Page 1

MOTMÆLE GJEVE UT AV NORSK MÅLUNGDOM

FRAMHALD AV EG 34. ÅRGANGEN nr.2/20


ANNONSE

2

Kjærleik til ekte vare går i arv


BLADSTYRARTEIGEN INNHALD Bladstyrarteigen: s. 3 Leiarteigen: s. 4 Å vera sosial på nettet: s. 4–5 Kjætten: s. 6–7 Framtidas målungdomar er på Tiktok : s. 8–9 Nynorsk for utlendingar: s. 10 Mål og mimring: s. 12 Filmspalta: s. 13 Internasjonalt: s. 14 Nynorsk er eit kvardagsspråk: s. 15 Podspalta: s. 18 Grunnlovsfeiring med SmiN: s. 19 Det nye SST: s. 20–21 Skrivarstova i koronatida: s. 22 Brennegopler og langføtingar: s. 23 Hægstadnormalen: s. 24–25 Opplæringslova: s. 26–27 Coronatid: s. 28–29 Koronakviss med SmiB: s. 30 Morosider: s. 31 Sisteordet: s. 32

nr. 2/20 Norsk Målungdom Lilletorget 1 0184 OSLO E-post: norsk@malungdom.no Telefon: 23 00 29 40 ISSN: 0809-2109 Bladstyrar: Håkon Remøy Økonomiansvarleg: Oline Rekdal Bladstyremedlemer: Ingvild Nese Rasmus Tennø Loe Bladbunad: Anna Sofie Ekeland Valvatne Korrektur: Tobias Christensen Eikeland Prenteverk: Merkur Grafisk AS Tinging (eitt år): 200 kr Sal av lysingar: Rimelege prisar etter avtale. Ta kontakt på norsk@malungdom.no Bidrag: Me tek gjerne imot stoff frå lesarane. Artikkelforfattarane står sjølve ansvarlege for innhaldet i artiklane sine.

DET GÅR SEG TIL

S

idan førre bladet kom ut, har mykje ikkje vorte som det skulle. Me hadde mellom anna ein heil del lysingar som ynskte oss godt landsmøte på Ås. Men det vart stogga av den store pandemien. Berre staden vart annleis, i staden fekk me prøvt oss på nettlandsmøte på same dato. Vonleg var det fyrste og siste landsmøte som vert halde digitalt i Norsk Målungdom. Medan sumarleiren vår vart bytt ut med zoomarleir. Det er bra for ein samskipnad på snart 60 år å tenkja litt nytt. Men me er heldige på den måten at me stendig får tenkt nytt, aldersgrensa for å ha røysterett er 30 år, so ingen kan halda fram for all framtid. Og me får jamleg nye folk inn i landsstyre og sentralstyre kvart år. Slik sett vert ikkje samskipnaden statisk. Men me har likevel hatt våre faste rutinar kvart år, og me har nok ikkje tidlegare nytta oss fullt so mykje av nettet som me har kunna. No har det meste vore digitalt, og det har gått greitt. Det er altso ein del som ein kan taka med seg til livet etter koronaen. Innimellom alt dette kjem andre ting og aspekt som er særs viktige, det menneskelege. No

er mykje byrja normalisera seg att, mange har allereie fått vore på skule ei stund eller på arbeid. No som det er sumarferie, bør me tenkja kva me har lært av den siste tida – og kva me bør gjera framover. Har ein tid til å gjera ein ekstra innsats for nynorsken? Kan ein taka att litt lokallagsaktivitet? Det er mykje ein kan gjera, men det viktigaste er helst å kvila litt i sumar og vera klar for å taka i eit tak til hausten når språklova kjem. Mest av alt vil eg oppmoda dykk til å taka vare på kvarandre.

Håkon Remøy


4

LEIARTEIGEN

FØLG MED PÅ LÆREMIDLA I HAUST!

T

NORSK MÅLUNGDOM PÅ INSTAGRAM

il hausten skal dei nye læreplanane bli tatt i bruk. Undervegskarakterane i hovudmål og sidemål skal bli slått saman og sidemålet skal bli vurdert «snillare». Det gjenstår å sjå korleis dette påverkar skolen og nynorsken i praksis. Som sikkert fleire andre som les denne teigen, var eg del av eit forsøk med samanslåtte karakterar i norsk da eg gjekk på vidaregåande. Heldigvis for meg utnytta norsklæraren min sjansen til å bruke ein heil termin på berre nynorsk. Vi fekk oss ein real språkdusj, og vi blei sikrare i nynorsk. Dessverre fryktar vi i Norsk Målungdom at mange lærarar ikkje kjem til å bruke denne sjansen til å gi elevane sine meir nynorsk, heller tvert imot. Vi håpar derfor at dokker kan gi oss beskjed om korleis dette går på nett din skole. Får du meir eller mindre nynorsk det neste skoleåret? Med dei nye læreplanane kjem det også eit heilt nytt sett med læremiddel, både vanlege bøker og digitale læremiddel. No når skolane uansett skal kjøpe inn nye læremiddel, er det ein ypparleg sjanse til å sørge for at dei har nok nynorske læremiddel til alle nynorskelevane sine. Dei får også sjansen til å velje bort digitale læremiddel som ikkje er tilgjengelege på nynorsk. Den sjansen håpar vi at dei tar! Vi veit at dei førre gongane det

har komme nye læreplanar, har det ofte tatt lang tid for nynorskelevane å få læremidla sine. For mange er læremidla det einaste handfaste dei har som tilseier at dei er nynorskelevar. Nynorske læremiddel er dermed eit viktig tiltak for å sikre at fleire elevar klarer å halde på språket sitt. Å sikre nynorske læremiddel kjem ikkje av seg sjølv. Derfor treng vi kvar og ein av dokker i tida som kjem. Følg med på skolen din og i nærmiljøet. Får du læremiddel på nynorsk? Om du ikkje gjer det, bryt skolen din lova. Når slike lovbrot skjer, er det viktig å seie frå. Det kan vere vanskeleg å stå aleine i det, men frykt ikkje! Det er dette Norsk Målungdom er til for. Gjennom Klageportalen vår hjelper vi deg å klage om du ikkje har fått læremidla dine på nynorsk. Det kan også vere godt å ha eit lokallag i ryggen. Om du kontaktar oss, hjelper vi deg med å komme i kontakt med lokallaget ditt, eller å skipe eit om det ikkje allereie finst. Lykke til med skolestart!

Gunnhild Skjold

Bilete: Skjermdump

aros @sminid je er i karank Me som ik n til Nova re tu tene tok Me s åg ld e v kino ik ed ro (F st 2)️ m Jiknon 2 k rs o n le (og samisk ta leik #frost2 in tekst) #sm

@smibergen Heildigitalt styrem øte!

@malungdom I dag er det 15 år sidan kvensk blei anerkjent som eige språk! Me i Norjan Kielinuoret ropar hurra for det kvenske språket og gratulerer med jubileet!


5

Å VERA SOSIAL PÅ NETTET TOBIAS C. EIKELAND

D I S CO R D

N

oko av det eg likar best med organisasjonslivet og Norsk Målungdom, er det sosiale. Å kunna møte folk, tala om språk, spela Ligretto, og så mykje anna. No i meir digitale tider har ein klart å ha både

@malungdom I dag har vi vore på møte med @noerehorg! Vi er samde om at den nye språklova seier mange fine ord, men manglar konkrete tiltak #språkmangfald

landsmøte, landsstyremøte og sentralstyremøte, og ein heil Zoomarleir med masse innleiingar. Men gjennom dette får ein berre med seg ein liten del av heilskapen i det å vera aktiv i ein organisasjon. Ein får ikkje vore sosial på same måten som før. Etter å ha kjent dette på kroppen ei stund byrja me å tenkje på korleis ein skulle kunna få ei eller anna erstatning for dette. Etter litt fram og tilbake enda me på at me skulle prøve å bruke tenesta Discord. Mange som les dette, har høyrt om Discord frå før,

@fronmalungdom Fron Målungdom har tatt sommarferie, men den siste veka hadde @malungdom tilskiping! Me deltok på #zoomarleir og slo også til med ei avslutning onsdag, der vi åt pizza og andre godsaker!

men eg trur det er ein del som ikkje anar kva det då er snakk om. Discord er ei teneste som gjer det veldig lett å vera i lag sjølv om ein ikkje er på same staden. Det er bygt opp kring ulike kanalar med ulike tema, der ein kan prata om kva ein vil. Det finst òg talekanalar om ein har lyst til å ta det munnleg i staden. Det finst ein musikk-kanal der ein kan høyre på god nynorsk/ færøysk/islandsk musikk, ein dialektkanal for dei som likar å snakke om det, ein kanal for dei som spelar i Minecraft-verda vår, og ein kanal for sentrale tilskipingar, slik at ein mellom anna

@studentmållaget Det byrjar å nærme seg 17. mai, og me i Studentmållaget i Oslo skal halde kransenedlegging ved grava til Ivar Aasen. Me inviterer både studentar og andre til å bli med!

kunne få med seg når neste Zoomarleir-innleiing var. Om du har lyst til å verte med på tenaren vår, kan du gå til discord.gg/PGQ JQk8. Me har kjempelyst til å få med fleire på moroa, og det er jo ein utruleg fin måte å framleis vera sosial på. Men mest av alt gler me oss alle sjølvsagt til å kunna møtast fysisk att!

Illustrasjon: Marta Lakowska

@nyn o Roma rsk_ tinde r ntikk ie leg tid . #kor i vanskeona


6

Marit Absolutt! Det er mange som er opptekne av å ta vare på nynorsken og dialektane som ein del av kulturarven og identiteten vår Men det er nok ikkje so mange unge som er opptekne av akkurat nynorsken i min del av landet

Målungdommar er engasjerte i både stort og smått. Me har tatt oss ein prat med Marit Voldsund Fjeldvær og Jonas Økland, som begge er aktive i NMU og i kvar sitt ungdomsparti. Hei Marit og Jonas! De er begge to med i kvart dykkar ungdomsparti, ikkje sant? Marit Hei! Ja, det stemmer! Eg er med i Sosialistisk Ungdom og er nestleiar i fylkeslaget her i Trøndelag

Jonas Ja, trur det kjem veldig an på geografien. Dei fleste ungdomspolitikarane eg kjenner frå heime på Vestlandet, nyttar og ynskjer ein sterk nynorsk, sjølv hjå oss Marit

Jonas Korrekt! Eg vart med i DKSF, som er studentlaget til Unge Høgre her i Oslo, då eg flytta hit for å studere, og sit no i styret der! Kult! So de er både målungdommar OG ungdomspolitikarar? Korleis er det?

Ikkje sant! Då er det fint med folk frå Vestlandet rundt om i alle organisasjonar, slik at det alltid er nokon som kjempar på nynorsken! Sjølv i organisasjonane med god språkpolitikk blir nynorsken ofte gløymd. På landsmøta våre må nokon alltid føreslå at dokumenta skal vere på begge skriftspråka før folk flest tenkjer over det. Då er det alltid like kjekt når Vestland SU tek ansvar<33 1

Jonas

Jonas

Spanande! Spesielt i Høgre, der me treng fleire målfolk som er engasjerte Målsaka er jo ikkje noko som ofte blir diskutert i partiet mitt, så då er det godt å ha ein annan arena eg kan ytre meg på om det!

Får de gjennom det altså? Dokumenta på båe skriftspråk?

Marit Det er fantastisk! Det gir meg moglegheita til å ta med meg det eg lærer gjennom Norsk Målungdom inn i SU, slik at eg kan bidra til at språkpolitikken blir enda betre! Mykje av den gode språkpolitikken er allereie på plass, men det er fint å kunne kome med djupare innsikt og meir konkrete tiltak Er det mange i ungdomspartiet dykkar som er opptekne av språk ? Jonas Det er nok både og. Høgre trekkjer nok ikkje den største delen av målrørsla. Der trur eg de er mykje betre, Marit! 1

Marit Absolutt! Alle skjønar at det er ein god idé når nokon først føreslår det Jonas Sjeldan det er noko eg sterkt skulle ynskt å stela frå sosialistane, men akkurat her trur eg at de har funne ei god oppskrift 1


7

POLITIKK Jonas

Åh ja! All forskjell i verda. Det er godt me er samde om målsaka i NMU, for eg trur nok Marit sin fløy er ganske mykje meir overrepresentert i NMU enn i min. Difor eg må prøve å jamne ut Og det å ta opp nynorsk hjå meg, spesielt her som eg sit i Oslo, vil nok vera ein motbakkekamp. Då kan eg vera samd om det i NMU med dei engasjerte der, og så kan eg ta dei andre sakene i Høgre!

Men politikken, då? Påverkar partipolitikken dykkar korleis de er som målungdommar? Marit Ja, deg vil eg seie. Spesielt i saker som har med organisasjonsstruktur å gjere. På landsstyremøta vil eg alltid stemme på dei forslaga eg meiner best sikrar demokratiet, og eg vil alltid vere ein maktskeptikar

Marit Tja, i varierande grad. Ein har sjølvsagt mykje til felles som ungdomsorganisasjonar, men eit ungdomsparti har politikk på mange fleire område enn NMU. Det gjer at ein i SU ikkje kan diskutere rettskrivingsreformer i fleire timar utan at nokon sovnar, slik ein kan i NMU Jonas Veit ikkje kor lenge eg hadde orka å diskutere rettskrivingsreformer før augelokka hadde blitt tunge, sjølv i NMU

Jonas Ja, absolutt. Eg trur det er mykje forskjell på korleis ein framsnakkar nynorsk. I mine trakter så hjelper det å bruke argument om kulturarv mellom anna, noko som eg synest er viktig. I tillegg vil eg jo gjera det best mogleg for enkeltindivid å leve kvardagen sin, så eg ynskjer jo at me skal ha eit skriftspråk tilpassa meg.

1

Det er jo mange som vel seg ein organisasjon dei er aktive i. Kvifor har de valt å vera so aktive både i ungdomspolitikken, og i målrørsla? Jonas Målrørsla er ein spesielt viktig sak for meg! Synest det er vanskeleg å finne hjartesaker (heile samfunnet er jo så interessant!), men dette er definitivt ei. Då kan eg hente kompetanse, engasjement og nettverk frå NMU og ta med inn og farge språkpolitikken til Høgre!

I tillegg er det jo ein del økonomiske spørsmål i det å nytte to skriftspråk til dømes på dokument i offentleg sektor, slik at det må lagast to. Men pengar er ikkje til for å sitje på bok, dei er til for å prioriterast

Marit Eg er aktiv i ungdomspolitikken fordi eg brenn for so mykje forskjellig. Det var igjennom SU eg vart med i NMU. Og når ein først har vore borti målrørsla er det umogleg å ikkje elske målrørsla, so då vart eg verande 2

Urg, eg trur eg må seia ha det! Her på Stord er det nesten 30 grader (!!!) Må nok ut for å bada Takk for praten! Marit 1

Er det stor forskjell på NMU og ungdomspartia?

Takk for praten! Det var kjekt Jonas Takk sjølv, her står eit iskaldt glas med Cola for tur, og litt steiking i sola! Ha ein fin dag vidare!


8


9

FRAMTIDAS MÅLUNGDOMAR ER PÅ TIKTOK! DORDI BOKSASP LERUM

TIK TOK AR

I

nnimellom diskusjonar om ny språklov, nynorsk kvardag-kampanje, nye statsrådar og høyringssvar til opplæringslova har ein heilt ny debatt dukka opp i målrørsla: TikTok-debatten. Men kva er eigentleg TikTok? Og kvifor er det so viktig at Norsk Målungdom får seg det? Kort sagt er TikTok eit sosialt medium og videoredigeringsapp der ein enkelt kan lage og redigere korte filmsnuttar. Ein slik filmsnutt vert gjerne kalla for ein tiktok, og ein person som legg ut ein tiktok, vert gjerne kalla for ein tiktokar. Vidare kan ein dele desse tiktokane, og/eller sjå på andre sine tiktokar. Sjølv er eg sjølverklært TikTok-veteran, og lasta opp min fyrste video på det som då heitte Musical.ly då eg var 13 år gamal i 2016. Sidan då har det skjedd mykje. Mediet har bytt namn til

TikTok, og er i dag eit av dei raskast veksande sosiale media i verda. Undersøkingar Medietilsynet gjorde tidlegare i år viser at so mykje som 65 % av alle norske ungdomar mellom ni og 18 år er brukarar av TikTok. Det er grunn til å tru at talet er aukande. Akkurat det er kanskje hovudgrunnen til at eg meiner det er på høg tid at Norsk Målungdom ogso lastar ned appen. TikTok har altso over 360000 norske brukarar, og alle er i vår målgruppe! TikTok vil vere ein framifrå god arena til å formidle politikk og historie, møte grasrota og skape debatt kring målsaka, på ein informerande, morosam og nytenkande måte! Algoritmane på TikTok gjer at det er mykje enklare å «gå viralt» samanlikna med Instagram, Facebook og Twitter. Dette er ein god grunn til at å bruke tid og ressursar på TikTok på skrivarstova i eit organisasjonsøkonomisk perspektiv vil løne seg. Sentralstyret sine mest nytta motargument er at «TikTok er so kleint!», og «vi har jo allereie både

Facebook, Instagram og Twitter». For å ta det fyrste fyrst: TikTok er ikkje kleint med mindre du gjer det kleint. Og eg vel å tru alle sentralstyremedlemar og skrivarstovetilsette har ein sopass høg sosial intelligens at faren for å bli som «bestemor på Facebook» er liten. Dessutan burde ei varskolampe lyse når ungdomane som sit i sentralstyret ikkje kjenner seg ungdomlege nok til det mest ungdomlege i heile verda no for tida. So til det andre. Det at vi nyttar oss av andre sosiale medium, tyder ikkje at vi ikkje kan få oss fleire. Om det er kapasiteten på skrivarstova som gjer det vanskeleg å ta i bruk TikTok, meiner eg at vi heller kan trappe ned på andre sosiale medium. Til dømes vil eg tore å påstå at svært få vanlege ungdomar i vår målgruppe har Twitter. For heilt ærleg; ingen vanlege døyande under 30 år har Twitter. Ei kort og uformell spørjeundersøking på skulen syner at éin av 24 ungdomar mellom 17 og 19 år har Twitter. Likevel tyder ikkje det at eg meiner

at Norsk Målungdom burde slutte å nytte seg av Twitter – tvert om, det trur eg ville vore uheldig. Poenget mitt er at vi treng båe delar. Twitter for å nå ut til «viktige» og vaksne folk, TikTok for å bygge organisasjon, skape fellesskap og møte neste generasjon med målungdomar. For vi er Norsk MålUNGDOM. Vi kan ikkje gro fast i gamle vanar når vi skal representere ungdomen og framtida i ei rørsle som somme vil seie er både hårsår og mosegrodd. Heile Norsk Målungdom som organisasjon står ovanfor eit generasjonsskifte: skal vi halde fram med å sose rundt med strikketøyet i den eine handa og twittereliten i den andre? Eller skal vi vere kule, interessante og nytenkande tiktokarar? Framtidas målungdomar er på TikTok! Illustrasjon: Anna Sofie Ekeland Valvatne.


NYNORSK FOR UTLENDINGAR ANDREW RABBIT

N Y- N O R S K

S

om ein klart kan sjå frå namnet mitt er eg utlending, med engelsk som morsmål. Eg byrja å lære norsk for snart 6 år sidan av di eg ville lese dei norrøne sogene på eit språk nærmare det dei var skrivne på. Det såg ut som om det var fleire nettsider eg kunne bruke for å bli heilt flytande – Duolingo, Babbel, Memrise osb. Men ein ting mangla. Ein ting som førte til at eg ikkje skjønna kva dei fleste sa til meg. Eg forsto berre folk frå Oslo fram til det tredje året, då eg byrja å lære dialekten frå Karlsøy kommune, NordTroms. Eg kunne skriftleg norsk no, tykte eg, så munnleg norsk skulle bli enkelt. Det tok meg rundt to år til før eg såg kvifor eg sleit så mykje – systemet eg hadde skrive på heile tida var ikkje i samsvar med det munnlege. Eg sa «dokker», men måtte skrive «dere». Ei setning som «æ blir å gjære de men må fare heim att først» måtte eg

skrive «Jeg kommer til å gjøre det men må dra hjem først». Så klart veit eg om radikalt bokmål no, men det gjorde eg ikkje då! På den tida hadde eg nett starta eit utvekslingsår i Bergen ved universitetet, og i første semesteret tok eg eit kurs med namnet «Kurs i norsk språk og kultur for framandspråklege studentar, trinn 3». Trass i namnet var heile kurset på munnleg og skriftleg bokmål. Og det hadde vi ikkje noko val om. Ein av timane handla om nynorsk. Vi lærte korso dei to skriftspråka var forskjellige, og korso bokmål ættar frå dansk, mens nynorsk blei grunnlagd på dialektane. Plutseleg klikka noko i hugen. Det var då eg sette meg føre å skrive på nynorsk. Det var ikkje lett – eg måtte gjere alt aleine gjennom bokmål – men eg klarte det. Etter alt dette såg eg at eksamenen berre var på bokmål, og det var ikkje noko eg kunne gjere med det. «Det går greitt,» tenkte eg, «det gjeld berre hausten. Eg får ha eksamen på nynorsk på trinn 4 i vår!» Det fekk eg ikkje. Trinn 4, det som går vidare enn det ein må vite for å studere på eit norsk universitet, var òg berre på bokmål. Dette verka urettferdig. Eg trudde skriftspråka var jamstilte. Men det såg ut som om det

berre galdt blant nordmenn, ikkje studentar som meg. Det er verdt å seie at dette ikkje var første gong eg høyrde om nynorsk. Eg blei med i ein Discord-tenar som heitte English-Norwegian Language Exchange sommaren 2016, og der var det fleire som skreiv på nynorsk. Eg kunne lese det lenge før eg bytte hovudmål, men å skrive det var noko heilt anna. Nokre få år seinare, og no eig eg (etter litt drama) ein tenar som heiter Norwegian-English Language Learning Exchange (NELLE), der mange nybyrjarar har ei liknande erfaring med det eg hadde før. Dei fleste lærer seg bokmål, sidan alle ressursane er engelsk–bokmål. Ingenting på nynorsk. Fleire vil lære nynorsk, men fleire er redde grunna mytar og ein mangel av ressursar på eit språk dei kan. Eg spurde nokre av dei kva dei meiner om nynorsk, og svara eg fekk, synte fram det same biletet eg fekk då eg starta. «My main course is in bokmål and there are literally no courses to learn nynorsk. Even if i tried - at best I could find a private teacher, but that would get crazy expensive.» «My view on Nynorsk is that it is a beautiful variation of Norwegian that is

underrepresented in terms of resources for me as a learner to look at. It’s almost as if it’s the next step after you’ve got a understanding of bokmål...» «I wish there were more resources for nynorsk from English, it seems like a very difficult thing to learn off the bat» «Due to [nynorsk’s] lack of popularity in Norway... it seemed more worthwhile for me to learn bokmål.» Meldinga er klar. Nynorsk er skremmande for dei. Ingen får lære nynorsk med mindre dei kan bokmål først. Nokre vil ikkje lære nynorsk sidan det ikkje verkar nyttig. Verda ser på bokmål som den einaste forma for norsk, eller den viktigaste. Nynorsk er berre noko på sida. Ein kan gløyme det. Om vi strir for jamstilling, burde ikkje ressursane vere på begge språk? Eg meiner første steget blir nok å kjempe for eit Duolingo-kurs på nynorsk. Fleire har spurt, men ikkje noko svar har komme. Lat oss lære bort målet vårt! Illustrasjon: Oda Agathe Osland


11

INTERVJU PÅ RUNDGANG

med Linn Merete Bod Nes

K V EN E R DU? Eg er ei 18 år gamal bygdejente som trivst betre blant potetåkrar og beitet enn det bylivet kan tilby. Akkurat no er eg ferdig med vidaregåande og skal byrje å studere til hausten, før eg skal eit år i førstegongstenesta.

prat med dei. Nokre månadar seinare melde eg meg inn når ein kjenning tykte at det var på tide. Det var altso i all hovudsak jakkemerka som fekk meg til å melde meg inn, men eg kan jo ogso seie meg samd i politikken.

KORLEIS KOM DU ME D I NMU? Eg kom i kontakt med Sumarøyo målungdom første året mitt på vidaregåande då dei hadde stand på Fitjar. Eg hadde veldig lyst på eit av dei flotte jakkemerka og kom i

FORTE L L I T T OM DE N F YR STE T IL SK IPING A DU VAR PÅ: Den første tilskipinga eg var på var sumarleiren i Søgne i 2018. Allereie på vegen dit vart eg kjend med andre frå NMU, og so langt har eg berre

møtt flotte ungdommar i organisasjonen. Det eg hugsar best, er fotballturneringa, bading, spreiing av «nynorskpropaganda» i Kristiansand, teiknspråkkurs og sjølvsagt seine kveldar med bordtennis og Ligretto; der eg trur ei usunn tilknyting til kortspelet starta. K VA BOK HAR DU PÅ NAT TBORDET DI T T? Akkurat no har eg byrja på den første boka i trilogien «The Hunger Games». Det går førebels veldig seint, men eg vonar å få lese meir i sumaren.

SK JE R DE T NOKO SPE NN A N DE I LOK A LL AG E T DI T T? Me har prøvd å få i gang meir aktivitet på Instagram, i tillegg har me hatt ein klistremerkeaksjon. Målet for tida er å verte meir synleg, spesielt for lokalbefolkninga her på Sumarøyo.. K V E N V IL DU G JE S TAFET TPINNEN V IDARE T IL? Sofie Frantsen

ANNONSE

Ei lita avis kan gjere stor forskjell. Klassekampen gjer ytrings- og meiningsmangfaldet større.

PRØV

Hadia Tajik nestleiar i Arbeiderpartiet

GRATIS I TRE VEKER

Klassekampen tar i bruk heile det norske språket for å skriva om heile verda. Kjartan Fløgstad forfattar

Eg les Klassekampen på grunn av god dekning av litteratur og teater.

Send sms ABO 3670 til 1960

Jon Fosse forfattar og dramatikar

Stoppar automatisk


12

MÅL OG MIMRING: HEGE MYKLEBUST

Bilete: Noregs Mållag

N

orsk Målungdom vart skipa i 1961. I Motmæle intervjuar me tidlegare medlemmar i Norsk Målungdom. Denne gongen er det Hege Myklebust, som var skrivar i NMU i 1996–1998, som mimrar attende. KORLEIS VART DU MED I NMU? – Eg opplevde at ein lærar på religionsvitskap på Universitetet i Bergen påstod at hen ikkje kunne retta innleveringa mi fordi ho var skriven på nynorsk. Noko slikt hadde eg aldri vore med på før, så då marsjerte eg rett bort på studentsenteret og melde meg inn i Målungdomen. KORLEIS VAR AKTIVITETEN? – Studentmållaget i Bergen hadde eit relativt aktivt lag i 1994, då eg

vart med, sjølv om det meste dreidde seg om EU-kampen den hausten. Eg vart tilsett som skrivar for eit ambisiøst sentralstyre der Håkon Kolmannskog var leiar og Eli Bjørhusdal nestleiar – aktiviteten i heile organisasjonen var svært høg i dei to åra, med fokus på å verva medlemer og starta lokallag over heile landet, mellom anna gjennom målferder og dei store skulemålskonferansane som me skipa til kvar haust. Vinter- og sommarleirane var også viktige. KVA ER DU MEST STOLT AV FRÅ TIDA I NMU? – Det er også AFSRIS-aksjonane. I tillegg til storstreiken i Bergen hadde me lokale aksjonar over heile landet – eg lurer på om det var 35.000 elevar me sa me fekk til å streika? Eg hugsar ikkje tala heilt.

VAR DET NOKO USEMJE I NMU, OG I SO FALL OM KVA? – Det var ikkje så mykje usemje internt i Målungdomen, men det var ein del usemje mellom Målungdomen og mållaget. Mykje av det botna i stridar frå før mi tid.

FRAMLEIS AKTIV? – Eg er leiar i Stord mållag – her har eg sete i styret sidan 2002, då eg flytta heim frå Oslo. Då kom eg direkte frå eit vikariat som skrivar i Noregs Mållag, og så var eg jo leiar i Noregs Mållag frå 2006 til 2009, så ja …

KORLEIS VAR NYNORSKEN SIN POSISJON DÅ DU VAR AKTIV? – Eg veit ikkje om eg kan svara på det – eg kan alltids leita fram noko statistikk om nynorsk på ulike område no og då, men eg er usikker på om det er så stor skilnad. Eg opplevde kanskje at det var meir kontroversielt å vera målmenneske den gongen, men kanskje er det mest fordi eg då sat sentralt i organisasjonen og hadde meir direkte kontakt med det som hende?

KVA HAR NMU BETYDD? – Eg lærte utruleg mykje av å vera aktiv i Målungdomen, og som nemnt har eg blitt verande aktiv i målrørsla heilt sidan då – eg vil nesten seia det har vore definerande for kven eg har vore og vorte sidan den gongen.


13

KVITTER FRÅ TWITTER – nynorsktwitter på sitt beste

FILMSPALTA ved Gunnhild Skjold

DE N NOR SKE:

Oslo 31. august (2011) Regissør: Joachim Trier

Handlinga i Oslo 31. august spenner seg, som du kanskje skjønner, over ein augustdag i Oslo. Vi følger Anders, som nyleg er rusfri, gjennom ein dag i Oslo. Tida hans som narkoman har prega han sjølv, men også vennane hans og familien hans. Han er på veg til eit jobbintervju og ønsker å komme seg vidare i livet. Mens dagen går, må han også innsjå korleis han har påverka både dei rundt seg og seg sjølv. Gjennom denne eine dagen får vi eit lite innblikk i vanskane Anders har med å komme seg tilbake til livet. Gjennom nokre få timar og samtalar får vi innblikk i eit liv. Anders Danielsen Lie gjer ei strålande rolletolking som Anders, og tar oss med inn i tankane hans. Oslo 31. august er ein av dei mest anerkjente norske filmane i nyare tid, og det er ikkje utan grunn. DEN UTANL ANDSKE:

Mamma Mia! Here We Go Again! (2018) Regissør: Ol Parker

I år er det kanskje litt ekstra deilig å drøyme seg bort til ei gresk øy, sidan ein må halde seg her heime i Noreg heile sommaren. Begge Mamma Mia-filmane er særs gode på å levere sommarstemninga. Berre så det er sagt: Sjå gjerne Mamma Mia! (2008) først, men for min eigen del får eg aller mest godkjensle av oppfølgaren. Mamma Mia! Here We Go Again! plukkar opp tråden 10 år etter den første filmen. I einaren fann Sophie ut at ho hadde tre potensielle fedrar. I oppfølgaren får vi sjå korleis mora hennar møtte alle desse tre karane, i tillegg til å følge Sophie mens ho sjølv er gravid og drøymer om å opne eit hotell. Med på lasset er ein del gode ABBA-klassikarar og ein del av dei litt mindre kjente, men like gode. Det er stilige klede og gode dansetrinn. Her er det berre å skru av hjernen og bli med på den gode stemninga. Eg blir nesten litt imponert om du klarer å sjå denne filmen utan å bli litt glad av han. Det blir iallfall eg kvar einaste gong! KL A SSIK AREN:

Før soloppgang (1995) Regissør: Richard Linklater

Jesse og Céline møtest på eit tog til Wien. Jesse har vore på togtur rundt om i Europa og skal til Wien for å rekke eit fly heim til USA. Céline har besøkt bestemora si og er på veg heim. Dei har aldri møtst før, men finn raskt tonen. Når dei er framme i Wien, fortset dei samtalen, fram til Jesse skal rekke flyet sitt neste morgon. Filmen følger dei denne eine dagen og natta der dei vandrar gjennom byen. Samtalen flyt godt, og gjennom natta snakkar dei opent med kvarandre om det meste. Dei blir meir og meir trekt mot kvarandre, men heile tida lurer flyet til Jesse som skal gå morgonen etter. Filmen er ein lang samtale ein ikkje vil at skal ta slutt, og mens Jesse og Céline blir kjent med kvarandre, blir også vi kjent med dei. Dette er filmen for deg som nokon gong har hatt ein lang samtale med nokon på nattetid, der ein går frå å berre vere kjent til å kjenne kvarandre godt. Og utan å avsløre for mykje: Dette er den første filmen i ein trilogi, så om du vil finne tilbake til Jesse og Céline, er det berre å sjå vidare!


14

INTERNASJONALT Marta Nagel-Alne

Bilete: Marta Nagel-Alne

LUKKNEDTIDA I ITALIA

I

talia etter jul vart litt annleis enn eg hadde planlagt. For jammen vart det eit annleis år, men det vart det jo for dei fleste i verda, nesten uansett kor ein har budd. Forskjellen mellom Italia og Noreg har likevel vore ganske stor: Frå og med slutten av februar og fram til uti mai har det meste vore meir eller mindre stengt her, inkludert i regionen Liguria der me har budd. Italia var det fyrste landet i Europa der covid19-viruset verkeleg byrja å spreia seg, og ein har hatt høge smitteog dødstal her heilt fram til nyleg. Heldigvis såg ein etter dei omfattande reguleringane som vart sett i verk at kurva gradvis snudde, sakte, men etter mange veker endeleg i rett retning. Det har vore rart å følgja utviklinga både her i Italia og i resten av verda etter

kvart som fleire land måtte velja kva reguleringar og retningsliner ein skulle gå for. Dei fleste er nok einige i at 2020 er eit år historia vil hugsa. Men er året òg språkleg interessant? Eg vil nemleg tru at mange av oss har tatt nokre nye eller meir uvanlege ord i bruk. Sjølv har eg lurt litt på det same som Språkrådet har prøvd å svara på (sjå kjelde): Kva er den beste norske omsetjinga av «lockdown» (spesielt sidan situasjonen jo har vore forskjellig i ulike land)? Kva vil ein kalla denne perioden i framtida; ei nedstenging, ei lukknedtid, ei stengetid, koronaåret? Eller vil ein snakka om karantenetida, sjølv om det kanskje ikkje er teknisk rett? Tida vil visa. I min trespråklege heim har me snakka parallelt om lockdown og la quarantena/

karantene, sidan dei to tinga tilnærma har vore det same. Universitet og skular har vore fysisk stengt nesten heile semesteret, med digital undervisning og eksamen. I den strengaste perioden hadde me ikkje lov å gå ut av leilegheita vår utan at me skulle på matbutikken – då merkar ein godt at ein ikkje bur på så mange kvadrat. Leilegheita vår hadde heller ingen terrasse, noko me truleg kunne gått litt på veggen av, viss me ikkje raskt hadde funne ei løysing, nemleg stillaset vårt, som var sett opp på utsida av bygninga vår ikkje lenge før karantenen vart igangsett. Her, på stillaset altså, har me drukke kaffien vår i sola nesten kvar dag, hatt uteheimekontor, sunge Bella Ciao saman med naboane på den italienske frigjeringsdagen, og flagga

med norsk flagg på 17. mai. Eg trur mange av oss har vore takksame for digitale fellesskap i denne tida, men også for andre typar små utvekslingar og kommunikasjon. Pakkar i posten med lesestoff og sjokolade har vore til god trøyst når eg noko uplanlagt har vore eit heilt halvår borte frå familie og vener i Noreg. Små samtalar på italiensk med nabodama gjennom vindauga er òg ein slik ting eg kjem til å hugsa. Ikkje minst ynskjer å hugsa symbolet som starta her i Italia og spreidde seg til heile verda: regnbogeteikninga, med teksten «Andrà tutto bene»/Det kjem til å gå bra.


15

Bilete: Privat

NYNORSK ER EIT KVARDAGSSPRÅK INGUNN VESPESTAD STEINSVÅG

K VA R DAG S L E G

I

februar skipa me til kampanjen Nynorsk kvardag. Mange har inntrykk av at nynorsk berre høyrer heime i klasserommet, men det stemmer jo ikkje. Det veit de i Norsk Målungdom godt, men det er det ikkje alle bokmålsbrukarar som veit. Målet med kampanjen var difor å visa fram den kvardagslege nynorsken og å hjelpa folk med å få meir nynorsk i kvardagen. Det var viktig å visa fram at nynorsk ikkje berre er i bruk i skulen og av kultureliten, men at det er eit kvardagsspråk som passar for alle og overalt. Når nynorskbrukarar ser språket sitt i bruk vil

dei føla seg mindre aleine og lettare kunna bruka nynorsk som sitt kvardagsspråk. I tillegg er det viktig å visa fram dette for bokmålsbrukarane, slik at dei får betre haldningar til nynorsk og personar som brukar nynorsk. Kampanjen blei i hovudsak markert på sosiale medium, der mange medlemmar og lokallag var med og viste fram nynorsken dei har rundt seg i kvardagen sin. Det var nynorsk på polet og på teater. Folk løyste nynorsk kryssord og åt nynorske matprodukt. Dei fann nynorsk på kollektivtransporten og i garnbutikken. Og det var sjølvsagt også nynorsk på skulen og på universiteta. Den kvardagslege nynorsken er å finna overalt om ein berre ser godt nok etter! Me trekte vinnarar blant alle som viste fram den nynorske kvardagen sin. Den kanskje gjævaste pre-

mien var eitt års forbruk av Mozell! Det blir ikkje meir typisk Målungdommen enn det. Og om nokon lurte, så er eitt års forbruk om lag ei flaske i veka. Veit du ikkje kvifor me i Målungdommen er så glad i Mozell? Då må du sjekka ut Uti vår hage-episoden Noreg über alles! Folk les ikkje berre nynorsk overalt, dei skriv også nynorsk overalt. Dei skriv nynorsk på handlelista, på sosiale medium, på Discord, på skulen, og til og med i snøen. For å få folk til å skriva enda meir nynorsk avslutta me kampanjen med DEN STORE NYNORSKDAGEN. Denne dagen ville me at alle skulle skriva nynorsk, slik at me kunne visa fram kor lett det er å skriva litt meir nynorsk i kvardagen. Dette var også eit høve for personar og organisasjonar som vanlegvis skriv bokmål å visa at også dei kan

skriva nynorsk om dei vil. DEN STORE NYNORSKDAGEN blei litt av ein dag. Me fekk både privatpersonar og ungdomsorganisasjonar til å skriva nynorsk på sosiale medium denne dagen. Dagen (og kampanjen) toppa seg då sjølvaste regjeringa blei med på markeringa! Dei markerte dagen på si instasoge, og denne ligg framleis i høgdepunkta på Instagram-profilen deira. Gjennom denne kampanjen fekk me verkeleg vist fram at nynorsk er eit språk som høyrer heime i alle delar av kvardagen. Me på skrivarstova har kost oss mykje med denne kampanjen, og synest kampanjen var vellykka. Me håpar kampanjen har ført til betre haldningar, meir nynorsk i kvardagen og at fleire vil slå eit slag for nynorsken. Me koser oss i den nynorske kvardagen!




18

PODSPALTA ved Frida Pernille Mikkelsen I KARANTENE Produsent: NRK

Det her er lyden av våren 2020. I karantene er ein podkast med Tuva Fellman og Ronny Brede Aase om livet då Noreg frå den 12. mars 2020 tok ein pause. Det kjem ikkje fleire episodar, fordi ting vart relativt normalt igjen, men episodane som er der er som eit tidsbilete av ei litt rar tid. Både Ronny og Tuva har jobba lenge i radio, og det gjer at dei er utruleg gode på å prate. Praten går rundt både stort og smått, med innslag av gjestar her og der. Podkasten er tatt opp frå stua til Ronny og Tuva, og det er ein episode kvar dag frå 12. mars til 18. mai. Sjølv om podkasten kanskje ikkje er like aktuell lenger, trur eg den vil gjere seg godt som lydsporet til late sommardagar. Då kan ein kose seg med å mimre tilbake til då stressnivået var på sitt høgaste, og ingen heilt visste kva dei skulle gjere.

NYNORSK NO

Produsent: Nynorsk kultursentrum

I år har dei nynorske festspela vore digitalt, og takka vere det har vi fått endå fleire nynorske podkastar! Podkasten Nynorsk no er ein podkast som skal ta for seg aktuelle tema innan språk, kultur og kunnskap. I skrivande stund har han ein katalog på tre episodar, der alle er knytte til dei nynorske festspela. I episoden Festspelpodden: Det kvite kortet leiar Anna Kleiva forfattarane Camara Lundestad Joof og Kristina Leganger Iversen til samtale om litteratur om rasisme i USA. Eit høgaktuelt tema, og ein god veg inn for å lære meir. I tillegg finn ein også ein episode om ny norsk krim. Denne podkasten er god når du vil ha noko meir enn berre bakgrunnsstøy. Her sit ein igjen med meir enn berre underhaldning. Kanskje det er Nynorsk no du skal lytte til medan du køyrer Noreg rundt i sommar?

OFFICE LADIES

Produsent: Earwolf & Jenna Fisher and Angela Kinsey

Denne våren har eg endeleg fått gjort noko som har venta heile livet, eg har sett The Office (amerikansk versjon). Ikkje berre var det ei god oppleving i seg sjølv, men eg kan no også nyte podkasten Office Ladies. Jenna og Angela, skodespelarar i serien, snakkar seg gjennom The Office episode for episode. Ein får høre detaljar om livet bak kamera, kva som ikkje kom med i seieren, og kva scener som var dei kjekkaste å spele inn. Akkurat sånn sladder ein ønskjer å høyre om serien ein ikkje heilt får nok av. Podkasten fungerer nok best, ev. berre, om du har sett det The Office. Om du ikkje har det har du no sjukt mykje god underhaldning føre deg, både mat for auge og øyre.

Bilete: Zoom

DIGITALT LST-MØTE INGVILD NESE

L ANDSST YRE T

P

å grunn av c o v i d -19 - u tbrotet såg me oss nøydde til å halde både landsmøtet og det fyrste møtet med det nye landsstyret digitalt. Sjølv om det sjølvsagt er kjipt for det nye landsstyret å ikkje verte kjende ordentleg med eit møte der me kunne møtast fysisk, er det sjølvsagt viktigare å fylgje dei retningslinene som er for å forhindre vidare spreiing. Til mi (personlege) store glede vart dette møtet halde på Zoom i staden for Whereby. Og etter mi meining fungerte det au mykje betre. Eg var ei av dei heldige som skulle vere ordstyrar denne helga og difor skulle me møtast på skrivarstova. Ikkje berre var dette fyrste gong eg hadde vore på kontoret på to månadar, det var og ein av dei fyrste gongane eg såg andre menneske enn dei eg bur med, på lang tid. Me hadde sett oppmøtetida til litt før sjølve møtet skulle starte, så folk hadde moglegheit til å komme på og at me kunne fikse eventuelle tekniske problem. Og folk stilte opp. Det at det å delta på møtet au var lettare, gjorde au at det var

eit veldig godt oppmøte. Sjølv om settingen etter min teori skulle ført til litt avgrensa moglegheit for større diskusjonar og samtaler, men igjen vart det ikkje noko vonbrot i den delen. Sidan det er mange som var med på eit møte, kan det vere at ein og annan fall ut undervegs, men det var ikkje ein stor del av deltakarane og som førte til at møtet vart øydelagt. Det eg høyrde, var at dei kom fort inn att, og det skapte ikkje overdrive rabalder. Og sjølv om ein kanskje fekk nokre morosame bilete av frosne skjermar, gjer det berre heile møtet meir underhaldande. Ein annan del ved bruken av Zoom var at det gav god pauseunderhalding. Når ein sat der med kamera på og Ivar Aasen eller Hulda Garborg plutseleg dukka opp, fekk alle seg ein god latter. Zoom har nemleg ein funksjon som gjer det mogleg å gjere bakgrunnen til kva ein vil. Alt i alt var det eit godt gjennomført fyrste LST-møte, med gode diskusjonar og gode folk, og sjølv om det er enkelte ting ein går glipp av ved slike møte over digitale møte-appar, er det au ting ein kan gjere ser som vert vanskeleg å gjere i det verkelege livet.


19

Bilete: Privat

KONGERIKET NOREGS GRUNNLOV OG KORONASMINS NYNORSKE GRUNNLOVSFEIRING MARTE SØRENG

LO K A L L AG

V

år kjære Grunnlov vart skriven ned og vedteken 17. mai i 1814. Sidan den gong har språkdrakta vorte revidert fleire gonger, altså er ho ikkje uendra frå 1814 slik mange trur. I 1903 var det ein forsiktig revisjon av ordlyden, etterfølgt av justeringar i 1914, 1921 og 2008. Det blir trekt fram at det kan vere vanskeleg for folk i moderne tid å forstå kva som står i lova. Mange argument for språkleg modernisering av grunnlovsteksten har vore lagt fram, blant anna at stortingsrepresentantar ikkje skal trenge å vere avhengige av ekspertar på 1800-talsgramatikk for å gjere endringar i lova som følgjer korrekt språknorm. Grunnlova blei for fyrste gong omsett til nynorsk i 1875 av Olav Jakobsson Høyem og gitt ut med tittelen Noregs

grunlov. Fleire omsetjingar vart laga og fremja som grunnlovsforslag i 1906. Sidan den gong har det ikkje blitt fremja nynorske grunnlovsforslag før det vart oppretta eit utval som skulle sjå på to nye reviderte grunnlovsversjonar – både på nynorsk og bokmål innan jubileumsåret 2014. So etter langt om lenge og lengre enn langt vart endeleg den nynorske Grunnlova vedteken den 6. mai 2014 – 200 år etter me fyrst fekk ei grunnlov. No er Grunnlova den einaste lova i Noreg som er gjeldande på to skriftspråk. Og dei blir framleis arbeidde med og betra, dei seinaste endringane vart vedtekne 14. mai 2020. I Studentmållaget i Nidaros har me starta ein tradisjon med å feire den nynorske grunnlovsdagen. Årsaka er at dette er ein viktig dag for språkleg jamstilling og for at ein set fokus på at Grunnlova skal vere lett forståeleg for kvarmansen i Noreg. Dette synest me er so viktig at det skal feirast med brask og bram, og det er ei fin mogelegheit til å samle dei vyrde

medlemmane våre og ha ei hyggeleg stund. Men det vart ikkje heilt den vanlege feiringa i år … Grunna verdas mest kjente mikroorganisme – korona, Covid-19, Corona, SARS-CoV-2, Kårånna – kjært virus har mange namn. Viss ein skal hente fram den språkinteresserte peikefingeren, blir viruset ikkje uttala kårånna, men korona, med to tronge o-ar, som o-en i krone. Men dette er var berre ein digresjon. I år inviterte me SmiN-arane til digital grunnlovsfeiring på Whereby, med flagg, song og Skribbl – eit gratis og framifrå teikne- og gjettespel for fleire spelarar. Nokon hadde til og med pynta seg med bunad, andre hadde kjole og alternativ finstas. Sidan me ikkje kunne møtast alle saman fysisk og dra ut på restaurant for å ete, brukte me ei matleveringsteneste og fiksa mat til same tid (pluss– minus) slik at me kunne ete saman på avstand. Ei god blanding av sushi, indiske gryter og pizza stod på menyen. Den digitale feiringa

fungerte bra, trass i nokre små tekniske problem med verdsveven i Trondheim. Instasoge-overtaking vart det også. Dei siste månadene har fjernmøte på Zoom, Skype, Facetime, Whereby og Teams vorte ein del av studiekvardagen til dei fleste, men det er sjølvsagt ikkje det same som fysiske møte, og det har sine ulemper og føremonar. Menneske er flokkdyr, og me treng å omgåast andre menneske. Difor er det forståeleg at den siste tida har vore utfordrande på mange måtar. Gleda var stor då regjeringa opna opp for å samlast i små grupper med tilstrekkeleg avstand rett før 6. mai, so det var innanfor å samlast i ei kollektivstove for fyrste gong, for dei fleste av oss, sidan 12. mars. No ser me fram til ein ny haust med litt meir sosiale aktivitetar og språkarbeid, men tek med oss alle dei kreative løysingane som har sett dagens lys i det siste. Er det ein ting som er sikkert, so er det at Kongeriket Noregs grunnlov aldri før har vore gjeldande i eit like digitalisert Noreg.


Eg heiter

20

Leiar

,og er født 20.08.1995 .

Gunnhild Skjold

E-postadressa mi er gunnhild@malungdom.no , og på instagram Eg heiter . EgGunnhild ,og er født 20.08.1995 . heiter eg @gunnhildskjold kjem frå Skjold Tromsø . .19 95 . .08 20 dt fø er ,og d ol kj S E-postadressa mi er , og på instagram gunnhild@malungdom.no ld hi På fritida liker eg nn . Gu å strikke sjå film og Eg heiter ram ag st in på og , .no om gd . Eg2012 @gunnhildskjold heiter eg kjem frå Tromsø hild@malunsidan . . nn Eg har vore medlem i Norsk Målungdom gu er m a ss re E-postad . sø Trom<3og frå kjem fritida ld .eg . . sjå film Eg å strikke No sit eg i SST, menPåhar tidlegare vore med i SmiT skjoliker heiter eg @gunnhild . m fil å sj Eg eit harbibliotek vore medlem i Norsk sidan 2012 . i huset mitt Ein dag skal eg ha og .Målungdom å strikke På fritida liker eg . 12 20 . Om ti år er eg tilbake om No sitm i SST, har tidlegare . sidanvore med i SmiT <3 i eg <3 Nord-Noreg <3 gd Målun rskmen No i le ed m re vo r Eg ha . iT <3 bibliotek huset mitt . Ein dag skal eglegaha med i i Sm vore re eit har tid en m T, SS i eg sit No Om ti år er eg liotilbake mitt . i <3t Nord-Noreg <3 . eit bib tek i huse ha eg al sk g Ein da . <3 Nord-Noreg <3 Om ti år er eg tilbake i

SST ST S T S S

Leiar

Leiar

Eg heiter

Ingunn V. Steinsvåg

,og er født 07.11.1995 .

E-postadressa mi er ingunn@malungdom.no , og på instagram Ingunn V. Steinsvåg Eg heiter . Eg ,og er heiter eg @ingunnsteinsvaag kjem frå . født 07.11.1995 . Stord

, og95 på .instagram På fritida liker eg E-postadressa . .11.19 å strikka mi erog ingunn@malungdom.no spela skvåsj født 07 ,og er iter heiter hemedlem eg Målungdom @ingunnsteinsvaag . Eg2014 kjem, og frå . . på Stord Eg harEg vore i Norsk sidan instagram o .n m do ng alu m @ nn gu in er i m a ss re ad st menPåhar E-po fritida liker eg . . å strikka skvåsj Åsm spela No sit eg i SST, tidlegare vore med i SmiS og og . kjem frå g Eg aa . sv tein ns un ng @i eg Eg harfåvore itereg . megmedlem katt i Norsk .Målungdom sidan 2014 Ein daghe skal . og eg eregsit lik Om ti årPåerfri egtidalever og Åsm . No i SST,med menfamilie har tidlegare vore med i SmiS . eitegA4-liv . 14 20 an sid om gd un m i No . leskal dag egrsk Mål få meg katt med Eg har voreEin m . og iS Sm i ed re m med familie . Ås legaegreeitvoA4-liv OmT,timår egr tidlever enerha NestleiarNo sit eg i SS . eg al sk g da n Ei A4-liv med familie . Om ti år er eg lever eg eit

Ingunn V. Steinsvåg å strikka

Nestleiar

få meg katt

Nestleiar

Eg heiter

Ragnhild M. Kvifte

,og er født

Stord spela skvåsj

SST ST S T S S

28.08.1995 .

E-postadressa mi er ragnhild@malungdom.no , og på instagram Eg heiter . Eg kjem frå ,og er heiter eg . født

28.08.1995 . Ragnhild M. Kvifte @strilieksil Osterøy! ragnhild@malungdom.no , og på instagram På fritida liker eg E-postadressa . lesa bøkermi erog spela dataspel .08.1995 . . dt 28 g er føfrå ,okjem heiter eg Målungdom . Eg e . ift @strilieksil Osterøy! Eg har vore medlem i Norsk sidan Kv M. 2013 Eg heiter Ragnhild , og .på instagram . m.n(i obydn) do ng alu Påhar fritida liker eg @m og ild nh No sit eg i SST, men tidlegare vore med i rag lesa bøker spela dataspel SmiB er i m a E-postadress Eg har vore medlem i Norsk Målungdom sidan røy! 2013. . frå te . Os Ein dag skal eg lesa Kapitalen avil Karl. Marx Eg kjem eg ks r ie ite ril he @st No sitmed eg ifast SST, har tidlegare Om ti år er eg meteorolog spel (i. bydn) . jobbmen i vêrvarslinga . og vore a dai taSmiB spelmed r ke bø eg er sa le lik a tid fri På . . Ein dag skal eg

Nestleiar

Nestleiar

Nestleiar

@fridamip å scrolle

Skrivar

SST ST ST SS

lesa Kapitalen av sid KarlanMarx2013 ungdom medlem i Norsk Mål re Eg har vo . Om ti år er eg meteorolog med fast jobbmied vêrvarslinga i SmiB. (i bydn) re vo re ga le tid r ha No sit eg i SST, men Karl Marx . av n ale pit Ka a les eg al sk Ein dag t . 12.01.1997 . slinga fød ervar b i vêr d fastn job,og g meelse Frid terti år teoroloMikk meille Eg hei eraegPern Om o , og på instagram E-postadressa mi er frida@malungdom.n . . Eg kjem frå heiter eg . og På fritida liker eg . dom sidan Eg har vore medlem i Norsk Målung e med i Firda og SMIO . No sit eg i SST, men har tidlegare vor . ta båtførarprøven Ein dag skal eg . Om ti år er eg sjukt rik etter å ha vunne pokerturnering i Las Vegas

Førde <3 å sove 2014

SST


Skrivar

styremedlem

styremedlem

SSST ST

tter å ha vunne po . g i La urnerin s Vegas . Om ti år er eg sjukt rik etter å ha vunne pokerturnering i LaskertVegas

21

Eg heiter Er ling Løkling holm Lediv,og 25.07.2001 . esta estaer Leiv d ,ofød E olm -p ingh g etr fø Løkl tadng Eg heiterosErli dt 25.07.20 ressa mi er erling@mal instagram01 . på og , un.no h iteress gdom.no ega Eg mileer erling@malungdom E-posteadr , og på insta ver eit liv ut an . Egmkje . gram d!!!! Stor frå m kje Eg P . å fr utan å fr liv eit eg r heiter itid Egaleve Stord!!!! liker eg . å skriva dikt a slandski . Eg hda og ogsnakK arlike å skriva dikt r eg vore s På friti n medlem a kK a sl an i Norsk Målu n 2018 . dski . sida ngm gdo lun N d Må o sk o Nor i m s m it dle s me e e id vor g har a i SST, men Eg n 2018 . har tidlega m. Sumarøyo målungdo re i d Ein deg me v e o vor re re ega tidl a m har n e d kal, eme Su i m ar No sit gi sSST øyo målungdom g reisa til Isl . . Om ti år elr eg and a Isl n til a d reis . Ein dag ska eg , fordi eg tenkjer . Om ti år er eg , fordi eg tenkjer .

ST SS T

Eg heiter Tobia s Ch riste n se n Eikela nland t 20.07.2000 . d ,og,og E-pEg ste nse n Eike oshei erer tadter fødfød ressTobia t 20.07.200 a msi eChri r tobias@m 0 al på instagr.am u og , heiter eg n o g om.n d ngd o malu m ias@ .n tob o er mi a ess , og på insta E-postadr@ tob_ce gra . . Eg kEg re Nordstrandm je Sønd m frå På frhei m fr kje . å e itidter b_c Sø @to n a lieg d re Nordst ker eg le rand s om språ k på netflix . . sjå Eg har vore liker eg a lesa og k o språ g om sj å p å da netf På friti medlem i No k Målungdo gdom sidan lix2017. . No sit eg i S vore medlem rs lun m Må sk Nor i s idan 2017 Eg har ST, men har . tidlegare vo . SmiO E i in d me re e d vor a m ega g tidl e s har d n k me Styremedle aleg ,reis i SmiO SST i e sit g No e der eg m . . Om ti år er ! vil! . se dervileg e eg g l ska dag Ein hunrei deeigar ar . hundeeig eg er år . ti Om em edl Styrem

T S S S T

Eg heiter Ådne Reidar Nes Kleppe ,og er født 03.09.1998 . E-postadressa mi er

aadnereidar@malungdom.no

heiter eg @aadnekleppe . Eg kjem frå På fritida liker eg

å gå på fjellet og

, og på instagram

Nordfjordeid

.

vere sosial med vener

.

Eg har vore medlem i Norsk Målungdom sidan 2018 . No sit eg i SST, men har tidlegare vore med i

Styremedlem

Ein dag skal eg reise gjennom Sør-Amerika . Om ti år er eg historielæraren som får elevane til å elske historie .

AUF

.

SST


22

SKRIVARSTOVA I KORONATIDA INGUNN VESPESTAD STEINSVÅG

KO R O N A

D

en 11. mars bestemte leiar og skrivar seg for å ha heimekontor frå dagen etter, for å letta på trykket på kollektivtransporten i Oslo. Lite visste me då om kor annleis dei neste månadene kom til å bli, og berre ei veke seinare hadde skrivarstova spreidd seg frå Tromsø i nord til Oslo i sør. Veke 11, den veka Noreg blei stengt, må vera den mest stressande og altomveltande veka på skrivarstova sidan Norsk Målungdom blei tatt for medlemsjuks tidleg på 2000talet. Denne veka starta som ei normal veke, med fysisk sentralstyremøte, målferd, lokallagsbesøk og planar om å skipa til landsmøte med nokre smitteverntiltak. Når veka var slutt var det fysiske landsmøtet avlyst, målfararen var blitt sendt heim midt i ein skuletime og sentralstyrelivet var blitt digitalt. Skrivarstova hadde digitale morgonmøte kvar dag, og heldt på tradisjonen om at på morgonmøte skal ein drikka kaffi, strikka og snakka om både jobb og alt anna. Den nye koronakvardagen blei

sakte, men sikkert den nye normalen, og arbeidsdagane gjekk sin gang. Me blei meir aktive på sosiale medium og hadde stor suksess med å kasta oss på diverse trendar. Visste du til dømes at du skal vaska hendene like lenge som det tar å synga dei tre første versa av Nordmannen? I dei to første vekene med heimekontor gjekk all arbeidskapasiteten med til å planlegga og gjennomføra eit digitalt landsmøte på den originale landsmøtedatoen. Me fekk det til, gjennomførte eit kort digitalt landsmøte, og bestemte oss for å ha eit fysisk landsmøte i haust. Me hadde den største landsmøtesalen me nokon gong har hatt, frå Tromsø til Kristiansand. Me vedtok mellom anna ei arbeidsliste om kva me skulle gjera i koronatida, og det nye sentralstyret blei valt med digital akklamasjon! Etter landsmøtet var gjennomført, fekk me endeleg ro nok til å tenka gjennom korleis målungdommen skulle drivast i tida som kom. Mykje av det me driv med til vanleg er å møta politikarar og samla medlemmar, og difor måtte me omstilla oss totalt. Sommarleiren blei avlyst, me fekk ikkje snakka med politikarar om viktige saker, som t.d. språklova, me kunne ikkje reisa på målferd, landsstyremøtet kunne ikkje skje fysisk,

og me kunne ikkje besøka lokallag. Me ville framleis skapa aktivitet og måtte finna digitale løysingar for dette. Me sende tips til lokallaga om kva digitale aktivitetar dei kunne ha og skipa til vår første digitale styreskulering. Me starta også med å tilby digital målferd til skular rundt om i landet, noko som har gått over all forventing. Både lærarane, elevane og målfararen har vore nøgde med resultatet. Digitale skuleringar er noko me har fått god erfaring med, og de skal ikkje sjå bort frå at det kjem til å koma skuleringar over nett, også etter koronatida er over. Me kunne ikkje ha fysisk landsstyremøte i mai, men møte måtte me ha. Møtet blei difor, som så mykje anna, gjennomført på Zoom. Landsstyret var fleksible, og blei med på digitalt møte. Møtet varte nok litt i lengste laget, for lange digitale møte er tunge. Landsstyret var likevel kvikke gjennom heile møtet og hadde mange gode diskusjonar. No gler dei seg til å få samlast og bli betre kjende til hausten. Brått bestemte regjeringa seg for å lansera framlegget sitt til den nye språklova, på sjølvaste jamstillingsdagen 12. mai. Lanseringa gjekk sjølvsagt føre seg digitalt og skrivarstova følgde spent med på denne. Ein månad seinare

Bilete: @annasofievalvatne

var det klart for digital stortingshøyring. Leiaren stilte opp føre skjermen og snakka stødig om dei viktigaste sakene for målungdommen. Då leiaren var tilbake i Oslo, starta ho så smått med møteverksemd igjen. Ho har møtt fleire ungdomsparti fysisk, sjølvsagt med god avstand! Då me måtte avlysa sommarleiren, bestemte me oss tidleg for at me ville få til eit sommarwebinar i staden. Då ei i nemnda kom på namnet zoomarleir, blei me heilt oppglødde. Tenk at me fann eit så bra ordspel, og at det berre funkar på nynorsk! Planlegginga gjekk sin gang, me heldt på temaa frå sommarleiren og prøvde å skapa så mykje tilskipingsstemning som mogleg. Det blei innleiingar, kviss og sjølvsagt loddtrekking i ekte målungdomsstil. Kva er vel ei NMU-tilskiping utan loddtrekking? Skrivarstova har framleis heimekontor, men har no samla seg i éi stove i Oslo. Me håpar at arbeidskvardagen går tilbake til normalen etter sommaren og gler oss til å vera tilbake på kontoret på fulltid. Me planlegg no for ein fysisk haustkonferanse og håpar at me får gjennomført det slik me ønsker. Me gler oss til å møta medlemmane våre igjen på tilskipingar, landsstyremøte og landsmøte!


23

BRENNEGOPLER OG LANGFØTINGAR HÅKON REMØY

SOMMAR

B

rennegopler og langføtingar er mogelegvis dei verste dyra som dukkar opp om sumaren. Tenk deg at du skal ut i sjøen og bada litt, og so er det mykje raudt i sjøen. Du veit faren er der for at du vert brend, so du held deg unna. Det er brennegoplene, som mange her til lands kallar brennmaneter. Men på hi

sida har me ei gople som ein ikkje treng frykta so mykje, vassgopla. Ho gjer ikkje noko av seg. So kva er ei gople? Det usamansette ordet har truleg samanheng med gopel, som tyder ‘gjørme, sørpe’. Medan gople er ‘geléliknande polyppdyr som sym fritt ikring’. Det kan ogso vera andre slimute ting, som ‘samling froskeegg’ eller ein ‘slimut, gelévoren masse’. Langføtingen vil deg ikkje noko vondt, han vil berre halda deg med selskap, so han kjem inn og lagar ljod og fyk rundt i rommet. Han har namnet sitt etter dei

lange føtene i høve til kroppen elles. Han er ogso kalla myhank eller stankelbein. Det er nokso nyleg at eg vart klår over at langføting ikkje står i Nynorskordboka. Heldigvis er ikkje ordboka noka forbodsliste, so ein kan fint bruka det lell i skrift. Norsk Ordbok har heimfesting frå Fjaler, Gloppen, Breim og Ørsta – med andre ord Sunnmøre, Nordfjord og Sunnfjord. Det er meir utbreitt enn som so, det manglar berre heimfesting til mellom anna Herøy (på Sunnmøre), der eg sjølv kjem frå. Det er ikkje einaste føtingen, heldigvis. Tusenbeinet

har eit anna namn, nemleg tusenføting. Dei fleste som les dette, kan elles kalla seg sjølv toføting eller tofoting. Me har ogso tviføting, og til det finn me uttrykket å rida tviføting. Det tyder det same som å bruka apostelhestane, altso å ‘gå’. Til slutt er andføting verdt å nemna, det er rett og slett ‘menneske som bur på hi sida av jorda’. Det er kulare enn det nokso synonyme greske lånordet antipode. Andføtingen har førelekken and-, som opphavleg tyder ‘mot’. Det finn me att i ein del ord, både andføttes, andlet, andsynes og ansvar.

Illustrasjon: Anna Sofie Ekeland Valvatne


24

HÆGSTADNORMALEN - GRUNNLAGET FOR ALLE SEINARE NYNORSKRETTSKRIVINGAR FELIX KNUTH

S PR Å K

I

det 19. hundradåret nytta målfolk eit samansurium av snart veldug gamaldagse, snart meir moderne former av norskt mål, men i dei aller fleste tilfelli var skrivemåtarne prega av verki til Ivar Aasen – den fyrste som skapa eit samlande norskt skriftmål heilt sidan den gamle norrøne skrifttradisjonen hadde døytt ut seint på 1500-talet og dansken var vorten einerådande som skriftmål i Noreg. I 1901 kom det ei offisiell nynorskrettskriving for fyrste gong. Nemndi som skulde utarbeida denne fyrste nynorskrettskrivingi, vart samd um grunndragi åt det grammatiske systemet til rettskrivingi og skrivemåten av ordstomnarne. Jamvel um nemndi kunde samla seg um å byggja vidare på Aasens grunn, var det usemja um endingsverket. Det fanst tvo haldningar blant dei tre medlemerne i rettskrivingsnemndi

og begge dei tilsvarande rettskrivingarne vart offisielle i 1901. Rasmus Flo og Arne Garborg lagde fram den sokalla midlandsnormalen med eit nytt endingsverk på grunnlag av midlandsmålføri, dei vestvende austnorske bygdemålføri, med mange språklege drag som var sers uvanlege i skrift. Derimot sette Marius Hægstad – som var professor i nordisk språkvitskap – upp ei rettskriving som låg tettare upp til dei ordformerne Ivar Aasen hadde nytta i «Norsk Grammatik» og som hadde vorte nytta av mange målfolk utyver andre helvti av 1800talet. Hægstad hadde alt skrive ein stutt landsmålsgrammatikk som kom ut for fyrste gong i 1879 og vart gjeven ut i nye utgåvor med jamne millomrom. I det fyrste upplaget til denne grammatikken greidde han ut um ei helder konservativ utgåva av landsmålet med språkdrag som fleirtalsformer av verb (eg gjeng / me ganga) i notid og serskilde hokynsformer i fleirtal av adjektiv (rike menn / rika kvinnor). Jamvel um hægstadnor-

malen, som vart lagd fram um lag 20 år seinare, ogso låg tett upp til Aasens ordformer, var det ein del mindre skilnader og bortfall av grammatiske kategoriar som gjorde målsystemet enklare. Det skulde til dømes ikkje vera skilnad millom ulike talformer av verb lenger, ikkje t-ar i supinumsformer og nokre adjektiv/ pronomen (hev lese istf. hev leset, eige istf. eiget) og e som endingsvokal i alle hokynssubstantiv og -adjektiv (kvinnorne istf. kvinnorna hjå Aasen). I framlegget frå året 1899 der grunndragi til både midlandsnormalen og hægstadnormalen vert lagde fram, gjeng Hægstad til hardt åtak mot midlandsnormalen med dei uvanlege formerne sine (som viku, nemndine, barne istf. vika, nemnderne, barnet): «Men naar alt er so, synest det vera altfor vaagsamt aa taka slike former, ubrukte fyrr i skrift, uklaare og vande aa læra, inn i skulebøker, solenge det finst greide norske former, lettvinte for kvarmann aa læra, og som i meir enn ein mannsalder hev vortet brukte av bokskrivarar som hev skrivet

um alle slags emne og fenget ein god dom innanfor heile bokheimen.» Det enda med at det var hans normal som vart vedteken som hovudnorm av Kyrkje- og undervisingsdepartementet, og sannsynlegvis spela det inn at formerne var kjende i motsetnad til endingsverket i midlandsframlegget. Midlandsnormalen vart tillaten for skularne, men det var ikkje mange som tok honom i bruk. Dimed var det hægstadnormalen som vann denne vesle rettskrivingsstriden og dei fylgjande rettskrivingsreformerne (den fyrste berre ni år seinare) var samnorskbrigde av hægstadnormalen. Illustrasjon: Lakowska

Marta


25

Bi


26

Bilete: Frida Pernille Mikkelsen


27

VI KREV ENDRINGAR I OPPLÆRINGSLOVA GUNNHILD SKJOLD

POLITIKK

1

. juli gjekk fristen ut for å levere høyringssvar til den nye opplæringslova. For å bruke om att ei setning det har vore mykje bruk for i det siste: «Vi er i ei tid der skolen går gjennom mange endringar». Seinast ute er framlegget til ei ny opplæringslov. Opplæringslova er ei veldig viktig lov, fordi ho bestemmer kva reglar og rettar som gjeld i grunnskolen og vidaregåande opplæring. Det er opplæringslova som slår fast at vi skal lære både bokmål og nynorsk. Her finn du retten til læremiddel på nynorsk, å gå i nynorskklasse eller få opplæring i eitt av dei samiske språka. Det er også i opplæringslova ein har sjansen til å styrke rettane til nynorskbrukarane. Den sjansen har dessverre ikkje utvalet som har levert framlegg til ny lov, tatt. Alt i alt har dei eigentleg snakka lite om språk. Sjølv når dei snakkar om språkrettar, diskuterer dei kommunepolitikk meir

enn språkpolitikk. Det er ikkje vi i Norsk Målungdom spesielt nøgde med. Landsstyret har sett på den nye opplæringslova, og bestemt seg for kva tre punkt som er dei viktigaste for Norsk Målungdom. Desse punkta meiner vi at regjeringa må sjå om att på. Da kan opplæringslova bli best mogleg for både nynorskbrukarane og nynorsken. 1. Språkdelt ungdomsskole Den viktigaste prioriteringa for Norsk Målungdom er å innføre språkdelt ungdomsskole. Om du har vore aktiv ei stund, har du kanskje høyrt om denne ordninga før. Det handlar om å utvide retten til å sjå hovudmålet sitt som undervisingsspråk til å gjelde heile grunnskolen. Denne ordninga er også kjent som «Odda-modellen». Vi veit at det er for mange som byter hovudmål frå nynorsk til bokmål, fordi det er vanskelegare å vere nynorskelev. Det skjer spesielt i randsonene, der nynorsk og bokmål møtest. Derfor bør nynorskelevane bli samla i ein eigen klasse, der all undervisinga kan skje på

nynorsk. Utan denne retten er det nemleg vanleg at mange nynorskelevar får mykje av undervisinga si på bokmål. Da er det vanskeleg å halde på hovudmålet sitt. Språkdelt ungdomsskole må bli ei nasjonal ordning, og det må vere staten som betalar, ikkje kommunane. 2. Digitale læremiddel Alle elevar må ha rett til læremiddel på sitt eige hovudmål, og dette må gjelde for både trykte og digitale læremiddel. Dessverre veit vi at nynorskelevar møter digitale læremiddel på bokmål og engelsk i altfor stor grad i dag. Derfor meiner vi at det må bli strengare krav til digitale læremiddel, og at regelverket må vere basert på korleis læremidla blir brukt, ikkje kva dei er utvikla til. Dagens definisjon gjer at mange appar og liknande som blir brukt i skolen ikkje blir rekna som læremiddel. Opplæringslova må sikre at nynorskelevar møter nynorsk, også i den digitale verda. 3. Skolemålsr ø y s t i n g a r Utvalet føreslår å fjerne kravet om ei rådgjevande røysting før ein skole kan

byte hovudmål. Vi vil halde på denne viktige demokratiske retten, der heile samfunnet får vere med og bestemme kva språk som skal bli brukt på skolen. Språket som blir brukt i skolen, handlar nemleg ikkje berre om elevane som går der til kvar tid, men er med på å forme språket i samfunnet rundt både no og i framtida. I tillegg opplever vi at skolemålsrøystingane har ein viktig «bremsande» effekt, slik at eventuelle endringar av skolemålet er godt gjennomtenkte og skjer i samråd med lokalsamfunnet. Dette er viktig for å ta vare på nynorsken, spesielt i randsonene, der han er under press. Det er mykje meir å seie om den nye opplæringslova, men desse punkta er dei tre viktigaste. Vi håpar at regjeringa høyrer på oss og ser på punkta på nytt. Heldigvis skal det vere ein høyringsrunde til. Om dei ikkje høyrer på oss no, skal vi få dei til å høyre på oss i neste runde. Opplæringslova er ei politisk sak som ikkje forsvinn med det første, så her er det berre å følge med vidare!


28


CORONATID INGVILD NESE

RUSS

I

Sjølv om planlegginga av russetida – RT – var veldig godt i gang, kom fortsatt covid-19 luskande og den 12. mars såg ikkje den kommande feiringa like klar ut som dagen før. Noreg stengde ned og og vonlaust heldt eg vonet ope om at RT fortsatt kunne verte noko av. Eg var klar for å feire at 13 år med skule var over, men det såg brått mørkt ut. Sjølv om skulen var stengd, var ikkje RT avlyst enno. Som mange andre fekk eg au meir tid til å gjere kreative ting. Heldigvis hadde eg ein raud dress liggjande som trong dekorering. Og viss eg skal seie deg ein ting, er det at det å måle ryggen på ein russedress, og det å sy strykemerke på for hand, tar LANG tid. Heldigvis var ikkje fritid eit problem, og eg var framleis fast bestemt på å bruke dressen i mai. Livet gjekk vidare, men etter litt fekk me dei triste beskjedene om at både landstreffet i Stavanger og russens dag på Tusenfryd ikkje kunne

gjennomførast. Sjølv om dette sjølvsagt var kjipe nyhende å få, innebar ikkje dette igjen at RT ikkje vert noko av. Sånn som stoda var no, hadde eg brukt altfor lang tid på – og var for nøgd med det meisterverket av ein russedress eg hadde, til å kunne ta sorga på forskot. Slutten av april nærma seg og sjølv om Noreg framleis var stengt ned, verka det som om det koronasituasjonen heldt på å bli betre. Sjølv om det ikkje var noko fasit på om RT skjedde til vanleg tid, altså frå slutten av april til 17. mai, eller i juni, som russepresidenten i Oslo og Viken hadde sagt, vart fyrste “offisielle” dag av RT brukt til grilling med både avstandsreglane og hygienereglane i bakhovudet. På skuledagane framover var det lite vits i å bruke dressen, då skulen berre skjedde heime på pc, men ved kvart høve eg skulle ut av huset, var det på med dressen i von om at nokre born ville komme springande etter russekort. Dette var ein av dei tinga eg hadde gledd meg mest til med å vere russ, men til mitt store vonbrot var det få som kom. Det kan vere to grunnar til dette. Den eine er at folk

heldt seg heime, og at det faktisk ikkje var nokon der som kunne spørje. Medan dette er sant til ein viss grad, er det nok også ei anna brikke med i spelet her. Ved fleire høve kunne eg høyre bak meg “Russ!”, men det var eit fåtal som faktisk kom fram og spurde. Min teori er at foreldra hadde snakka med borna sine om at det er viktig at dei heldt avstand til framande, noko eg sjølvsagt forstår og respekterer, samstundes som at eg kan fortelje at det kjipt. Framover vart helgane tilbragt på stader ute, med store areal, for sjølv om RT var det “einaste” som stod i hovudet mitt, var det fortsatt ein pandemi ute og herja. Det var ikkje noko mangel på stemning, og ved kvart høve nokon hadde tatt med seg ein Corona-øl, ironisk eller ei, var det alltid litt ekstra morosamt. På ein av desse turane ute hadde eg au ein samankomst med politiet. Sjølvsagt skjønte dei at me var russ (det er vanskeleg å sjå dressen), og det verka som at dei respekterte det. Sjølv om det var fleire enn fem i grupper der, var dei for det meste berre opptatt om at det ikkje var nokon

mindreårige der, og me fekk ikkje kjeft fordi me spelte musikk eller var mange. Altså eit ganske godt møte med politiet som gjorde som dei skulle og lot russen ha det gøy, gitt situasjonen. 17. mai kom og gjekk, men russen forsvann ikkje. Som nemnt litt tidlegare var det eigentleg bestemt at RT skulle flyttast til juni. Dette gjaldt nok mest for dei som er på russebuss, noko eg ikkje er. Framleis fekk eg moglegheit til å vere med på såkalla rulling, og eg trur ikkje eg skal seie så mykje meir enn det. Alt i alt fekk eg ei bra, lengre enn vanleg og annleis russetid. Eg fekk fortsatt gjort russeknutar, spesielt dei nynorske russeknutane som vert dokumentert på @malungdom si Insta-soge og hatt det morosamt med vener, sjølv om situasjonen er/var som den er/var og eg sit igjen med gode minne, ein nokså-godt brukt russedress og 500 russekort eg ikkje anar kva eg skal gjere med. Illustrasjon: Hedda Trondsdatter Ottestad


30

KORONAKVISS MED SMIB FREDRIK HEIMSÆTER

LO K A L L AG

1

2. mars hadde det nye styret i Studentmållaget i Bergen (SmiB) sitt fyrste styremøte. Då skulle vi planlegge aktivitetane for resten av semesteret og starten av haustsemesteret. Same dagen erklærte Verdshelseorganisasjonen utbrotet av koronaviruset som ein pandemi, og regjeringa innførte ”dei sterkaste og mest inngripande tiltaka vi har hatt i Noreg i fredstid”. Dette førte til at vi måtte endre litt på semesterplanane våre. Kulturelle aktivitetar som teatertur og Eides språksjov, arrangere nynorskkurs og medlemsmøte på restaurant var ikkje lenger aktuelle alternativ, og

KALENDEREN

det såg allereie mørkt ut for års- og landsmøtesesongen. Vi bestemte oss derfor for å bruke tida framover på å lage nytt tilfang og planlegge korleis SmiB skulle vinne tilbake studentmållags-gralen i vervekampanjen til hausten. Det vart òg sagt at vi skulle møtast og vere sosiale når alt dette var over etter påske. Når det lei mot slutten av mars, vart det plutseleg veldig populært å arrangere digitale kvissar. Både organisasjonar, politikarar og ordinære kvissarrangørar strøymde kvissar om favorittemaa sine. Vi i SmiB syntest dette verka kjekt, so det ville vi òg prøve. Vi bestemte oss for å bruke Kahoot som kvissplattform og strøyme det på Facebook-sida vår. Sidan vi har ein del T-skjorter og paraplyar med logoen vår på liggande fann vi ut at dette var fine premiar til dei tre beste deltakarane. Temaet for denne kvissen var nynorsk, målrørsla og Studentmållaget i Bergen. Vanskegrada kan oppsummerast med at det var ein

fordel å ha vore aktiv i Norsk Målungdom. Det var omlag 20 deltakarar på kvissen, og sidan fleire av dei var lag var vi godt nøgde med deltakartala. Tilbakemeldingane på kvissen var gode og vi synest det var ein god måte å vise fram SmiB og engasjere medlemane våre, so derfor bestemte styret seg for å arrangere ein ny kviss ei veke etter den fyrste. Denne gongen var temaet Bergen, og både spørsmåla og vanskegrada var, etter vår meining, varierte. Vi reduserte òg talet på spørsmål frå 20 i den fyrste kvissen til 15 denne gongen, for at det ikkje skulle bli for langdrygt. Det var 13 deltakarar, nokre av dei var nok lag, og vi trur kanskje reduksjonen i deltakarar kom av at den fyrste kvissen var litt vel vanskeleg. Sjølv om deltakartalet var lågare enn for den fyrste kvissen, var tilbakemeldingane gode, og vi syntest det var kjekt å arrangere kviss. Derfor

bestemte vi oss for å arrangere ein tredje, og til no siste, kviss. Denne gongen annonserte vi temaet, som var musikk, på førehand for å prøve å lokke litt fleire til å delta. Det kan verke som den taktikken fungerte, for no var det om lag 20 deltakarar igjen. Det var nok ein litt utfordrande kviss, noko som viste igjen på resultatlista. 1.-plassen svara rett på 11 av 18 spørsmål og 2. og 3. plassen hadde 12 rette svar. Det å arrangere digital kviss er ein lokallagsaktivitet som er relativt enkel å gjennomføre, og som kan engasjere både eksisterande medlemar og potensielle medlemar som ein kan verve.

Ivar Aasen har bursdag!

Vervekampanje

Når: 5. august

Når: 10. august–13. september

Sjefen fyllar heile 207 år! Finn fram

Har du framleis vennar som

ei flaske med Mozell og skål med

ikkje er medlem i NMU? Då

nokre vennar!

har du ikkje gjort jobben din! Verv dei <3


MOTMÆLEKVISSEN

Svein Soldal Eggerud

1. Når var bronsealderen i Noreg?

menneska som skapte ho?

2. Kva er namnet på den nasjonale romorganisasjonen i Russland?

7. I kva land skal dei ha parlamentsval 5. august, same dag som Ivar Aasen fyller år?

11. Kva heiter forfattaren frå Stavanger, som mellom anna er kjent for bokserien om Jarle Klepp?

10. Kva politiske parti sit saman i den norske regjeringa i dag?

14. Kor mange kommunar har me i Noreg i 2020? Slingringsmonn på +/– 25. 15. Kven vann norske Idol i år?

7. Sri Lanka 6. Westworld

2. Roskosmos

5. Acongagua

1. 1700–500 f.Kr

6. I kva HBO-serie møter me Dolores Abernathy, som står i spissen for ein robotrevolusjon mot selskapet og

9. Kor mange bøker skreiv AnneCath. Vestly i serien om mormor og dei åtte ungane?

13. Kven vann nobelprisen i litteratur for 2019?

3. Nordland

5. Kva heiter det høgaste fjellet på heile det amerikanske kontinentet?

8. Ho skriv tekstar og syng på nynorsk, og vert mykje spelt på P3 for tida. Kva er namnet, og kvar er ho frå?

8.Synne Vo, frå Lesja

4. Dverggalaksen Store Hund er vår væraste nabo. Kor mange lysår unna oss er denne galaksen? Slingringsmonn på +/– 9000 lysår

12. Verdas lengste trafikkerte jernbaneline er 10 267 kilometer lang. Mellom kva to hovudstadar går denne lina?

4. 25 000 lysår

3. I kva fylke finn me Torghatten?

15. Mari Eriksen Bøll

11. Tore Renberg 10. Høgre, Venstre, Kristeleg Folkeparti 9. Sju

14.356 kommunar 13. Peter Handke 12.Moskva og Pyongyang

FASIT ANNONSE ODDA

Målbyte i Odda og Valdres: Den store skilnaden er Oddamodellen Av Knut O. Dale, leiar i Odda Mållag I Valdres byter 75 prosent av elevane frå nynorsk til bokmål. Slik er det ikkje i Odda. I år var det 2 av 56 elevar som gjekk over til bokmål då dei tok til på Odda vidaregåande skule, dvs. mindre enn 4 prosent. Firmaet Proba samfunnsanalyse hevdar at årsaka til målbyte er «den massive bokmålspåverknaden», skal me tru eit brev frå Utdanningsdirektoratet datert 26.06.15. Men bokmålspåverknaden er like stor i Odda som i Valdres. Men det er ein skilnad mellom Odda og Valdres: I Valdres har dei ikkje språkdeling på ungdomskulane. Karen Marie Kvåle Garthus, som no er avdelingsleiar på den studiespesialiserande studieretninga på Valdres vidaregåande skule, har granska målbytet i Valdres.

I eit intervju med NRK sa ho dette om årsaka til målbytet: «Jeg tror at dette handler om at en nynorskbruker i Valdres mangler språklig selvtillit, og at vi ikkje har klart å gi dem det gjennom skolegangen.» Denne språklege og kulturelle sjølvtilliten gjev Odda ungdomskole nynorskelevane og difor har vi lite eller ikkje målbyte i Odda. Å oppheva språkdelinga vil langt på veg vera eit brot med den politikken som eit samla kommunestyre no i haust la til grunn med attvalet og styrkinga av språkdelingsutvalet . Dette politiske utvalet - med ordførar Roald Aga Haug i spissen - har fått som mandat å arbeida for at Oddamodellen skal gjelda over heile landet og at utgiftene med modellen skal finansierast av staten. Vi står no på terskelen til at Oddamodellen kan

bli allmenn, jf. tinginga frå fleirtalet i kommunalkomiteen på Stortinget til regjeringa Om kommunestyret no set strek over Oddamodellen, vil det vera ei kulturell misgjerning og langt på veg ei undergraving av ei av skuleverket sine kjerneoppgåver: å gjera alle elevar til dugande og trygge språkbrukarar. (Lesarinnlegg i Hardanger Folkeblad 15.12.15)

Men kommunestyret i Odda oppheva språkdelinga frå og med skuleåret 2016. Ei mor som hadde ein elev i dei fyrste målblanda klassen, var djupt fortvila over konsekvensane av målblandinga. Sonen hadde tapt grepet på nynorsken og vorte språkleg utrygg.

Oddamodellen må lovfestast og staten må bera meirkostnadane.


JAKTA PÅ LØPARHJULET KRISTIN STORHAUG

SISTEORDET

D

Det heile starta då sambuaren og eg snakka om løparhjula som var komne til Bergen. Eg seier: “Har du sett at det har kommet elektriske løparhjul?” og på det spør ho: “Hva er løperhjul?” Når ein er saman med ein austlending, må ein vere litt tolsam, så sjølv om eg hadde mest lyst til å rope “KA É LØPARHJUL?!?” svara eg heller: “Du vet, litt som et skateboard, bare med et ratt, og så løpar man bare med den ene foten mens den andre gliiir bortåvar. Men så é de elektriske”. Sambuar svarar med det mest nedslåande ordet eg har høyrt i heile det norske språket, liksom for å rette på meg: Sparkesykkel. Eg er van med at me seier enkelte ord ulikt. Eg har mang ein gong måtta forklare kva “kjørl” eigentleg er, og ein gong måtte eg skuffa seie “søppel”, etter tre mislykka forsøk på

“boss”. Sånn er det å vere saman med ein austlending – ikkje noko nytt å melde. Det store sjokket kom dagen etter, då gruppechatten beståande primært av vestlendingar, diskuterte same temaet: løparhjul eller sparkesykkel? Vestlendingar, frå Haugesund til Indre Arna, meinte alle det same: Det heiter sparkesykkel. Når ein er den einaste som meiner noko, kan det vere ein idé å ta eit steg tilbake og gjere omfattande forskingsarbeid. Kunne det hende at eg hadde vorte galen? Var det kanskje berre i eit lite, avgrensa område, rundt Andedammen på Rolland i Åsane, ein brukte omgrepet? Eller hadde eg funne på eit nytt ord av ukjende årsaker og innbilt meg at eg ikkje var åleine om å bruke det? Korkje Bokmåls- eller Nynorskordboka omtala ordet, så sistnemnde alternativ verka reelt. Ei indre krise utan like var på veg. Det første eg gjorde, som eit ledd i forskinga, var sjølvsagt å google, for å sikre kjeldekritiske, objektive svar. Eg skreiv inn “hvorfor det heter løperhjul” i søkefeltet

(og kvifor eg skriv søketekstane mine på bokmål, lyt eg kome tilbake til ein annan gong), og 3 av 4 av dei første resultata var om sparkesyklar. Det fjerde var frå Bergens Tidende (BT) i 2001, med overskrifta: “Bergenske løperhjul – eller ikke?” No er eg inne på noko her, tenkte eg, og byrja å lese, medan eg kjende meg som ein vaskeekte gravande journalist. Det viste seg at BT i si tid prøvde å gjere krav på løparhjul som eit særbergensk uttrykk, men at dei hadde fått respons frå ein stipendiat ved UiB som påpeika at det jo heiter “løbehjul” på dansk, og at det då ikkje er eksklusivt for bergensk. Hm... Det kan óg nemnast at det i mange artiklar i dei lokale avisene Bergens Tidende og Bergensavisen står løparhjul (eller, rett skal vere rett: løperhjul), og det er dette omgrepet som blir brukt i kommunen sin offisielle informasjonskanal. Kva veg tyngst – bergenske aviser, Kommunen™ og sjølvaste eg, eller austnorske kapitalistar som, på sitt mest utkropne vis, vil tene

pengar på såkalla sparkesyklar? Dessutan seier mor mi løparhjul, og mor mi har alltid rett. Konklusjon: Sjølv om ikkje alle bergensarar seier løparhjul, er likevel alle løparhjul bergenske. Trur eg. Men så var det dette med at ordet opprinneleg er dansk, då… Som målkvinne vil eg så gjerne avskrive alt dansk/ riksmål, men som bergensar er det nokre gongar ekstra vanskeleg, som til dømes ved hokjønn, og no… løparhjul. Nokre kamelar må ein svelgje, og kvar einaste dag gjer eg mitt ytste for å hugse å skrive “sjela mi”, sjølv om det svir i den bergenske ‘sjelen min’. Eg toler det. Men løparhjulet mitt? Det tek ingen frå meg! Debatten går for tida høgt og lågt i aviser og #SoMe. Er doningane den nye kloakken i byen vår, eller eit kjærkome, miljøvenleg alternativ? Personleg syntest eg det var på høg tid at nokon tok den VIKTIGE debatten, nemleg kva løparhjulet skal kallast. Og no sit de heldigvis med fasiten. Illustrasjon: Anna Sofie E. Valvatne

RETUR: NORSK MÅLUNGDOM, LILLETORGET 1, 0184 OSLO


Millions discover their favorite reads on issuu every month.

Give your content the digital home it deserves. Get it to any device in seconds.