Page 1

MOTMÆLE GJEVE UT AV NORSK MÅLUNGDOM

FRAMHALD AV EG 34. ÅRGANGEN nr.3/20


2

ANNONSE


BLADSTYRARTEIGEN INNHALD Bladstyrarteigen: s. 3 Leiarteigen: s. 4 Digitalt landsmøte, runde 2: s. 5 Kjætten: s. 6–7 Jolebrussmaking : s. 8–9 Omtale om The julekalender: s. 10 Nytt i bladstyret: s. 12 Filmspalta: s. 13 Internasjonalt: s. 14 Nordnorsk målsåge: s. 15 Kampen om nynorsken i bygda: s. 18–19 Dialekt og jol: s. 20–21 RE: Framtida er på TikTok: s. 22 Sprett mozellen og nyt galskapen: s. 23 Mitt liv som Grinchen: s. 24–25 Kva tyder småorda eigentleg?: s. 26–27 Horoskop for 2021: s. 28–29 Morosider: 30–31 Sisteordet: s. 32

STYRKING AV NYNORSKEN

M nr. 3/20 Norsk Målungdom Lilletorget 1 0184 OSLO E-post: norsk@malungdom.no Telefon: 23 00 29 40 ISSN: 0809-2109 Bladstyrar: Håkon Remøy Bladstyremedlemer: Ingvild Nese Rasmus Tennø Loe Linn Merete Bod Nes Ole August Iversen Marthe Mæland Bladbunad: Anna Sofie Ekeland Valvatne Korrektur: Tobias Christensen Eikeland Prenteverk: Merkur Grafisk AS Tinging (eitt år): 200 kr Sal av lysingar: Rimelege prisar etter avtale. Ta kontakt på norsk@malungdom.no Bidrag: Me tek gjerne imot stoff frå lesarane. Artikkelforfattarane står sjølve ansvarlege for innhaldet i artiklane sine.

e er no komne mot slutten av året. Dette er året me i stor grad ikkje har fått gjort alt me har planlagt. Fysisk landsmøte kom det avbod om to gonger – so det vart to digitale i staden. Kanskje me skal seia “heldigvis” til at 2020 no går mot slutten, men me skal ikkje berre sjå mørkt på det. 2020 er året Ålesund vart den største nynorskkommunen i verda, og det har vore mykje snakk om ei lova språklov. I skrivande stund ventar me enno på henne. Framlegget var ikkje heilt som me hadde vona, lova gjev ikkje høve til å sanksjonere mot brot. Men ho er likevel tydeleg på kva rettane våre som innbyggjarar er. Her skal me fylgje med i timen dei næraste åra og peike på brot på lova. Det er opp til staten å syne oss at dei ikkje treng desse sanksjonane for å fylgje henne. Ein kan godt spørja kvifor dei ikkje vil ha sanksjonar mot statlege organ. Sanksjonane hadde berre vore med på å syne kor viktig det er at ein fylgjer lova. Men som me har høyrt, treng ein ikkje truge med straff for å få dei til å fylgje lova. Det er nok at det er ei plikt. Me får tru godt om folk, at dei fleste vil gjera plikta si. Me i målrørsla bør passe på at me lærer oss reglane i den nye språklova, det er svært viktig at me klagar når lova vert broten. Dersom det

er openbert at lova ikkje vert godt nok fylgd, må me vera tydelege overfor politikarane om at me må få inn sanksjonar. På hi sida lyt me vera flinke til å rose dei som gjer som dei skal. Men klaga skal me! På den måten får målrørsla og Språkrådet betre oversyn over den faktiske stoda. Kan hende det får nokon til å endre praksis? Det er på den måten me styrkjer nynorsken. No skal eg ikkje låst som me (el. eg) berre likar lovpålagd nynorsk, ein kan godt få meir nynorsk i livet på eiga hand. Eit godt råd er å setja nynorsk som standardspråk overalt. Det er ikkje alle stadene han er like tilgjengeleg eller like lett å finne fram til, men ein finn han på mange rare stader – som til dømes i appane åt Yr og Coop. Du kan òg ynskje deg ei nynorsk bok til jol. Eller kva med å byrja å skrive fast på nynorsk i staden for dialekt i ein del samanhengar? Det er altso fullt mogeleg å styrkje nynorsken på fleire flater i eige liv. Til slutt vil eg ynskje ei god og fredeleg jol og eit godt nytt år!

Håkon Remøy


4

LEIARTEIGEN

NYNORSKELEVANE FORTENER BETRE

1

NORSK MÅLUNGDOM PÅ INSTAGRAM

4.–15. november samla Norsk Målungdom seg til omframt landsmøte på Zoom. Planen var eigentleg å møtast på eit hotell på Gardermoen, men slik ville ikkje koronaen ha det til. Men ingen pandemi skal få stoppe den norske målreisinga, og det digitale møtet blei likevel godt gjennomført. På møtet vedtok vi at dei politiske hovudprioriteringane for Norsk Målungdom fram mot neste landsmøte skal vere språk i skolen og å jobbe fram mot stortingsvalet 2021. I tillegg skal vi prøve å finne gode løysingar for å drive med både lokal og nasjonal aktivitet også når det er vanskeleg å treffe kvarandre fysisk. På møtet vedtok vi også to nye fråsegner. I den eine av dei ropte vi hurra for at regjeringa no har sendt ut ei høyring med framlegg til samiske og kvensk namn på kongeriket Noreg. Dette har Norsk Målungdom ønskt seg lenge. Vi meiner dette er eit viktig bidrag for å synleggjere det norske språkmangfaldet. Den andre fråsegna er ikkje like lystig. Ho handlar nemleg om barn i Noreg blir systematisk tvinga til å nytte eit anna språk enn hovud-

målet sitt. Dette er svært alvorleg og Norsk Målungdom meiner dette bryt med SNs konvensjon om barnerettane på fleire punkt. Når nynorskelevane ikkje får sjansen til å bli trygge i hovudmålet sitt, respekterer ikkje staten barnet sin rett til å bevare identiteten sin (artikkel 8), barnet får innskrenka ytringsfridom når ein ikkje får ytre seg på sitt eige språk (artikkel 13), og staten tar ikkje omsyn til barnet sitt beste (artikkel 3). Det burde vere sjølvsagt at Noreg skal følge barnekonvensjonen. No krev landsmøtet i Norsk Målungdom at staten tar grep, at alle nynorskelevar får lærebøker på språket sitt, og at skolen legg til rette for at nynorskelevane får nytte skriftspråket sitt. Gunnhild Skjold

OD-DAGEN 2020

E

g har jobba hos Norsk Målungdom på OD-dagen i år. Dette har vore ei erfaring litt utanom det vanlege. Med dei nye restriksjonane som kom same dagen, har eg vore nøydd til å ha heimekontor. Eg er sikker på at dette er ei like god erfaring som om eg skulle ha jobba på eit kontor i lag med andre, med einaste forskjell at eg har måtte jobbe enda meir sjølvstendig. Eg har fått god hjelp og rettleiing frå Frida Pernille Mikkelsen, så det har vore ei jobberfaring. Mens eg har vore heime, har eg jobba med tre oppgåver. Eg har sett gjennom nettsida deira og leitt etter forbetringspotensial. Eg har laga ein Instagram-story som forklarar årets OD-dag, og eg har skrive rapport. Alt i alt har eg hatt ein morosam dag. Som osloensar har arbeidsdagen her vore fyrste praktiske møtet mitt med nynorsk, og eg har hatt mykje glede av å lese og skrive det heile dagen. Eg synest at arbeidet til NMU er utruleg viktig. Nynorsken har lenge vore noke eg har likt, og eg skulle ønske at fleire av venane mine likte det like godt som eg. Det er dette NMU jobbar og står for, og difor blei eg veldig glad då eg fekk svar om at eg fekk jobbe her ein dag. Tusen takk for erfaringa og moglegheita, NMU! Vemund Sporild Breievne, 16 år

gd o m rskmalun ær@tronde h e n de den I går had n bowling ge lege g jen gdommen, n lu å M me d s tilt med t g a s lv jø s buttons! Mozell og

@sminidaros Kake og bøker på nynorsk! Ein betre søndag skal ein sjå la ng t et ter!

@smiagder I går arrangerte SmiA gravøl! Kjekke folk var innom Øs tsia saman med oss. Her var det godt lag , og me fekk skåla saman for vår kjære Ivar!


5

DIGITALT LANDSMØTE, RUNDE 2 TOBIAS CHRISTENSEN EIKELAND

PÅ N E T T

I

Motmæle nr. 1/20 stod det ”Norsk Målungdom skal ha landsmøte 27.–29. mars på Ås ungdomsskole.” Dette skulle no syna seg å ikkje verta sanninga. Då regjeringa kom med koronatiltaka, måtte landsmøtet verta både digitalt og veldig avstytt. Me fekk

@smibergen Takk til alle som var med og spelte Among Us i lag med oss i kveld! Blei mange kjekke timar i lag med mange kjekke folk! Sei i frå om de vil ta ein runde til. Discorden vår er alltid open!

gjort dei absolutt naudsynte vedtaka, og det skulle skipast til eit omframt årsmøte seinare på året for å gå gjennom alt me ikkje fekk gjort på det avstytte digitale møtet. Etter eit langt koronaår hadde mange trua på at det skulle vera mogleg å møtast fysisk på det omframme landsmøtet. Alt var klart til eit tilnærma vanleg landsmøte på Gardermoen (med god smittevernbuing, naturlegvis). Men så skjedde det noko som sette ein stoppar

@malungdom Denne helga har vi delteke på @noregsmallag sitt landsmøte Vi gratulerer med eit godt gjennomført møte, og gler oss til å halde fram med det gode samarbeidet!

på dette òg. Smittetala auka i heile landet, regjeiringa kom med skjerpa tiltak, og mange kjente at det ikkje lenger var forsvarleg å delta på eit fysisk landsmøte. Utsendingane fekk høve til å seia kva dei tykte var den beste løysinga. Dei fleste meinte då at det beste var å for andre gong i år gjera landsmøtet digitalt. Sentralstyret var mykje meir førebudd til dette denne gongen, så det var mykje lettare å gjera om på møtet på så kort tid. Nokre SST-medlemmar og hjelparar fór til Gardermoen, og fekk halde og styrt møtet derifrå. Etter eit år med mykje Zoom var

@nynorsk_tinder Altso han gjekk med det same undertøyet på heile turen sin, so det er nok heilt rett to be fair

det for mange kjipt med endå eit digitalt møte, men fordi alle no var røynde med opplegget gjekk ting smidig og greitt, og til og med helsingstalene fekk ein plass digitalt. Møtet slutta med at alle dei rundt 30 deltakarane på landsmøtet song Nordmannen, noko som er ei heilt ny og anna oppleving digitalt, men artig var det no, lell. Så får me halda håpet oppe for eit ordentleg landsmøte til våren. Bilete: Privat.

@ ma lu I h e lg n gd o m a ha d de s e t rals t n y s a m li re t si f ø r s te ng . N for ei o er v n i sp e n ha u s t f y l t k la re nan d m ed e p ro sj e k t .


6

Dette har vore eit spanade år på fleire område, ikkje minst på språkfronten. Me har teke ein prat med, Gunnhild Skjold, som er så heldig at ho får vera leiaren for verdas beste ungdomsorganisasjon. Ho fortel oss om dei nye læreplanane og om årets statsbudsjett.

Gunnhild

Hei Gunnhild Det går rykte om at du og resten av sentralstyret har vore travle i det siste Kva er greia

Det har vore mykje som har skjedd i dette litt spesielle året, men det st rste er nok at da skolen starta i haust, tok vi dei nye læreplanane i bruk Det betyr at det kjem nye læremiddel (som ikkje alltid er på nynorsk), men også at norskopplæringa har blitt litt annleis. Oi Kva er det som er annleis, og kvifor er dette noko de har jobba med Gunnhild

Frå no av skal ein berre få éin samla karakter i norsk skriftleg på 8. og 9. trinn, og på VG1 og VG2. Ein får altså berre ein eigen karakter i sidemål det siste året på ungdomsskolen og vidaregåande. Vi er redd for at det betyr at fleire lærarar og elevar prioriterer ned sidemålet, slik at opplæringa blir dårlegare.

Det var ikkje bra Kva kan me gjera med det då

Lærarutdanninga, ja Samarbeider ikkje NMU med lærarane på dette Gunnhild

Ja Vi har gitt ut heftet Den nynorske draumelæraren saman med Pedagogstudentane, som er ein organisasjon for lærarstudentar. Dei synest dei får for dårleg opplæring i utdanninga si, og saman har vi kartlagt problemet og pr vd å finne l ysingar. Lærarar som er opptekne av nynorsk, er dei beste lærarane Gunnhild Heilt einig Sj lv om vi er uroa for kva som skal skje med den nye læreplanen i norsk, veit vi at gode og engasjerte lærarar kjem til å gi super undervising i nynorsk likevel Med det nye karaktersystemet kan ein til d mes ha berre nynorsk i eit halvt år, sånn at ein verkeleg får komme godt inn i det og lært det skikkeleg. Da eg gjekk på vgs., var eg med i eit fors k der vi pr vde ut den nye ordninga. Da gjorde norsklæraren min det på den måten, og det fungerte veldig godt Om nokon norsklærarar eller norsklærarstudentar les dette, så er det mitt tips til korleis ein kan legge opp undervisninga 1

Gunnhild

For det f rste må vi jobbe med haldningar. Det h yrest keisamt ut, men om vi kan få fleire til å skj nne at det er viktig å lære nynorsk, så blir dei meir motiverte til å jobbe med det. For det andre må vi gjere nynorskopplæringa i lærarutdanningane betre, så lærarane f ler seg trygge og veit korleis dei skal lære bort nynorsk som sidemål på ein god måte

Men eg har h yrt noko om nynorsk og statsbudsjettet også. Kan du fortelja meg litt om det Klarar ikkje alltid å få med meg alt


7

POLITIKK Gunnhild

Gunnhild

Det kan eg sj lvsagt I statsbudsjettet i år kom regjeringa med mange gode tiltak på kulturfeltet, men på utdanningsfeltet vil dei nesten ikkje bruke pengar på språk.

Språkdelt ungdomsskole er noko vi har bedd om lenge. Faktisk vedtok Stortinget i 2016 at dei ville greie ut denne ordninga, men sidan har ingenting skjedd.

1

1

Vi hadde håpa at dei skulle sette av pengar til språkdelt ungdomsskole og meir til digitale læremiddel på nynorsk. Hm. Lat oss starta med det positive fyrst Kva gode tiltak var det Gunnhild

Dokker har kanskje h yrt om nynorskroboten Roboten kan omsette frå bokmål til nynorsk, og gjer at det blir meir nynorsk i pressa

1

I tillegg får Det Norske Samlaget st tte til å gi ut b ker på nynorsk, Nynorsk avissenter får pengar til å utdanne nynorskjournalistar og meir. 1

Noregs Mållag, moderorganisasjonen vår, har også fått pengar til å formidle nynorsk litteratur til barn og unge på Nynorskstafetten. Vi i Norsk Målungdom får også vere med på den stafetten, og no blir det litt ekstra stas

Denne ordninga, også kjent som Odda-modellen, betyr at ein skal samle nynorskelevane i éin klasse, også på ungdomsskolen. Dette er viktig i språkblanda område. I Odda såg ein at fleire elevar heldt på nynorsken når dei fekk gå i ein eigen nynorskklasse. Digitale læremiddel på nynorsk er viktig fordi meir og meir av skolen blir digital, men dessverre er det mange av desse læremidla som berre finst på bokmål eller engelsk. Det er veldig dyrt å omsette dei og halde dei oppdaterte, og det er mange som ikkje veit at det ikkje er lov å bruke læremiddel som berre finst på bokmål. Dette skal vi mase om heilt til vi får gjennomslag Men no er det snart juleferie Kva er planane

1

Gunnhild

F r nyttår skal vi få så mange som mogleg til å betale medlemspengar for 2020 Om du ikkje har betalt enda, er det på tide å gjere det no

Ok. Det negative. Kvifor har dei ikkje prioritert pengar til viktige tiltak i skulen Gunnhild

Sei det... Det verkar rett og slett som om dei har gl ymt at språkpolitikk er meir enn kulturpolitikk. .... Ikkje imponert. Kvifor hadde det vore viktig med pengar til dei tiltaka

Kva tek du meg for Eg betalar medlemspengar 1. januar kvart år Gunnhild

No skal eg snart reise heim til Troms og ha heimekontor derfrå ei lita stund f r jul Det skal nok bli litt ekte nordnorsk julestemning Då står det berre att og ynskja deg ei god jul

Gunnhild God jul til deg også


8

DEN STORE JOLEBRUSTES JONAS ØKLAND

SOMMELIER

S

tudentmållaget i Oslo fekk den gjæve oppgåva å teste ut eit utval julebrus for å garantere at målfolk skal kjøpe den beste brusen, også i år. Ein koronavennleg variant vart gjennomført med styret til studentmållaget, med ei lita vitjing frå dagleg leiar og leiar i Norsk Målungdom, som var brustørste. Julebruspanelet smaka seg gjennom elleve sortar, og har sett terning på alle. Her er vurderingane for annleisåret 2020. CB.................. Det var ingen pangstart for testen. Sørlandet skulle fyrst ut. Panelet var usikker på om Sørlandet skulle klare å fange essensen til julebrusen, og det vart som frykta. Trass ei oppleving av at Sørlandet ville ta eit meir kristeleg blikk på jula, då òg julebrusen, men her har CB

gått den kommerse vegen, utan at panelet opplever at dei eingong veit kva snø er så langt sør. Leiar i NMU opplever brusen som “ein julebrus som ein gong har vore god”, og nostalgien reddar ikkje denne leskedrikken. Det var likevel ein raudbrus, som heldt seg innanfor det som er minimumskravet for ein julebrus for panelet, og endar på terningkast 3. Dagleg leiar i NMU meiner at det kunne smake litt som juleskum, men fleire i panelet har mistanke om at det kan vere nettopp juleskummet ho åt samstundes som ho drakk. NORGESGRUPPEN.... Ein av Noregs tre store dagelgvarebaronar kastar seg inn i kampen om å bli den beste julebrusen. Panelet finn fort ut at dei burde halde seg til å selje, ikkje lage, daglegvarer. Også denne brusen vert samanlikna med godteri, og her er dommen at det er nokon som har eksperimentert med å vatne ut det nostaligske godteriet “Love Hearts”. Dette var eit forsøk dei kunne spara seg for, og

fleire av panelmedlemmene reiser seg frå kameraa sine og finn ein vask for resten av væska. Som ein av testen sine to einarar vert det ytra at dette er ein brus som så vidt kom seg til startstreken, fordi den hadde ein fin farge, men snublar momentant. R I N G N E S . . . . . . . . Det er likevel slik at det er i motbakke ting går oppover. Etter ein skuffande start syner Kristian Ringnes kvar skapet skal stå. Panelet gjer ikkje mindre enn å markere denne boblande drikka som standaren for julebrus. Det er vanskeleg å setje ord på det, men dette treffer panelet. Som så mange testar før har Ringnes synt at dette er noko dei kan. Panelet sitt fokus på farge er likevel så stort at dei klarar å påpeike at han ikkje er raud nok, men likevel godt innanfor krava. Standarden for julebrus står altså til ein femmar. H A N S A . . . . . . . . . I det panelet har bevega seg over fjella og til vestlandskproduserte varer, skal

ein sjå at pipa får ein annan lyd enn den tunge starten, og held seg flytande etter førre suksess. Det er sukk om nostalgi og handverk. Her er det tydeleg at trass eit styre for sidemålsbrukande oslostudentar er opphav det som verkeleg gjeld. Den held minst same standarden som førre brus og får skryt både for farge og smak. Trass gleda og jubelen av å endeleg få smake nokre bergenskprodserte dropar er det likevel eit skar i gleda at leiar i NMU meiner at berre vestlendingar vil like denne brusen, og oppfordrar dei som er som ho, til å styre unna. Panelet er likevel så samstemte at denne får ein femmar. HAMAR OG LILLEHAMMER Etter eit tydeleg fokus på farge dei føregåande testane er Hamar og Lillehammer av til ein dårleg start. “Dette minner ikkje om jul”, “det ser ut som champagnebrus”, “dette er ikkje julebrus”, er utspela som vert veksla i zoomrommet. Opplevingane endar likevel med å vere om lag like splittande


9

STEN som amerikansk politikk. Medan somme heng seg på fargeskuffelsen vidare, er andre meir begeistra. Fleire i panelet må innrømme at dette er ein god brus, både trass farge og opphav. Etter litt hestehandling vert panelet til slutt samde om at brusen i seg sjølv er god nok, og sjølv om nokon ikkje meiner julebrus kan vere brun, endar ein likevel på terningkast fire. Henriette døyper han for “julebrusen for dei som ikkje likar jul”. HAMAR OG LILLEHAMMER LETT Panelet såg seg nøydd til å gå laus på nokre sukkerfrie variantar for å styrke mangfaldet. Det syner seg at det er splitting også her. Med dei negative inntrykka frå den sukkerhaldige varianten friskt i minne vert dette ikkje ein siger for den sukkerfrie heller. Det er ingen tvil frå leiaren i studentmållaget om at ein brus viteleg skal ha sukker, medan andre set meir pris på fråværet. Samla fell den likevel ein karakter frå sin sukkerhaldige bror, som ein konsekvens av eit

panel med sukker på tann. RUDOLF OG NISSEN............... Ein julebrus som vekker kjensler att. Oskar Sylte får fram møringane i panelet, og dei omfamnar brusen med eit fengande namn, som dei jo så godt kjenner frå før. Trass at panelet dømmer han til å ha lite lukt, skortar det ikkje på smaken, og eit unisont panel gjev denne brusen minimum to tomlar opp. Kristoffer vert teken tilbake til juletida med familien heime i Ivar Aasen-bygda, men må innrømme at den smakar mindre enn han hugsa. Fargen, smaken og nostalgien gjer likevel at denne scorar høgt og legg seg opp i teten. Det blir ein femmar. GRUMSETE JULEBRUS............ “Kva er det dei driv med i Telemark?” undrar Rebekka seg. Det er ingen positive tilbakemeldingar på ein gul julebrus, i alle fall ikkje ein dei marknadsfører som “grumsete”. Panelet set likevel væska til leppene og tek sjansen. Det vert fort konstatert at dette er, som

frykta, appelsinbrus, som sjølvsagt ikkje har noko med jul å gjere. Trass at Emil diskvalifiserer brusen frå testen grunna dette, endar eit samla panel på ein toar. Brusen er ikkje vond, men det er ingen tvil om at Telemark har tradisjonar dei kan kvitte seg med, eller lage det som komitéen føreslår å kalle Telemarks-mimosa med den. AASS...................... Mot slutten er det Aass som står for tur. Ein normal utsjånad, men ikkje fullt like imponerande lukt. Ei sur lukt som følgjer etter på smaken, som kan minne om rips. Heldigvis(?) er ikkje smaken så sterk, og han går ned. I tillegg til ein god raudfarge og ein veldig søt nisse på etiketten er ikkje brusen samla sett ein katastrofe. Sjølv om den truleg ikkje vil bli kjøpt att av panelet seglar den inn på ein trear. J U L E M U S T. . . . . . . . . . . . . Dette ser ut som ei samling av alt ølet du har helt i eit glas når du ryddar etter nachspielet. Det skulle syne

seg at det var om lag slik det smaka òg. Det smakar som ei veldig svak hostesaft som nokon har kvelva ein stout i. Dette har nok ein korrelasjon med at det ikkje finst nynorsk i Sverige, og stadfestar at våre naboar burde låne meir frå oss enn me gjer frå dei. Studentmållagsleiaren avsluttar med å stadfeste at dette ikkje var noko han hadde servert Riksmålsforbundet eingong. Her var det ingen tvil om at terningen berre skulle ha eitt auge. LERUM................ Panelet hadde ikkje kjøpt inn denne til testinga, men endar opp med å kåre Lerum til soleklar vinnar. Ikkje berre går det på nynorsk på flaska, men minna om smaken gjer at denne vert testvinnar for det vestlandstunge panelet. Her treng ein verken lukt eller smak for å vere sikker i si sak. Panelet sin einaste seksarterning! Illustrasjon: Anna Sofie Ekeland Valvatne.


10

OMTALE OM THE JULEKALENDER OLE AUGUST IVERSEN

O M TA L A R

T

he Julekalender er truleg Noreg sin mest kjende julekalender. Denne julekalenderen tek oss med på ei fantastisk reise med dei tre nissane Fritz, Hansi og Gynter for å finne nøkkelen til speldåsen som spelar livsmelodien til overnissen Gammel Nok. Dei hamnar i Trøndelag der bondefamilien Olav og Gjertrud Sand og hunden Kvikk lever i fred og fordragelegheit og gjer seg klare til jul. Dei får besøk av mystisk ein type ved namn Benny. Det familien Sand ikkje veit noko om, er at Benny eigentleg er det som blir kalla ein «nåså», som er ein type vesen som er besett av pengar og teljing. Nåsåar ser ut som menneske, men får fram sin sanne natur når dei drikk alkohol, då får dei briller og hoggtenner.

Det som er den store sjarmen ved The Julekalender, er i veldig stor grad språket. Nissane brukar ein type språk ein kan kalle «trøndgelsk». Der dei har direkte omsett orda i trønderske frasar til engelsk, slik at dei har den same morfologien. Dette i lag med nokre hybridord og -setningar. Frå dette får me klassiske frasar som «We could kikk in the book!» og «Shit, it’s på Norsk!». «Just what i skull til to say,» «and that there is dæven døtte meg not noe to do with!». Ikkje berre er det frasar nissane er kjende for, men også mykje songar som til dømes «Støveldance» og «It’s hard to be a nissemann». Gjertrud og Olaf sviktar heller ikkje på språkfronten med si trønderdialekt. Olaf har sin mest kjende frase «Jau, d e bære lækkert,» og Gjertrud sin «ja, vi får håp at det blir likar i morra». Og når Olaf skal på do, seier han alltid at han skal «bles itu belgen». Sjølv om dei snakkar ganske mykje i laupet av serien, går det stort sett i dei

same frasane, med litt variasjon innimellom. Gjertrud som spør om den store kassen med julepynt og snakkar om kor mykje ho ønskjer ein foodprosessor (som ofte blir kalla liknande ting som hudprofessor). Benny kjem inn med kav austlandsdialekt, nærast Majorstu-bokmål. Det mest kjende ved han er nok når han skal skildre noko gjer han ei bikkande handrørsle medan han seier «bob bob bob». Han spør stadig vekk om han kan bli ein dag til på grunn av bilen hans som forsvann, og bekreftar innstendig «…men bare til i morgen, ikke sant?». Gjertrud svarar alltid at han kan få sove på sofaen saman med han Kvikk, med tidvis forskjellige variasjonar som «… på Kvikk saman med sofaen». Ein ting som ein absolutt ikkje må gløyme, er radioen til familien Sand. Den skal ganske tydeleg vere ein parodi av NRK-nyhenda der det blir snakka om når dei skal arrangere VM i ski om eit par år. Det er verdt å merke seg at reporteren

les opp alle dei absurde tiltaka som blir foreslått, på nynorsk! Det er mellom anna snakk om å bygge ein tre kilometer høg mur kring Trøndelag for å sleppe vind, hente inn pengar på bingo, selje heile arrangementet til amerikanarar og byte ut alle tilskodarar med skodespelarar. Denne julekalenderen si handling går stort sett føre seg delt, men kjem saman meir mot slutten i eit godt samspel. Det skjer ting den eine staden som får innverknad den andre. Til og med radioprogrammet blir påverka då Benny klarar å auke momsen i landet også. Meir enn det skal eg ikkje røpe for den som ikkje har sett serien. Det er ein serie som står meg sjølv veldig nær, og eg har sett han opp til fleire gongar i året, og eg flirer omtrent like mykje kvar gong. Håpar du som les, tek til og ser denne julekalenderen denne adventstida. God jul! Bilete: Privat


11

INTERVJU PÅ RUNDGANG

med Sofie Frantsen

K V EN ER DU? Eg er Sofie Frantsen (18 år) frå Fosnavåg. KORLEIS KOM DU MED I NMU? Eg blei med i NMU fordi ein kompis av meg (Noa Sebastian Gjerseth) drog meg med. FORTE L L I T T OM DE N F YR STE T IL SK IPINGA DU VAR PÅ: Den første tilskipinga eg var på, var i Bergen, det er vel den einaste eg har vore med på, det var kjempekjekt, eg blei overraska over kor mange koselege folk som eg møtte. Det var lærerikt, vi spelte masse spel og snakka masse. Vi

fekk også fare rundt og sjå på den nydelege byen. Saknar den turen. K VA BOK HAR DU PÅ NAT TBORDET DI T T? Eg har eigentlig ikkje nokon bøker på skrivepulten, eg les mest på mobilen / sosiale medium og i skolebøker, sjølvsagt, prøver å finne ei bra bok og sette meg inn i, men har ikkje funne den rette enda.

K VEN V IL DU G JE STAFET TPINNEN V IDARE T IL? Eg gir stafettpinnen vidare til Marit Voldsund Fjeldvær!

SK JE R DE T NOKO SPE NNANDE I LOK ALL AGET DI T T? Er eigentleg ikkje noko spennande som skjer akkurat no.

ANNONSE


12

NYTT I BLADSTYRET: IDUNN!

HÅKON REMØY

BL ADST YR AR

D

ette er det siste bladet med meg som bladstyrar. Det har vore ei glede å arbeida med dette bladet i sopass lang tid. Eg kjende at dette var rette tida for meg å gå av, eg har byrja i fast jobb, og etter kvar kjem eg truleg ikkje til å vera like aktiv i Målungdomen. Då er det betre at nokon som kjenner organisasjonen, tek over. No går stafettpinnen vidare til Idunn Victoria Rostøl.

KAN DU FORTELJA LITT OM DEG SJØLV? ............. Eg kjem frå Stavanger, men har vore ein del av Ve st la nd s - d ia sp or ae n i Oslo dei siste åra. Eg drog austover med Sørlandsbanen for å studera idéhistorie og driv nå på med ein master i faget, der eg skriv om ein bit av historia til romani og rom i Noreg. På sida av Blindern har eg arbeidd på Folkemuseet og HL-senteret, og nå er eg eit par dagar i veka på Skrivarstova. Elles er eg og har vore med i fleire tidsskrift knytte til studentmiljøet, og ser sjukt fram til å vera med på å laga Motmæle dei neste månadane! KVA VAR DIN VEG INN I MÅLUNGDOMMEN OG NYNORSK?.......................

Som byunge hadde eg ikkje nynorsk som hovudmål og hadde heller aldri tenkt tanken på å byta før eg byrja på Kongsgård. Der var det eit aktivt elevmållag med hyggelege folk som arrangerte diktkveld, steikte vaflar og forkynte det glade bodskapet på fest. Eg blei medlem, men byrja ikkje å skriva nynorsk konsekvent før eg flytta til Oslo. Å plutseleg vera den einaste med annleis dialekt i forelesinga gjorde meg mykje meir bevisst på språket mitt, noko som gjorde at eg til slutt omfamna nynorsk fullt og heilt. Med moglegheit for å skriva både “korfor”, “løye” og “bos” burde jo nynorsk vera det sjølvsagte fyrstevalet for alle siddisar! Heldigvis finst det lure

målungdommar som kan frelsa mang ein bokmålselev med nynorsk hjarte. ER DET NOKO SÆRSKILT DU YNSKJER Å FÅ TIL MED MOTMÆLE? ..... Målet må jo vera å vidareføra Motmæle som eit levande og engasjerande medium, der målungdommar slepp til med det som er viktig for dei. Motmæle skal spegla kor samansett organisasjonen er, og me skal ha plass til både lått og løye, spennande intervju, rein språknerding og aktuelle språkpolitiske diskusjonar. Så om du brenn inne med noko du vil ha med i Motmæle eller har nokon spørsmål, kontakt meg på idunn@malungdom.no! Bilete: Privat


13

KVITTER FRÅ TWITTER – nynorsktwitter på sitt beste

FILMSPALTA ved Gunnhild Skjold

DE N NOR SKE:

Reisen til julestjernen (1976) Regi: Ola Solum

Eg reknar eigentleg med at alle kjenner handlinga her, men ei kjapp oppsummering: På julaftan ser prinsesse Gulltopp julestjerna, og synest ho er veldig flott. Ho går ut i skogen for å fange ho, og går seg vill. Kongen forbannar julestjerna, og livet i kongeriket blir ganske kjipt, før ei vaksen Gulltopp, no kjent som Sonja, kjem tilbake og reiser ut for å få tilbake julestjerna. Om filmen er god eller ikkje utan nostalgifilteret, kan eg eigentleg ikkje uttale meg om. Alle meiningane mine er knytt opp til kjensla av å vere lita og tenke at dette, ja, det er dette som er jula. Eg reknar kanskje med at det same er tilfellet for mange av dokker som les denne filmspalta? Unn deg sjølv litt julestemning, og set på Reisen til julestjernen! DEN UTANL ANDSKE:

Hjemme alene (1990).......................... Regi: Chris Columbus

Familien til Kevin skal feire jul i Paris, og dei har huset fullt mens dei førebur seg på å dra. Kevin er lei av at han alltid kjem dårlegast ut i familien, og når han med eit uhell blir gløymd heime når familien reiser, ser han sjansen til å kose seg utan familien. Men det er ein strek i rekninga: Det er nokre skurkar som vil rane nabolaget mens folk er borte på juleferie. Dette er også ein film eg tippar dei fleste av dokker har sett, og med god grunn. Det er nemleg så mykje som fungerer godt i denne filmen. Filmen er morosam, varm og med super musikk. Det er mange rare delar i denne filmen, men på eit eller anna vis funkar det med både familiedrama, innbrotstjuvar, han skumle mannen i nabolaget som eigentleg er snill, og biltur med eit polkaorkester. Alt i alt, julestemninga er på topp etter denne filmen! Sjekk gjerne ut film nummer to også, men eg anbefaler å late som om resten ikkje finst. KL A SSIK AREN:

It’s a wonderful life (1946) Regi: Frank Capra

Dette blir av mange rekna som den ultimate amerikanske julefilmen. Da han først kom, gjekk det dårleg, men ved ein feil gløymde dei å fornye opphavsretten. Dette gjorde at alle kanalar kunne spele filmen veldig billig rundt juletider, og etter kvart har han funne ein heim både hos publikum og kritikarar. George Bailey har brukt heile livet sitt på å drøyme om å forlate heimbyen sin, men kvar gong han har fått sjansen, har han i staden valt å hjelpe andre. Gjennom filmen ser vi korleis han blir meir og meir misnøgd med livet sitt. Og her kjem genistreken i filmen: Ein engel bestemmer seg for å vise George korleis byen hans hadde vore utan han, og han får sjå korleis han har forbetra livet til alle rundt seg.


14

INTERNASJONALT Ingvild Nese

Å FLYTTE TIL NYNORSKLAND

T

idlegare har de kunna lese om korleis det var å feire russetid under koronarestriksjonar. Og sidan eg då fullførte vidaregåande i vår og ikkje visste kva eg ville gjere vidare, valde eg å ta eit år på folkehøgskule. Eg kan ikkje seie at det faktum at skulen låg i ein relativt solid nynorskkommune var den einaste grunnen til at eg valde akkurat den, men det var alt anna enn ein negativ faktor. I slutten av september i år pakka eg bagane og sette meg i bilen. Endestasjon: Eid i Stad

kommune. Eg gledde meg til å flytte for meg sjølv og endeleg få starte på folkehøgskule, men au for å kunne, i ein så mykje større grad enn eg har kunna gjort heime i Asker, sjå nynorsk til dagleg. Eg forventa ikkje at 100 % av alt eg såg som var skrive, var på nynorsk, og det var rett. Det som overraska meg sjølv, var at eg sjølv ikkje legg så mykje merke til når ting er skrive på nynorsk som eg trudde eg skulle, spesielt ikkje etter å ha vore her ei stund. Sjølv om bokmål er det språket eg har sett og er mest vand med å sjå til dagleg i livet, er det

det eg legg merke til når eg til dømes er i butikken eller på senteret. Og det irriterer meg. Noko anna eg har lagt merke til, er ordval. Sjølv er eg vand med eit språk der eg valde sjølv kva ord eg ville ha, og dermed enda opp med det mest spesielle valet, ser eg her at dei fleste som skriv på nynorsk, vel ikkje dei mest spesielle eller mest “nynorske” orda. Sjølvsagt gir det meining, men om det er noko eg legg merke til, er det det. Sjølv om det for meg som nynorskbrukar oppvaksen i bokmålsland har vore veldig gøy og fint å flytte til

nynorskland, var ikkje alt som eg trudde. Eg trudde heilt ærleg at eg skulle sett større pris på all nynorsken eg såg, men no har det vorte ein vane. Men det er jo ein god ting. Og hjartet mitt vert alltid varmt kvar gong eg ser ein køyreskulebil som køyrer forbi og eg ser ordet “Skule” festa på baksida på bilen. Illustrasjon: Anna Sofie E. Valvatne og SNL.no


15

NORDNORSK MÅLSOGE – EIT MYSTERIUM ANDREW RABBITT

DETEKTIV

I

følgje SSB bur det 241 235 menneske i Nordland og 243 311 menneske i Troms og Finnmark. Det vil seie at det bur 484 546 menneske i heile Nord-Noreg. Dei fleste av desse snakkar ei form for nordnorsk dialekt, med unnatak av innflyttarspråka i Indre Troms og Hattfjelldal og dei ymse innflyttarane som bur i landsdelen elles. Men kva er eigentleg nordnorsk? Kva slags påverknader har det vore på den kjære dialekten min? Kva veit vi om utviklinga hans? Frå det vi veit, er nordnorsk tippeoldebarnet til håløygsk, det språket som blei snakka i Hålogaland, heimen åt den mektige Bjarkøyætta og den mest kjente sonen sin, Tore Hund. Jamvel om Hålogaland var eit folkerikt og fraudig småkongerike, har vi svært få skriftlege kjelder på håløygsk frå

høgmellomalderen fram til 1530-talet, då skriftspråket i heile Noreg blei reint dansk. Dei vi har er neppe håløygsk – Diplomatarium Norvegicum inneheld fleire brev frå Nordland, blant anna eit frå «Vaagen» (dagens Vågan kommune, Lofoten) av Otte Rømer, «Sysselmand paa Halogaland», 1385 (på trøndersk, bind 1 nr. 496), eit frå «Kapelvaag» (dagens Kabelvåg) av Erkebiskop Olaf av Nidaros, 1352 (på latinsk, bind 4 nr. 357) og eit anna på trøndersk frå «Vaagen» av Ogmund Arnsteinssøn, «Lagmand paa Haalogeland», 1356(bind 4 nr. 376). Ingen av desse er på håløygsk, og derfor kan vi berre nemne runeinnskrifter som sikre kjelder. Veldig få av desse har noko mykje å seie om dialekten på den tida! (Her brukte eg fleire kjelder, blant anna Norsk Maalsoga av han Gustav Indrebø. Ikkje noko kjapt å lese før ein skal til sengs, men likevel ei framifrå fagbok! Diplomatarium Norvegicum ligg ute med gratis tilgang på UiO sine nettsider.) Når ein fyrst begynner å

lære den «djupe» målhistoria, lærer ein at mér for eldre vér (det vil seie fyrstepersons pronomen fleirtal, «vi/me») er eit særnorsk trekk på eldre dokument, men dette er ikkje noko ein finn på nordnorske dialektar i dag. Dette gjorde meg litt rådvill – er ikkje min dialekt norsk? Mista vi slikt eit særpreg så tidleg? I april snakka eg med ein Endre Mørck, pensjonert språkproff, og han hjelpte meg med å finne kjelder om utviklinga av nordnorske pronomen. Dessverre støytte vi ikkje på noko fast, berre ein artikkel i Maal og Minne frå 1989 (som eg ikkje kan få tak i), som konkluderer at diploma frå mellomnorsk tid er ikkje undersøkte ordentleg. Kor gagnleg! Vi kom ikkje vidare med eit svar. Den eldste «nynorske» ordsamlinga eg finn, er Ordsamling fraa Bø i Vesteraalen 1698 av Jacob Laugesen Bork, residerande kapellan i Bø på den tida. Dette er langt etter den mellomnorske perioden, men «berre» 150 år etter at dansk blei einerådande skriftspråk. Kva finn vi her inne, sett bort

frå ein heil haug av nesten uskjøneleg dansk? Ja, vi finn spor av noko spanande! På side 20 har vi ordet Raakas, med denne forklaringa: Raakas: at findis – v.g. mi raakas altid --: vi findis altid -Er dette provet eg har leitt etter i heile denne tida? Har eg funne spor av gamalnorsk me på håløygsk? Eg er ikkje noko skikkeleg språkgranskar, og dette er berre eitt døme, men kanskje finst det litegrann meir von enn eg fyrst trudde. Blir vi å finne på fleire interessante eller særnorske trekk på eldre nordnorsk? Det håper eg iallfall! For no skal eg berre fortsetje med å bruke gode, gamle drag frå Tromsmål, med påverknad frå Senjamålet. Her finn vi spanande ting som -ana i preposisjon (nedana, unnana, vestana, innana osb.), som tyder frå. Korana elles skal vi få svara om fortida enn dialektane i dag? Illustrasjon: Anna Sofie E. Valvatne




18

DÅ NYNORSKEN VART INNFØRT I HERØY HÅKON REMØY

H Æ R Ø Y VÆ R I N G

E

g er oppvaksen på Remøya, ei øy ute i havgapet på Nordvestlandet. Færre enn 400 bur der, so skulen eg gjekk på, Remøy skule, hadde jamt under 40 elevar. Då eg byrja på skulen hausten 1999, var me fire i klassa. Gjennom heile skulegangen min var nynorsken sjølvsagd. Eg hugsar me til dømes song «Fager kveldsol smiler» (spørst kor mange skular som legg opp til salmar i dag). Lokalavisa Vestlandsnytt nyttar berre nynorsk redaksjonelt, kommunen krev nynorsk frå staten og har nynorsk administrasjonsmål. I kyrkja og på bedehuset er det nynorsk som gjeld............................. Nynorsken var altso ei sjølvfylgje då eg voks opp, og han må seiast å vera det framleis i Herøy kommune.

Men det var ein kamp for å få han i bruk. I ei bok om Herøy lærarlag kan me lesa om kampen om å få han inn i skulen. Frå 1892 kunne kvart einskilt skulestyre i Noreg velja mellom riksmål og landsmål. Tidleg på 1900talet ville alle krinsane i kommunen halde på riksmålet (som forresten ikkje skilde seg særleg frå dansk skriftnorm på den tida). I 1901 skreiv lærarlaget ei fråsegn om ny «seminarlov», i denne samanhengen er seminar ‘lærarskule’, der stod det: «Om morsmaalets stilling i den fremtidige seminarundervisning, udtaler foreningen, at den nye seminarlov maa kræve, at eleverne til eksamen maa skrive minst en stil paa landsmaal og en paa rigsmaal». Lærarlaget var altso målmedvitne, endå om dei ikkje skreiv fråsegna på målet. Men dei undra seg vidare på kva dei kunne gjera for landsmålet. Då sende dei ogso eit framlegg til skulestyret: «Lærarforeiningi i Herøy framber ynskje

om at dei born som hev hug på det fær bruka bibelhistorie på landsmålet». Dette fekk dei inn med knapt fleirtal. Men dei fekk stort fleirtal for å innføre leseboka hans Nordahl Rolfsen «Læsebog for folkeskolen – Landsm a a l s u d g a v e »............. Det var altso stor ihuge hjå lærarane for å få taka i eit tak for nynorsken, men det var ikkje før februar 1907 dei byrja tala om skulemålet att. Då bad lærarlaget om at skulestyret skulle gjera landsmålet til hovudmål i kommunen, «slik at krinsarne hev valet.» I møtet i skulestyret 23. mai 1907 nemnde dei ogso liknande fråsegner frå Frøystad og Bø ungdomslag og frå Moltu krins. Skulestyret vedtok framlegget, og fem krinsar (Tjørvåg, Moltu, Runde, Remøy og Nautøy) gjekk over til nynorsk frå 1. klasse i 1908. Frøystad, Myrvåg og Nerlandsøy fylgde i 1916. Det var enno nokre krinsar som ikkje hadde bytt i kommunen. I 1919 bad lærarlaget om at dei hine

ogso burde tenkje på å skifte til landsmål: «Til neste aar skal etter lovi dei nye rettskrivningsreglar takast i bruk. Men brigdet i riksmaalsrettskrivingi vert so brysam for borni, at det fell lettare for deim aa gaa heilt yver til landsmaalet no. Tidi skulle derfor visseleg vera inne, daa alle born i Herøy fekk lov til å forma tankarne sine skriftleg paa det maal som høver deim best og som far og mor deira hev lært deim å snakka.» Her var det rett og slett eit poeng at landsmålet var morsmålet. Dette var før samnorsken hadde kome seg skikkeleg i gang, riksmålet var framleis mykje dansk......................... Tre krinsar, Leine, Kvalsvik og Bø, gjekk over til landsmålet i 1920, medan dei to siste, Myklebust og Berge, fylgde i 1925 og 1934. Men det var ikkje utan vanskar å få innført nynorsken i skulen, Remøy og Tjørvåg, som båe hadde nynorsk frå 1908, angra seg ikkje lenge etter. «Grunnen var særleg at målet i kristen-


19

domsbøkene verka so framandt på folk.» Men skulestyret sa beintfram nei 4. november 1911 til å skifte attende til riksmål. Men elevane skulle likevel få lov til å bruke bøker i kristendomskunnskap på riksmål, om dei ville det. Administrasjonsmålet i kommunen vart nynorsk i 1931, men dei hadde tendensar til målmedvit før det. Ein gjekk mellom anna frå Herø til Herøy i 1915. I 1929 var det fyrste gongen eit framlegg i kommunestyret kom på nynorsk i møteboka. 30. januar 1931 var fyrste gongen oppritet frå formannskapet var på nynorsk. Men møteboka vart ført på bokmål fram til 1935 «[m]ed nokre få unntak». Elles ser det ut til at ein kravde nynorsk frå staten i 1937, formuleringa er: «I 1937 kravde heradstyret nynorsk tekst på vegkartet.» Ved ei av kyrkjene i kommunen kom nynorsk liturgi i bruk allereie i 1923. Men liturgien kom heller ikkje av seg sjølv, skal me tru det som står i Herøyboka. Der kan me lesa at «[n]ynorsk mål lydde i kyrkjene i Herøy truleg for første gong då Anders Hovden, som då var cand. theol., preika her i mai 1891.» Men det var ein større kamp å få målet inn meir permanent enn at ein målhovding kom på vitjing. I juni 1906, altso eit lite år før gjennomslaget i skulen, var det målstrid om kyrkja. Då var det tale om å taka inn Blix-salmane, men presten «var imot Blix-salmane og meinte at landsmålet var eit laga mål, og det hadde ymse ord som støytte den religiøse kjensla.» Men både ordføraren, ein kyrkjesongar og fleire lærarar var for. Det var fleire røystingar i ymse luter av kommunen, i Indre Herøy var det ved Leikong kyrkje røysting i 1921 om

liturgi, det var 70 for landsmål og 82 imot. Året etter byrja det å hende noko, i Indre Herøy kapell var det røysting på oppmoding frå Tjørvåg og Aurvåg leselag. Det vart ordskifte i kyrkja fyrste sundagen i 1923. Soknepresten sa at «han gjerne såg nynorsk liturgi innførd, ‘men der oppe’, sa han og peika på preikestolen, ‘taler jeg det sprog jeg har lært, jeg vil ikke braske for annen gang». Tre veker seinare vart nynorsk liturgi innført med 90 mot 13 røyster – og i bruk frå 29. april same året. I 1928 var det tale om å taka Nynorsk salmebok i bruk i kyrkjene i Indre og Ytre Herøy – det var røysting om å byte salmebok i Ytre siste sundagen i 1928 og i Indre 7. april året etter. I Ytre Herøy vart røystetalet 168 for den gamle salmeboka og 29 for Nynorsk salmebok. Medan Indre hadde 125 for Nynorsk salmebok og 80 for Landstad. Men sidan dei slo i hop røystene, vart den gamle salmeboka verande, men ho hadde eit nynorsktillegg med Blix-salmane. Den nynorske salmeboka kom vel å merke i bruk i skulen i 1935 (det var meir salmar i skulen på den tida). I 1930 var det røysting endå ein gong om nynorsk liturgi ved kyrkja på Leikong, der vann nynorsken med 108 mot 23 røyster, i juli i 1934 fekk kyrkja der ogso Nynorsk salmebok med 84 mot 23 røyster. Hausten 1934 var det ordskifte på kyrkjelydsmøtet i Ytre Herøy, der la lærar Johan Sundnes fram om at ein burde taka i bruk Nynorsk salmebok. Det var ei kvinne som ropa imot han: «Eg trudde kje at du ville føre oss bort i noko slikt!» Og so siste sundagen i 1934 vart det endå ei røysting, denne gongen i Indre Herøy kyrkje, der fekk Nynorsk salmebok 119

røyster mot 6. Medan 1. januar i 1935 vart det i Ytre Herøy kyrkje 234 for Landstad mot 162 for Nynorsk salmebok. Men denne gongen vart det fleirtal totalt for Nynorsk salmebok. Ved konfirmasjonen i 1935 kom ho i bruk i Ytre Herøy kyrkje, til same tid kom nynorsk liturgi i bruk.................... Vestlandsnytt, avisa som vart grunnlagd i 1935, hadde frå fyrste nummer av nynorsk som redaksjonelt mål. I boka hans Ottar Grepstad Avisene som utvida Noreg kan me lesa at redaktøren på førehand hadde vorte åtvara om at «Herøy er den mest typiske riksmålsbygd på kysten». Likevel valde han nynorsken, og det må seiast å ha vore det rette v a l e t . . . . . . . . . . . Me ser at utan eldhugen og folk som kjempa på, ville ikkje nynorsken ha vunne fram. Det var mange som kjempa imot på eit eller anna vis, i ein del tilfelle galdt det rett og slett å ha rett mann på rett stad. No har eg ikkje nemnt næringslivet, det kjem av at det er ikkje fullt so enkelt å dokumentere. Coop har skilt på nynorsk, dei hine kjedene har mest bokmål, medan det er ymse på kledebutikkane. Det er gjerne «salg» i vindaugo, om det ikkje tilmed er « s a l e ». . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . . Det er bra mange stader i landet der nynorsken er i bruk i skulen, men ikkje står sterkt i kyrkja, pressa eller i kommuneadministrasjonen. Det er sjølvsagt nokre unnatak, som at ein del stader i Trøndelag er det framleis nynorsk i kyrkja, men han er heilt ute or skulen. Men for at nynorsken skal vera eit sjølvsagt mål og ein skal verte ein trygg nynorskbrukar, er det heilt naudsynt å sjå han i bruk på fleire omkverve – både ved å opp-

søkje han og ved å få han inn på ymse flater. Dersom den lokale pressa ikkje brukar målet fullt so mykje, so hjelper heldigvis NRK og andre tiltak på, men ein skal slett ikkje undervurdere kva nynorskbruken lokalt har å s e i a . . . . . . . . . . . . Me bør vera takksame for desse som verkeleg tok i eit tak for nynorsken i generasjonane før oss. Men vonleg kan det ogso inspirere oss til å halde fram med godt måla r b e i d . . . . . . . . . . . Basert på bøkene Grepstad, Ottar (2010) Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010. Oslo: Det Norske Samlaget. Håberg, Albert (1993) Skulen i sentrum. Herøy lærarlag 1893–1993. Rabben, Bjarne (1973) Herøyboka. Bygdesoga II. Herøy sogelag Illustrasjon: Anna Sofie E. Valvatne


20


21

SKJER DET NOKO MED DIALEKTA DI NÅR DU DREG HEIM TIL JOL? ÅSMUND KVIFTE

HEIME

F

or nokre år sidan hadde NSB ein reklame om ein student som tok toget heim til jol, og tok toget heim til dialekta si. For kvar stasjon vart målet litt breiare og ho litt gladare. Alle vil skifta talemål etter kven me snakkar til og kva me snakkar om. Målet vert annleis i ein presentasjon framfor klassen enn i småprat med sidemannen. Men for dei fleste av oss er det same dialekta me brukar. Ho har berre mange former. Dialekta er same kroppen, men ho har ulike klede på. Det at me kan bruka same dialekta i familien og med nære vener, som me kan bruka på møte og Storting, er spesielt i verdssamanheng. I mange land vil du bli sett på som udana, uutdana og dum om du brukar feil dialekt i feil situasjon. For å unngå det må du leggja om og bruka dialekta til nokon andre i staden. Denne standard-dialekta ligg gjerne nær skriftspråket, og dei som snakkar henne, trur gjerne at dei snakkar skriftspråk. Det finst mange folk rundt om, kanskje særleg kring Oslo, som trur dei snakkar bokmål. Det er ein tanke

om at oslomålet ligg nær opp til bokmålet. Det er litt bakvendt. For det er heller bokmålet som har lagt seg nær opp til oslomålet, og kanskje særleg dei litt finare folka i Oslo. Slik er det i land etter land. Skriftspråket utviklar seg frå talemålet til overklassen i hovudstaden, og sidan brukar dei skriftspråket som prov på at talemålet deira er det riktige talemålet. Det at skriftspråket er basert på overklassens talemål, vert eit prov på at overklassens talemål er den riktige måten å snakka på. Då vert dei andre talemåla uriktig måte å snakka på: Nokon får dialekter som er stygge, medan andre får dialekter som er eksotiske og rare. Ofte er det dei som nesten snakkar «riktig» som får stygg dialekt, det er bøndene og arbeidarane kring hovudstaden som har det språket som vert sett mest ned på. I Noreg ser me at eit standard austlandsmål fortrengjer dialektene i eit stadig større område rundt Oslo. Det er ikkje noko kjekt å ha eit språk som andre ser ned på. Det er heller ikkje alltid so kjekt å ha eit språk som gjer deg eksotisk og rar. Snakkar du på ein måte som andre synest er litt merkeleg, kan det fort bli korleis du seier noko som vert viktig, heller enn kva du seier. Du blir til ein viss grad eit symbol på staden du kjem frå, og i mindre grad ein

person og eit individ frå staden du kjem frå. Og dette handlar til sjuande og sist om at du kjem frå ein annan stad enn overklassen i hovudstaden. Likevel er det betre å vera ein eksotisk framandkar enn ein som ikkje har lært å snakka skikkeleg. Vossamålet har tilpassa seg oslomålet, men det er ikkje vorte borte på same vis som dialektene rundt hovudstaden. Dialektene rundt hovudstaden har blitt dømt som stygge, medan vossamålet har blitt dømt som eksotisk og spanande. Det er ei sentralmakt som har avgjort at slik skal det vera, og ho har ikkje gjort det medvite. Det er ingen som har sete ved eit bord og sagt at mossemålet skal vera stygt og vossamålet pent, det er haldningar som har sive inn som fylgje av strukturane i storsamfunnet. Det er ikkje basert på demokratiske avgjerder, diktatoriske avgjerder eller objektive kriterium. På ein måte kan ein seia at det standard austlandsmålet er meir eksotisk og spanande enn vossamålet. Det er språksystem som går frå dei tradisjonelt norsk-talande stroka i Troms og Finnmark i nord til Agder i sør, og frå Fjordane i vest til Østfold i aust. Vossamålet fylgjer dette språksystemet, men med sine lokale tilpassingar og lokale måtar å setja det ut i livet. So òg i dei fleste byar og bygder

her til lands, nokre med større endringar i systemet, andre med mindre. Oslo og Bergen er kanskje dei to stadene der det er størst endringar frå det sams språksystemet, og difor kan me seia at det er nokre av dei mest eksotiske dialektene i landet. Slik er det ikkje, for det er der makta sit. Ho definerer seg til å snakka normalt. Og det gjer ho jo, sentralmakta har ikkje mindre rett på dialekta enn andre. Problemet kjem fyrst når ho definerer andre til å snakka unormalt. Og det gjer ho jo òg. For 50–60 år sidan var andre dialekter sopass uglesett at det var sjeldan du høyrde anna enn riksmål i radioen og i dana selskap. So kom målfolket med venene sine, og fekk endra på det. Det var eit medvite arbeid i kulturlivet, politikken og kvardagen. Då vart dialektene aksepterte, men målfolket klarte ikkje å gjera dei likeverdige. Det arbeidet står framleis att. Og får me til det, vil me framleis endra dialekta når me fer heim til jol. Men det vil vera av di me snakkar med andre folk, snakkar om andre ting, og ikkje av di me tilpassar oss ei sentralmakt i større eller mindre grad. Illustrasjon: Anna Sofie E. Valvatne


22

FRAMTIDA ER HER, OG FRAMTIDA ER PÅ TIKTOK FRIDA PERNILLE MIKKELSEN

TIK TOK AR

I

førre Motmæle melde Dordi Boksasp Lerum at det var på høg tid at Norsk Målungdom lastar ned TikTok. Når medlemmar tek til motmæle på den måten, då må ein berre lytte. Så no sit vi her, med TikTok! Denne teksten fungerer difor framom alt som ein annonse for vår brukar der. Finn fram til @malungdom og følg vår reise inn i framtida. Vegen mot denne framtida har vore av det lange slaget. Det har tatt eitt år frå TikTok-frøet vart planta, til ein no kan sjå det blomstre. Frøet vart planta i det ein må kunne kalle vanske-

leg jord. Nokon vil nok også påstå at det rett og slett ikkje var dyrkbar mark. Gjennom eit ordskifte her og eit ordskifte der, artige samtalar i lunsjar og rundt middagsbord, og sterke innlegg i Motmæle, har frøet likevel begynt å spire. Det heile enda med at landsstyret i september vedtok ein kommunikasjonsstrategi der ei av kommunikasjonsformene var TikTok. Litt seinare i september vart appen lasta ned. Varselslampene kan sløkkast! Ungdommane som sit i sentralstyret, kjenner seg absolutt ungdommelege nok til å halde på med noko av det mest ungdommelege i heile verda for tida. Eller dei har i det minste forstått at dei kanskje berre må kjenne seg ungdommelege nok. No kan alle puste letta ut. Framover blir det mindre sosing med strikketøyet i den eine handa

og twittereliten i den andre. No er vi kule interessante og nytenkande tiktokarar. Det er i alle fall den draumen me ber på. Vi vil gjere TikTok til ein plattform der nynorsk høyrer heime. Der du som nynorskbrukar ikkje skal stå åleine med å lage innhald på ditt språk, men der vi kan stå der saman med deg. Om du har sakna korte videoar du som nynorskbrukar kan relatere til, håpar vi @malungdom kan vere svaret. Nesten 50 000 har allereie funne eit eller anna i tiktokane våre, kanskje du blir den neste. Som ein så ofte ser igjen og igjen, blir det ikkje berre nynorsk ein plass, vi må jobbe for det. Vi kjempar for nynorske læremiddel, og vi kjempar for nynorsken på TikTok. Her har alle vi som skriv nynorsk, eit ansvar, og kanskje vi som er målung-

dommar, eit ekstra. For vi veit at vi har eit heilt lag i ryggen. Det er enklare å gå mot straumen når du veit at du ikkje går heilt aleine, og vi veit at vi har ein heil gjeng med folk i denne organisasjonen som alltid står saman med oss. Difor oppfordrar eg nett deg til å slå eit slag for nynorsken på TikTok saman med oss! Illustrasjon: Anna Sofie E. Valvatne


23

SPRETT MOZELLEN OG NYT GALSKAPEN VETLE MIKKELSEN

E U R O PE A R

I

mars endra verda seg fullstendig med eit pennestrok. Land stengde grensene sine, og folk måtte ha heimekontor. Skulane stengde. Verda stengde. Alt såg rimeleg mørkt ut der ei stund; vi trudde botnen var nådd, men mørkare skulle det altså bli. 18. mars blei Eurovision Song Contest, eller Grand Prix, som mange kallar konkurransen her til lands, avlyst. Koronaen hadde blåst ut eitt av få lyspunkt i det som såg ut til å bli eit dritår av dimensjonar; glitter, modulering og kleine programleiarar skulle ikkje få losa oss ut av den tunge tåka som tekte verda. Redninga skulle komma frå uventa hald, frå koronahovud-

staden i verda: USA – sjølvaste Sambandsstatane. I juni blei nemleg Eurovision: The Story of Fire Saga sleppt på Netflix. Her snakkar vi Eurovision sett med amerikanske augo: Vi snortar glitter og får modulering intravenøst. Minst like kjekt: Vi får sjå akkurat kor feilaktige, og kor riktige, amerikanarane sine oppfatningar av europearar er. Filmen følger islandske Lars Erickssong (Will Ferrell) og Sigrit Ericksdóttir (Rachel McAdams) si ferd mot Eurovision. Dei er sannsynlegvis ikkje søsken, men kan likevel ikkje følga opp kjenslene dei har for kvarandre. Saman utgjer dei nemleg gruppa Fire Saga, og det er ei kjent sak at romantiske forhold bryt opp band. Valet av Island som scene for delar av filmen er lurt. Ikkje berre er Island vakkert å sjå på, men islendingane er

òg over gjennomsnittet glade i Eurovision, trass i at dei tradisjonelt ikkje har gjort det så bra i konkurransen. For dei med øyra for aksentar skaper òg skodespelarane sine forsøk på islandsk-engelsk ein del moro: Aksentane varierer i kvalitet, frå nokolunde ok (Rachel McAdams) til ganske dårlege (Will Ferrell) og heilt forferdelege (Pierce Brosnan). Når vi først er inne på Pierce Brosnan, så må det seiast at han kler rolla som Will Ferrell sin far eksepsjonelt godt, sjølv om «daddy» nok er eit meir beskrivande ord for Brosnan i denne samanhengen. Måten europearar er framstilte på i filmen, er gjennomgåande parodisk, samtidig som den i stor grad fell saman med våre eigne fordommar mot andre land i Eurovision-kontekst. Russaren er homoerotisk, kvinna frå Hellas er berre erotisk, og

svenskane er litt for hippe og kule for sitt eige beste. Det same gjeld songane: Dei grensar på parodi, samtidig som dei fangar opp alt som er gøy med Eurovision. At Will Ferrell faktisk insisterte på å synga sjølv i fleire av songane, gjer sitt til at lattermusklane og dansefoten duellerer medan ein ser på. 2020 er året vi hadde trunge Eurovision meir enn nokosinne. Då er det fint at vi fekk eit plaster på såret, i form av ein heilteit, men hjartevarmande komedie, like distinkt amerikansk som den er europeisk. Så sprett mozellen, hiv litt glitter i fjeset og nyt galskapen. Det er vel unnt.

Illustrasjon: Anna Sofie E. Valvatne


24

MITT LIV SOM GRINCHEN KRISTIN STORHAUG

GRINCHEN

E

g er no midt i det store skippertaket før eksamen og hadde nesten gløymt å kvi meg for jula oppi alt sinnet eg følte for Hamsun og Harvard-kildetilvising. Hjartet har berre plass til så mykje hat, liksom. Men plutseleg, den andre laurdagen i november, sat eine romkameraten min og laga julepynt. I NOVEMBER! Eg såg raudt både biletleg og bokstaveleg talt. Eg skal anerkjenne såpass at det kanskje ikkje er det mest sjarmerande trekket ved personlegdommen min at eg hatar jula. Kva for eit nek må ein vere for å hate noko alle andre ser ut til å elske over alt på jord? Snakk om å vere party pooper, som me seier på ny norsk. Denne ranten er nok ikkje for deg som gler deg til jula heile året, høyrer på julemusikk i september og faktisk likar pepparkaker. Den er for deg som òg kjenner på litt dårleg samvit for å vere ein grinch, og som treng å rettferdiggjere det. For å sitere min tjommi Grinchen: Klokka 16 skal eg drukne i sjølvmedliding, klokka 16:30 skal eg stire inn i avgrunnen og klokka 18:30 skal eg ete middag med meg sjølv – eg kan ikkje avlyse det igjen. Han må jo vere alle unge vaksne sitt spirit animal? Så kjekt at me alle kan samle oss rundt litt relaterbart innhald? Men neeeeeida, der kjem

julefolket og øydelegg alt ved å like ting. Årh. Det er sikkert dei same folka som har eit godt sovehjarte og likar eksamen… Her er altså mine fem grunnar til kvifor jula er oppskrytt: JULEFERIE........ Det er så digg med fri, endeleg få slappe litt av etter eksamensinnspurt og stress og mas, og å kunne bruke dagane som ein sjølv vil! Berre at eg, og mange andre unge vaksne med meg, ikkje har hatt ferie sidan 1987. Når ein er i det gylne mellomstadiet vaksen, men ikkje så vaksen at ein har ein ordentleg vaksenjobb og ungar, så er ferie for alle andre berre ekstra jobb på deg. Og det går jo fint, for kvifor skal eg leggje beslag på juleferie når ein gjerne vil ha juletillegg og ikkje har ungar. Men ferie er ikkje å forakte, altså, det er ikkje det … F A R G E K A R T E T. . . . . . . Det er så dystert og tungt. Plutseleg vert elles koselege leilegheiter til tunge, mørke, dystre, religiøse kammer. Det er liksom ikkje nok at det vert bekmørkt utandørs medan eg skal ete lunsjen min. Ein skal ha det mørkt innandørs også, med mørkegrøn, mørkeraud og mørkelilla dekor. Og attpåtil er det nokon som insisterer på å ha grantre i stova, som ikkje gjer anna enn å sjå malplassert ut, drysse grannåler på heile golvet og trekke inn insekt. Eit barn vart fødd i Betlehem, og nokre tusen år seinare står han i tre- eller filtform på heidersplassen

i glaskarmen og gjer eit glansbilete av barnet som i dag kanskje ville vore fødd på okkupert jord. M Ø R K E T . . . . . . . Skal eg liksom vere ålreit med at det er mørkt og kaldt og jævlig i 5 månader, fordi me den eine dagen får ete litt pinnekjøtt? Så snart juli kjem, startar eg å kvi meg for mørket som kjem, medan nokon GLER SEG TIL JUL? Tenk å gle seg så mykje over andre sin misnøye. Barbarisk. Brutalt. Dessutan vert det så jævlig dyrt med straum, og eg kjem ikkje på noko eg har mindre lyst til å bruke pengane mine på. Men så har eg ikkje så lyst til å få influensa tre gongar på ein sesong heller, fordi eg er så sta at eg nektar å skru på varmeomnen (vinteren i 2017 var eksepsjonelt hard). B E S Ø K . . . . . . . . . Eg likar familien min, eg gjer jo det, men det kan verte for mykje av det gode. Ein skal besøke all slags slekt i jula, og kvar dag i ei veke skal ein på «julebesøk». Ein slepp ikkje unna – uansett kor travel ein skulle vere. Då må finstasen på, høfleg småprat sitje laust og ein må forklare for n-te gong kvifor ein ikkje har noko kavaler med denne jula heller. Det går fint det, i omtrent to dagar, men så går ein tom, medan ein framleis har fem besøk til. Og jobb. G Å V E R . . . . . . Gåver er eigentleg veldig hyggeleg, eg skal innrømme det. Men så er det pliktgåver, gåver til

dei som «ikkje ønskjer seg noko», men som likevel forventar noko ordentleg fint og gjennomtenkt, gåver du ikkje fekk kjøpt før veslejulaftan og som vart dobbelt så dyre som tenkt på eit allereie avgrensa budsjett, gåver du tenkte skulle vere smarte å lage sjølv, men så enda dei opp som skikkeleg mislykka prosjekt … Pakkekalenderen frå mamma kjem alltid godt med, for når eg 1. desember opnar alle lukene med flaxlodd, får eg skrapa saman nok til å ete etter å ha brukt alle pengane på gåver. Som fører meg vidare til neste problem: å få gåver er jo endå verre. All merksemda og dei forventningsfulle auga som ser på deg, vert for mykje. Pinleg berørt opnar du noko du sjølvsagt er glad og takksam for, men som vestlending som aldri har lært å uttrykke genuin glede må du lire ut av deg nokre erkevestlandske strofer som «jaja, det kjem no godt med, det». Kvar veslejulaftan tenkjer eg, der eg ligg på ein madrass på golvet i full visse om at nokon gløymde å kjøpe den obligatoriske skinkesteika til julefrukosten, at «neste år feirar eg jul på stranda i Barcelona, ass». Og kvart år vert eg hardt råka av ei blanding av frykta for å gå glipp av noko og frykta for å skuffe nokon og heldt meg heime likevel. Men, det er ikkje berre fælt: I januar kjem juleskummet på halv pris. Illustrasjon: Anna Sofie E. Valvatne


25

Bi


26 HJÅ TIL TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ KVA TYDER EIGENTLEG? TILHJÅ TIL SMÅORDA HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ TIL HJÅ SAMUELE MASCETTI

S PR Å K

T

enkjer du på eit tilfeldig ord, er det høgst sannsynleg at du ser føre deg noko ekte ute i verda: katt, raud, hav, mor, mjuk er ting som me kan både oppleva med sansane våre og førestilla oss. På norsk fagspråk heiter dette leksikalsk tyding, som vil seia at tydingsinnhaldet i eit visst ord viser til eit røynleg fenomen; dette gjeld ikkje berre konkrete ord, men ogso abstrakte ord som viser til

kjensler og andre tenkte tilstandar (kjærleik, daud, sekund, minne, osb.). Andre ord har derimot berre grammatisk tyding, som vil seia at dei ikkje har eit presist tydingsinnhald, likevel lyt dei vera på plass i den eine eller hi setninga for at ho skal vera rett. Dette er altso reine funksjonsord, og dei vanlegaste er småord som jo, for, av, då, med og liknande. Dei «tyder» jo ikkje noko i seg sjølve, desse småorda, men er heilt naudsynlege for ein effektiv og vellukka kommunikasjon.............. Det kan henda at eit ord missar si leksikalske tyding og går over til grammatisk tyding: Denne utviklinga

heiter grammatikalisering og er ein prosess som alltid har gått føre seg i språket. Eit bra døme er substantivet vis n., som tyder ‘måte’, men som òg vart grammatikalisert som ending til å laga adverb av adjektiv (vanleg-vis, heldig-vis) og substantiv (år-vis, par-vis). Andre gonger er grammatikaliseringa finurlergare og vanskelegare å spora opp av di ho skjedde i svært gamal tid, til dømes endinga -leg/-lig, som har same opphav som ordet lik n. og i eldre tider tydde ‘utsjånad/skapnad’. Nokon som er venleg, er altso nokon som ser ut eller ter seg som ein ven. Den bundne artikkelen -en oppstod sameleis frå ei

grammatikalisering av hinn, det norrøne ordet som tydde ‘den (eine)’. Opphaveleg heitte det hinn heimr med det peikande ordet stilt føre substantivet (likesom på engelsk: the home), men for om lag tusen år sidan vart hinn redusert til ei ending med grammatisk tyding (heim-inn), og me fekk den moderne etterstilte artikkelen (heim-en). Småorda i språket er ofte resultat av grammatikalisering, og det er spesielt spanande når eldgamle ord som alt var gløymde i førhistorisk tid, lever vidare gøymde inne i daglegdagse småord. Preposisjonane hjå og til er nettopp slike ord................................


27 Hjå vert ofte oppfatta som eit skikkeleg konservativt nynorskord, særskilt av sure bokmålsfolk som hevdar at dei aldri har sett eller høyrt det, men det er faktisk ganske vanleg i mange talemål og er uttala som regel jå, men ogso sjå og kjå. Denne preposisjonen kjem frå norrønt í hjá (h-en vart uttala): Det er merkeleg at dei brukte to preposisjonar som uttrykkjer nesten det same (i og hjå), med mindre hjá eigenleg var noko anna… Dette gjev oss ein peikepinn om at hjá kanskje var eit substantiv, og i so fall lyt det ha forsvunne lenge før vikingtida. Ved å samanlikna dei ulike germanske måla fann språkvitarane ut at hjá truleg var ei bøyingsform av det urgermanske ordet *hiwa-, som tydde ‘ekteskap/huslyd/ heimefolk’. Urgermansk vart tala dei fem siste hundreåra før Kristus, medan urnordisk vart tala etter det, men før norrønt: For to tusen år sidan tydde í hjá altso ’i lag med huslyden’, men før vikingtida miste ordet si leksikalske tyding og vart grammatikalisert som preposisjon. Ordet heldt seg berre som fyrstelekk i nokre samansetjingar (hý- på norrønt), blant anna i hybel m., som heitte hýbýli eller hýbøli på norrønt og var synonym til ‘hus’, men ser me nøye på ordet, skjønar me fort at det eigenleg tydde ‘ekteparet sitt bøle’. Eit anna ord med same opphav er hjon n., som i dag er eit gamaldags nynorskord for ‘ektepar’ – men standard på islandsk: hjón – og som ikkje tilfeldigvis liknar mykje på hjå............................ Stadiet før urgermansk heiter urindoeuropeisk, det aller eldste språksteget som er mogeleg å utforska. Vågar me oss so lenge attende i tid, finn me ut at urgemansk *hiwa- kjem frå urindoeuropeisk *kéywos, som ogso utvikla seg til latin civis –

‘borgar’, altso ein frå heimstaden – og som seinare gav oss mange lånord som sivil og sivilisasjon (og på engelsk city og citizen). Eit anna ord frå den same indoeuropeiske rota er *kóymos, som utvikla seg til urgermansk *haimaz og gav oss norrønt heimr og norsk heim. Sjølve rota *kéy- tydde truleg ‘å slå seg ned/liggja’, og soleis ogso ‘å setja bu’. Er du heime hjå nokon, har du då bokstaveleg tala slege deg ned der, i alle fall ei lita stund. Dette tydingstilhøvet kjem ogso fram i det yngre synonymet hos, som er laga til substantivet hus n. og peikar soleis på at me er innom nokon, ikkje berre innand ø r s ............................ Til skilnad frå hjå er til eit ord absolutt alle brukar heile tida, som tyder at me aldri reflekterer over det. Allereie på norrønt heitte det til og vart nytta akkurat sameleis som i dag, so det hjelper oss ikkje mykje. Me veit likevel at tysk har eit substantiv som heiter Ziel n. og tyder ‘mål, føremål’, og z- i innljod i tysk svarar ofte til t- i skandinavisk (til dømes seier me tid og tann, medan dei Zeit og Zahn). Slik får me eit hint om kva til opphaveleg kan ha tydt, og om me dreg heile vegen attende til urgermansk, finn me substantivet *tila- n., som tysk Ziel kjem ifrå. På den tida hadde *tilatruleg eit breiare................ tydingsinnhald, kanskje ‘tidspunkt, høve, mål’, men i norrønt finn me ikkje dette ordet att, unnateke i den sjeldne samansetjinga aldrtili m., ‘livets ende, døyande dag’. Likevel noterte både Hans Ross og Ivar Aasen verbet tila seg eller tilast med tydinga ‘koma seg (etter sjukdom), trivast, veksa’ på 1800-talet. Her er det litt vanskeleg å skjøna samanhengen, men anten ein kjem seg, trivst eller veks, gjer ein det over tid, og dette fortel

oss at handlinga som verbet uttrykkjer lyt sjåast i tidsperspektiv. Om me no tenkjer på det, uttrykkjer me ofte fysisk avstand og avstand i tid på same måte, til dømes når me seier at noko er langt frå ferdig. Det er altso alltid avstand me talar om, og tydingsinnhaldet i urgemansk *tila- kom til å uttrykkja båe typane avstand: Eit mål er noko me går imot uansett om det er snakk om tid (som eit tidspunkt eller ein frist) eller fysisk mellomrom (som ei skiljeline eller eit endepunkt). Soleis vart substantivet *tila- grammatikalisert, missa si leksikalske tyding og vart verande som preposisjon med grammatisk tyding som peikar på ei rørsle i retning mot noko. Korleis kan me stola på slike etymologiske spekulasjonar baserte på rekonstruerte ord frå førhistoriske språk, skal tru? Vel, me kan ikkje vera heilt sikre på dei, men me kan koma fram til nokolunde trygge hypotesar ved å samanlikna ulike språk, fyrst og fremst innanfor same grein og språkfamilie (til dømes dei germanske språka, som alle har preposisjonen til eller ei form av han), men mellom nabospråk òg. No har det seg slik at nabospråka våre i nord og aust lånte ein god del ordforråd frå urgermansk og urnordisk, det vil seia før norrønt utvikla seg, då folket i Skandinavia tala eitt felles språk. Dette veit me fordi enkelte ord framleis liknar på dei eldgamle formene av våre moderne ord, til dømes konge, som heitte konungr på norrønt, men *kuningaz på urgermansk: I dag heiter det kuningas på finsk og estisk, gonagas på nordsamisk og gånågis på lulesamisk. Endinga -az var allereie dotten vekk i norrønt, men ho heldt seg i nabospråka som lånte ordet,

og dette fortel oss at kontakten mellom folkeslag som ligg til grunn for ordlånet skjedde før den norrøne tida, altso sikkert før år 700. Det er då ikkje overraskande at finsk og estisk har i dag substantivet tila, som tyder ‘høve/tilhøve, stilling, stode/ situasjon’: Dette ordet er lånt beint frå tidleg urnordisk eller urgermansk, og tydinga viser til eit visst punkt i tid og rom, som høver med *tilasi opphavelege tyding ‘noko ein siktar på, går i retning m o t ’ . . . . . . . . Vil du vita meir? Er du litt av ein språknerd eller er du nysgjerrig på samanliknande språkvitskap og ordopphav heilt attende til urgermansk og urindoeuropeisk, anbefaler .eg Våre arveord – Etymologisk ordbok av Harald Bjorvand og Fredrik Otto Lindeman, som finst i tre utgåver (2000, 2007 og 2019) og den fyrste utgåva er tilgjengeleg på............ Nasjonalbiblioteket si nettside. Vil du berre vita kvar eitkvart ord kjem ifrå, passar det best med Norsk etymologisk ordbok – Tematisk ordnet (2013) av Yann de Caprona, som du sikkert får låna på biblioteket. Forfattaren har òg ei kjempefin side på Facebook (Norsk etymologisk ordbok – Tematisk ordnet, av Yann de Caprona) der han legg ut ei ordforklaring kvar dag med eit fint, sjølvknipsa bilete som illustrasjon. Berre å lika og fylgja!................... Illustrasjon: Anna Sofie E. Valvatne


28

HOROSKOP FOR 2021, SIDAN ANNA SOFIE E. VALVATNE

K L A R SY N T

2

020 har vore eit interessant år, og eg trur eg snakkar for oss alle når eg seier at det er på tide å, som ein seier på sidemål, get the fuck outta here. Men er det noko 2020 har lært oss så er det at ein ikkje bør gå blindt inn i eit nytt år. Difor har me mekka eit horoskop til dykk! No tenkjer du kanskje “Hm, Anna Sofie. Eg har aldri høyrt noko om at du er klarsynt. Korleis er du kvalifisert til å skriva horoskop?”. Godt spørsmål. Eg må berre rosa deg for å vera eit kritisk tenkjande menneske, fordi du har heilt rett. Eg var på ingen måte kvalifisert til å skriva dette horoskopet i det heile, men det er eg no! Eg har nemleg brukt store delar av året på TikTok og har på eit eller anna vis enda opp på hekse- og astrologisida av plattforma. I tillegg har eg sett to videoar på Youtube med tittelen “Astrology for beginners”. Så ja, eg vil seia at eg no er ekspert på feltet. Difor hoppar me i det!

STEINBUKKEN (22.12–19.1) Steinbukken er eit teikn som representerer tid og ansvar. Er det noko me har hatt mykje av dette året er det tid. Steinbukken har brukt denne tida godt. Personar som høyrer til dette teiknet, er ofte veldig sjølvstendige og flinke på sjølvkontroll. Dei er typen som har brukt karantenetida på å dansa til videoane til The Fitness Marshall på Youtube for å koma i form. Steinbukken kjem til å bruka det komande året til å utføra alle nyttårsforsetta sine. Hugs å ha det litt kjekt på vegen! VASSMANNEN (20.1–18.2) Vassmannen er progressive tenkjarar som alltid har ein idé på lur. Personar med dette teiknet er ofte veldig morosame, og har alltid ein vits på lager. Dei har eit enormt ynske om å endre verda, og er ikkje redde for å ta ordet for å fortelja om nettopp dette. Vassmannen har mykje spanande i vente i det komande året, og går inni det full av nye idear dei vil utforska. Dei kjem til å dra med seg folk på nye og kreative møte og aksjonar. Det er likevel viktig å

hugsa at ikkje alle er like gira på desse ideane som det du er. Det må respekterast i det komande året. FISK ANE (19. 2–20. 3) Fiskane er eit av dei mest sensitive teikna. Dei er opptekne av fellesskap og kan gjerne bli sett på som klengete. Dei har difor hatt det ganske vanskeleg åleine i karantene. Dette vert vonleg enklare i det komande året. Dette er òg eit av dei mest kreative teikna. Ser du på notata deira, er dei ofte fulle av små krusedullar. 2021 er året fiskane skal bli meir komfortable med å vera i sitt eige selskap. Dette kjem til å få den kreative sida av teiknet til å blomstra. Kanskje blir du den nye Picasso i karantene? VÊREN ( 2 1 . 3 –1 9 . 4 ) Vêren er både entusiastisk og energisk, men sjølv den mest energiske vêren er truleg sliten etter det året me har hatt. Spesielt med tanke på at vêren har låg toleranse for keisemd. Heldigvis ser året ut til å få ein positiv og energisk start for dette teiknet. Vêren kjem til å føla seg eventyrlysten og klar til å oppleva nye ting. Om det er å gjera som alle på TikTok og

byrja å baka surdeigsbrød, eller om det er noko heilt anna, er opp til den enkelte. Det viktige er å vera open for nye moglegheiter i året som kjem. Dette gjeld både skule og karriere, men også innan kjærleiken. Kanskje finn du deg ein du kan deita over Zoom det neste året? TYREN ( 2 0 . 4 –2 0 . 5 ) Tyren er lojale, tålmodige og sjenerøse, men kan også vera sta og til tider lat. Likevel er tyren utruleg gode venar som gjer alt dei kan for å ta vare på dei som dei er glade i. Tyren har i året som var, truleg kjent på at ein har gitt litt ekstra av seg sjølv for å gjera andre glade. Kanskje du er ein av dei som tek ansvar når alle andre har av både mikrofon og kamera på Zoom. No er tida inne for tyren å fokusera på seg sjølve. Dette er året for personleg vekst. Gå inn i identitetskrisa di med eit ope sinn. Høyr på nokre sjølvhjelpspodkastar medan du klipper pannelugg og tek deg eit godt og varmt bad. <3 selfcare <3 kjem i mange former. T VILLINGEN (21.5–20.6) Tvillingane blir gjerne sett på som eit av dei mest


29

N 2020 VAR JÆVLIG intense stjerneteikna. Tvillingen er uføreseieleg og sjølvmotseiande. Personar med dette teiknet har hatt det vanskeleg i 2020. Tvillingen er nemleg van med å vera festens midtpunkt, men sidan dei aller fleste ikkje har råd til bota ein får for å arrangera fest no til dags, har ikkje tvillingen fått den merksemda han ynskjer seg. 2021 er året tvillingen bør ta eit lite oppgjer med seg sjølv. Det er på tide å ta all denne intensiteten og bruka han til noko bra. Kanskje det er nett i år du skal ta på deg eit verv i Norsk Målungdom? KREPSEN ( 2 1 . 6 –2 2 . 7 ) Ut ifrå min noko avgrensa kunnskap om astrologi vil eg seia at krepsen er eit av dei vanskelegaste teikna å forstå. Likevel kan ein seia at krepsen er veldig sensitiv, og er heilt avhengig av å ha folk rundt seg. Difor har karantenetida vore ekstra vanskeleg for krepsen. Det betyr ikkje at ein må slutta å prøva. Krepsen er gjerne den som ikkje seier så mykje. Likevel bør krepsen bruka det komande året til å ta kontakt med gamle kjente, anten fysisk eller over internett. Arranger ein powerpoint-kveld, spel among us, eller berre ta opp

telefonen og ring til nokon. Digitale medlemsmøte i Norsk Målungdom er også eit veldig godt alternativ. LØVA ( 2 3 . 7–2 2 . 8 ) Løva er oppteken av å imponera andre. Personar som høyrer til dette teiknet, er dei som har pynta seg til dei digitale møta i året som var, og som har lagt ut bilete på Instagram av alt dei har fått gjort i heimen medan dei har vore i karantene. Mange kan nok bli irritert over alt løva får til, medan andre set stor pris på arbeidet som blir gjort. I det komande året vil løva oppsøkja nye arenaer dei kan imponera andre. Hugs at det å imponera andre ikkje er alt her i verda, men at dersom du absolutt må, så er det få ting som er så imponerande som folk som kjempar for språkmangfaldet. Kanskje Norsk Målungdom er den rette arenaen for deg? JOMFRUA ( 23 . 8–22 .9 ) Jomfrua er hardtarbeidande og pålitlege, men er også lite fleksible og slit med å tilpassa seg nye situasjonar. Ein kan trygt seia at EIN JÆVLA GLOBAL PANDEMI er ein nokså ny situasjon. Heldigvis har ein vore lenge nok i situasjonen no til at jomfrua nok ein

gong har stålkontroll på livet. Dette blir teke med inn i det nye året. Når du allereie har kontroll på det viktige, bør du bruka det komande året på å utforska nye ting slik at du kan utvida grensene dine. Sjølv om me kryssar fingrane for at det ikkje kjem fleire overraskingar i det nye året, veit ein aldri. Det er lurt å vera førebudd. V E K TA ( 2 3 . 9 –2 2 . 1 0 ) Vekta er roleg og balansert. Personar med dette som teikn er flinke på å sjå alle sider av ein diskusjon. Dette er med andre ord dei ein sender i sidemålsdebatt mot Unge Høgre. Vekta si evne til å sjå begge sider av kvar sak gjer at dei er det teiknet som slit mest med å ta avgjersler. 2021 er året du ikkje bør vera redd for å gjera avgjerande val. Hald stø kurs og ikkje ver redd for motstand. Det kjem til å lønna seg til slutt. SKORPIONEN (23.10–21.11) Skorpionen er både sjølvstendig og ambisiøs, men er også veldig emosjonelle. Dei er typen til å møta opp på årsmøtet berre for å stilla som leiar, og så grina av glede så snart dei valde. Skorpionen sit på mykje kunnskap om alt mogleg. 2021 er året for å

læra noko nytt, og samstundes læra frå seg. Ta på deg rolla som ein slags mentor og del kunnskapen din på alle nivå. Kanskje du kan halda ei innleiing for lokallaget ditt! S K Y T T E N (22.11–21 .12) Skytten er eit av dei meir eventyrlystne stjerneteikna og er alltid ute etter å ha det kjekt. Dei har ein energisk og optimistisk personlegdom, som dei brukar til å spreie mykje glede. Dette er godt å ha med seg inn i det nye året med tanke på det jævlige året me har hatt i år. Det ser ut til at skytten kjem til å få eit godt og lite anstrengande år. Det er kjekke overraskingar i vente. Sidan du ser ut til å ha alt gåande for deg det komande året, bør du bruke det på å halde fram med å spre glede til andre som kanskje ikkje er like heldige.

Illustrasjon: Anna Sofie E. Valvatne


30

OPPSKRIFT PÅ LYSE KAKEMENN/-DAMER INGVILD NESE

BA K E G L A D

D

ette er ei familieoppskrift på lyse kakemenn og -damer! Dette er tradisjonell julebakst og desse mjuke kakene er noko alle bør lage denne jula! Denne oppskrifta gir ca. 25 kaker.

KALENDEREN

Dette treng du: 100 gr smelta smør 3 dl sukker 1 ts hjortetakksalt 2 dl mjølk Ca. 10 dl kveitemjøl Konditorfarge (valfritt) Dette gjer du: 1. Bland mjøl, sukker og hjortetakksalt i ein bolle. 2. I mjølblandinga tilset du det smelta smøret og mjølka. Dette skal verte til

ein jamn og fin deig. Dekk til og set deigen til å kvile ein kjølig stad i ein time, gjerne over natta. 3. Ha litt mjøl på bordet og på kjevlet og kjevle ut deigen til det er 3–5 mm tjukke leivar. Bruk kakeformer og trykk figurar og legg dei på eit bakebrett med bakepapir. Gjenta til all deigen er brukt opp. 4. Steik kakene på 175 gradar i 5–7 minuttar. Viss du

har store figurar, bør desse steikast litt lengre, ca. 10 min. Dette varierar au etter tjukkleiken på kakene. PS! Kakene skal ikkje steikast så lenge at dei vert gylne, dei skal vere kvite. 5. Når kakene er ferdig steikte, må dei avkjølast før ein ev. dekorerer kakene med konditorfarge på til dømes ein q-tips. Bilete: Tatiana Moreeva

NYNORSKSTAFETTEN

SEMINAR

Når: 25. januar - 12. februar

Når: Februar

NMU og Noregs Mållag reiser

I februar skipar NMU til

kringom landet for å snakka om

regionale seminar eller eit

nynorsk!

digitalt seminar. Må sjå an #korona :O


31

BOWLINGKVELD MED TRØNDERSK MÅLUNGDOM! MARIT VOLDSUND FJELDVÆR

LO K A L L AG

E

tter eit urovekkande roleg år fann vi i Trøndersk Målungdom

ut at det var på tide å teste bowlingferdigheitene i lokal�laget. Vi leigde to banar på Centrum Bowling, og gjorde oss klare for kalas. Bowling og verving er som kjent ein uslåeleg kombinasjon, so her var både nye, gamle og potensielle medlemmar velkomne! Vi vart nok folk til å dele

oss på dei to banane, og kampen kom kjapt i gang. Mellom slaga hadde vi sjølvsagt tid til å drikke litersvis med Mozell, ete pizza og verve opptil fleire nye folk! Etter eit par rundar fann vi ut at det ikkje alltid er ein samanheng mellom språkengasjement og bowling-

MOTMÆLEKVISSEN

ferdigheiter, men det viktigaste er sjølvsagt at vi kosa oss. Etter stemninga å dømme såg det ut til at alle gjorde nettopp det! Som Fleksnes ville sagt: Eg kom, vart sveitt, og dett var dett. Bilete: Privat

Marthe Mæland

1. Kva julekake har form som eit kremmarhus?

5. Kor mange kantar har ein snøkrystall?

9. I kva julesong møter ein jordmor Matja?

2. Kva må ein ha mest av i tillegg til melis og eggekvite for å lage marsipan?

6. Kva heiter hesten i songen ”Bjelleklang”?

10. Kor mange gonger snublar Hovmeisteren i tigerskinnet i sketsjen ”Grevinnen og Hovmesteren”?

8. Kva endring førte til at ribbe i selskap av medisterkaker, surkål og potet vart meir vanleg som julemat i starten av 1900-talet?

7.

Dyrene i Hakkebak-

6. Blakken 5. Seks kantar

2. Mandlar

4. Stjernestøv

1. Krumkake

FASIT

4. Kva er namnet på NRK sin julekalender i år?

7. I kva kjend forteljing rotar ein med peparkakeoppskrifta, og nyttar ein kilo pepar i staden for ein kilo sukker?

3. Supermann. Som vist i til dømes filmen Supermann 2

3. Det vert ofte sagt at Julenissen bur på Nordpolen. Kva for ein annan superhelt har sin hemmelege base der?

8. Utbreiing av støypejernskomfyren keskogen

10. Elleve gonger 9. Julekveldsvisa


LYSANDE REINSDYR OG PERSONLEG KONKURS MARIT VOLDSUND FJELDVÆR

SISTEORDET

D

ebatten om skulegudsteneste er i gang, ein norsk kjendis som ikkje kan synge, har gitt ut julemusikk og radiovertane inviterer ivrige lyttarar til å kome med fasiten på når ein skal pynte til jul, kor mange slag ein skal bake og kva ein skal ete på sjølve kvelden. Det kan berre tyde ein ting: Jula er like om hjørnet. Det tydelegaste teinket av dei alle er vel kanskje likevel at butikkane bognar av julevarer allereie frå slutten av oktober. Sjam-

panjebrus blir julebrus, øl blir juleøl, sjokoladen blir forma som nissar og kalla julefavorittar, julemjølkekartongane blir plasserte i hylla, og årets julepyntkolleksjon kjem på marknaden. Det er faktisk heilt umogleg å ikkje få med seg at det snart er jul. Grua du deg litt ekstra til jul i år? Synd for deg! Lat oss gni det godt inn når du skal ut og handle Fjordland for éin. Eller tenkte du kanskje å kjøpe heilt vanleg dopapir på ein heilt vanleg novemberdag? Her er juledopapiret du ikkje visste at du trong. Kanskje er du ein av dei som tenkte å gi borna dine ein heilt ordinær sjokoladekalender. Gløym den! Kjøp heller pakkekalenderen med radiostyrte

bilar og trådlause hovudtelefonar alle dei andre har! Alle veit at det ikkje blir jul utan personleg konkurs. Tenk å sette seg ned på julaftan og ikkje ha det kvite glitrande juletreet til tolv tusen som er på moten i år, eller at ungane opnar mjuke pakkar utan ein elektronisk dings som er underhaldande til rett over nyttår, på innsida. Enda verre er det å vere ein av dei med julepynt som rett og slett ser litt nittitals ut, eller å ikkje ha eit einaste lysande reinsdyr i hagen. Kvart år kan ein lese kronikkar om førjulskjøpefesten og tips til korleis ein sparar pengar i desember. Korleis er det alle desse folka feirar jul? Pakkar inn gåver i avispapir og lyg om

at det er tanken som tel? Heng rundt heime heile romjula utan å ha ny småelektronikk å leike seg med? Pyntar med dorullnissar frå totusenofire og påstår at dei har ein viss sjarm? Nei, ser ein rundt seg, er det heilt tydeleg at dei som kosar seg aller mest i jula, verkeleg har brukt pengar på det. Ein kopp gløgg, fyr i peisen og eit slag mattis kostar jo faktisk ein formue! Illustrasjon: Anna Sofie E. Valvatne

RETUR: NORSK MÅLUNGDOM, LILLETORGET 1, 0184 OSLO


Millions discover their favorite reads on issuu every month.

Give your content the digital home it deserves. Get it to any device in seconds.