6 minute read

DEN STORE JOLEBRUSTESTEN

Studentmållaget i Oslo fekk den gjæve oppgåva å teste ut eit utval julebrus for å garantere at målfolk skal kjøpe den beste brusen, også i år. Ein koronavennleg variant vart gjennomført med styret til studentmållaget, med ei lita vitjing frå dagleg leiar og leiar i Norsk Målungdom, som var brustørste. Julebruspanelet smaka seg gjennom elleve sortar, og har sett terning på alle. Her er vurderingane for annleisåret 2020.

CB

Advertisement

Det var ingen pangstart for testen. Sørlandet skulle fyrst ut. Panelet var usikker på om Sørlandet skulle klare å fange essensen til julebrusen, og det vart som frykta. Trass ei oppleving av at Sørlandet ville ta eit meir kristeleg blikk på jula, då òg julebrusen, men her har CB gått den kommerse vegen, utan at panelet opplever at dei eingong veit kva snø er så langt sør. Leiar i NMU opplever brusen som “ein julebrus som ein gong har vore god”, og nostalgien reddar ikkje denne leskedrikken. Det var likevel ein raudbrus, som heldt seg innanfor det som er minimumskravet for ein julebrus for panelet, og endar på terningkast 3. Dagleg leiar i NMU meiner at det kunne smake litt som juleskum, men fleire i panelet har mistanke om at det kan vere nettopp juleskummet ho åt samstundes som ho drakk.

NORGESGRUPPEN

Ein av Noregs tre store dagelgvarebaronar kastar seg inn i kampen om å bli den beste julebrusen. Panelet finn fort ut at dei burde halde seg til å selje, ikkje lage, daglegvarer. Også denne brusen vert samanlikna med godteri, og her er dommen at det er nokon som har eksperimentert med å vatne ut det nostaligske godteriet “Love Hearts”. Dette var eit forsøk dei kunne spara seg for, og fleire av panelmedlemmene reiser seg frå kameraa sine og finn ein vask for resten av væska. Som ein av testen sine to einarar vert det ytra at dette er ein brus som så vidt kom seg til startstreken, fordi den hadde ein fin farge, men snublar momentant.

RINGNES

Det er likevel slik at det er i motbakke ting går oppover. Etter ein skuffande start syner Kristian Ringnes kvar skapet skal stå. Panelet gjer ikkje mindre enn å markere denne boblande drikka som standaren for julebrus. Det er vanskeleg å setje ord på det, men dette treffer panelet. Som så mange testar før har Ringnes synt at dette er noko dei kan. Panelet sitt fokus på farge er likevel så stort at dei klarar å påpeike at han ikkje er raud nok, men likevel godt innanfor krava. Standarden for julebrus står altså til ein femmar.

H A N S A

I det panelet har bevega seg over fjella og til vestlandskproduserte varer, skal ein sjå at pipa får ein annan lyd enn den tunge starten, og held seg flytande etter førre suksess. Det er sukk om nostalgi og handverk. Her er det tydeleg at trass eit styre for sidemålsbrukande oslostudentar er opphav det som verkeleg gjeld. Den held minst same standarden som førre brus og får skryt både for farge og smak. Trass gleda og jubelen av å endeleg få smake nokre bergenskprodserte dropar er det likevel eit skar i gleda at leiar i NMU meiner at berre vestlendingar vil like denne brusen, og oppfordrar dei som er som ho, til å styre unna. Panelet er likevel så samstemte at denne får ein femmar.

HAMAR OG LILLEHAMMER

Etter eit tydeleg fokus på farge dei føregåande testane er Hamar og Lillehammer av til ein dårleg start. “Dette minner ikkje om jul”, “det ser ut som champagnebrus”, “dette er ikkje julebrus”, er utspela som vert veksla i zoomrommet. Opplevingane endar likevel med å vere om lag like splittande som amerikansk politikk. Medan somme heng seg på fargeskuffelsen vidare, er andre meir begeistra. Fleire i panelet må innrømme at dette er ein god brus, både trass farge og opphav. Etter litt hestehandling vert panelet til slutt samde om at brusen i seg sjølv er god nok, og sjølv om nokon ikkje meiner julebrus kan vere brun, endar ein likevel på terningkast fire. Henriette døyper han for “julebrusen for dei som ikkje likar jul”.

HAMAR OG LILLEHAMMER LETT

Panelet såg seg nøydd til å gå laus på nokre sukkerfrie variantar for å styrke mangfaldet. Det syner seg at det er splitting også her. Med dei negative inntrykka frå den sukkerhaldige varianten friskt i minne vert dette ikkje ein siger for den sukkerfrie heller. Det er ingen tvil frå leiaren i studentmållaget om at ein brus viteleg skal ha sukker, medan andre set meir pris på fråværet. Samla fell den likevel ein karakter frå sin sukkerhaldige bror, som ein konsekvens av eit panel med sukker på tann.

RUDOLF OG NISSEN

Ein julebrus som vekker kjensler att. Oskar Sylte får fram møringane i panelet, og dei omfamnar brusen med eit fengande namn, som dei jo så godt kjenner frå før. Trass at panelet dømmer han til å ha lite lukt, skortar det ikkje på smaken, og eit unisont panel gjev denne brusen minimum to tomlar opp. Kristoffer vert teken tilbake til juletida med familien heime i Ivar Aasen-bygda, men må innrømme at den smakar mindre enn han hugsa. Fargen, smaken og nostalgien gjer likevel at denne scorar høgt og legg seg opp i teten. Det blir ein femmar.

GRUMSETE JULEBRUS

“Kva er det dei driv med i Telemark?” undrar Rebekka seg. Det er ingen positive tilbakemeldingar på ein gul julebrus, i alle fall ikkje ein dei marknadsfører som “grumsete”. Panelet set likevel væska til leppene og tek sjansen. Det vert fort konstatert at dette er, som frykta, appelsinbrus, som sjølvsagt ikkje har noko med jul å gjere. Trass at Emil diskvalifiserer brusen frå testen grunna dette, endar eit samla panel på ein toar. Brusen er ikkje vond, men det er ingen tvil om at Telemark har tradisjonar dei kan kvitte seg med, eller lage det som komitéen føreslår å kalle Telemarks-mimosa med den.

AASS

Mot slutten er det Aass som står for tur. Ein normal utsjånad, men ikkje fullt like imponerande lukt. Ei sur lukt som følgjer etter på smaken, som kan minne om rips. Heldigvis(?) er ikkje smaken så sterk, og han går ned. I tillegg til ein god raudfarge og ein veldig søt nisse på etiketten er ikkje brusen samla sett ein katastrofe. Sjølv om den truleg ikkje vil bli kjøpt att av panelet seglar den inn på ein trear.

JULEMUST

Dette ser ut som ei samling av alt ølet du har helt i eit glas når du ryddar etter nachspielet. Det skulle syne seg at det var om lag slik det smaka òg. Det smakar som ei veldig svak hostesaft som nokon har kvelva ein stout i. Dette har nok ein korrelasjon med at det ikkje finst nynorsk i Sverige, og stadfestar at våre naboar burde låne meir frå oss enn me gjer frå dei. Studentmållagsleiaren avsluttar med å stadfeste at dette ikkje var noko han hadde servert Riksmålsforbundet eingong. Her var det ingen tvil om at terningen berre skulle ha eitt auge.

LERUM

Panelet hadde ikkje kjøpt inn denne til testinga, men endar opp med å kåre Lerum til soleklar vinnar. Ikkje berre går det på nynorsk på flaska, men minna om smaken gjer at denne vert testvinnar for det vestlandstunge panelet. Her treng ein verken lukt eller smak for å vere sikker i si sak. Panelet sin einaste seksarterning!

Jonas Økland

This article is from: