a product message image
{' '} {' '}
Limited time offer
SAVE % on your upgrade

Page 1

MOTMÆLE GJEVE UT AV NORSK MÅLUNGDOM

FRAMHALD AV EG 34. ÅRGANGEN nr.1/20


2

ANNONSE

LANDSMØTE 2020 Norsk Målungdom skal ha landsmøte 27.–29. mars på Ås ungdomsskole. Der skal me bestemma kva NMU skal meina og arbeida med det neste året og velja nye tillitsvalde. Det blir gode diskusjonar, festmiddag og høve til å bli kjend med andre målungdommar!

Vil du vera med? Utsendingane blir valde på årsmøta eller medlemsmøte i lokallaga. Ta kontakt med lokallaget ditt om du vil koma. Om du ikkje har lokallag, er du hjarteleg velkomen som observatør!


BLADSTYRARTEIGEN INNHALD Bladstyrarteigen: s. 3 Leiarteigen: s. 4 Frå arkivet: s. 4 Skvåsj og sjåfør: s.5 Identitetskrise: s. 6–7 Ny tid, nye prinsipp?: s. 8–9 Lokallagsaktivitet: s. 10 Mimring frå vinterleiren: s. 12 Filmspalta: s. 13 Internasjonalt: s. 14 Podspalta: s. 18 Fråsegner: s. Soge- og dokumentasjon Så du skal på landsmøte i NMU?: s. 20 Studentsamling: s. 21 Midlandsnormalen: s. 22–23 Målreising på færøysk: s. 24–25 Sumarleir: s. 25 Landsmøtehelsingar: s. 26–29 40 år med vond brenn’vin: s. 28–29 Moroside: s. 31 Sisteordet: s. 32

nr. 1/20 Norsk Målungdom Lilletorget 1 0184 OSLO E-post: norsk@malungdom.no Telefon: 23 00 29 40 ISSN: 0809-2109 Bladstyrar: Håkon Remøy Økonomiansvarleg: Oline Rekdal Bladstyremedlemer: Ingvild Nese Rasmus Tennø Loe Bladbunad: Anna Sofie Ekeland Valvatne Korrektur: Tobias Christensen Eikeland Prenteverk: Merkur Grafisk AS Tinging (eitt år): 200 kr Sal av lysingar: Rimelege prisar etter avtale. Ta kontakt på norsk@malungdom.no Bidrag: Me tek gjerne imot stoff frå lesarane. Artikkelforfattarane står sjølve ansvarlege for innhaldet i artiklane sine.

VIL ME HA EKSTRAPOENG FOR Å HA NYNORSK SOM HOVUDMÅL?

E

g trur ikkje eg tek feil om at dei fleste som les dette bladet ynskjer at nynorsk og bokmål skal vera jamstilte og tevla på rettferdige vilkår. Ja, eg har ofte tenkt det. Det har vore nokre diskusjonar på landsmøta der me har prøvt å koma fram til kva me eigenleg skal tykkja om tilhøvet mellom nynorsk og bokmål i skulen. Vil me ha ekstrapoeng for dei som har nynorsk som hovudmål? Personleg har eg vore imot av di det legg opp til at nynorsken ikkje klarer seg på eiga hand. Det ville heller ikkje gjeve meining i og med at hovudmålet og sidemålet skulle vurderast på same grunnlag. Det ville ogso ha blåse liv i argumenta om at nynorsken vert halden i live kunstig, og at statistikken lyg om kor mange nynorskbrukarar det er i den norske skulen. Ja, mykje tala imot ekstrapoenga. No legg derimot dei nye læreplanane opp til at ein skal taka omsyn til at elevane har hatt mindre tid med sidemålet sitt, og at det difor vert ei mildare vurdering. Ja vel, spørsmålet vert då kjapt: Vil ein vurdera nynorsk som sidemål og bokmål som sidemål likt? Altso om det er gjennomgåande språklege feil, problem med pronomen

og meir, vil ein vurdera desse feila like mildt i ei sidemålstekst på bokmål som ei på nynorsk? Eg trur ikkje det. Eg trur ein alltid ventar at bokmålet er på eit visst nivå. Men no er det endå ein gong kome inn framlegg om at me skal vurdera ekstrapoeng, denne gongen har eg ikkje røysterett på landsmøtet, og eg er uviss på kva eg ville ha røysta. No har me som sagt ikkje lenger same føresetnaden som me hadde sist gong. Når læreplanen legg opp til at ein vurderer hovudmål og sidemål ulikt, må ein kanskje tenkja nytt. Rådet mitt er at du som les dette og skal på landsmøte, tenkjer over problemstillinga, dreg det fram i ordskiftet og tek stode til spørsmålet. Håkon Remøy


4

LEIARTEIGEN

FRÅ ARKIVET

DET FINST FRAMLEIS DÅRLEGE SPRÅKHALDNINGAR DER UTE

I

NORSK MÅLUNGDOM PÅ INSTAGRAM

januar blussa ein debatt som vi har sett utgåver av mange gongar før, opp nok ein gong. Sanna Sarromaa fekk kronikken «Tenk om skolen hadde undervist i kebabnorsk» på trykk i Nordnorsk debatt. Dei litt eldre av oss hugsar kanskje Sarromaa frå kronikken «Nynorsken er en hellig ku» for nokre år tilbake. Der var det nynorsken som fekk gjennomgå, men no er det altså kvensk ho prøver å sable ned. I kronikken samanliknar Sarromaa kvensk med kebabnorsk, og hevdar at kvensk berre er ein dialekt som ikkje burde bli undervist i skolen. For å slå det heilt tydeleg fast: Kvensk er eit språk. Som vi i Norsk Målungdom veit, ser ein ikkje berre på reine lingvistiske skilnader når ein skal definere eit språk. Norsk, svensk og dansk er innbyrdes forståelege utan at vi seier dei er same språk av den grunn. Haldningane til Sarromaa burde ha blitt lagt igjen for fleire tiår sidan, og er eit godt døme nettopp på korfor det er viktig at kvensk har fått status som språk. Om noko er eit språk eller ikkje, handlar nemleg om mykje meir enn lingvistikk. Kvensk fekk status som eit eige språk i 2005, og regjeringa la mellom anna til grunn at kvensk har lang historie utanfor Finland og har utvikla seg i ei anna retning enn riksfinsk. Det er altså politiske og kulturelle grunnar til å rekne kvensk som eit eige språk.

Språkstatusen er også viktig for revitaliseringsarbeidet. Kvensk er eitt av dei nasjonale minoritetsspråka i Noreg, og det er verna under den europeiske minoritetsspråkpakta. Dessverre står det framleis ganske dårleg til med det kvenske språket, etter mange år med hard fornorskingspolitikk. Det siste vi treng i revitaliseringskampen, er å måtte bruke tid på å forsvare at kvensk er eit språk. I staden treng vi tid til å finne fram til gode tiltak for å styrke kvensk, slik at kvenane som ønsker det, får sjansen til å lære språket sitt. Da treng vi lærarar som kan kvensk, ikkje berre finsk. Vi treng også fleire lærarar, fleire kvenske språksenter og andre gode tiltak for å revitalisere det kvenske språket. Vi som er nynorskbrukarar, veit korleis det er å møte dårlege haldningar til språket vårt. Vi veit også korleis det er når folk tviler på om språket vårt er eit språk i det heile. Å ta kampen for gode haldningar til andre språk er med på å sikre statusen til resten av språka våre også. Vi må vere med og hjelpe til der vi kan for å revitalisere kvensk og sikre det norske språkmangfaldet.

I

nr. 1 av Motmæle frå 2013 kunne me lesa ei tekst av Kristofer Olai Ravn Stavseng om at jussprofessor Johan Giertsen meinte at dei studentane som skreiv nynorsk, skreiv betre enn bokmålsstudentane. Det som skilde, var at nynorskstudentane skreiv stuttare og meir poengtert. Han meinte at bokmålsjuristane hadde mykje å læra av nynorsken. Elles rådde han dei som hadde vore nynorskelevar, til å halda fram med å bruka nynorsken. Dette kan me vonleg føra over til andre område enn jussen!

Gunnhild Skjold

lungdom @fronma ykka årsell Etter eit v MU gler det n ro møte i F nne seg til å fi t re ty nye s prell s moro og r på på mykje a p å året! H te s e n t e d et! ed på lag å få deg m

@smisogndal Super avslutning smiddag i går! Vi ser fram til eit nytt år med meir arbe id <3

@malungdom I helga har me hatt landsstyremøte der me har vedtatt ny politikk og innstilt på arbeidsprogram for neste periode Me var også ein tur innom Stortinget og fekk omvising av @fredoev. Det var stas! #målungdom


5

Illustrasjon: Hedda Trondsdatter Ottestad

SKVÅSJ OG SJÅFØR – NORVAGISERING. HÅKON REMØY

S PR Å K- GA I D

I

utgangspunktet vil du kanskje ikkje tenkja at orda i overskrifta har so mykje sams. Og kan henda du tenkjer at det fyrste ordet ser litt rart ut? No er det ikkje so mykje dei har sams, anna enn at båe byrjar på s, men båe er det me kallar norvagiserte. Norvagi-

@hallingdal_ mu Meir vellykka møte enn kakedekorasjon i dag! Følg med på fjesbokji for informasjon til neste møte!

sering går ut på at eit lånord får norsk skrivemåte. Det kan vera ein del som ved fyrste augnekast vil tenkja at sjåfør er heilnorsk, men det er det ikkje. Det kjem frå fransk chaffeur, som opphavleg tyder ‘fyrbøtar’. Medan skvåsj er kanskje ikkje fullt so vanleg å sjå, men det er normert på line med squash. I norsk har me mange ord som kan skrivast to eller fleire måtar, men i dei tilfella der det er ein norsk og ein utanlandsk skrivemåte, har intensjonen vore at ein på sikt skal ha den norske som eineform. Men slik kan taka

@sumaroyo_malungdom Å ha nynorsk som språk på datamaskina er berre heilt fantastisk! #nynorskkvardag

tid å få innarbeidt i språkbruken hjå folk. Det er aldri so mange som skriv generøs, endå om det er meir enn 80 år sidan forma gjekk ut or rettskrivinga. Sjenerøs er altso eineform, men at det enno vert bruka noko, kan nok ha ein del å gjera med at generell ikkje har vorte norvagisert til sjenerell. Men no er det so at nye ord som kjem inn i norsk, i utgangspunktet kan skrivast med norsk skrivemåte so lenge ikkje noko anna er fastsett av Språkrådet (og sjølvsagt kan du gjera som du vil på privaten). No er ikkje skvåsj åleine

@malungdom Lihhku beivviin! Vuorbbe biejvijn! Læhkoe biejjine! Til lukke med den samiske nasjonaldagen! #målungdom #språkmangfald

i kvardagen, stundom køyrer du gjennom ein tunell, eller du har mange seller i kroppen. Stundom fer du på sjartertur, og når du fyrst er komen fram, treng du kanskje ein gaid som syner deg staden. På kvelden får du såsissar, som du so gjerne vil ha ketsjup på. So spørst det kor nøgd du er med sørvisen på den lokale matstova der. Personleg tenkjer eg at me lyt ha som mål at alle ord i norsk får ei norsk form, anten gjennom norskare skrivemåte eller ved å laga eit norsk ord (fornorsking).

@nyn o Ikkje rsk_ tinde me a n r t to b e ne

i...


6

KORLEIS VESTLENDINGANE GAV MEG IDENTITETSKRISE INGRID MØLMEN GRÅSLETTEN

AU S T L E N D I N G?

D

å eg flytta til Bergen for over fem år sidan, var eg ganske godt budd på det meste: Eg var klar for å treffe nye menneske, eg syntest det var heilt i orden å ikkje kunna reise heim så ofte, og eg rekna med at talet på spørsmål av typen «er du frå same stad som Odd Nordstoga?» i veka, ville søkke etter kvart. Det siste hadde eg stort sett rett i, men eg var ikkje heilt budd på kor frustrerande temaet kom til å bli. Før eg flytta til den såkalla vestlandshovudstaden, hadde eg budd i Gudbrandsdalen heile livet. Seksten år på Lesja og tre år på Vinstra. Det hadde vore ein overgang å flytta på hybel da eg byrja på Vinstra vidaregåande, men overgangen frå Vinstra til Bergen var faktisk større. I Bergen er eg jo omgjeven av vestlendingar! Så kan ein jo (med rette) spørja: Er det eit problem, da? Det korte svaret er «nei». Eg fekk rett nok eit problem da eg flytta hit, men det var ikkje

vestlendingane i seg sjølve som var problemet. Problemet var at dei stempla meg som austlending. Og ikkje nok med det. Dei stempla meg som ikkje SÅNN austlending. Sidan dette ofte kom frå menneske som brukar austlending litt (og til tider meir enn litt) nedsetjande, gjekk eg utifrå at det å ikkje vera SÅNN austlending stort sett var positivt. Likevel var ikkje SÅNN austlending ein ganske forvirrande kategori å bli putta i. For kva i all verda innebar det? For å finne ut av det byrja eg med å finne ut kva ein SÅNN austlending, eller heilt enkelt ein austlending, var. Etter å ha tenkt altfor mykje på det og høyrt fleire døme på nedsetjande bruk av austlending kom eg fram til at SÅNNE austlendingar truleg er dei som bur i eller ved ein by, har bokmål som hovudmål og endrar «nynorsk ordliste» til «spynorsk mordliste» ved alle høve. I så fall tyder det at eg, ein ikkje SÅNN austlending, er ein austlending som ikkje bur i eller ved ein by, ikkje har bokmål som hovudmål og ikkje endrar «nynorsk ordliste» til «spynorsk mordliste» ved alle høve. Flott. Det passar jo fint det, men det løyste ikkje identitetskrisa mi. Ho kom visst av noko anna. Da eg hadde funne ut at problemet ikkje kunne koma av at eg ikkje passa inn i kategorien ikkje SÅNN

austlending, kom eg fram til det eigentlege problemet: den opplevde enorme avstanden mellom identiteten eg vart tillagd som ikkje SÅNN austlending (og det å i det heile teke bli sett på som austlending) og det eg sjølv identifiserte meg som, lesjing. Eventuelt døl. I enkelte høve opplending, men der gjekk grensa. Eg var ikkje austlending, og ikkje ikkje SÅNN austlending. Okei, så eg fann ut kvar problemet låg, men kva vart så løysinga på identitetskrisa? Eg er ikkje heilt sikker, men eg har nok berre akseptert det og kome fram til at det er det same kva vestlendingar og SÅNNE austlendingar (som gjerne ser på meg som anten ikkje EINGENTLEG austlending eller hedmarking(!)) og alle andre synest eg er. Så lenge eg kan identifisere meg som lesjing og ha «Lesjasangen» i ramme og glas på gardinbrettet, er det ikkje så gale å vera ikkje SÅNN austlending av og til heller.


7

Illustrasjon: Anna Sofie Ekeland Valvatne


8

Illustrasjon: Oda Weltzin Husebye


9

NY TID, NYE PRINSIPP? SVEIN SOLDAL EGGERUD

PR I N S I PPFA S T

V

isste du at dagens prinsipprogram til Noregs Mållag er frå 1997? Eg er altså to år eldre enn det som nesten kan kallast for “Grunnlova” til mållaget. Eit morofakta, der altså. Noregs Mållag har landsmøte annakvart år – førre var i 2018 – og i år skal me vedta eit nytt prinsip�program. Visste du også at ein anna ord for prinsipprogram er tuft? Me i Norsk Målungdom brukar det om vårt prinsipprogram, og difor vil du sjå det ordet i resten av teksten (i tillegg er det kortare og mindre kronglete å skriva). Nynorskordboka seier forresten at tuft kan tyda ein stad der eit hus står, eller spor etter gamal busetnad. Og når nynorsken er som ein språkleg heim for oss, så skjøner du nok kvifor me kallar grunnlagsdokumentet for tufta. Det er nemleg her me finn prinsippa og visjonen som arbeidet vårt er tufta på. MEN KVA ER EI TUFT, SÅNN EIGENTLEG? OG KVIFOR TRENG ME DET? Jo, ei tuft liknar eigentleg mykje på eit partiprogram. Ho fortel kva organisasjonen står for, og ho legg føringar for korleis medlemmane oppfører seg og arbeider politisk. Det er typisk i ei tuft å sjå dei lange linene i historia. Dette skil seg frå arbeidsprogrammet, som ser kortare fram i tida og konkretiserer oppgåvene i mykje større grad. Me kan godt seia at arbeidsprogrammet set mål for målet vårt, medan tufta stiller det store spørsmålet: Kvifor nynorsk (i det heile teke)? SLIK LAGAR DU TUFT PÅ 1–2–3 Arbeidet med å laga ny tuft starta på landsmøtet i 2018. Ei nemnd på sju personar fekk mandat til å skriva

eit utkast til landsmøtet i år. Eg sit i nemnda som NMU sin representant og fremjar NMU sine meiningar. Arbeidet byrja for fullt i fjor, og då gjorde me mellom anna dette: - Me samla tekstar som argumenterte for nynorsk/målsak inn i eit studiehefte, tilgjengeleg for alle. - Me laga ein poddkast-serie der to tidlegare toppmenneske i målrørsla diskuterte den gamle tufta. - Me skipa til tre regionale dagsseminar i Oslo, Bergen og Trondheim. Medlemmar diskuterte med utgangspunkt i studieheftet og/eller eigne meiningar. Førsteutkastet kom ut på seinhausten og organisasjonen fekk koma med innspel. Tidleg i desember skreiv me andreutkastet og hadde det ute på “høyring” til midten av februar. No har me levert nytt utkast til sentralstyret i Noregs Mållag. Det siste utkastet kjem på landsmøtet, der det skal bli diskutert og til slutt vedtatt. Om du har lyst å bli med no i innspurten, så er landsmøtet 24.–26. april på Sola flyplasshotell utanfor Stavanger. KVA MEINER EG OM TUFTA? Du finn både den gamle tufta og det nye utkastet på nettsida til Noregs Mållag. Eg har ikkje eit ønske om å diktera kva du skal meina, men det kan kanskje vera interessant om eg deler nokre tankar. Det eg no skriv, treng du difor ikkje sjå på som noko fasitsvar. Som dei seier på sidemål, here we go! Føremålet og grunnlaget er endra, men har framleis mykje av det same ved seg. Han Ivar er framleis nemnd, som er på sin plass, og nynorsk blir sett i ei større internasjonalt rørsle for utsette språk. Fint! Noko du kan tenka over, er om føremålet er blitt styrkt eller svekt. Litt som diskusjonen gjekk i 1997, så kan det framleis vera usemje om ordlyd og intensjon. Skal me få fleire/flest mogleg til å bli nynorskbrukarar, eller skal nynorsk bli meir synleg overalt i samfunnet? Blir det eine utelukka av det andre? Elles kan du merka deg at strukturen er annleis. Det er gjort eit forsøk

på å endra rekkefølgja på avsnitta, og å setja inn nokre nye “prinsipp”, meir likt utviklinga i dag og i framtida. Men ei av dei store utfordringane er å velja/definera prinsippa. Det er også vanskeleg å spå framtida. Difor er dette utkastet mindre oversiktleg enn det som var ønskt. Ei erkjenning er at tufta til NMU er mykje betre på struktur. Der står prinsippa lista opp, kort og konsist. Undertitlane er stort sett berre eit ord/omgrep, og så kjem det ein forklarande tekst under. Her står akkurat det som trengst for å legitimera koplinga mellom det generelle prinsippet og NMU sitt arbeid. Nemnda kunne lært noko frå den måten å løysa det på. Noko anna nytt er at utkastet skildrar nynorsken som eit språk under tydeleg press, både frå bokmål og engelsk, og frå nye teknologiske løysingar. Dette er ei rett oppfatning, meiner eg, men blir det ikkje for spesifikt for ei tuft? Eg meiner dette liknar i større grad på problemskildring og målsetting som finst i eit arbeidsprogram. Det blir feil å blanda desse sjangrane saman, av grunnar eg har gjeve lenger oppe. Dessutan manglar me enno grunngjevinga for kvifor norsk er å føretrekka føre engelsk, eller kvifor nynorsk kan og skal nyttast til alt. Kjærleiken til språket må tydelegare fram! Eit lite tips til slutt: høyr på poddkasten «Prinsipprogrammet»! Han har lege ute ei god stund, men er framleis særs relevant og mindre tørr enn du kanskje trur. Du finn han der du plar høyra poddkastar. God lytting!


10

Alle bilete: Studentmållaget i Nidaros

STOR AKTIVITET I STUDENTMÅLLAGET I NIDAROS HALLVARD OLAVIUS VESTAD

L O K A L L AG S L E I A R

S

tyret hev havt ei målsetjing om at me skal få meir samhald i laget. Difor hev me prøvt å ha fleire heimekoselege tilskipingar. Sist hadde me ein «tradisjonell» grautkveld i november. Eigentleg var han ikkje sedvane i Studentmållaget i Nidaros, men me var fleire som hadde havt ein slik tradisjon i lokallaget på Molde, og me tyktest det ville vera for dårleg å ikkje vidareføra han i Bartebyen. Me møttest heime i stova åt nestleiaren og lét praten flyta om mykje ulikt – medrekna lærarrolla og språkstoda på Grønland. Det var til og med vitjande frå Trøndersk målungdom blant studentane.

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet er ikkje akkurat kjent for å vera flink med eksamensoppgåver på nynorsk. Her hev det ofte gått i dårleg språk og i det heile teke mangel på nynorsk. Difor hev det vore viktig for oss i studentmållaget å hengja opp bannera våre i eksamenstida – i fargerike bokstavar oppmodar me folk til å koma i hug eksamen på nynorsk. Og eksamenstida før solkverv var ikkje noko unntak, for ogso denne gongen hengde me opp banner på fleire av dei viktige campusane. Me vonar all banneropphengjinga dei siste åra hev hjelpt, og at det er lettare å få eksamensoppgåvene sine på hjartespråket no enn før. Frå Nidaros til alle andre studentmållag: Ikkje gjev opp! Det er lov å gjera stas på seg sjølv, seier me oss sjølve når me kvart år ordnar med fint jolebord på restaurant. Denne gongen var me på norsk restaurant – ja, dei

finst, dei òg! Ein treng ikkje sokna til Mellomhavet eller Aust-Asia for å få god mat på bordet. I Nidaros finst det fleire matstader som tilbyd god, norsk mat. På jolebordet fekk me eta det som må vera den beste kveita å få! På nyåret var det til stor glede at dei flinke folka på Trøndelag teater hadde sett opp den velkjende musikalen Jesus Christ Superstar på nynorsk. Det var ikkje verst å høyra denne komiske framstillinga av påskeforteljinga på hjartespråket! Som lokallag kan ein gå i den fella at ein gjer ting berre for gøy. Eller, det er ikkje det eg meiner. Sjølvsagt skal ein ha det artig i målungdomen, men ein skal ikkje gløyma at han er ein politisk organisasjon, det er det eg ville seia, og moro og politikk utelukkar ikkje naudsynleg kvarandre heller. No når laget skal ha kampanjen Nynorsk kvardag, passa det særskilt godt å gjera noko so kvardagsleg som å gå på teater (i byane er visst det

nokso vanleg, hev eg høyrt) og samstundes stø ei nynorsk oppsetjing – i ein by som elles ser altfor lite nynorsk. I byrjinga av februar hadde me ei tilskiping i lag med vaksenmållaget i Trøndelag: Nynorsk motivasjonsdag. Tilskipinga var retta særleg mot lærarstudentar og lærarar, men var open for alle, og målet var å motivera til god nynorskundervising. Til gulrot hadde me sjølvaste forfattaren Edvard Hoem på programmet. Det var godt å sjå at so mange kom. Som me i målungdomen sjølvsagt veit, so kan superlæraren nynorsk! Då hev eg fortalt ein del om den nylege aktiviteten i Studentmållaget i Nidaros. Eg håpar det var litt inspirerande. I skrivande stund er det ikkje mange dagane før årsmøtet. Då skal me leggja fram ein plan for komande aktivitetar, og med den planen vert nok resten av 2020 minst like aktivt i Nidaros!


11

INTERVJU PÅ RUNDGANG

med Dordi Boksaps Lerum

K V EN E R DU? Godt spørsmål, eg funderer ofte over det same sjølv. Utan at det nødvendigvis seier so mykje om meg, so har eg vore 17 rundar rundt sola, og kjem frå Luster og Tingvoll. No er eg busett på Vinstra, der eg går fyrste året på landslina for folkemusikk på vidaregåande. KORLEIS KOM DU ME D I NMU? Eg kom med i NMU etter at eg flytta frå nynorskbasti-

onen Sogn og Fjordane til Tingvoll, der eg var einaste nynorskelev. Då fekk eg verkeleg opna augo for kor viktig språk og målsak er. FORTE L L I T T OM DE N F YR STE T IL SK IPING A DU VAR PÅ: Mi fyrste NMU-tilskiping var haustkonferansen 2018. Her vart eg kjend med mange fine folk, i tillegg til at eg lærte meg å spela Ligretto. Etter det har det vorte fleire tilskipingar og tal-

lause rundar med Ligretto! K VA BOK HAR DU PÅ NAT TBORDET DI T T? Akkurat no går det mest i lesing til geografi- og samfunnsfageksamen... Men eg har akkurat lese fyrste bind av Septologien til Jon Fosse, og det kan eg anbefala!

våren planlegg me teatertur til Oslo. Det blir kjekt! K V E N V IL DU G JE S TAFET TPINNEN V IDARE T IL? Linn Merete Bod Nes.

SK JE R DE T NOKO SPE NN A N DE I LOK A LL AG E T DI T T? Fron Målungdom har akkurat hatt årsmøte, og til

ANNONSE

Meld deg inn no, og medlemskapen gjeld ut heile 2020!

Me arbeider berre med éi sak. Éi. Eller det er jo ikkje heilt sant. Me meiner jo ting om distriktskontora, om norsk språk på Netflix, om FM-bandet, om vêrmeldinga på TV2. Svært mange møter nynorsk berre gjennom radio og tv. Me vil sikre at det også blir slik i framtida. Sidan me er heilt utan statsstøtte, er me avhengige av fleire medlemer. Er du under 30 år, kostar det berre 150,- å vera medlem. Meld deg inn ved å senda ein e-post til post@kringkastingsringen.no. Truleg den viktigaste mediemålpolitiske organisasjonen i Noreg sidan Lytterforeningen.

kr ngkast ngsr ngen Drikk du vatn rett frå springen? Bli med i K-ringen!


12

Alle bilete: Ingunn Vespestad Steinsvåg

MIMRING FRÅ VINTERLEIREN 2020 RASMUS TENNØ LOE

TIL SKIPING

N

år det har blitt nytt år og januar, skjer alltid to ting: Du startar med å bryte alle nyttårsforsetta dine, og det er tid for vinterleiren til Norsk Målungdom. Det eine er meir positivt enn det andre. Vinterleiren var i år som i fjor på Skogstad leirstad på Eina i Vestre Toten

kommune. Tilskipingar med Norsk Målungdom er alltid kjempekjekt, og denne gongen var ikkje noko unntak. Programmet på fredagskvelden starta med Ingvild Bryn som spelte piano og snakka om språk i NRK, og utover helga fekk me høyre om spanande tema som språkteknologi med Benedicte Frostad, skotsk språkaktivisme med James Puchowski og kvinner i nynorsksoga med Eli Bjørhusdal. Det var lite snø på Eina, men heldigvis var Christoph Franzen der for å fortelje oss om klimaendringar. På søndagen før me drog, diskuterte me prinsipprogrammet til

Noregs Mållag, og kva me meiner når det skal opp til diskusjon på landsmøtet. Heldigvis er ikkje vinterleir berre fagleg påfyll, det er ogso sosialt og moro. Har du nokon gong vore med på ein kviss der eit lag har enda opp med minus uendeleg poeng? Dette skjedde nemleg på den særs utradisjonelle kvissen på vinterleiren der mellom anna fleire av poengsummane blei rekna på ein logaritmisk skala. Det blei ogso som vanleg spelt mange rundar ligretto og sjølv om eg ikkje vann denne gongen heller, er det alltid like morosamt, med unntak av når ein får 16 minuspoeng. Årets handar-

beidspunkt var at ein kunne få prøve seg på å tove. Her kunne ein prøve seg på å til dømes lage gryteunderlag. Ei målungdomstilskiping hadde sjølvsagt ikkje vore den same utan alle dei kjekke folka. Om det er nokon du aldri har treft før eller nokon du kjenner godt, er alle alltid så hyggjelege, at sjølv å tape i ligretto blir ein fest. Det verste med vinterleiren var difor når søndagen var komen, og me måtte reise heim igjen. Sit du no og tenkjer at du skulle ynskje du kunne bli med på ei NMU-tilskiping, ja, då er det berre å melde seg på sumarleir. Forhåpentlegvis sest me der!


13

KVITTER FRÅ TWITTER – nynorsktwitter på sitt beste

FILMSPALTA ved Gunnhild Skjold

DE N NOR SKE:

Få meg på, for faen (2011) Regissør: Jannicke Systad Jacobsen

Med ujamne mellomrom får eg spørsmål om kva filmar som passar til filmkveld i lokallaget, og her kjem eit framlegg! Få meg på, for faen er basert på ei bok av Olaug Nilssen, og sett til den fiksjonelle bygda Skoddeheimen. Hovudpersonen Alma er midt i den seksuelle oppvakninga si, og livet blir ikkje lettare når ho får kallenamnet «Pikk-Alma» etter at ein gut på fest dultar borti ho med pikken. Sjølv om det truleg er dei færraste av oss som har fått eit sånt kallenamn, er det nok mange som kan relatere til at det ikkje alltid er like lett å vere 15 år. Få meg på, for faen er både klein og morosam og mykje meir. PS: Vil du ha eit anna filmkveldtips? Om du blar i tidlegare Motmæle kan du finne filmspalta om Kvinner i for store herreskjorter, som også er ein topp nynorskfilm! DEN UTANL ANDSKE:

Parasitt (2019) Regissør: Bong Joon-Ho

Parasitt skapte historie da han vann Oscar-prisen for beste film som den første framandspråklege filmen i historia. Her til lands har over 100 000 sett han på kino sidan han hadde premiere på starten av 2020. Filmen dreier seg om familien Kim, som slit med å få det til å gå rundt. Verken mor, far eller dei to nesten vaksne barna har faste jobbar, og barna har ikkje råd til å gå på universitetet. Ein dag får sonen i familien tilbod om å bli hjelpelærar for dottera i ein rik familie. Meir om handlinga vil eg ikkje avsløre, for dette er ein film ein bør vite minst mogleg om før ein ser. Det eg kan seie er dette: Parasitt er ein knakande god film, som tar opp viktige tema samstundes som han aldri sluttar å vere spennande. Handlinga fyk framover, og det er god plass til humor også. Det er gode skodespelarprestasjonar av alle i filmen, og ein får raskt inntrykk av dei forskjellige rollefigurane. Dette er ein film eg har tenkt mykje på etter eg såg han og som eg har lyst til å sjå igjen og igjen. Sjekk han ut du også! KL A SSIK AREN:

Tilbake til fremtiden (1985) Regissør: Robert Zemeckis

Marty McFly er tilsynelatande ein vanleg tenåring: han er ikkje glad i skolen, og vil helst bruke tida si på å spele i band og henge med kjærasten. Det raraste med han er nok at ein av dei beste vennane hans er den litt sprø forskaren Doc Brown. Filmen kjem for alvor i gang når den nyaste oppfinninga til Doc Brown blir avslørt: ei tidsmaskin! Ved eit uhell blir Marty fanga i fortida. Der må han reparere tidsmaskina, men han har eit større problem. Han har nemleg hindra foreldra hans frå å bli forelska, og om han ikkje klarer å spleise dei vil han aldri bli fødd. Manusforfattarane kom på ideen etter dei byrja å tenke på kor rart det er at foreldra våre ein gong har vore like gamle som vi. I filmen får Marty eit heilt nytt inntrykk av foreldra sine, og det er mykje moro og forviklingar undervegs. Tilbake til fremtiden er ein god gammal 80-talsklassikar som kan tilrådast! Bonus: Om du ser oppfølgaren, får du sjå korleis folk på 80-talet trudde at 2015 kom til å vere. Dei trefte ikkje heilt.


14

INTERNASJONALT Albert Andersen Øydvin

MÅLSAKA BØR LÆRA AV BERNIE

Bilete: Albert Andersen Øydvin

P

å tysdag 3. mars brakar det laus i Sambandsstatane (USA). Då er det nemleg supertysdag i primærvalkampen til Demokratane, der dei nominerer presidentkandidaten sin. Ein svært stor del av delegatane til landsmøtet i partiet skal veljast då og kjem i stor grad til å avgjera kven som vinn nominasjonen. Storfavoritten er den sjølverklærte sosialisten Bernie Sanders. I 2015 til 2016 var eg på utveksling ved University of California Berkeley, midt i metropolområdet til storbyane San Francisco og Oakland. DWet var midt i den førre primærvalkampen til Demokratane. Eg var med på ein del av Bernie-kampanjen og i masse av det som skjedde i ymse sosialistgrupper rundt han. Gjennom lokallaget mitt i Socialist Alternative arrangerte me til dømes støttemarsj for Bernie, demonstrasjon mot Hillary Clinton sin rikingsponsingsmiddag med George Clooney, og mange andre arrangement der me bidrog til å bygga ei grasrotsrørsle for Bernie. Den gongen juksa eliten i Demokratane seg til valsiger for Hillary. Difor er det enormt kjekt å no sjå at sosialistane no

slår tilbake med auka styrke. Til no har Bernie vunne tre av dei første delstatsvala og gjorde det særleg skarpt i Nevada. Der mobiliserte han store mengder arbeidarklasseveljarar med latinamerikansk bakgrunn. Desse har tradisjonelt ikkje fått spesielt stor merksemd frå presidentkampanjane, og heller ikkje delteke i særleg stor grad i vala. På lik linje med ungdom og fattige generelt har dei blitt sett på som upålitelege veljarar som det er vanskeleg å få til å faktisk møta opp i stemmelokala. Dette har Bernie snudd opp ned på og verkeleg satsa på eit uutnytta potensiale hjå dei tradisjonelt underrepresenterte. Når ein høyrer om det amerikanske valet, særskilt i norske media, er det lett å la seg overvelda av tal, statistikk, eit mylder av kompliserte valreglar og mediakonstruerte luftslott som Beto O’Rourke og Pete Buttigieg sine kampanjar. Likevel handlar dette om noko langt meir. Det handlar om ei enorm endring i det amerikanske samfunnet. Det handlar om millionar av arbeidarklasseveljarar som har gjeve opp trua på det etablerte politiske systemet og no går sin eigen veg. Her tykkjer eg faktisk det

er fleire likskapar mellom rørsla til Bernie Sanders i Sambandsstatane og den historiske arven frå målrørsla her i Noreg. Det er ulike situasjonar, men i botnen handlar det om at vanlege folk skal eiga stemma si, røynda si og språket sitt. Det handlar om korleis vanlege folk ser kvardagen sin, og korleis dei pratar om han. Dette er verdt meir enn universet til overklassen. Før Ivar Aasen frelste oss med landsmålet, vart me påtvinga dansk frå overklassen. Eit språk som var svært ulikt det språket folk flest i Noreg snakka. Ivar Aasen reiste land og strand for å møta folk. Møta grasrota. Høyra kva dei hadde å seia. Læra av dei. Han laga eit språk som folk kjende seg att i. Eit språk folk kunne sjå seg sjølv i. Og det er nettopp dette Bernie Sanders gjer stor suksess med i Sambandsstatane i dag. Han lyttar til folk som ingen har teke seg bryet med før, og han set søkjelyset på saker som er viktige for dei. Det var nett dette som var so utruleg inspirerande i det året eg var på besøk i California. Eg fekk sjå det heile utfalda seg. Sosialisme gjekk frå å vera eit skjellsord til ein populær og hip merkelapp blant ungdommen. Tusenvis av

folk oppsøkte sosialistiske organisasjonar. Dette er ein trend som har halde på sidan Occupy Wall Street i 2011, kampen for auka minimumsløn, Black Lives Matter, motstand mot oljerøyrleidningar, og Immigration and Customs Enforcement sine konsenstrasjonsleirar for flyktningar og innvandrarar, rørsla for ein New Green Deal, og mykje meir. Den kjem berre til å veksa seg større og større med og rundt Bernie. Dette er noko folkelege rørsler i heile verda bør fylgja med på og læra av, inkludert målrørsla her i Noreg. Om amerikanarane kan få ein sosialistisk president, so er alt mogleg. Det er mykje me kan ta med oss, men hovudlærdommen er at me må tora satsa offensivt, me må tenkja at me kan vinna. Om me køyrer på og tek litt hardt i, kan det som før verka urealistisk, verta røynd. Før me veit ordet av det, kjem alle som framleis tykkjer at “spynorsk mordliste” er morosamt, springande for å melda seg inn i Norsk Målungdom. Mark my words.


15

SYNNØVA SOLBAKKEN PÅ LANDSMÅL

S

ynnøva Solbakken finst faktisk på landsmål, boka ligg faktisk ute hjå Nasjonalbibloteket i samlinga Fraa bygd og by. Forteljingar umskrivne paa Landsmaal. Søkjer du på “Fraa bygd og by”, finn du fram til boka. Det var Mons Litleré som fekk gjeve henne ut i 1886, han var ein av dei som fyrst starta med forlagsdrift på nynorsk. Han Mons var truleg ikkje heilt nøgd med korrek-

turlesaren eller setjaren: På same side som innhaldslista skriv han “Til lesaranne”: “I boki er ymse bokstavfeil, som lesaranne fær orsaka. Eg hev ikkje sjølv leset korrekturen”. Om du vil vita meir om Mons Litleré, er det mogeleg å lesa biografien Ein driftig djevel i Bergen. Historia om Mons Litleré, som Jan Olav Gatland gav ut på Samlaget i 2018.

ANNONSE

frå 1889, no med 6 nr. i året, kr 200,– Kan tingast hjå Rolf-Atle Rolfsnes, Bakken 2, 5419 Fitjar, tlf. 91 51 30 24, e-post: post@stille-stunder.com Heimeside: www.stille-stunder.com Redaktør er Ivar Molde, Voss, tlf. 99 35 31 45, e-post: ivarmolde@hotmail.com Stille Stunder – eit blad med tradisjon!

ANNONSE

HVL - naturleg vis! > Lærarutdanning og kreative fag > Idrett, friluftsliv og folkehelse > Ingeniør- og maritime fag > Natur- og samfunnsfag > Helse- og sosialfag > Økonomi og leiing

Les meir på hvl.no


18

PODSPALTA ved Frida Pernille Mikkelsen

Nokon må gå Produsent: Bergens Tidende

I lang tid har eg lytta til Aftenpodden (som eg òg anbefaler andre å gjere) og kost meg mykje med det. Men når no Vestlandet med Bergens Tidende i spissen har kome med eit svar, legg eg denne podkasten lett til lytterutinane mine gjennom veka. Nokon må gå er ein podkast om politikk med utgangspunkt i Bergen. Som med mykje anna i Noreg blir mange av podkastane produserte i Oslo og ber preg av det. Difor er det i blant veldig godt å lytte til ein podkast som blir produsert i vest, og difor ber preg av det. Eg set kanskje spesielt pris på det sidan eg er frå Vestlandet, men det er jo godt å av og til høyre perspektiv frå andre kantar av landet for dei fleste. I Nokon må gå blir ein oppdatert på det som skjer i Noreg, Vestlandet og litt ekstra om den turbulente Bergenspolitikken.

Potterless

Produsent: Multitude

Om du kan halde ut å få litt engelsk inn øyregangane, opnar podkastverda seg ganske mykje. I Noreg er podkast framleis ganske smått og ofte ganske heimelaga, men i det store utland og særleg USA er podkast verkeleg big business. Min absolutte favorittpodkast er Potterless. Eg byrja å høyre på han for mange år sidan, då var han litt som ein norsk podkast, men i dag er Potterless ein av dei verkeleg store podkastane. Som namnet kanskje avslører er dette ein podkast om Harry Potter. Nærare bestemt handlar podkasten om ein “vaksen” mann som les Harry Potter for første gong. Heilt sidan eg var ferdig med siste sida i siste bok om Harry Potter, har eg sakna det å kunne oppleve beste universet i verda på nytt for første gong. Det får eg i denne podkasten. Mike Schubert har aldri lese Harry Potter før, og fortel i kvar episode om kva tankar han har rundt dei kapitla han har lese frå sist gong. Det blir mykje humor, og nesten som ei oppleving av å lese HP for første gong. No er det jo gått så mange år at han er ferdig med bøkene, og held på med filmane. Men eg anbefaler å byrje heilt frå starten for å oppleve Harry Potter-magien ein gong til.

198 Land med Einar Tørnquist Produsent: PLAN-B og Bauer Media

Utruleg nok kan geografi av og til vere ganske kjekt. I 198 Land inviterer Einar Tørnquist ulike gjestar inn i studio for å prate om ulike land dei har reist til. Kvar episode er dedikert til eit land, og gjennom episoden får vi ein del nyttig fakta og mykje ymse fakta. Einar Tørnquist er mykje av grunnen til at blir veldig gøy å høyre på. Han har ei eiga evne til å vere interessert i ting som eigentleg ikkje er interessante. I denne podkasten er det berre å velje akkurat den episoden du vil høyre, og då er anbefalinga mi å lytte til ein episode med ein gjest du liker å høyre på. Då har ein eit godt utgangspunkt for ei god lytteoppleving.

Bilete av arkivskåp med nynorske klistremerke som dukka

SOGE- OG DOK NEMDA

HISTORIE

I

2021 fyller Norsk Målungdom 60 år. Då har vi seks tiår bak oss med engasjement og hardt arbeid for nynorsken, dialektene og føresetnadene for språket vårt i samfunnet. No er tida komen for å syne fram historia til organisasjonen. I samband med jubileet skal Norsk Målungdom gjennomføre eit arkiv- og formidlingsprosjekt. Pro-

sjektet skal bidra til at vi lærer meir om historia til organisasjonen og dei kampane vi har vore involverte i som organisasjon heilt sidan NMU blei grunnlagt i 1961. I tillegg vil vi formidle til alle utanfor NMU kor viktig det har vore for målsaka at unge har engasjert seg. Historia til NMU er lite dokumentert. Det er skrive eit knippe bøker om dei eldste lokallaga. Fleire av lokallaga, slik som studentmållaga i Oslo og Nidaros, er eldre enn organisasjonen sjølv. Dette prosjektet vil bli det første som seier noko om historia


19

a fram når lagert vart rydda 13.02.2020, og skjermdump av den handskrivne avisa Heidrun, henta frå nb.no 20.12.2019. Steinsvåg

KUMENTASJONSPROSJEKTET 2021 til organisasjonen vår som landsdekkande ungdomsorganisasjon. Arkivet er fullt av minne om kampar og sigrar gjennom mange tiår. Dei gler vi oss til å syne fram. TO PROSJEKT I EITT Heile prosjektet fram mot jubileet er delt inn i to delprosjekt: eit arkivprosjekt og eit formidlingsprosjekt. Arkivprosjektet handlar om å skaffe orden og oversikt over arkivet etter organisasjonen. Delar av arkivet har vore levert inn til Riksarkivet, men sidan 1990-talet har det ikkje blitt gjennomført noko arbeid med dei delane av arkivet som har stått hos oss på lager. Derfor er

det viktig å gå igjennom alt som finst for å sjå kva som er interessant å bevare for ettertida. Eit ordna arkiv er òg mykje meir verdifullt for organisasjonen, og ikkje minst legg eit ordentleg arkivarbeid eit viktig grunnlag for framtidig forsking på og formidling av organisasjonen si historie. Det andre delprosjektet er eit formidlingsprosjekt, der spanande, morosame og overraskande delar av historia til organisasjonen skal bli vist fram. Her vil vi vise fram gamle tekster, bilete og historier frå dei som var aktive i NMU før oss. Innhaldet vil bli lett tilgjengeleg for alle som vil lære meir om det NMU har arbeidd med. I tillegg vil vi i

samarbeid med Nasjonalbiblioteket digitalisere gamle medlemsblad, tidsskrift og bøker som NMU har laga opp gjennom historia. Dei vil bli tilgjengelege via Nasjonalbiblioteket sine nettsider. Nasjonalbiblioteket har allereie digitalisert og lagt ut alle årgangane av bladet Mål og Makt fram til 2000 og fleire av bøkene NMU har gitt ut. I samband med prosjektet har dei dessutan lagt ut dei to handskrivne avisene Loke og Heidrun som medlemer i Studentmållaget i Oslo skreiv tidleg på 1900-talet. ARKIVPROSJEKTET ER I GOD GANG I midten av februar hadde prosjektet kome so langt at

vi kunne sende arkivet frå oss til ei stifting som jobbar med å ordne arkiv. Dei heiter Asta og har erfaring med arkiv frå andre ungdomsorganisasjonar. I januar vart heile arkivet pakka ned i nesten seksti flytteesker og frakta til lokalene deira på Sognsvann i Oslo. Der går dei igjennom innhaldet og ser kva som er spanande å ta vare på, kva som skal digitaliserast av Nasjonalbiblioteket og kva vi ikkje skal ta vare på lenger. Skriven av prosjektnemnda: Kirsti Lunde, Fredrik Hope og Karl Peder Mork


20

SÅ DU SKAL PÅ LANDSMØTE I NMU?

Illustrasjon: Inger Christin Barane

GUNNHILD SKJOLD

LANDSMØTE

2

7.–29. mars skipar Norsk Målungdom til landsmøte på Ås ungdomsskole, og vi håpar at du tar turen! Ein kan samanlikne landsmøtet med årsmøtet i lokallaget. Som dei fleste veit: På årsmøtet snakkar ein om kva som har skjedd i lokallaget sidan sist, og kva som skal skje i året som kjem. Til slutt vel ein eit nytt styre og utsendingar til landsmøtet. På årsmøtet får du også bli kjend med dei andre medlemmane i lokal�laget, og det er gjerne pizza og Mozell eller noko anna digg. Det er lokallaga som er grunneininga og den viktigaste delen av Norsk Målungdom. Derfor er det dei som kan velje utsendin-

gar til landsmøtet, som er det høgaste organet i Norsk Målungdom. Det vil seie at det er landsmøtet som har siste ord når vi skal bestemme ting, og at sentralstyret, landsstyret og alle medlemmane må gjere som landsmøtet seier. Den viktigaste oppgåva til landsmøtet er å bestemme kva Norsk Målungdom skal meine og gjere i året som kjem. I tillegg skal landsmøtet få høyre om kva Norsk Målungdom har gjort sidan sist, og komme med tilbakemelding på om dokker er fornøgde med det eller ikkje. Til slutt vel vi tillitsvalde som skal ta vare på organisasjonen fram til neste landsmøte. I tillegg blir det sjølvsagt tid til å bli kjend med dei andre deltakarane på landsmøtet, og det heile toppar seg med landsmøtemiddagen på laurdag. Da er det berre å ta med seg den finaste stasen ein har og gjere seg klar til feiring. På landsmøtet skal vi snakke om desse sakene: - Årsmelding for arbeidsåret 2019–2020: Kva har Norsk Målungdom gjort sidan sist

landsmøte? - Rekneskapen for 2019: Kva brukte vi pengar på i fjor? - Arbeidsprogram for 2020 2021: Kva skal vi arbeide med og prioritere fram til neste landsmøte? - Budsjettsaker: Kva skal vi bruke pengar på i året som kjem? - Lov- og føresegnsbrigde: Skal vi endre reglane for ko leis organisasjonen fungerer? - Endringar i tuft og program: Meiner vi noko anna enn det vi har meint i tufta og dei politiske programma våre før? Her skal vi mellom anna diskutere om vi fra leis er mot ekstrapoeng til dei som har nynorsk som hovudmål, eller om vi har endra meining? - Program for språk i akademia og høgare utdanning: Landsstyret har levert framlegg til eit nytt politisk program! Det skal vi diskutere og kanskje vedta på landsmøtet. - Fråsegner: Her skal vi bestemme meiningane våre om aktuelle politiske saker. Alle kan sende inn fråsegner

til landsmøtet, og fristen er 17. mars. Fråsegnene skal sendast til norsk@malungdom.no. - Val: Kven skal sitje i sentralstyret, landsstyret og valnemnda? Kven skal representere oss i Noregs Mållag? Landsmøtet er den beste sjansen din til å påverke kva Norsk Målungdom skal vere og gjere i året som kjem. Om du vil komme på landsmøtet som utsending, må du ta kontakt med lokallaget ditt. Om du ikkje har eit lokallag, eller viss det er veldig mange i lokallaget ditt som vil reise, kan du komme som observatør. Da kan du seie meininga di i ordskiftet på landsmøtet, men du kan ikkje røyste over sakene. Om du vil komme som observatør eller treng hjelp til å komme i kontakt med lokallaget ditt, kan du ta kontakt med skrivarstova på norsk@malungdom.no. Vi gler oss til å sjå deg på landsmøtet!


21

Bilete frå turen til Dyreparken i Kristiansand. Bileta er tekne av Oline Rekdal frå Studentmållaget i Nidaros.

STUDENTSAMLING I KRISTIANSAND CHRISTOPH FRANZEN

TIL SKIPING

S

ørlandet kallar, og studentar frå alle Noregs kantar svarar. 21. til 23. februar var det tid for studentsamling i Kristiansand. Det nyleg gjenoppretta Studentmållaget i Agder (SmiA) og sørlandsbyen har mykje å by på, sjølv om vêret denne helga ikkje viste seg frå si beste side. Me varma opp med eit besøk i dyreparken og dyra frå Afrika. Snart fann me oss auge til auge med løver, sebraar og sjiraffar. Medan me såg korleis

dyra vart fôra, vart òg me svoltne. So bra at SmiA kan servere rikeleg med buffé og dessert i dyreparken. Me runda av dagen med verte-kjente-leikar på skulen der me etterpå fekk ly for natta i gymsalen. Ein student treng ikkje mykje for å ha det godt! Laurdagen var me på Universitet i Agder (UiA), kor me fekk eit innblikk i studielivet og studentlivet utanfor universitetet i Kristiansand. Me fór ein tur over campusen, for å få vite korleis studentane studerer, lever og festar. Men me skulle òg lære noko nytt denne helga, og snart vart det innleiing med Michael Schulte om runer i Noreg, med fokus på Sørlandet, frå Hogganvik til Havstad. Me lærte om forskjellige rune-alfabet og korleis runene vart brukte i kvardagen til vikin-

gane, frå bøn om jaktlukke til bøn om å få kysse kjærasten sin (faktisk den penaste i heile bygda!) og frå magiske krefter til kontraktar om eigedom og naboskap. Vidare gjekk det til ei innleiing av Ernst Håkon Jahr, som snakka om UiA sine røter heilt attende til lærarutdanninga i Holt, som vart starta for 180 år sidan av soknepresten Andreas Faye og snart vart kjent i heile Noreg. Me lærte vidare om historia til UiA heilt til dagen i dag og språksituasjonen i akademia og høgare utdanning. På kvelden vart det tapas på «Østsia», baren på UiA, minikonsert og fest med spel, shuffleboard og biljard. Sundagen byrja med ein studentvenleg, ikkje altfor tidleg frukost før me fór på ei dialektreise i hovuda våre

saman med Martin Skjekkeland, heilt frå kysten til innlandet i Agder og dimed språkhistorisk 500 år attende i tida. Og om du synest no synd på at du gjekk glipp av det, so kan du faktisk finne eit lite innblikk av reisa som video på NRK. Til slutt vart me litt politisk aktive og heldt seminar om korleis me kan vareta lokallaga våre. Me kom på nokre gode idear, og om du er merksam, kan du kanskje oppleve den eine eller andre i ikkje altfor fjern framtid. Men til då seier me takk til SmiA for ei vellukka studentsamling og takk for tida i Kristiansand.


22

MIDLANDSNORMALEN – LANDSMÅL PÅ AUSTNORSK GRUNN FELIX KNUTH

S PR Å K Teksti er skrivi på midlandsnormalen.

E

tter jamstellingsvedtake av 1885 skulde landsmåle (seinare nynorsk) verte offisielt jamstelt skriftmål attåt riksmål/ bokmål. Ei av fylgjune var at landsmåle skulde takast i bruk som skulemål for fysste gong, og dimed trongst de ei rettskriving som elevar og lærarar kunde rette seg etter. I bøkane sine um de norske folkemåle hadde Ivar Aasen sett upp eit samlande, nesten avbrigdelaust system med skrivemåtar, der ordformine skulde spegle att dei ulike målførebrigdi. Mange målmennar nytta dette systeme som rettleiding (jamvel um i litt skiftande mun), men denne «Aasen-rettskrivingi» var ingi offisiell norm. De fanst slett ingin vedtekin skrivemåte for landsmåle. I 1898 sette Kyrkje- og undervisingsdepartemente ned ei nemnd med tri medlimir (Marius Hægstad, Arne Garborg og Rasmus Flo). Denne nemndi hadde som fyrilogu å skapa den vantande landsmålsrettskrivingi. Dei tri mennane ynskte å byggje vidare på Aasens grunn og vart samde um skrivemåten for flestalle ordrøtar og -stomnar. Dessutan var de semju um at sume av bøygjingskategoriane Aasen hadde sett upp i skriftine sine, men som var i ferd med å glide ut eller allereide hadde glidi ut or mange målføre, ikkje skulde vera med i rettskrivingi (t.d. skilnaden millom eintal og fleirtal i verbformir: ho gjeng, dei ganga). Når de galdt endingsverke, var usemjo større. Flo, Garborg og Hægstad kunde samle seg um småting – som å strjuke nokre av dei «stumme» t-ane (kva, (hev) teke/teki, noko) og utjamning av endingsvokal i bundi

fleirtal av hokynsord (Aasen kvinnorna, skaalerna, men elvarne). Utyvi dilike småbrigde ynskte Hægstad ei norm med berre få endringar samanlikna med «Aasen-normi». På hi sida stod Flo og Garborg, som meinte at denne normi kunde kjennast framand og i yvimåte vestlandsk for mange framtidige landsmålsnyttarar. Difor lagde dei fram ei rettskriving med røtar i dei sokalla midlandsmåli – dei austnorske målføri som høyrer heime i dalstroki frå Vest-Telemark til Nord-Gudbrandsdalen. Ifylgje Flo og Garborg kunde desse målføri sameina lande best, ide dei i større grad syner likskapar med målføri austan- og nordantil, samstundes som dei kjem ifrå dei landslutine der «norskt aandsliv hev haldi seg uppe ubròti […] heilt fraa gamal tid». Nemndi enda dimed upp med tvo ulike rettskrivingsframlegg. Trass i at den sokalla hægstadnormalen var mindretalsframlegge i rettskrivingsnemndi, vart han vedtekin som hovudform av Kyrkje- og undervisingsdepartemente. «Midlandsnormalen» (som Flo og Garborg hadde lagt fram) skulde derimot kunna nyttast i skular / av elevar som ynskte det. Dimed fekk ein ikkje éi, men tvo offisielle landsmålsrettskrivingar i 1901. Den mest påfallande skilnaden i skriftbilæte er at alle «stumme» t-ar er vortne strokne i midlandsnormalen, noko som skapar eit helder uvant skriftbilæte i inkjekynsformir (de store huse). Dette skriftbilæte kjendest so uvanlegt at Arne Garborg etter kvart gjekk yvi til å skrive desse t-ane igjen. Andre skilnadir, som finn upphave sitt i midlandsordformir, inneber den sokalla «norske triklangen», dvs. sjølvljodsteikni a , i , u istf. a , e , o , serlegt i fleirtalsformir av substantiv og i visse adjektiv/partisipp (kvinnur, litin, funnin); skrivemåten av nokre få enkeltord (yvi, fyri, fysst); ingin r i bundi fleirtal (hægstadnormalen hestarne, gjentorne); a istf. e som innskotssjølvljod i fleirtalssubstantiv med ljodbrigde («umljod», vokalendring):

bøkar, røtar, føtar. Eit sermerkt austnorskt drag er den sokalla jamvektslovi. Ord som høyrer til same bøygjingsklasse, fær ulik framvokster i sume ordformir, alt etter dei hadde stutt eller lang rot i norrønt. I midlandsnormalen synest verknadine på tvo umråde. De fysste er kløyvd infinitiv, der verb fær infinitivendingi -e um roti var lang i norrønt (kaste, finne, skjote), men -a um ho var stutt i norrønt (vera, fara, gjera). Hevdvunnin nynorsk skil millom linne hokynsord (fleirstavingsord som endar på -e/-a: kyrkje, soge, kvinne) og sterke hokynsord (alle andre). Medan sterke hokynsord fær endingi -i i bundi form (boki, soli), fær linne hokynsord endingi -a: kyrkja, soga. Midlandsnormalen gjeng eit stig vidare og kløyver dei linne hokynsordi i tvo gruppur i samsvar med jamvektslovi. Dei linne hokynsordi som hadde stutt rotstaving i norrønt, fær endingi -u i ubundi og endingi -o i bundi form eintal (ei viku, den viko; ei sogu, den sogo), medan dei som hadde lang rotstaving, fær endingane -e og -a som i dagens statsnynorsk (ei gjente, den gjenta; ei kyrkje, den kyrkja). Alle saman fær dei linne hokynsordi endingane -ur og -une i fleirtal, i samsvar med den norske triklangen. De var serlegt desse verknadine av jamvektslovi som gjorde at mange syndest at midlandsnormalen var vandskeleg å fylgje. Dessutan tala kann hende ogso de uvande skriftbilæte mot honom. Han kvarv stille ut or nynorsksogo, og dei seinare landsmålsrettskrivingane (1910/1917) er samnorskbrigde av hægstadnormalen, jamvel um nokre av dragi som skil midlandsnormalen frå hægstadnormalen (r-lause formir i bundi fleirtal, kløyvd infinitiv), kom inn att og er framleis i live i dagens statsnynorsk.


23

Illustrasjon: Anna Sofie Ekeland Valvatne


24

Illustrasjon: Oda Agathe Osland


25

MÅLREISING PÅ FÆRØYSK TOBIAS EIKELAND FÆ R Ø YS K

D

et var 2017. Eg visste ikkje noko særleg om Færøyane, anna enn at det var ei øygruppe mellom Noreg og Island, at det var norsk for ei tid tilbake, men hadde blitt dansk. Innan slutten av året hadde eg lært meg språket (til ei viss grad), vore der ei veke med mor mi, og snakka masse med færøyingar. Kva var det som gjorde at eg fekk så stor ei interesse for språket? Det er nok fleire som kjenner til færøysk i målrørsla enn elles. Det er også lett å jamføre den norske målreisinga med den færøyske. I mellomalderen var øygruppa ein del av den norrøne språkfellesskapen, men på Færøyane som i Noreg vart kyrkje- og lovspråket dansk under reformasjonen. Dette førte til at også Færøyane miste skriftspråket sitt. I fleire hundre år var dansk einerådande skriftspråk, medan språket framleis vart bruka munnleg. Etter om lag 300 år nådde den europeiske bølgja med nasjonalkjensler også Færøyane. Færøyingane fekk ei stor interesse for sin eigen kultur og språk, nett som i Noreg. Då Ivar Aasen fór kringom landet vårt og arbeidde med eit nytt skriftspråk, dreiv V.U. Hammershaimb med det same på Færøyane. Han jobba med skriftnorma den siste helfta av 1800-talet, og den endelege skriftnormalen kom i 1891. Hammershaimb jobba på mange måtar nokså likt Aasen, men medan Aasen laga eit skriftspråk som ortografisk likna meir på svensk og

dansk, valde Hammershaimb eit skriftspråk som i større grad var etymologisk, og dimed likna meir på islandsk. Nokre år etter kom Jakob Jakobsen med ei konkurrerande norm som var ortofon, altså ei mykje meir lydrett attgjeving av språket, men det var Hammershaimb si rettskriving som vann, og har i praksis vore uendra fram til i dag. I 1937 vart færøysk offisielt skulespråk, i 1938 kyrkjespråk, og i 1948 vart færøysk «allment mál» attmed dansk, og i dag lærer færøyske elevar dansk som framandspråk frå fyrste klasse. Færøysk vert i dag tala av om lag 75 000 menneske, av desse bur om lag 50 000 på øygruppa. Det er offisielt språk på Færøyane i lag med dansk, men færøysk er mest bruka i mest alle sider av samfunnet. I skulen, media og lovgjeving er færøysk rådande. Færøysk språk liknar på mange måtar på ein mellomting mellom norsk og islandsk. Det er ikkje mange ting som skil norsk frå færøysk, men det er nokre ting som er spesielle for språket. Kasussystemet er omfattande på færøysk, og kasusa nominativ, akkusativ og dativ er fullt i bruk, medan genitiv blir mindre og mindre brukt. På færøysk er det tú hoyrir bilin («du høyrer bilen»), men tú gongur frá bilinum («du går frå bilen»). Det personlege pronomenet ‘eg’ har formene ‘eg’ (nominativ), ‘meg’ (akkusativ), ‘mær’ (dativ) og ‘mín’ (genitiv). Eit anna viktig kjenneteikn for færøysk er bokstaven ð , som ikkje har noko spesifikt fonem (lyd) bunde til seg. Bruken av ð speglar etymologien, medan lyden på færøysk til liks med dei fleste norske dialektene har vorte stum. breið vert difor uttala som ”brei”.

Døme på færøysk skrift: «Málið í Norðurlondum fyri uml. ár 700 verður nevnt frumnorrønt. Um málføramunur var tá í tíðini, hevur hann rímiligt verið lítil, og vit kenna í hvussu er eingi nútíðar málføramørk, sum vit við vissu kunnu føra aftur til tá tíðina.» Dette tyder på norsk: «Før ca. år 700 kallar vi språket i Skandinavia urnordisk. Om det fanst dialektskilnader den gongen, må dei truleg ha vore små, og vi kjenner i alle fall ingen moderne dialektskilje som vi med visse kan føre attende til den perioden.» Færøysk løyste problemstillinga om eige språk på ein måte som gjorde at færøysk språk har halde seg framifrå. Sidan færøysk i seg sjølv på mange måtar kan sjåast på som ei norsk dialekt, er det god grunn til å feire dette. I tillegg har færøysk mange løye språklege fenomen som ein språknerd som eg kan gosse meg over. Til sist kan eg nemne at eg har søkt om å vera med på Nordkurs på Færøyane no i sumar, som bladstyrar Håkon var med på for eit par år sidan. Om eg vert ein av dei som får lov til å fara tilbake dit, kan de gle dykk til ein Motmæle seinare i år, så kan de få høyre alt om opplevinga! Kjelde for færøysk/nynorsk døme: Arne Torp, https://visl.sdu. dk/nord/fao/sproghistorie.php


LANDSMØTE

26

ODDA MÅLLAG Odda Mållag krev - lovfesting av språkdeling i ungdomsskulen, - to jamstelte og likeverdige eksamenssvar i den vidaregåande skulen I prinsipprogrammet skal det stå at nynorsk er eit allment og jamstelt skriftspråk og ingenting som kan tolkast slik at nynorsk er eit minoritetsspråk.

BUL ERVINGEN BUL Ervingen helsar landsmøtet i Norsk Målungdom 2020

BÆRUM MÅLLAG Vi ønskjer målungdommen god bør i framtidsarbeidet for nynorsk.


EHELSINGAR

DRAMMEN OG EIKER MÅLLAG Drammen og Eiker Mållag helsar landsmøtet i NMU 2020

27

SULDAL MÅLLAG Til lukke med landsmøtet!

VESTMANNALAGET Vestmannalaget helsar og ynskjer lukke til med landsmøtet i Norsk Målungdom på Ås.


28

LANDSMØTE HØGNORSKRINGEN

Høgnorskringen vart skipa i 1994 og arbeider for den klassiske nynorsken på alle umkverve i samfundet. Du melder deg inn på hognorsk.no/innmelding. Alle lagslemer fær Norsk årbok.

ROMSDAL MÅLLAG Romsdal Mållag helsar landsmøtet i Norsk Målungdom 2020

Norsk målstemna 2020 er 29. august på Litteraturhuset i Oslo

FYLKESLAGET VIKVÆRINGEN Fylkesmållaget Vikværingen for Oslo, Akershus og Vestfold helsar og ynskjer lukke til med landsmøtet i Norsk Målungdom på Ås.


29

EHELSINGAR

JØLSTER MÅLLAG Jølster Mållag ønskjer Norsk Målungdom eit godt og inspirerande landsmøte!

SUNNDAL MÅLLAG Sunndal Mållag. Mållaget med språkkurs for innvandrarar.

findriv.no / Foto: Bent Are Iversen

ANNONSE

NYNORSK JOURNALISTUTDANNING

med løn • Noregs mest effektive opplæring i avisjournalistikk • 6 månader teori og praksis i Firda Media og sjølvvald avis • Du skriv nynorsk, er samfunnsengasjert og vil bli journalist • Vi tek inn søkjarar med ulike utdanningar og bakgrunn

SØKNADSFRIST 15. APRIL n y n o r s k a v i s s e n t e r. n o


ANNONSE

30

NAR: 30. juni til 5. juli Kor: Trondertun Folkehogskole i Trondelag Pris: 1800 kr Me kostar reisa for vare medlem mar Pameldefrist: 20 . mai

19

0 2 n e r i e mmarl

So

SOMMARLEIREN 2020 Vil du få nye vener og bli betre kjend med målungdommen? Kom på sommarleiren! Me skipar til sommarleir saman med Noregs Ungdomslag og Norges Husflidslag! Det blir innleiingar om dialektar, teiknspråk, mediepolitikk og mykje anna. Det blir også mykje tid til fritid, sosialt og moro! Les meir og meld deg på på sommarleiren.no

KALENDEREN

Landsmøte 2020

Landsmøte i Noregs Mållag

Når: 27.–29. mars

Når: 24.–26. april,

Me held landsmøte på Ås

Mållaget har landsmøte – her skal ein

ungdomsskole. Der skal me velja

mellom anna ha eit framlegg til tuft /

styre og stell og finna ut kva me

prinsipprogram føre. Det vert spanande

meiner.

å sjå kva kurs som vert staka ut! Møtet vert på Sola i Rogaland.


31

DIKT @nynorske_memes på instagram

Av Kirsti Karina Dahl Sæternes

ORD Kva sa eg gale denne gongen? Eller var det noko eg ikkje sa?

Erling Løklingholm Leivestad

MOTMÆLEKVISSEN 1. Kven skreiv Mormor og de åtte

7. Kor mange statar i USA byrjar

ungene?

med bokstaven M?

2. Kva land kjem bilar med nasjo-

8. Kor lang er ei nautisk mil i

nalitetsmerket E frå?

meter?

13. Kva fylke ligg Valdres i?

18. Kva fire hjortedyr finst naturleg i Noreg?

14. Kven har skrive Svingensongen?

19. Kva heiter veslebroren til Peppa Gris?

15. Kva by var den fyrste byen i 3. Kva bok i Bibelen er den lengste

9. Kva land kjem bilmerket Dacia

Nord-Europa til å få elektriske

20. Kva heiter operativsystemet

i sidetal i 2011-omsetjinga?

frå?

gateljos?

som både iPad og iPhone køyrer

4. Kva heiter bukspyttkjertelen på

10. Kva er den fjerde planeten frå

16. Kva land erklærte sjølvstende

latin?

sola i vårt solsystem?

frå Russland den 6. desember

21. Kva for ein skapning finst i

1917?

flagget til Wales?

17. Kva dato feirar ein Lucia-da-

22. Har Skottland eller Republikken Irland høgast innbyggjartal?

på?

8. 1852 meter 7. Åtte (Maine, Maryland, Massachusetts, Michigan, Minnesota, Mississippi, Missouri og Montana)

18. Elg, hjort, rådyr og rein

13. Innlandet

17. 13. desember

12. Tokyo, Japan 11. Bogotá 10. Mars 9. Romania

16. Finland 15. Hammerfest, 1891 14. Odd Norstoga

22. Skottland 21. Ein drake 20. iOS (men iPadOS har kome til seinare) 19. Georg (org. George)

Nynorsk grunnlov

Sumarleir 2020

Når: 6. mai,

Når: 30. juni–5. juli,

Me feirar at fekk grunnlova på nynorsk i

Sumarleiren skal me ha saman

2014! Ta på deg finstasen og et is!

med Noregs Ungdomslag, dette

6. E

i år (2020)?

vert ei kjek attersyn, både med NU og med Trøndelag.

1. Anne-Cath. Vestly

norske utgåva av Scrabble?

gen?

FASIT

12. Kvar skal sumar-OL arrangerast

2. Spania

6. Kva bokstav er det flest av i den

3. Salmane (bm: Salmenes bok)

Colombia?

4. Pankreas

11. Kva heiter hovudstaden i

like og eitt par i yatzy?

5. Hus

5. Kva kallar me kombinasjonen tre


BYGD ELLER BY? KRISTOFER OLAI STAVSENG

SISTEORDET

E

tter ein god og lang juleferie heime i Stordal kjem spørsmålet som eg trudde var avklart for lengst. Det som har vore ein utenkeleg tanke sidan eg flytta frå heimbygda som 17-åring. Men vel åtte år seinare er ikkje ting så klårt og enkelt som eg trudde det var. Her sit eg i ei leilegheit i drabantbyen. Tonsenhagen i Oslo og tenker. Ser ut på den snøkledde gata og tenker på alt det spennande som ventar nede i byen, berre ein stig på bussen som har avgangar kvart tiande minutt heile døgnet. Spørsmålet som treffer meg: Skulle eg no finne på å flytte heim til Sunnmøre? Om eg skulle svare ja på det spørsmålet, blir nok ikkje Stordal aktuelt uan-

sett. Heilt ærleg var eg ikkje kjempebegeistra for å vekse opp der. Eg var veldig streng mot kulturen i bygda mi, men så opplevde eg kanskje at den var litt streng tilbake. Eit sært fenomen å gjere til gjenstand for ungdomsopposisjon kan du seie, men for meg vart det altså bygdekulturen. Ikkje at han i og for seg er verre enn andre kulturar, det veit eg no. Eg vil heller ikkje forklare i detalj. Det er ingen grunn til å krenke stordalspatriotismen. Dessutan veit eg godt at det krev mykje innsats og hardt arbeid å drive hjula som held eit slikt samfunn i gang. Det kan ein ikkje anna enn å respektere og heidre. Der er òg ting eg set pris på frå oppveksten. Nynorsk (meir om det treng eg vel ikkje seie). Eg veit kva som er ei fin utsikt. Skulegangen i Stordal heldt eit høgt nivå. Det dette eigentleg handlar om, er at folk har ulike verdiar og søker ulike eigenskapar. Det er i grunn ikkje meir dramatisk enn det. Stordal

og eg var berre ukompatible. Men som eg svarte til ein eldre herre på Coopen ein vårdag for nokre år tilbake, då han spurte om eg ikkje ville gjere stordaling av meg: Eg kjem alltid til å vere stordaling, på godt og vondt. Når alt kjem til alt, kanskje mest godt. Stader kan vere meir eller mindre attraktive, men ingen kan seie at moglegheitene ikkje er der. Tenk berre kor mange stader det finst på Sunnmøre. Frå Geiranger til Gursken, Brattvåg til Bjørkedalen. Jobbar finst det òg. Sjølv om sunnmøringen ofte blir skulda for å ikkje verdsetje (eller kjenne til) andre verdiar enn dei som kan målast i kroner og øre, så er det kanskje noko av den mentaliteten som har skapt det vi har av næring og tufter. Ein viktig arv trur eg vi har tatt med oss frå det gamle bondesamfunnet og den tidlege industrien. Det å kunne skape noko, ikkje på grunn av føresetnadene, men heller på trass av dei.

Til sist ser eg på bustadprisane i Oslo, og tenker at eg eigentleg ikkje har noko val. Men når andre har råd, får eg det kanskje òg ein dag. Uansett er det enno tidleg å bestemme seg, og nett no synest eg det er heilt topp å bu i Oslo. Byen vår fungerer for deg uansett kven du er og kva du søker. Om du har ein god grunn til meg for å flytte heim til Sunnmøre vil eg gjerne høyre han. Jo, så er det jo der eg har mamma og pappa då. Hm. Teksta var for fyrste gong på prent i Storfjordnytt 11. januar 2018. Illustrasjon: Anna Sofie E. Valvatne

RETUR: NORSK MÅLUNGDOM, LILLETORGET 1, 0184 OSLO

Profile for Motmæle

Motmæle 1.20  

Motmæle 1.20  

Profile for motmale
Advertisement