
3 minute read
OMTALE OM THE JULEKALENDER
from Motmæle 3.20
by Motmæle
The Julekalender er truleg Noreg sin mest kjende julekalender. Denne julekalenderen tek oss med på ei fantastisk reise med dei tre nissane Fritz, Hansi og Gynter for å finne nøkkelen til speldåsen som spelar livsmelodien til overnissen Gammel Nok. Dei hamnar i Trøndelag der bondefamilien Olav og Gjertrud Sand og hunden Kvikk lever i fred og fordragelegheit og gjer seg klare til jul. Dei får besøk av mystisk ein type ved namn Benny. Det familien Sand ikkje veit noko om, er at Benny eigentleg er det som blir kalla ein «nåså», som er ein type vesen som er besett av pengar og teljing. Nåsåar ser ut som menneske, men får fram sin sanne natur når dei drikk alkohol, då får dei briller og hoggtenner.
Det som er den store sjarmen ved The Julekalender, er i veldig stor grad språket. Nissane brukar ein type språk ein kan kalle «trøndgelsk». Der dei har direkte omsett orda i trønderske frasar til engelsk, slik at dei har den same morfologien. Dette i lag med nokre hybridord og -setningar. Frå dette får me klassiske frasar som «We could kikk in the book!» og «Shit, it’s på Norsk!». «Just what i skull til to say,» «and that there is dæven døtte meg not noe to do with!».
Advertisement
Ikkje berre er det frasar nissane er kjende for, men også mykje songar som til dømes «Støveldance» og «It’s hard to be a nissemann».
Gjertrud og Olaf sviktar heller ikkje på språkfronten med si trønderdialekt. Olaf har sin mest kjende frase «Jau, d e bære lækkert,» og Gjertrud sin «ja, vi får håp at det blir likar i morra». Og når Olaf skal på do, seier han alltid at han skal «bles itu belgen». Sjølv om dei snakkar ganske mykje i laupet av serien, går det stort sett i dei same frasane, med litt variasjon innimellom. Gjertrud som spør om den store kassen med julepynt og snakkar om kor mykje ho ønskjer ein foodprosessor (som ofte blir kalla liknande ting som hudprofessor). Benny kjem inn med kav austlandsdialekt, nærast Majorstu-bokmål. Det mest kjende ved han er nok når han skal skildre noko gjer han ei bikkande handrørsle medan han seier «bob bob bob». Han spør stadig vekk om han kan bli ein dag til på grunn av bilen hans som forsvann, og bekreftar innstendig «…men bare til i morgen, ikke sant?». Gjertrud svarar alltid at han kan få sove på sofaen saman med han Kvikk, med tidvis forskjellige variasjonar som «… på Kvikk saman med sofaen».
Ein ting som ein absolutt ikkje må gløyme, er radioen til familien Sand. Den skal ganske tydeleg vere ein parodi av NRK-nyhenda der det blir snakka om når dei skal arrangere VM i ski om eit par år. Det er verdt å merke seg at reporteren les opp alle dei absurde tiltaka som blir foreslått, på nynorsk! Det er mellom anna snakk om å bygge ein tre kilometer høg mur kring Trøndelag for å sleppe vind, hente inn pengar på bingo, selje heile arrangementet til amerikanarar og byte ut alle tilskodarar med skodespelarar.
Denne julekalenderen si handling går stort sett føre seg delt, men kjem saman meir mot slutten i eit godt samspel. Det skjer ting den eine staden som får innverknad den andre. Til og med radioprogrammet blir påverka då Benny klarar å auke momsen i landet også. Meir enn det skal eg ikkje røpe for den som ikkje har sett serien. Det er ein serie som står meg sjølv veldig nær, og eg har sett han opp til fleire gongar i året, og eg flirer omtrent like mykje kvar gong. Håpar du som les, tek til og ser denne julekalenderen denne adventstida. God jul!
OLE AUGUST IVERSEN