Abid Raja, Karpe, Ella Marie Hæ a Isaksen, Ervin Kohn, og Uma Feed. Ho segjer boki er forvitneleg og velskrivi, og det tvilar eg ikkje på! Ein ting ho merka, var at ingenting der var på nynorsk, og då byrja me å røda um korleis nynorsk kjem inn i bilætet. Me er begge to innvandrarar som lever i den skoddefulle, umisjamne verdi der det kann vera vandt å vita um ein er «norsk» eller ikkje, og me er begge to nynorskskrivande, so det vart kjapt livleg.

Er det ein e erkolonialistisk tankegang som gjer at ein vil halda på dei gamle maktsbygnadene, vyrda og aga dei gamle styresmaktene og det som kom med deim?

helder enn å byta til eit skri mål bygt på norsk grunn. Kvifor er det slik? Er det ein e erkolonialistisk tankegang som gjer at ein vil halda på dei gamle maktsbygnadene, vyrda og aga dei gamle styresmaktene og det som kom med deim? Eller er det berre at folk ikkje fær lært god nynorsk i skulen, at lærarane kjem med fordomar og trongsynt uvilje i klasseromet? Svaret er vel li av kvart.

Røynsla mi, som utlending som kom inn i norskdomen berre no nyst, er at det verkar rart at so mange held på kolonimålet dansk (um enn det er «norski sert»),

Eg hev funne at akkurat denne spurningi – um kvifor bokmålet råder, endå det erver beint og plent frå dansk – er ei som kann vekkja uro i hugen åt mang ein nordmann. Eg hev fenge stugge meldingar dei gongene eg hev u rykt meiningane mine (ikkje av dei ne lesarane i Motmæle, men folk ute i verdi), som sagde at eg ikkje fær ha slike tankar, sidan eg er brite. Eller at det å spyrja desse spurningane er vanvyrdsleg imot dei som skriv bokmål. Eller jamvel at det å nemna soga åt bokmål i seg sjølv er fornærmande. Ordet «koloni» vert visst sét på som nedsetjande. Men er desse hevdingane sanne? Er eg norsk nok til å få ha eit synspunkt her?

Men um ikkje eg spør, kven gjer det? Korleis kann eg få vita kva det skal tyda å vera «norsk»? Kven er eg, og hev meiningane og røynslone mine lik verd som deim åt nordmenn som hev vakse upp i det norske systemet?

Eg meiner eg er norsk, i alle fall. Um du ikkje er samd, greidt nok. Men eg et va ane mine med brunost og syltety som Ola Nordmann, eg.

Foto: OlgaMiltsova,
14 Motmæle 3-2022
Canva.com
Andrew Rabbit
Norsk Målungdom
Illustrasjon: Agnete
Aas Haukås

Ferdaminne frå Valdres

ungdomsskulen enn i Vestre Slidre og Vang, trass i at begge barneskulane i kommunen er nynorskskular.

KVITTER FRÅ TWITTER

Kvart år drar Noregs Mållag og Norsk Målungdom på turné for å besøke nynorskområde, og i år gjekk turen mellom anna til Valdres, og det var denne veka eg var med. Valdres er eit randsoneområde der nynorsk og bokmål møtest og eksisterer om kvarandre På nynorskstafe en snakkar Mållaget med kommuneleiinga, bibliotekarane, rektorane, barnehagestyrarane og lokallaga, medan Målungdomen si hovudoppgåve er å vere inne i skuleklassane og halde målferder for elevar på ungdomsskulane og vidaregåande.

Veka starta i Etnedal, ein liten kommune med berre li over 1000 innbyggjarar og berre éin skule med både barneog ungdomsskule i ei . Etnedal har vore ein nynorskkommune ein gong i tida, men er i dag språknøytral, sjølv om elevane på barneskulen har nynorsk som opplæringsspråk. Valdres er nemleg delt 50/50. Medan Etnedal, Sør-Aurdal og Nord-Aurdal er språknøytrale, er Øystre Slidre, Vestre Slidre og Vang nynorskkommunar. Likevel står det betre til med nynorsken i Etnedal enn i Sørog Nord-Aurdal, der eirtalet av elevane har bokmål som hovudmål.

Resten av veka brukte me på å besøke dei tre nynorskkommunane. I alle desse står nynorsken framleis sterkt. og det store eirtalet av elevar på både barneskulen og ungdomsskulen har nynorsk som hovudmål. Likevel er det ein forskjell på dei tre kommunane: I Øystre Slidre byter langt eire til bokmål når dei byrjar på

Det som skil skulestrukturen i kommunane er nemleg at medan Vang og Vestre Slidre berre har éin skule der barneog ungdomstrinnet går i lag, har Øystre Slidre to barneskular og ein ungdomsskule. Det kan difor verke som om det at elevane går i same klasse og same miljø gjennom heile grunnskulen gjer at dei held betre på nynorsken. Det er le å tenkje seg at ein li usikker å andeklassing skal byrje på ny skule der hen ikkje kjenner alle i klassen og vil skilje seg minst mogleg ut og berre byter fordi «alle andre gjer det». Skulane i Vang og Vestre Slidre vil jo ogso ha betre kontroll på overgangen mellom barne- og ungdomsskule og kan dermed betre tilrå elevane å halde på nynorsken når den moglegheita plutseleg opnar seg.

Det aller største målbytet i Valdres skjer likevel når elevane byrjar på vidaregåande. Dei aller este byrjar då på Valdres vidaregåande på Leira. Når elevane byrjar på vidaregåande, er det framleis eit eirtal nynorskelevar, men når dei er ferdige er det eit stort eirtal bokmålselevar. Det same mønsteret ser ein i alle randsonene; det er på vidaregåande det aller største og mest dramatiske språkbytet skjer. Igjen er byte av miljø og det at ein plutseleg får medelevar som ny ar bokmål dei utslagsgivande faktorane. Me fekk høyre historier om folk som plutseleg hadde bli bokmålselevar ved eit uhell, fordi dei ikkje ville vere den einaste som rakk opp handa då læraren spurde i klasserommet om kven som skulle ha nynorskbøker.

Det me såg gong på gong gjennom veka er at lovverka og systema ikkje strekk til når det gjeld å ta vare på og hegne om språket og at alt for mykje kviler på skuldrene til enkeltpersonar som må gjere innsatsen sjølv. Det kan vere barnehagestyraren som passar på at ungane får høyre nok nynorsk i barnehagen, skulebiblotekaren som passar på å syne fram nynorskbøkene for elevane, den eine eleven som ikkje byter språk, sjølv om alle klassekameratane gjer det eller lokallagsleiaren som går dør til dør før ei skulemålsrøysting. Hadde det ikkje vore for alle desse folka, hadde nok stoda vore endå verre enn i dag, i Valdres men ogso i resten av landet. For som me alltid seier på målferd: Nynorsken døyr ikkje ut så lenge det nst nynorskbrukarar.

Rasmus Tennø Loe
19
Foto: Norsk Målungdom

Den norske:

Mongoland (2001)

Regissør: Arild Østin Ommundsen

Laga av ein gjeng lmstudentar på eit utruleg lågt budsje er Mongoland ein sjarmerande jule lm lagt til Stavanger. Pia, spelt av Pia Tjelta i hennar første lmrolle, kjem heim til jul e er eit halvt år i England. Ho gler seg til å tre e kjærasten Kristo er (Kristo er Joner). Det viser seg å vere le are sagt enn gjort, for ingen veit eigentleg kor han er. Ho blir sendt frå stad til stad, og på vegen tre ho eire kjende, som bestevennen Vegar og den engelske bilmekanikaren Wayne. Til slu endar dei alle opp på julefest hos Ellen, der det skjer eire merkelege ting og julenissen kjem på besøk. Mongoland er morosam og til tider ganske absurd, men ogso n og romantisk, og kanskje den beste norske jule lmen nokonsinne.

Den internasjonale:

Tokyo Godfathers (2003)

Regissør: Satoshi Kon

Tokyo Godfathers er ein japansk animasjons lm som følger tre heimlause som bur i lag som ein familie i Tokyos gater. Hovudpersonane er alkoholikaren Gin, transkvinna Hana og tenåringsjenta Miyuki som har rømt heimanfrå. Ein dag før jul nn dei ein forlaten baby og bestemmer seg for å ta godt vare på den til dei nn foreldra. Dei reiser gjennom Tokyos gater på jakt e er foreldra til babyen og møter på eire folk frå fortida til dei tre hovudkarakterane. Tokyo Godfathers er ei rørande og hjartevarm forteljing om tre folk som ikke har noko anna i livet enn kvarandre, fortald med ein god dose humor, og vil få deg til å smile frå øyre til øyre.

Klassikaren:

It’s a Wonderful Life (1946)

Regissør: Frank Capra

Om ein googlar “best christmas movies”, vil ein o e nne It’s a Wonderful Life på toppen. Den klassiske amerikanske jule lmen handlar om George Bailey som har vigd livet si til å hjelpe folk i den lille byen Bedford Falls, og hindre at heile byen blir ta over av den onde rikingen Mr. Po er. På jula an forsvinn plutseleg ein stor sum pengar, og alt ser ut til å rakne til skytsengelen Clarence Odbody kjem til unnsetning. Ein essensiell jule lm om gleda ved å glede andre som har gjort seg velfortent til klassikarstausen sin, og som skaper like mykje julestemning i dag som den gjorde i 1946.

Tidleg om morgonen kom du til teigen som gøymde i si jord dei steinane du skulle hente og gi form og bygge av. Dine steinar hei e ord.

Frå Livshus (1995)

Helge Gardar

Hjå nokre diktarar kan det vere vanskeleg å setje ngeren på eit heilskapleg prosjekt. For andre kan det liggje ein raud tråd gjennom heile forfa arskapen. Halldis Moren Vesaas tilhøyrde bestemt ein av dei siste. Ikkje på den måten at alt ho skreiv heng saman tematisk eller formmessig, men slik at det heile peikar, varsamt og omsynsfullt, mot eit mål. Ho var aldri den mest opprørske eller polemiske, men synte vegen for andre gjennom døme. Ho meinte sjølv at det kunne vere vanskeleg å nne ein samanheng i ein så lang og oppstykka diktarskap. Denne teksten er eit forsøk på å følgje ein av dei moglege trådane.

Der målrørsla i dag snakkar mest om korleis me hindrar domenetap, dreier Vesaas’ virke seg om domenevinst, men ikkje berre for språket. Om det gjeld lyrikken, teatret, novellene eller anna, er det alltid tydeleg at ho vil noko meir, anten på vegner av målet, folket, kjønnet eller seg sjølv. Det ser me alt i debuten frå 1929, Harpe og dolk, som gjorde 22 år gamle Halldis Moren til ein av våre fyrste kvinnelege lyrikarar med nasjonalt nedslagsfelt. Og ho legg ikkje skjul på kva ho vil få fram: Dikta i samlinga er breiddfulle av vitalitet og livslyst, og er de nitivt feministiske på ein måte ingen norsk lyrikk hadde vore før. Alt her fanst hugen e er noko ukjent og ny .

Det vil vere reduksjonistisk å koke virket hennar ned til målkamp, men samstundes står dét som eit avgjerande fundament for forfa arskapen. Udiskutabelt er det òg at ho fekk mykje å seie for nynorsken og utvikla han til bruk på eire og eire felt. E er at lyrikken hadde

20 Motmæle 3-2022
Jógvan Ved Rasmus Tennø Loe

HALLDIS MOREN VESAAS

Eit levande svarberg

vore fokuset tidleg i forfa arskapen, vart Moren Vesaas meir oppteken av anna arbeid i tiåra e er krigen. I perioden 1955-95 kom ingen nye diktsamlingar, men heller ei rekkje minnebøker, barnebøker og omsetjingar, særleg av skodespel.

Språkøyret hadde nok vore der frå barndomen, men det var tida hjå visekonsul Arnold Bakke i Sveits på starten av 30-talet som verkeleg vart startskotet for forholdet til dei store europeiske språka. Med dei kom òg li eraturen, men ikkje berre for eigen del. Raskt kom ho òg på tanken om å gjeve klassikarane norsk språkdrakt, og slik opne dei for eit ny publikum der heime. Det store omfanget kom ikkje før seinare, men Klokkene i Corneville kom ut alt før krigen. Samstundes pussa Halldis på tysken, og kom seinare til å gjeve ut omsetjingar frå fransk og tysk, men òg engelsk og dei skandinaviske språka. I alt vart det over 50 omsetjingar, til bruk hjå m.a. Riksteatret, Radioteatret, Den Nationale Scene og Det Norske Teatret.

Undervegs i det lange virket hjå Det Norske utvikla Moren Vesaas eit heilt eige nynorsk scenespråk, som framleis legg grunnlaget for mykje av det som skjer på scena i dag. Samstundes synte ho at nynorsken ikkje stod a ende for noko større språk, men kunne ny ast i alle krokar av li eraturen og samfunnet. Han fungerte vel så godt til å syne fram dei store kjenslene på scena som til dei umerkelege sja eringane i poesien.

Fokuset ligg på at det norske, og særleg det nynorske, er større enn dei absolu e tala skulle tilseie. Sjølv i eit relativt lite samfunn er det rom for å ta heile verda inn. Sjølv e er stor framgang er det stadig nye frontar å utforske.

Blant dikta i Livshus, den siste samlinga hennar, ser me det i full blom. Her nst dialog med D.H. Lawrence og Olav H. Hauge, heimstaddikting om oppveksten i Trysil, naturlyrikk, skildringar frå krigen, turar til kontinentet, referansar til svensk lyrikk.

Inn i eit lite knippe dikt får ho pressa ei heil verd av referansar, tydingar og inspirasjonar. Det er ikkje eit tilfeldig inntrykk. Heile forfa arskapen hadde peikt fram mot mangfaldet me nn også her.

I haust, 18. november, feira me 115-årsdagen til Halldis Moren Vesaas, ein av dei viktigaste gurane ikkje berre for nynorsken, men for heile den norske kulturen.

Illustrasjons:AgneteAasHaukås

Med Jógvan om trikkar, uttale og serinakaker

Jógvan Helge Gardar er skrivar i Norsk Målungdom. Mange kjenner han kanskje allereie frå deltaking på landsstyremøte, vitjingar på skrivarstova, nynorskstafe en, lokallagsvitjing eller samtalar over e-post og telefon. Jógvan er overalt. For dei som enno ikkje har ha gleda av å møte han, vil de her få ein sjanse til å bli li betre kjende med han. Eg tek praten – eller re are sagt, e-postkorrespondansen, sidan Jógvan vitjar familien i Telemark – om li av kvart, frå arbeidet i NMU til livet utanfor skrivarstova.

Først, kva fekk deg til å søkje på stillinga som skrivar i Norsk Målungdom? Eg har vore medlem i ti år, og i

mange av dei har eg tenkt på å engasjere meg meir. No dukka det opp eit perfekt høve, så då vart det slik. Eg har vore med i ein del studentorganisasjonar i Bergen, og satsa på at jobben kom til å passe meg godt.

Kva meiner du er dei viktigaste utfordringane i kampen for nynorsk, dialekt og språkmangfald?

Her er det sjølvsagt mykje å ta av, men for meg er det kanskje kampen mot likesæla som er den viktigaste. Det er ikkje regionalisering, bokmål og engelsk som er den argaste enden, det er medvitsløysa.

Du er med i landsstyrenemnda som skal sjå nærare på moglegheitene for å ha sommarleir på Færøyene. Korleis er din relasjon til Færøyene?

Far min er færøysk, så eg har mykje slekt der oppe som eg vitjar re som det er. I kvardagen merkjer eg det likevel mest når eg må forklare korleis ein u alar namnet mi . Det er overraskande få nordmenn som har eit forhold til Færøyane, men det er eit av våre

næraste naboland, både fysisk og kulturelt. Ta ein tur!

I tillegg til å jobbe som skrivar i Oslo i 100% stilling studerer du re svitskap i Bergen på heiltid. Har du itid? I så fall, kva er trikset?

Det hemmelege trikset er å vere ein e ektiv skippartaksstudent utan dårleg samvit, då får ein utrulege menger fritid. Eg har ny a trikset gjennom mesteparten av studia med relativt stor suksess.

Kva les du på for tida?

Her om dagen las eg ut Kimen av Vesaas, men no i jola er målet å kome gjennom Trolldoms ellet av omas Mann. Eg må vel i gang snart om det skal verte noko.

Du har studert både lingvistikk og latin og verkar å vere over sni et interessert i språk og li eratur. Kvifor studerer du så juss no?

Noko må ein leve av her i verda, og for meg var juss eit nokså naturleg val. Det gjev

Familien til Jógvan kjem frå Klaksvik på Færøyene Foto: canva.com
22 Motmæle 3-2022
Foto: Privat

deg eksibel kunnskap som er e erspurd i mange delar av samfunnet, så vonleg nn eg noko å jobbe med som ikkje er altfor keisamt.

Kva får du mest ny e av av det du har studert i jobben som skrivar?

Det er ein del juss i jobben, særleg med rekneskapslova, språklova og opplæringslova, men elles er det lite frå studia som kan ny ast direkte.

Du har budd li ulike stadar am til du y a a ende til Oslo i haust. Har du kome a ende for godt?

Neinei, det er altfor mykje verd der ute til å bli i Oslo heile livet. Det er ikkje berre me oslofolk som trur me bur på verdas naste plass.

Til sist, gler du deg til jul?

Ja, klart eg gjer. Eg gler meg aller mest til å duppe serinakaker i ka og messe om at det er dei beste julekakene til alle som vil ly e.

Faktaboks

› Fødd 17. juni 1997

› Kjem frå Keyserløkka i Oslo

› Mor frå Telemark, far frå Færøyene

› Bur i kollektiv med fem andre og ka en Mitchi

› Studerer master i re svitskap ved Universitetet i Bergen. Har studert lingvistikk og latin

› U ale av Jógvan: [ʹjεkvan] (IPA), eller jekk-van, for oss som ikkje er heilt stødige i det fonetiske alfabetet

Til sist, fem kjappe:

Kva tykkjer du om skjegget til Ivar Aasen? Ein skal ikkje plage andre for ting dei ikkje kan gjere noko med, men ein kan kanskje pirke i ting dei kan endre til det betre. Skjegget er ein sånn ting.

Kva har du hengande over senga di? Masse plakatar, eg er så lite glad i kvite veggar.

Kva ønskjer du deg til jul? Varme sokkar, god mat og ei heilskapleg satsing på kollektivtra kken.

Kva er di føretrekte kollektivtransportmiddel? Dei gamle, tyske oslotrikkane, der Ruter ny ar halve straumbudsje et si på å grille passasjerane. Eg tek dei så o e eg kan.

Er du ein e- eller a-in nitivsperson? Det vert e for meg.

På landsmøtet i april skal vi velje ein ny sentrallekk i Norsk Målungdom, og vi treng deg!

Fram til april skal valnemnda prate med, leite e er og nne kandidatar, før dei ei tid før landsmøte legg fram si innstilling til ny sentrallekk.

Vil du bli ein del av sentrallekken? Send ein e-post til valnemnda (valnemnda@ malungdom.no) eller ta kontakt med dei på anna vis.

Til høgre kan du sjå kva verv som er på val.

Verv på val

• Leiar av Norsk Målungdom

• To nestleiarar i sentralstyret

• 3 til 10 medlemer i sentralstyret

• Varafolk til sentralstyret

• To direktevalde representantar til landsstyret.

• Tre medlemer i valnemnda

• To varafolk til valnemnda

• Ein medlem til landsrådet til Noregs Mållag

• To varafolk til landsrådet i Noregs Mållag. I valnemnda sit Henrik Hageland, Dordi Boksasp Lerum og Ådne Reidar Nes Kleppe

Vil du bli ein del av sentrallekken i Norsk Målungdom?
LYSING
23

Bli med på møtehelg

nn stad i nynorsken si heilage skrivarstove, kontoret til Norsk Målungdom og Noregs Mållag på Lilletorget 1 i Oslo.

Lurer du på korleis det er å si e i landsstyret? Her skal du få vere med meg på det tredje møtet i perioden min, frå førebuing til heimreise. Denne møtehelga fann stad første helga i november, ikkje lenge e er halloween.

Landsstyret, LST, er det øvste organet i organisasjonen mellom landsmøta. Me er 12 heldige ungdomar frå heile landet som får vere med og bestemme kva som skjer i organisasjonen og som passar på at organisasjonen si arbeid held seg til det som vart bestemt ved førre landsmøte. Også sentralstyret, skrivaren, valnemnda og LST-varaer var inviterte denne gongen. Landsstyremøta

Den første innkallinga til møtet fekk eg i god tid i forkant. Eg gav beskjed om at eg kom på møtet og bestilte reisa til hovudstaden. Då sakspapira kom i starten av veka møtet tok til, las eg gjennom då eg fann ledig tid. Å må e lese gjennom sakspapira kan verke som mykje arbeid. Og det er det jo, men ved å se e seg inn i sakene på førehand er møtet endå kjekkare, sidan du er godt førebudd.

Møtet starta då frukosten var eten opp og alle ka koppane frå det ovale salongbordet var på plass på møterommet. Leiar Tobias ønskte oss velkomne, og me starta med den faste runden der alle fortalde kva som hadde hendt i liva våre (les: har du knaska eller knepa?) og i lokallaga våre (om ein høyrde til eit lokallag). Den nye skrivaren, Jógvan, oppdaterte oss på kva

sentralstyret og dei tilse e på skrivarstova har gjort sidan førre landsstyremøte. Blant anna hadde det vore politisk fokus på statsbudsje et, o entleg favorisering av nynorsk, språkbyte og nynorskstafe en. Det hadde også vore fokus på lokallagsaktivitet, haustkonferansen i Stavanger og den gode Vervekampanjen 2022.

Neste sak på programmet var idémyldring til ny arbeidsprogram. Det skal bli utarbeidd eit ny framlegg til programmet ved neste års landsmøte, og me kunne no ny e høvet til å kome med innspel til nemnda. Me fekk også ein gjennomgang av kva som er gjort og kva som står a i årets arbeidsprogram. Det er spesielt kjekt å sjå framgangen i saker, som til dømes at leiar Tobias har vore på møte med Språkrådet og Google på Nasjonalbiblioteket og stilt krav til Google og styresmaktene.

Vidare vart mediearbeidet teke opp. Det vart diskusjon rundt aktivitet på

24 Motmæle 3-2022
Tekst og foto Maren Braut Foto: Norsk Målungdom

TikTok, bruk av Twi er, Mastodon eller Snapchat og kven me eigentleg når ved bruk av Facebook. E er lunsjpausen vart den innsende fråsegna “Leve den skog nske språkarva” av Johanna Breivang presentert. Fråsegna vart stemt over på sundagen og vedteken.

Og så til eit av helgas høgdepunkt. Utdeling av Dialektprisen 2022! Me vandra bort til det Norske Teatret. På podiet heldt Tobias tale og introduserte vinnaren: “Han er ikkje berre verdsmeister i hekk, men og i dialekt”, og der kom (neimen meg) Karsten Warholm opp på podiet og tok i mot diplomet og målblomen! Me vart alle li “stjernetekne”, der me stod og drakk eplemost og snakka med sjølvaste Karsten. Han spurde interessert om organisasjonen og u rykte vyrdnad over prisen.

Så bar det a ende til skrivarstova, for møtedagen var ennå ikkje over. Det stod a nokre punkt på sakslista. De e var landsmøtet 2023, nynorsk i lærarutdanninga-programmet og oppsummering av vervekampanjen. Konklusjonen var at årets vervekampanje var ein veldig god ein. Mange verva og eire har verva mange. Over 180 nye medlemer på få veker er stas!

Då det var bli mørkt ute var også magane våre svoltne. Takk til “matmøtenemdi” for framifrå pizza, snop og ikkje minst Mozell. E er ein kjapp runde Geoguesser vart det ein endå kjappare runde med kviss (med ekstremt kule lagnamn). Tidlegare på dagen hade Trond frå Studentmållaget i Tromsø tipsa om ein konsert med Katarina Barruk på kvelden. Mange av oss gjekk dit for å høyre umesamisk-indiepop. Det var ei o avslutning på møtedagen.

Sundag morgon stod det a eire faste saker på programmet. Første sak vart opna med gjennomgang av a endemeldingar frå haustkonferansen me hadde i Stavanger. Neste punkt på møteplanen var lokallaga og korleis me kan halde liv i dei. Målferder og standståing på vidaregåande skular var ein idé som kom fram.

Før møtehelga tok slu vart ein samd møtelyd einige om at tre nye nemnder skulle se ast ned. Ei nemnd skal sjå om det er mogleg å kunne reise på sommarleir til Færøyene (!), ei anna skal planlegge kampanjen “Student på norsk” og den siste nemnda skal sjå på ei eventuell oppdatering av organisasjonens gra ske andlet. Me re a også blikket framover mot det nye året som kjem. Vinterleir og landsmøtet vart det

idémyldra rundt. Neste landsstyremøte er i mars, og då skal me gjere oss klare for landsmøtet i april.

Helga vart avslu a på naste vis med forsinka y – sjølvsagt. Klokka 01:05 var eg heime igjen på hybelen i Trondheim. Og det var godt at eg ikkje hadde tidleg undervisning komande måndag morgon.

Ei møtehelg er ikkje berre å si e rundt eit bord, der du les eit he e og diskuterer, det skjer ein heil del anna også. Du kan gå på bruktshopping i lunsjpausen, ta bilete med så mange Ivar Aasen-ar du nn eller gå på umesamisk-konsert. Du får tre e og bli kjend med andre dialekt- og språkinteresserte ungdomar. Og du får vere med på å diskutere og bestemme kva som skal skje i organisasjonen.

25

INTERVJU PÅ RUNDGANG

Kven er du?

Eg er Guri Aronsen-Ystad, 17 år, går på Bergen Katedralskole og er med i Ka en Målungdom

Korleis kom du med i NMU?

Eg kom med i NMU fordi eg vart kjend med Sylvelin [Bækken To , red. mrk.], og ho skulle på jubileumssamlinga på Lillestrøm. Så eg vart med som den andre 05-aren, og då me var der så trengte dei å ha endå ein til i styret, og då vart det eg som må e sidan eg var den einaste andre 05.

Fortel li om den fyrste tilskipinga du var på: De e var jo eigentleg den fyrste tilskipinga eg var på, og det var veldig kjekt. Me frå Ka en utgjorde, om eg ikkje hugsar feil, over halvparten av dei som var der, så eg vart både betre kjend med dei frå Ka en, men også dei frå andre lokallag. Eg hadde det så kjekt, og mykje Ligre o, loddtrekning og sosiale og lærerike hendingar slår jo aldri feil.

Kva bok har du på na bordet di ? Akkurat no les eg Skråninga av Tiller, men eg har jo ein bunke med bøker på na bordet, og der ligg Fugletribunalet av Agnes Ravatn,

Guri til venstre. Foto frå @ka enmalungdom då dei demonstrerte for digitale læremiddel på nynorsk.

Brørne Karamasov av Dostojevskij (på bokmål diverre) og Låst skap av Paula Fox.

Skjer det noko spennande i lokallaget di ?

I Ka en Målungdom skal me snart ha jolebord, så det er mest det me jobbar med akkurat no. Men elles så skal me planleggje li det som skal skje framover :))

Kven vil du gje stafe pinnen vidare til?

Eg gir stafe pinnen vidare til Pernille Fosse<3

Vil du skrive i Motmæle?

Me tek imot alt av sjangrar og tematikkar.

Brenn du inne med ein idé? Har du ein diktar i magen? Har du ein illustrasjon du vil få ut?

Send oss ein e-post på bladstyret@malungdom.no, så vil me vurdere teksten din fortløpande!

Neste blad kjem i mars!

Bilete: Fri e er Lars Osa, Ivar Aasen i sin stue (1895)
LYSING 26 Motmæle 3-2022

KALENDEREN

14. januar 27.–29. januar 17.–19. februar 17.–19. mars 21.–23. april

Vinterleir på Fosser. NMU skipar til vinterleir på Fossheim leirstad i Akershus. Me kan ikkje garantere snø, men me kan garantere at Ruth Vatvedt Fjeld kjem for å tale om banning!

Bergenskonferansen. Ka en Målungdom og Bergen Mållag skipar til Bergenskonferansen 2023. Kom og bli med for ein fagleg og kulturelt spekka dag i Bergen!

Studentsamling. Studentmållaget i Tromsø inviterer til studentsamling i Tromsø . Møt studerande målungdomar frå heile landet. SmiT byr på både interessante innleiingar og kjekke aktivitetar.

4. Landsstyremøte

Landsstyret tre est for erde gong i perioden. Blir det sumarleir på Færøyene? Får NMU ny gra sk pro l? Følg med og nn ut! Jógvan kjem, kjem du?

Landsmøte 2023

Utsendingar frå alle lokallaga møtest for å diskutere og vedta kva Norsk Målungdom skal meine og gjere det komande året.

Ordhistoria – lik

Eg likar hesten.

Trond Tynnøl

Lik er eit ord med mange tydingar, og det har det ha lenge. Vi kan konstruere opphavet heilt a ende til proto-indoeuropeisk, der ordstamma *leyg-, tydde liknande, lik eller jamn. Av de e ordet vart det danna eire ulike ord på proto-germansk. Verbet *līkāną tydde fyrst å vera lik, medan substantivet *līką tydde kropp. Kanskje kroppen er det ein sjølv er lik?

E er kvart vart tydinga til desse ordna endra og utvida: *līkāną fekk tydinga å gjera til eds, med den som vert tilfreds som eit objekt i dativ. Kanskje kunne ein proto-germansktalar seia noko som «*hangistaz līkaiþi miz» – bokstavleg «hest likar meg» – om han likte hesten sin. Den som likar står altså i dativ, og slik er det enno på moderne islandsk og færøysk! Sjølve ordet er li kortare i dag: líka uti Vesthavet og like her i Skandinavia. Vi fastlandsskandinavar har a påtil endra på kasusa, så den som likar står i nominativ:

Substantivet *līką gjekk òg gjennom ei endring. Allereie i proto-germansk fekk det lagt til tydinga daud kropp og i norrønt tydde substantivet lík berre de e. Den tydinga står a i dag, men nokre restar av den levande tydinga kropp har heldt seg. Ei døme er liktorn, som jo er ein slags torn i kroppen, ikkje i eit lik. Ei anna er ordet lekam som kjem av proto-germansk *līkahamô, altså kroppshamen.

Men lik nøya seg ikkje med å vera verb og substantiv – det skulle verte adjektiv òg! I proto-germansk kom endinga *-līkaz til, for å skildre noko som var likt – som likna – det ordet endringa vart lagt til. Av *fadēr kunne ein til dømes danne *fadurlīkaz – fader-lik. Eller som vi seier i dag: faderleg. Her kjem altså -leg-endinga vår frå! Med forstavinga *ga-, som tydde (det) same eller saman laga ein adjektivet *galīkaz. De e vart fyrst glíkr i eldre norrønt, og e er kvart líkr. Den norrøne tydinga kjenner vi enno i dag, re og sle lik eller liknande. I nokre høve kunne det tyde god, og jammen er ikkje det ei tyding vi har i dag òg, iallfall når vi gradbøyer lik. Vi håpar på likare vêr i morgon og kan prate om den likaste jenta i grenda. Eg vonar Motmæle er blant det likaste du har få i postkassa denne veka!

27
Foto: seemonster, canva.com

Opplev dikt og songar frå mange tider og verdshjørne.

Få innblikk i kva dikting og journalistikk fortel om og tyder for oss.

nynorsk.no nynorsk.no nynorsk.no

VELKOMEN TIL HAUGESENTERET VELKOMEN TIL VINJESENTERET VELKOMEN TIL AASENTUNET Foto: Ingvill Skeie Ljones Foto: Kib & Morits ANNONSE 28 Motmæle 3-2022
Opplev forteljingar om kva språk har å seie for menneska.
Illustrasjon: Agnete Aas Haukås

NYTT I NYNOREG

Nytt lokallag i Telemark: Tysdag 8. november vart Studentmållaget i Rauland skipa ved Raulandsakademiet (USN Rauland) i Vinje kommune. Studentmållaget har få forkortinga SmiR, passande for ei universitetsavdeling som mellom anna tilbyr studium i folke- og tradisjonskunst. Me er spente på å sjå kva det nye studentmållaget nn på i framtida.

Sommarleir på Færøyene?: Landsstyret se e i november ned ei nemnd som skulle gjere greie for moglegheitene for å ha sommarleir på Færøyene sommaren 2023 eller 2024. Blir det sommarleir på Færøyene, er de e andre gongen i soga til NMU.

Rapport om språkbyte: Nynorsksenteret har på oppdrag frå Språkrådet undersøkt og kartlagt årsaker til at elevar byter hovudmål frå nynorsk til bokmål. I rapporten dei lanserte i slu en av oktober presenterer dei funna, følgt av ei rekke tiltak for å stogge språkbytetrenden. Fleire av både årsaksanalysane, så vel som tiltaka har vore delte av Norsk Målungdom i eire år allereie, og me tek vel imot rapporten.

Den nynorske forlagsfloraen har fått eit nytt, gamalt tilskot: Fonna Forlag, forlaget som gav Jon Fosse avslag i 1981, vart skipa i 1933/34 og har gjeve ut klassikarar som Norsk Allkunnebok

Motmælekvissen

Kvissmeister Agnete Aas Haukås

I sesong

gjennom den første landslova?

7. Kven var antakeleg den første kongen som lærte å lesa, og har tilnamn som tyder den rolege?

8. Kva for norsk konge regjerte over det største landområdet?

9. Kva for konge vaks opp i Gardariket før han blei henta heim til trona?

(1948-1966) og julehe a Vangsgutane og Ingeniør Knut Berg. No har forlaget få ny eigarskap og styre. Under leiing av Kjartan Helleve og det nye styret er forlaget i full gang med nye prosjekt og utgjevingar.

Målprisen 2022 til Kari Huus: Kari Huus mo ek den gjevaste utmerkinga til Noregs Mållag for over førti år med arbeid for det nynorske språket som manusredaktør i Det Norske Samlaget. Gjennom arbeidet i Samlaget har ho trygga at forlaget har levert li eratur på god, stødig og re nynorsk, og gjort at mange forfa ar har bli trygge i nynorsken, og halde fram som nynorskforfa arar.

2. Kva heiter krydderet som set særpreg på lusseka ane?

3. Kva år vart Grevinnen og hovmesteren laga?

10. Kven av dei norske kongane var halvbror til Eirik Blodøks?

13. Er Agnes Ravatn sin nyaste roman nominert til Brageprisen? 14. Gjekk dialektprisen til ein fotballspelar i år?

4. Verdscupen i langrenn nn stad i mellom anna to nske byar denne sesongen. Nemn éin av dei.

5. Advent kjem av to latinske ord, ad og venire, kva tyder dei?

Håkon, Magnus eller Olav?

6. Kven av Noreg sine tidlegare kongar fekk

Ja eller nei

11. Har Språkrådet adventskalender i år?

12. Er Færøyene med i NATO?

15. Er kusu, frå dyrefamilien snohalepossumer, eit dyr ein nn i Sør-Amerika?

Redaksjonen ber om orsaking: Kvissmeister i førre Motmæle var Rasmus Tennø Loe.

1 til 4 poeng: Det er lov til å ha ein dårleg dag, men ikkje ein så dårleg dag. 5 til 8 poeng: Du er sikkert betre i andre kategoriar. 9 til 12: Ikkje verst, men du er jo målungdom :)) 13 til 15: Wow!

den gode (Magnus 1. Olavsson), 10. Håkon den gode (Håkon 1. Adalsteinfostre), 11. Ja, 12. Ja, 13. Nei (men ho vann Bokhandlarprisen!), 14 Nei, 15. Nei

Fasit: 1. Odd Nordstoga, 2. Safran, 3. 1963, 4. Ruka og Lahti, 5. “Til” og “kome”, 6. Magnus Lagabøte (Magnus 6. Håkonsson), 7. Olav Kyrre (Olav 3. Haraldsson), 8. Håkon den gamle (Håkon 4. Håkonsson), 9. Magnus

31

Ei adjektivhistorie av Dordi Boksasp Lerum

Ein ______ ny medlem er fødd

I dei _____ dagane lét den _____ keisaren Tobias lysa ut at det skulle teljast medlemstal i heile Norsk Målungdom. De e var den 61. gongen dei tok medlemstal, og det hende medan den____ erkerivalen Peder var høvding for Noregs Mållag. Alle dei ____ målungdomane reiste då til den _____ Skrivarstova for å betale dei ____ medlemspengane og skriva seg inn i det ______ medlemstalet.

Den ____ fyren Olav fór frå den ____ garden Spødavoll i Bjerkreim og opp til den _____ Skrivarstova, for han høyrde til keisar Tobias’ hus og æ og medlemstal og skulle skrive seg der. Den _____ festarmøya hans Frida var med han. Ho venta då ein ny medlem. Kort sagt: Ho fødde ein ____ ny medlem. Sidan det ikkje var lov å overna e på den _____ Skrivarstova, må e dei saman sjekke inn på Bondeheimen. Der sveipte den _____ Olav medlemen og la han i ei _____ krubbe.

Det var nokre _____ sentralstyremedlemmar med namn Marit, Rasmus, Mathilde og Synne i grannelaget som låg ute og passa på nynorsken om na a. Best det var, stod ein engel frå det _____ Språkrådet framfor dei, og Språkrådets ______herlegdom lyste kringom dei. Dei _____ sentralstyremedlemmane var fælande redde. Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Eg kjem med bod til dykk om at ein ny medlem i Norsk Målungdom er fødd! Finn ein baby som er sveipt og ligg i ei krubbe på Bondeheimen».

Då den _____ engelen frå Språkrådet hadde fare frå dei og a ende til himmelen, sa dei _______ sentralstyremedlemmane til kvarandre: «Lat oss gå til Bondeheimen og sjå de e som har hendt». Så skunda dei seg dit og fann Olav og Frida og den nye medlemmen liggande i den ____ krubba.

E er de e vart det ein _____ fest i målrørsla som varte i mange år. Til og med den _____ erkerivalen Peder var med på festen. Og snipp, snapp, snute så var historia om det ______ nye medlemmen ute.

RETUR: NORSK MÅLUNGDOM, LILLETORGET 1, 0184 OSLO
Skrivarstova Bondeheimen
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.