Page 1

MOTMÆLE GJEVE UT AV NORSK MÅLUNGDOM

FRAMHALD AV EG 33. ÅRGANGEN nr.3/19


2

ANNONSE

VINTERLEIR 2020 Skogstad leirstad på Eina på Toten 17.-19. januar


BLADSTYRARTEIGEN INNHALD Bladstyrarteigen: s. 3 Leiarteigen: s. 4 Frå arkivet: s. 4 Preposisjonar på tvers av Atlanterhavet : s.5 Kjætten: s. 6–7 Motmæleintervjuet: Kjersti Håland : s. 8–9 Kvardagsmat: s. 10 Mål og mimring: s. 12 Filmspalta: s. 13 Internasjonalt: s. 14 Podspalta: s. 18 Fråsegner: s. 19 Kjønnsforvirra substantiv?: s. 20–21 Språkteknologi: s. 22–23 Dialektprisen: s. 24 Sumarleir: s. 25 Haustkonferansen: s. 26–27 40 år med vond brenn’vin: s. 28–29 Morosider: s. 30–31 Sisteordet: s. 32

nr. 3/19 Norsk Målungdom Lilletorget 1 0184 OSLO E-post: norsk@malungdom.no Telefon: 23 00 29 40 ISSN: 0809-2109 Bladstyrar: Håkon Remøy Bladstyret: Ingvild Nese Tobias Christensen Eikeland Anna Sofie Ekeland Valvatne Oline Rekdal Bladbunad: Anna Sofie Ekeland Valvatne Korrektur: Tobias Christensen Eikeland Prenteverk: Merkur Grafisk AS Tinging (eitt år): 200 kr Sal av lysingar: Rimelege prisar etter avtale. Ta kontakt på norsk@malungdom.no Bidrag: Me tek gjerne imot stoff frå lesarane. Artikkelforfattarane står sjølve ansvarlege for innhaldet i artiklane sine.

DEN NYNORSKE VINDEN

N

o står me midt i mykje som er særleg viktig for målsaka – strukturelle endringar, læreplanar og språklov. Alt heng saman for nynorsken. Bur du i ein nynorsk kommune, gjeng på ein nynorsk skule og har pengane dine i ein nynorsk bank, og lokalavisa kjem på nynorsk – er det mykje lettare å halda på nynorsken som målet sitt. Ikkje av di ein les so mange sakspapir frå kommunen, eller at ein les so mykje på vegskilta frå vegstellet. Samla sett gjer det det lettare å ha noko å identifisera seg med. Har ein mykje av dette på plass, er det von om at ein kan verta ein trygg nynorskbrukar som held på eige mål. Me bør ha som mål om at det skal vera lett å vera nynorskbrukar utan å bu og veksa opp i desse områda ogso – sjølvsagt er det ikkje like lett. Skal me få til det (eller i minsto koma godt på veg), lyt likevel ein del anna liggja til grunn: Det skal ikkje vera slik at ein må ha nynorsk som hovudmål, for å læra målet skikkeleg. Her må ein leggja til rette (kanskje gjennom læreplanen) so at alle lærer nynorsk og bokmål fullgodt, i dag er det kanskje mest dei med nynorsk som hovudmål som kan sidemålet sitt på høgd med hovudmålet. Me bør difor ikkje godtaka at krava til skrivekompetanse i hovud- og sidemål skal vera ulike. Men førebels ser det ut til å halda fram med å vera slik at nynorsk som hovudmål er det som er nærast å gjeva alle den kompetansen og

kjennskapen til både nynorsk Heldigvis gjeng ikkje alt range vegen. Det ser det lovande ut i Bergen, der det nye byrådet gjeng inn for tidleg start med sidemål for bokmålselevane og nynorskklasse i sentrum for dei som ynskjer det utan å måtta stressa med å leita etter dei hine ni borna som skal til for ei klasse. Me treng fleire slike tiltak rundt om i landet. Kanskje kan me vona at me med slike tiltak kan få nynorsken attende i Trøndelag eller inn i Oslo? Og i Ålesund der det kunne gjenge so gale: Der fire solide nynorskkommunar stod i fare for å verta del av ein stor “nøytral” kommune – heldigvis tok målfolk kampen og fekk gjennomslag for at Ålesund skal verta den største nynorskkommunen i verda! Det blæs ein nynorsk vind – det er særs godt å sjå at ting gjeng rette vegen viktige stader i landet. Me får vona at dette breier om seg! Håkon Remøy


4

LEIARTEIGEN

FRÅ ARKIVET

SPRÅKLOVA ER ENDELEG HER!

T

NORSK MÅLUNGDOM PÅ INSTAGRAM

idlegare i haust skjedde det noko som var både stort og særs spennande. Nei, det var ikkje valet, Brexit eller den nye sesongen av Parterapi. 23. august kom endeleg utkastet til ei ny språklov på høyring. Denne språklova har Norsk Målungdom venta på iallfall så lenge eg har vore medlem, og no er ho endeleg her. Den nye språklova skal erstatte mållova, eller «Lov om målbruk i offentleg teneste», som ho eigentleg heiter. Dette er lova som slår fast at du har rett til å få svar på språket ditt frå det offentlege, og at statlege organ skal bruke både bokmål og nynorsk. Det høyrest kanskje litt tørt ut, men mållova har gjort sitt for å sørge for at du og eg får møte nynorsk i kvardagen vår. Det er mykje å glede seg over i det nye lovutkastet. Regjeringa føreslår at eit av føremåla med den nye lova skal vere å styrke dei norske skriftspråka nynorsk og bokmål, og at staten har eit særskilt ansvar for det minst brukte skriftspråket, altså nynorsk. I tillegg slår lova fast statusen til dei samiske urfolksspråka, dei nasjonale minoritetsspråka kvensk, romani og romanes, og det nasjonale teiknspråket norsk teiknspråk. Og ja, i lovutkastet brukar regjeringa «skriftspråk», og ikkje «målform», om nynorsk og bokmål. Å kalle nynorsk og bokmål for målformer bidrar til å redusere statusen

for språka våre. Om nynorsk berre blir sett på som «ein måte å skrive norsk på», blir det enklare å ignorere behova til nynorskbrukarane. Samstundes er det fleire ting vi i Norsk Målungdom saknar i den nye lova. Sjølv om eitt av føremåla med lova er å styrke nynorsk, er det ingen konkrete tiltak for å gjere nettopp det. Jo, fleire av reglane i lova slår godt ut for nynorsken, men for å vege opp for bokmålsdominansen i samfunnet trengst hardare skyts. På landsmøtet vårt i år vedtok vi fråsegna «Meir makt til Språkrådet», der vi kravde at Språkrådet skal få høve til å sanksjonere mot brot på den nye språklova. I lovutkastet er det dessverre ingen teikn til dette. Det betyr at konsekvensane for å bryte språklova ikkje blir meir enn eit litt irritert brev frå Språkrådet. Vi håpar at regjeringa vel å gi Språkrådet fleire verktøy enn sure brev i framtida. Høyringsfristen gjekk ut i midten av november, og no ventar vi i spenning på om nokre av innspela våre blir tatt med i sjølve lova. Den endelege lova blir truleg vedtatt i Stortinget i april, så det er berre å følgje med!

D

ei som les dette bladet, kan nok dei fleste argumenta til kvifor ein bør engasjere seg i målsaka. Det fjerde nummeret i Motmæle i 2012 kunne fortelja om forsking gjord ved NTNU. Denne fortalde oss at nynorskbrukarar er mellom anna meir kreative, har større språkleg medvit og er betre på skulen. Grunnlaget for forskingsrapporten var ikkje å gå ut ifrå at nynorskbrukarar var betre, men han inneheldt folk frå heile landet og samanlikna resultata. Det som kom fram, var at dei som meistrar og nyttar begge målformene, var meir kreative og alt det. Det er jo ikkje nytt at dei med nynorsk som hovudmål meistrar sidemålet sitt betre enn dei som har bokmål som hovudmål. Ifølgje rapporten kom det heller ikkje fram at dialektbakgrunnen til personane hadde noko å seie på resultata. Dei fleste nordmenn er jo fleirspråklege. Og det har vore fleire forskingsartiklar som fortel at det å vere fleirspråkleg gjer alt det som vart nemnt over. Samstundes vert det òg lettare å lære fleire språk om ein kan fleire frå før av. Forskingsartikkelen viste òg at dei som skriv nynorsk ofte òg gjorde færre feil i høve til dei andre. So til neste skulebesøk eller neste gong de skal ha stand: No har de forsking som spesifikt handlar om nynorsk, i ryggen! Lykke til

Gunnhild Skjold

er @smiagd nd med Ivar sta å p r e Me valen! startfesti ie d tu S å p ils! Kom og h 2019 #uia rt ta s ie d #stu raasen a iv #smia # #nmuverv

@malungdom Takk for ei veldig kjekk helg til alle som ko m på haustkonferansen Har du lyst å treffe all e desse kjekke folka (igjen )? Då må du komma på vinterleiren vår!

@ungdomslag #sommarleiren2019 går mot slutten og vi takkar for eit strålande leirsamarbeid med Norsk Målungdom! @malungdom #levandelokalkultur #sommarleiren


5

PREPOSISJONAR PÅ TVERS AV ATLANTERHAVET SAMUELE MASCETTI

G LO B E T R O T T E R

K

va har gamle Noreg og eksotiske Karibia til felles? Preposisjonen på! Hæ?! Sjå her då: Kva seier refrenget i låten The heathen, frå Bob Marley & The Wailers si legendariske plate Exodus frå 1977? Jau, «Di heathen back deh

@fnufnorden Martha i FNUF har møtt lederen i @malungdom for en snakk om nynorskens status som skriftspråk i Norge og om koplinga til de nordiske språkene.

pon di wall», heidningane er attende der på muren. Såg du det? Pon, på, same det. Men korleis har dette seg? På norrønt heitte denne preposisjonen á, som me finn att som førelekk i nokre nynorskord, t.d. åkalla (påkalla) og åkle/åklede (sengteppe, altso eit teppe å breia på senga). Elles finst han i nokre faste vendingar , t.d. å nyo (på ny), detta å bak (på ryggen) eller å hovde (på hovudet), midt å natt, bringa noko å vange (på bane), o.a. Nett som me i dag kan setja saman eit adverb og ein preposisjon, t.d. inn/

@sminidaros Det er umogeleg å ikkje kose seg med pizza samen med denne flotte gjengen Velkomen til eit nytt haustsemester! #sminleik #nmu #nynorskpizzaerbest

inne på → innpå, kunne ein talar av norrønt setja saman upp og á, som vart til preposisjonen uppá. Etter kvart som gamalnorsk utvikla seg til nynorsk, byrja dei fleste sløyfa fyrstestavinga i uttala: uppá vart til pá, dagsens på. Dette hende i engelsk au: up og on (med same opphav som norrønt upp og á), vart sette saman til upon alt på 1300talet. Upon vart so avstytta til ‘pon og då engelsk kom til Karibia på 1700-talet, vart ‘pon nærast eineform i det kreolske målet som voks fram. Kven som i 2005 ikkje gaula «Come mr. dj song pon de replay, come mr. dj won’t you turn the music up? All the gyal pon the dancefloor

@malungdom Tusen takk til @samediggi for initiativet til samisk språkveke! Me er glade for at det er sett fokus på å synleggjera dei samiske språka denne veka!

wanting some more» i lag med Rihanna? Ein forvitneleg detalj hjå dette språkfenomenet er at uppá gav både oppå og på. Dette doble utfallet peikar attende til den overgangstida i språkutviklinga då fyrstestavinga heldt på å detta av. Her er det sannsynleg at ulik tyngd i uttala av førelekken låg til grunn for skilnaden: Førelekken lyt ha vorte uttala sterkare i forma som gav oppå enn i forma som er vorten til på. Illustrasjon: Anna Sofie E. Valvatne

@nyn o #mot rsk_ tinde ivatio nalqu r otes


6

Rahman

Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar sender kvart år nokre ungdomsdelegatar til New York som ein del av Noreg sin SN-delegasjon. Motmæle har snakka med Rahman Akhtar Chaudhry, som er målungdom og var ein av desse ungdomsdelegatane! Hei Rahman! Korleis var turen til det store eplet? Rahman Hallo! Det var veldig bra! SN-bygget var veldig vanskeleg å koma seg rundt i dei fyrste dagane, men det losna heldigvis etter eit par dagar! Kva er det eigentleg du har bala med i New York og hjå SN?

Det er Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) som vel ungdomsdelegatane. Eg vart nominert av medlemsorganisasjonen min, Elevorganisasjonen. Amalie vart nominert av sin, Unge Høgre. So vart me valde på landsmøtet åt LNU. Kanskje det vert nokon frå Målungdomen som reiser neste gong? 1

Du er no målungdom du òg Rahman Sjølvsagt! Heia målsaka 1

Eg meiner at Jens Kihl reiste for oss ein gong for tusen år sidan Rahman Jens Kihl

Rahman Du spør godt. Eg har vore ungdomsdelegat på menneskerettar! Saman med Amalie Gunnufsen har eg representert norsk ungdom i forhandlingar om mennneskerettsspørsmål i SN. Mellom anna har me tala på møtet, vore med på forhandlingane om ei ungdomsfråsegn, og møtt ungdomsdelegatar frå andre land. Variert program!

Er det slik at de har forskjellige ansvarsområde? Rahman Me har ulike politiske felt me er valde på, i alle fall. For meg var utdanning for born og unge på flukt og born og unge med urfolksbakgrunn viktig. Kjernesaka for Amalie var inkludering av ungdom i fredsprosessar. Eg såg eitt av innlegga dine på direktesending! Veldig kult! Høyrde du snakka om morsmålsopplæring Rahman

Oi! Spanande! Korleis vart de ungdomsdelegatar?

Ja! Eg snakka om at unge med urfolksbakgrunn vert nekta opplæring i og om eige morsmål. Det har dei ein rett til, og den retten må ein halda på. I talen min sa eg at norsk ungdom forventar at det internasjonale samfunnet forvaltar ansvaret sitt og sikrar retten til morsmålsopplæring.


SN-MØTE!

7

Rahman

Rahman

Eg sa ogso at born og unge på flukt må sikrast opplæring både på flukt, og når dei kjem til sitt nye heimland. Stoda me har i dag, er ikkje akseptabel.

Alle statsleiarane fór veka før me kom, so ikkje so mange av dei. Men me vart godt kjende med Noregs SN-ambassadør Mona Juul ( ), og mange stortingsrepresentantar var innom på besøk.

Tøft!

Var det skummelt?

Sjukt kult!

Rahman Eg var ganske stressa før avreise! Det er jo ikkje berre-berre å reise til New York og jobbe i SNbygget. Heldigvis fekk eg mye oppfylging av LNU. Dei har vore heilt råe på å gje hjelp og støtte. Utan dei hadde me nok hatt problem med å manøvrere i SN-byråkratiet (om du trudde byråkratiet var ille heime, kjem SN-systemet til å gje deg bakoversveis) Me samarbeidde mykje med både LNU og Utanriksdepartementet for å skrive tale og posisjonsnotat før me reiste. Og no jobbar me med rapportering og oppsummering av reisa. Mykje førog etterarbeid!

Kva er det kulaste minnet du sit att med no når du er attende i Noreg? Rahman Det vert ein delt fyrsteplass mellom to augneblinkar. Den fyrste var då Mona Juul gratulerte oss med ein god tale. Ho er so utruleg kul og eit stort førebilete, so det hadde mykje å seia. Det andre må vera fyrste gong eg gjekk forbi portrettet av Trygve Lie i inngangspartiet til SN-bygget. Han var fyrste generalsekretæren i SN. Han er oppvaksen på Furuset i Oslo, som er der eg er frå! Det var ei utruleg spesiell oppleving å gå forbi portrettet hans. Eg likar jo å tenkja at han er stolt over at endå ein Furuset-gut har kome seg til SN.

Men veldig viktig arbeid, kan eg tenkja meg! Rahman Ingenting er so viktig som etterrapportering til Utanriksdepartementet, hehe (håpar ingen frå UD les dette)

1

Rahman

1

Korleis var det å vera hjå SN? Vart du kjent med dei andre? Fekk du helsa på viktige folk?

Å vera hjå SN var veldig spesielt. Du får ei "wow"-oppleving kvar gong du går inn i bygget. Du tenkjer at her har det vorte teke mange viktige avgjerder, og so er det plutseleg du som er der. Eg vart veldig godt kjend med dei andre ungdomsdelegatane! Det var fint å ha andre menneske på eigen alder me kunne vera med etter møtetid.

Kva er det neste for deg no? Rahman Eg trur UiB tviler på at eg faktisk er student hjå dei, for eg er jo aldri der. So no er planen å sitja på lesesal og ta att alt eg gjekk glipp av! (og skriva rapport sjølvsagt, hurra)

Rahman Takk for praten! 1

Takk for praten Rahman! Du får ha lukke til på UiB!


8


9

– Det er veldig få folk som dansar handlelista si eller syng ein e-post til sjefen Tekst: A nna Sofie E. Valvatne

K

jersti Wøien Håland frå Høyanger budde på hybel då ho gjekk på Firda vidaregåande skule. Takk vere ho kjenner no heile Noreg til det vesle hybelmiljøet på Sandane i Sogn og Fjordane. Wøien Håland er dama bak NRK-serien Lovleg. Serien handlar om Gunnhild frå Høyanger som har byrja på Firda vgs. Ho er litt rar, og i serien følgjer me ho medan ho strevar med å passa inn. – Sjølv er eg ei 31 år gamal dame som nett no sit og svarar på dette intervjuet med einhjørning-tøflar på føtene etter tidenes lengste frukost i kollektivet der eg bur, etter ein halloween-fest der eg var utkledd som ein kyborg med heimelaga robot-arm og drakk Gin Tonics som eg blanda sjølv fram til eit kraftig medium, smaksmessig, men likevel drakk for mange av og sovna klokka 01.00. Men til vanleg skriv eg manus og dikt, ler ho. Forfattaren har skrive sidan ho var barn, men byrja ikkje å satsa på skrivinga før i tjueåra. Då hadde ho vener som var oppmuntrande slik at ho torde å satsa. – Skrivinga har hittil vore det einaste eg verkeleg likar å gjera over tid. Eg trur det har noko å gjera med at ein

aldri blir heilt utlært. Kvart prosjekt blir ei lærekurve i seg sjølv. “BYGDE-SKAM” Lovleg vert ofte kalla for “Bygde-SKAM” etter NRK sin storsuksess “SKAM”. Noko av det som har skilt Lovleg ut frå andre ungdomsseriar, er at ein har nytta nynorsk og dialekt. Både Noregs Mållag og Norsk Målungdom har heidra serieskaparen for språket i serien. Wøien Håland seier at det aldri var nokon tvil om kva språk serien skulle vera på. – Nynorsk er språket mitt frå barndommen av, og eg har aldri hatt nokon grunn til å ikkje skriva på nynorsk. Dialekt og skriftspråk kan fortelja mykje om ein karakter, ikkje berre kor dei er frå, men korleis dei vel å nytta akkurat si dialekt. I Lovleg var det naturleg med Sogn og Fjordane-dialekter fordi serien var sett til Sogn og Fjordane. Eg tykkjer ein skal prøva så godt ein kan, å nytta dialektene og språket som finst der ein fortel historier frå, men det vil vera viktigare i somme prosjekt enn i andre. I Lovleg var det veldig lite sannsynleg at majoriteten av elevane på Firda vgs snakka andre dialekter enn Sogn og Fjordane-dialekt, så då var det viktig for serien. Hadde eg laga VGS-serie frå Bodø, hadde det vore like viktig at det

var Bodø-dialekt, og so vidare, fortel Wøien Håland. Ho meiner at språket er noko som går inn i nesten alle delar av menneskelivet, medan til dømes musikk og dans stort sett eksisterer i sine eigne sfærar. – Det er veldig få folk som dansar handlelista si eller syng ein e-post til sjefen, smiler ho. Sjølv om sjåartala ikkje var like høge som SKAM sine, vart Lovleg ein fan-favoritt. Fansen kjende seg att i dei flaue augeblikka til Gunnhild, i dobbeltlivet til Sara, og elska å sjå karakterar som var meir slik som vgs-elevar flest – veldig kleine. – Fansen som har tatt kontakt, har vore heilt fantastiske. Det at ein kan kjenna at ein har kopla med nokon ein ikkje kjenner og aldri har møtt gjennom historier – det er jo difor ein driv med historieforteljing. Fans som har delt sine historier i kommentarfeltet om vanskelege tema, eller har gitt oss ris og ros. Berre det at dei har brydd seg såpass mykje om det ein har laga, til å kommentera og dela av seg sjølv er ei sterk oppleving. FULL CIRCLE MOMENT Tidlegare i år kom det fram at det ikkje kom ein ny sesong av Lovleg. No jobbar serieskaparen som frilansar, og skriv hovudsakleg på filmmanus.

– Eg har lyst til å skriva roman igjen, men me får sjå kor lang tid det tek. Er veldig i startfasen med det. På eit tidspunkt kunne eg tenkja meg å laga ein ny serie òg. Eg er ein forfattar som er veldig glad i å jobba i forskjellige format og sjangrar, så det eg håpar mest på, er at eg får jobba med mykje forskjellig, seier ho. Wøien Håland har ei djup interesse for menneske og korleis me fungerer og samhandlar – Eg føler at eg er ganske god på å forstå folk, og på same tid heilt forvirra. Og denne motsetninga gjer at eg prøver på eit eller anna vis å skriva meg fram til eit svar. Sjølv om Lovleg er over for denne gong, lovar ho at me kjem til å sjå meir til ho i tida framover. – Eg jobbar med fleire filmprosjekt om dagen, og skal snart skriva mitt første teaterstykke for DUS (den unge scenen) noko eg gleder meg veldig til fordi eg starta på mange måtar mitt kreative liv med teater på Dramalinja på Firda VGS. Som dei seier på sidemål – a full circle moment.


10

Bilete: Anita Stokke

KVARDAGSNYNORSK TIL Å PUTTE I MUNNEN Kvardagsmat.no er driven av Anita Stokke Blomvik og er ein av dei få store nynorskbloggane. Der legg ho ut oppskrifter på korleis ein kan lage god mat til kvardag frå botnen av, utan at ein må vere utdanna meisterkokk. Hjortegryte Til 4–6 personar treng du: • • • • • • • • • • • • • • • •

600-700 g hjortekjøt 150 g bacon 2 løk 2 ss nøytral olje 1 ss smør 4 gulrot 2 poteter 1 pastinakk 2-3 dl sopp 100 g frosne erter 5 skiver brunost 1 ss raud saft ca. 5 dl kraft 2 dl matfløyte 1 ss maizenna Salt og pepar

Slik gjer du: 1. Del kjøtet i bitar og fres i ei stor gryte i olje og litt smør. Gjer dette i fleire omgangar, og legg bitane så til side. 2. Del løk i terningar og fres i gryta til løken blir blank. Ha kjøtet tilba-

3.

4.

5. 6.

ke i gryta, fyll på med kraft og kok opp. La kjøtet koke til det blir mørt. Når det er 30 minutt igjen til gryta skal på bordet, kan du halde fram. Skrell og del gulrot, pastinakk og potet i terningar. Del soppen i mindre bitar. Ha dette i gryta saman med ertene. Del baconet i terningar og sprøsteik. Ha det så over i gryta, og hell i baconfeittet som kom frå steikinga også. Rør inn brunost og saft. Krydr med salt og pepar. Rør ut maizenna i matfløyten og hell den så i gryta. Server med tyttebær til.

Klippekrans Til 6-18 porsjonar treng du: • 2,5 dl H-mjølk

• • • • • • • • • • • •

75 g sukker 1 ts kardemomme 1/2 pk tørrgjær 1/2 ts salt 1 egg 75 g smør 450 g kveitemjøl 2-3 ss mjukt smør 2-3 ss kanel 2-3 ss sukker 1 egg til pensling 2-3 ss perlesukker

Slik gjer du: 1. Varm mjølka til ho er fingervarm. Ha henne i ein bakebolle og tilset sukker, kardemomme, gjær, salt, egg og kveitemjøl. 2. Elt saman på sakte fart i 5–10 minutt til du har ein jamn deig. 3. Del smøret i terningar og ha det i bakebollen, elt vidare i 5–10 minutt. 4. Dekk til bakebollen og la deigen heve i 1 time, til han har blitt nær

5.

6.

7. 8.

dobbelt så stor. Ha mjøl på bakebordet og kjevl eit rektangel på om lag 40 x 80 cm. Smør utover mjukt smør og strø sukker og kanel over. Rull saman deigen som ei rullekake, og legg henne over på eit steikebrett. Bruk ei saks og klipp gjennom kransen, nesten heilt til botnen, med ca. 2 cm mellomrom. Legg skivene til kvar si side, annankvar gong rundt heile kransen. Dekk til kransen med eit klede og la etterheve i 30 min Pensl kransen med eit samanvispa egg og strø over perlesukker. Steik kransen midt i omnen på 200 grader over- og undervarme til han er gyllen under (ca. 30 minutt, men følg med).


11

INTERVJU PÅ RUNDGANG

med Erling Løklingholm Leivestad

K V EN E R DU? Eg heiter Erling Løklingholm Leivestad, er 18 år gamal og leiar i Sumarøyo Målungdom. Eg kjem frå den flotte øya Stord, der eg går i tredjeklasse på vidaregåande. KORLEIS KOM DU ME D I NMU? Eg såg eit flygeblad på skulen i tiande frå Norsk Målungdom. Då hadde eg aldri høyrt om organisasjonen før, men eg tykte det såg veldig interessant ut. På bladet stod det «Snakk dialekt, skriv nynorsk», noko

eg kjende meg samd i. Likevel var det ikkje før i januar året etter at eg melde meg inn i organisasjonen. Då hadde lokallaget på Stord, Sumarøyo Målungdom, stand på Stord VGS. Eg snakka med dei lenge, og kom på det opne møtet deira same ettermiddag – som viste seg å vera årsmøtet – og eg melde meg inn. FORTE L L I T T OM DE N F YR STE T IL SK IPING A DU VAR PÅ: På mitt fyrste lokallagsmøte, der eg ogso melde meg inn

i NMU, vart eg vald som utsending for Sumarøyo til landsmøtet i lag med dåverande leiar. Dette vart dimed mi fyrste tilskiping. Eg hadde det utruleg kjekt, og etter det har eg vore på alle tilskipingar fram til no. K VA BOK HAR DU PÅ NAT TBORDET DI T T? Eg har inga bok på nattbordet, men tek gjerne imot boktips.

SK JER DET NOKO SPE NNANDE I LOK ALL AG ET DI T T? Me har hatt nokre standar og møte no på hausten. Me har hatt det veldig kjekt. K V E N V IL DU G JE S TAFET TPINNEN V IDARE T IL? Dordi Boksasp Lerum

ANNONSE

Meld deg inn no, og medlemskapen gjeld ut heile 2020!

Me arbeider berre med éi sak. Éi. Eller det er jo ikkje heilt sant. Me meiner jo ting om distriktskontora, om norsk språk på Netflix, om FM-bandet, om vêrmeldinga på TV2. Svært mange møter nynorsk berre gjennom radio og tv. Me vil sikre at det også blir slik i framtida. Sidan me er heilt utan statsstøtte, er me avhengige av fleire medlemer. Er du under 30 år, kostar det berre 150,- å vera medlem. Meld deg inn ved å senda ein e-post til post@kringkastingsringen.no. Truleg den viktigaste mediemålpolitiske organisasjonen i Noreg sidan Lytterforeningen.

kr ngkast ngsr ngen Drikk du vatn rett frå springen? Bli med i K-ringen!


12

MÅL OG MIMRING: BÅRD ESKELAND

Bilete: Noregs Mållag

Frå venstre: Kyrre Grimstad, Hans Petter Graver, Bård Eskeland og Dag Bjørke Bremer.

N

orsk Målungdom vart skipa i 1961. I Motmæle intervjuar me tidlegare medlemmar i Norsk Målungdom. Denne gongen er det Bård Eskeland, som var leiar i NMU i 1990–1991, som mimrar attende. KORLEIS VART DU MED I NMU? – Eg vart i si tid med i NMU for å få ein kjenning til å slutta å masa. Stilte til sentralstyret ”for å vera grei”. Vart seinare nestleiar og leiar av same grunn. KVIFOR NYNORSK? – Eg var i utgangspunktet ei enkel bokmålssjel frå hovudstaden. Det var nynorskfolk i slekta, men eg hadde ikkje noko forhold til målsak.

I oppveksten veksla eg mellom oslomål og eit slags bergensk riksmål som eg hadde lært i utlandet (i Danmark og på Island). Som liten kunne eg bli plaga for den sistnemnde, seinare opplevde eg tvert om at han i visse miljø gav endå meir status enn oslomålet gjorde. I militæret kom eg saman med folk frå heile landet og vart meir merksam på variasjonsbreidda i norsk. Kvifor skulle min(e) sosiolekt(ar) rå i landet i staden for ein samnemnar? Kvifor skulle vi skusla bort dei store språkressursane våre og setja eit mindreverdsstempel på dei? Eg la om til nynorsk på eit halvt år. Det gjekk lett. På det ideologiske planet kom eg til å sjå målreisinga i lys av avkoloniseringa, som eg tykte var eit stort

verdshistorisk framsteg. Slutt på kuing og sosial nedvurdering av småstatar, fattige land, utkantar og minoritetar! Kva var vel betre enn det? Men eg hadde eit særs naivt syn på mange samanhengar. Før Internett kunne det ta lang tid å få orientert seg på eit område! FYRSTE TILSKIPING? – Eg trur eg var på ei NMU-tilskiping fyrste gong på ein permisjon i 1988, som ein slags observatør på eit landsstyremøte på Pungen feriehjem (sic!). Mykje nytt og framandt. Underleg. VAR DET NOKO USEMJE I NMU, OG I SO FALL OM KVA? – Det var mykje fæl usemje i målrørsla. Restar av ideologiske stridar frå syttiåra pluss nokre leie

organisatoriske saker. Eg fekk ansvar for mykje eg ikkje hadde greie på, plumpa uti og vassa rundt i ein slags sjokktilstand. KVA HAR NMU BETYDD? – For meg har NMU fyrst og fremst betydd ”kognitiv dissonans” og vakenetter, òg seinare i livet. Mykje på grunn av dei tre aktive åra spora eg av frå ei naturfagleg utdanning. Til vederlag lærte eg mykje om norsk. Eg er ikkje aktiv eller medlem i målrørsla, for eg har arbeidt i staten i fleire år og likar å halda ting mest mogleg åtskilde. Eg er glad for at ungdom i dag slepp å hamna oppi noko slikt som det vi hadde i åttiåra. Eg er imponert over dei unge som får til noko for målsaka.


13

KVITTER FRÅ TWITTER – nynorsktwitter på sitt beste

FILMSPALTA ved Gunnhild Skjold

DE N NOR SKE:

Bølgen (2015) Regissør: Roar Uthaug

Det er nesten komisk at når Noreg først får ein katastrofefilmserie, så dreier han seg rundt ein litt traust geolog spelt av Kristoffer Joner. Og det funkar eigentleg overraskande godt. Bølgen utspelar seg i Geiranger, der det er ein sprekk i fjellet som opnar seg om lag ti centimeter i året. Når skredet ein dag går, vil det skape ei flodbølgje som vil skylje over Geiranger. Geologen Kristian Eikjord (Joner) jobbar med å overvake fjellpartiet, og blir i første omgang ikkje trudd når han trur raset kjem snart. Plutseleg er han og familien fanga midt i kaoset, og må kjempe for livet. Gjennom heile den første delen av filmen sit ein berre og ventar på at bølgja skal komme. Spenninga stig, og filmen får eit ekstra lag av spenning når ein veit at denne faren er høgst reell. Neste gong du skal sjå ein katastrofefilm: vel norsk! DEN UTANL ANDSKE:

The Death of Stalin (2017) Regissør: Armando Iannucci

Ein skulle kanskje ikkje tru at maktkampen i Sovjetunionen etter Stalins død var eit godt utgangspunkt for ein komedie, men så feil kan ein altså ta. The Death of Stalin startar kvelden før dødsfallet, og teiknar opp eit fascinerande persongalleri. Samstundes klarer filmen på ein overraskande humoristisk måte å illustrere kor farleg og autoritært livet var i Sovjetunionen på denne tida. Maktkampen startar for alvor det augeblikket Stalin trekker sitt siste pust. Mennene i sentralkomiteen jobbar for å posisjonere seg og jobbe seg fram mot makta. Dette skapar til tider absurde situasjonar og overraskande alliansar, sjølv om alvoret ligg og lurar i bakgrunnen. The Death of Stalin er eit godt val anten du er glad i politisk satire, treng ein god film å sjå ein laurdagskveld, eller vil lære litt om Sovjetunionen gjennom film heller enn historieboka di. KL A SSIK AREN:

Star Wars (1977) Regissør: George Lucas

I desember i år kjem episode 9 av Star Wars-filmane. Dette er eit godt høve til å dra tilbake dit alt starta: nemleg med Star Wars Episode IV: A New Hope (ja, alt starta med episode 4). Luke Skywalker bur hos onkelen og tanta si, og drøymer om å forlate den aude ørkenplaneten han kjem frå. Han får meir enn han ønskte seg når han drar for å redde prinsesse Leia frå det vonde imperiet, og endar med å bli involvert i opprørsrørsla. Med på lasset får han piloten Han Solo og den vise gamle mentoren Ben Kenobi. Meir enn det seier eg ikkje om handlinga, for eg reknar med at dei fleste har sett Star Wars frå før. Men om du ikkje har det, så er det jammen meg på tide. Dei har betydd utruleg mykje for populærkulturen, og er i tillegg rivande gode. Den første filmen opna eit univers som med tida har blitt mykje større, og som det er verdt å utforske. Å sjå ein Star Wars-film på kino er noko heilt spesielt, så grip sjansen: Sjå dei originale filmane i dag så du kan ta turen på kino til episode 9 også! sjekke ut.


14

INTERNASJONALT Marta Nagel-Alne

CIAO FRÅ ITALIA-KVARDAGEN

Bilete: Marta Nagel-Alne

E

g kjenner meg fort heime der eg bur. Difor, sjølv om eg no i ein alder av 26 år bur i utlandet for fyrste gong, er det likevel lett for meg å svara på kor heime er (må ikkje forvekslast med «der-mamma-og-pappa-burheime», sjølvsagt). Heime er rundt to døgn med tog sørover frå Noreg, opp ei smal gate pynta med flag som liknar på det engelske, men som ikkje er det, i ei lita leilegheit i andre etasje (etasjenamn i ulike land er sjølvsagt eit heilt eige språkleg diskusjonstema, utan at eg skal gå nærare inn på det). Her er altså heime, i Genova, Italia. Dei siste vekene har eg snakka «vanleg» norsk kvar dag, fordi eg har hatt eit par trivelege nordkvinner på besøk. Og det kjennest godt å kunna prata morsmålet. Samstundes er det ikkje norsk som er kvardagsspråket mitt

her. Språk er identitet, men identiteten vår er samansett. Kvardagsspråket mitt, altså det språket eg snakkar mest, er språket eg snakkar med sambuaren min Gabriele (ja, i Italia er det eit mannsnamn). Og det er ikkje eitt språk, men ei blanding: mest engelsk, litt norsk, og etter kvart som eg vert flinkare, ein liten porsjon italiensk. Som sjølvsagt kan føra til litt forvirring viss nokon er på besøk (besøkande forstår ikkje nødvendigvis «Buona sera! Did you bring the Godt Brød-pose?»), men for oss er det veldig logisk. Av dei tinga ein fort lærer her: Mat er viktig i Italia. Ein av dei tinga eg har merka meg, er korleis dette kjem til uttrykk språkleg. Kva folk småpratar om når dei treffest, kan seia ein del om kulturen deira, og mens det temaet som ofte dukkar opp blant

nordmenn, er vêret (eventuelt dialektar), er mitt inntrykk at småpratinga i Italia oftast handlar om nettopp mat. Kva oppskrifta på noko er, kva pastatype kvar enkelt likar best, kor tidleg bestemora deira et lunsj. Og når eg tidlegare denne veka særs begeistra fekk auge på ein flokk villsvin (som det er mange av i Genova), var kjærasten min sin automatiske kommentar at «dei smakar sååå godt!». Utanom å snakka om og eta god mat nyttar eg vekedagane til å gå på italienskkurs. Og italiensk er fint. Men vanskeleg er det, i alle fall tykkjer eg det. Det er ikkje lenger sidan enn tidlegare i år at eg sjølv underviste i språk, men det å sjølv skulla sitja fleire timar om dagen og pugga, øva på grammatikk og prøva å setja saman setningar, det viste seg å vera skikkeleg tungt. For

heilt greitt at munnleg italiensk faktisk stemmer ganske eksakt med korleis du skriv det (viss ein greier å hugsa at o er å og u er o, sjølvsagt), men det er likevel eit språk ganske langt frå norsk. Preposisjonane er mange, verbbøyingane sidelange, og unntaka uendelege (kan det verka som). Då er det godt å vita at eg lærer italiensk fordi eg har lyst, og ikkje fordi eg må. Og at små steg framleis går framover. Arrivederci!


15

FYRSTE DIKTSAMLINGA PÅ LANDSMÅL “Nogle Decemberfrembringelser i Landsmaalet fra det sydligste Søndhordland” av Bernhardine Catharine Brun var den fyrste diktsamlinga som kom på landsmål. Ho kom i 1857. Ho var fødd 24. mars 1815 i Fjelberg i dagens Kvinnherad og døydde 31. mars 1879. Det einaste kjende eksemplaret er i boksamlingane etter Ivar Aasen. Dersom du ynksjer å lesa diktsamlinga, ligg ho ute på nb.no, berre søk på “Decemberfrembringelser”. Kjelde: Allkunne

ANNONSE

ANNONSE

BLI MED PÅ LAGET! Fagforbundet er den største arbeidstakarorganisasjonen i landet, med over 370000 medlemmer. Det gir oss både tyngde og politisk slagkraft til å sikra gode lønns- , pensjonsog arbeidsvilkår til medlemmene våre. Ynskjer du å bli medlem? Send SMS Fagforbundet medlem til 1980

GOD JUL MED EIN GOD KLEM FRÅ LERUM


18

PODSPALTA ved Frida Pernille Mikkelsen Prinsipprogrammet Produsent: Noregs Mållag

Endeleg har rørsla vår levert ein podkast. Prinsipprogrammet handlar sjølvsagt, som namnet seier, om prinsipprogrammet til Noregs Mållag. På landsmøtet til mållaget i 2020 skal dei fornye prinsipprogrammet sitt, og for at vi skal forstå litt meir av kva det eigentleg betyr har dei laga ein podkast. Her tek Marit Aakre Tennø og Magnus Bernhardsen oss gjennom dei store spørsmåla i rørsla vår. Gjennom episodane får ein ikkje berre kjennskap til kva ordskiftet faktisk vil handle om, ein lærer faktisk ganske mykje òg. Så om du kjenner på ein trong til å få litt meir kunnskap, fylle skuffa med fleire argument, eller kanskje finne fram til kva som er grunnen til at du kjempar for nynorsken, då bør du lytte litt til denne podkasten. Elles er det jo eit godt verktøy for å bli klar til prinsipprogram-ordskifte på landsmøtet til Noregs Mållag.

Drøs - Teater og scenekunst

Produsent: Drøs På Scenen/Theis kunstnarkollektiv

Eg kan iblant kjenne på at ein del teater eller scenekunst går meg litt over hovudet. At eg ikkje heilt forstår, eller det blir litt for sært. Eg har oppdaga at løysinga ofte er å lære litt meir, forstå litt meir av kva bakgrunnen er. Her er Drøs svaret for meg. Det er det som er så digg med podkast, ein kan sette seg inn i så utruleg mange emne medan ein reiser, ryddar, lagar mat, reknar eller kva som helst anna. I dei ulike episodane tek jentene i Drøs opp ulike tema rundt scenekunst, gjerne basert på kva dei held på med eller har sett i det siste. I tillegg får ein litt prat om stort og smått rundt livet dei lever. Det heile blir ei absolutt hyggeleg oppleving, og godt selskap. Eg sit igjen med lyst til å sjå teater, og kva som skjer. For no som eg veit litt meir, blir mykje utruleg spennande.

Ukentlig - med BMI Produsent: Både Og

Ukentlig er noko så gøy som ein impro-podkast. Nesten ein gong i veka lagar Bare Moro Impro (BMI) ein podkast der dei lagar impro ut av nyheitene frå veka. Det blir veldig ofte veldig gøy, og av og til litt rart. Dei har gjennom episodane ulike spalter basert på forskjellige improleikar. I havet av spalter finn ein “Bak kulissane” der dei spelar ut scenene som kunne ha skjedd bak ei av nyheitene for veka, og i “Bokbad” diktar dei opp innhald i ei av bøkene som er komne ut den siste veka. Eg synest impro iblant er litt kleint, men ikkje denne podkasten. Her får ein berre god og morosam impro. Første episode av Ukentlig kom ut i 2016, så her er heile 146 episodar ein kan kose seg med.

NYTT I NMU: HÅKON REMØY

FRÅSEGNER

F

råsegna om “Nynorsken som jamstilt mål” vart til sidan me trong politikk på kva meiner om bruken av nynorsk og bokmål på offentlege nettsider. Lånekassen, Altinn og nokre sider til er sette opp slik at alt i utgangspunktet er på bokmål, men so har dei til dels sett om ein del av sidene til nynorsk (men ikkje alt). Det fører til at bokmålsbrukarar kan få alt på bokmål, og dei ser ikkje nynorsk der so lenge dei ikkje oppsøkjer han. Motsett vert nynorskbrukarar, som har teke eit aktivt val om å få sjå nynorsk på desse sidene, nøydde til å møta på bokmålet i tillegg. Landsstyret kom fram til at det mest rettferdige ville vera at alle skal møta på både nynorsk og bokmål – helst ikkje mindre enn 40 % av eine eller hitt målet. Dessutan vil me at personlege nettsider med innlogging skal fylgja det valde målet frå Noreg.no. Les gjerne fråsegna: NYNORSKEN SOM JAMSTILT MÅL I dag er det slik at ein del offentlege nettstader vekslar mellom å bruka nynorsk og bokmål, der det tidlegare var vanleg at nettsida var tilgjengeleg på både nynorsk og bokmål. Det er framleis somme sider der dette er mogeleg, som Altinn og Lånekassen. Den digitale dialogkanalen med det offentlege, Altinn, er eit klårt døme på at bokmålet er grunnlaget og nynorsken tillegget. Ein


19

: FRÅSEGNER! kan velja mellom nynorsk, bokmål og engelsk, men berre delar av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk. Dette fører til at nynorskbrukarane kjem til å møta bokmål same kva. Dessutan møter ikkje bokmålsbrukarane nynorsk med mindre dei oppsøkjer han. Det er ikkje jamstilling. Landsstyret i Norsk Målungdom meiner at personlege nettstader og sider med innlogging skal ha fullstendig innhald på nynorsk, bokmål og samisk, etter kva språkval ein har registrert på Noreg. no. På andre nettstader må språka verta handsama likt. Nynorsk må vera standard i lik grad med bokmål. Skal nynorskbrukarane møta på bokmål, må òg bokmålsbrukarane møta på nynorsk. Det er sjølvsagt når nynorsk og bokmål er jamstilte språk. Dette kan gjerast ved at ein har ei jamn veksling mellom skriftspråka, slik at ingen av dei vert representerte med mindre enn 40 %. Endå ei fråsegn me hadde på landsstyremøtet i september var ei fråsegn som krev at journalistutdanningane utdannar nynorskjournalistar. Denne kom som fylgje av at Framtida.no skreiv ei sak i juni om mangelen på nynorske journalistar ved utdanningane kringom i landet. Dei to halvtårlege journalistut-

danningane ved Nynorsk avissenter og NRK Nynorsk mediesenter i Førde utdannar fleire til saman enn hine utdanningane ved høgskulane og universiteta kringom i Noreg. Dette er fråsegna landsstyret svara med: JOURNALISTUTDANNINGANE MÅ UTDANNE NYNORSKJOURNALISTAR Journalistar som kan nynorsk, er vesentleg for å oppretthalde dei nynorskspråklege lokalavisene, for å få meir nynorsk inn i riksavisene og for at fleire i Noreg får møte nynorsk i kvardagen. Landsstyret i Norsk Målungdom krev at journalistutdanningane tar ansvar for å utdanne fleire nynorskskrivande journalistar. Landslaget for lokalaviser (LLA) melder at fleire aviser slit med få søkarar. Eit av problema er at mange journalistar vil jobbe i dei større

byane, men problemet blir enda større for dei nynorskspråklege lokalavisene. Å oppretthalde denne delen av Medie-Noreg er avhengig av at det blir utdanna fleire nynorskskrivande journalistar. Eit viktig tiltak for nynorsk i pressa er Nynorsk avissenter og NRK Nynorsk mediesenter. Begge ligg i Førde og utdannar 19 nynorskskrivande journalistar i året til saman. Dei seks store journalistutdanningane, ved mellom anna OsloMet og Høgskulen i Volda, utdannar om lag 10 nynorskjournalistar samanlagt. Det er nedslåande at dei store journalistutdanningane ikkje tar sin del av ansvaret for det nynorske avisspråket. Likevel: for å ta att etterslepet på nynorskkompetente journalistar må dei store journalistutdanningane ta ansvar! Dei må både

lære nynorsk til studentane sine, og lære dei at nynorsk er eit godt språk for journalistikk. Journalistar må få tilbod om kurs eller vidareutdanning i nynorsk mediespråk. Landsstyret i Norsk Målungdom krev - at dei store journalistutdanningane legg ein plan for korleis dei skal utdanne fleire nynorskjournalistar - at journalistutdanningane tilbyr nynorskkurs til studentane sine - at regjeringa løyver midlar til oppretting av kurs i nynorsk mediespråk, til dømes ved Nynorsk avissenter eller Institutt for journalistikk. - at Nynorsk avissenter og NRK Nynorsk mediesenter blir sikra vidare drift at det blir øyremerkt midlar i statsbudsjettet til nynorsktiltak ved journalistutdanningane


20

SAUER OG ØRNAR: KJØNNSFORV SAMUELE MASCETTI

F O RV I R R A?

J

a, kvifor kan det heita helgar og øksar og myrar, dei er jo hokjønnsord, eller? Og kva med griser og sekker og flekker, er dei ikkje hankjønnsord alle i saman? Jau! Eller, ja og nei – kanskje ikkje – men i grunnen ja, men ikkje heilt, då. Klart? Dette er eitt av særtrekka hjå nynorsken som både innbarka nynorskbrukarar og nynorskskeptiske bokmålsbrukarar gruar seg til når dei plutseleg lyt skriva noko på nynorsk, særskilt om dei skal få formell vurdering på det. Valfridomen innanføre nynorsknorma skapar mykje frustrasjon generelt og substantivbøyinga er ein viktig bidragsytar i den

sure stemninga. Kvifor er det då slik at fleirtalsendingane til ulike namn jamvel kan skifta kjønn, når me allereie har massevis av uregelrette former (t.d. gås – gjæser) og samandregne form (t.d. sykkel – syklar og morgon – morgnar)? Fyrst og fremst lyt me klargjera ein viktig ting: Det er ikkje noko ved sjølve ordreferentane («tinga» orda skildrar) som avgjer det grammatiske kjønnet deira, unnateke hjå slike ordpar som kvinne-mann, geit-bukk, hane-høne osv., som alltid er høvesvis hokjønns- og hankjønnsord. Dette tyder at i dei aller fleste tilfelle høver det biologiske kjønnet til eit substantiv ikkje i hop med dets grammatiske kjønn. Kven har bestemt at eit bord ikkje har kjønn, ei seng er ei dame og ein stol er ein kar, når alle er møblar? Me har gjort det, me menneske. Språket er altso eit abstrakt vertkøy som er heilt kulturelt

bestemt. No kjem me til desse tilsynelatande kjønnsskiftande orda. Det finst ein heil haug med hankjønnsord som kan få hokjønnsending i fleirtal (-er/-ene), t.d. gjest, ven(n), gong, bekk, gris, sau, legg, medlem, vegg, stad og streng. Nokre av dei er høgfrekvente ord og byd ikkje på særlege utfordringar – fleire gjester, gonger, ven(n)er og stader – dvs. at dei er svært vanlege ord og er lette å bruka nettopp fordi me ser dei ofte. Likevel er det mange som skriv gjestar, ven(n)ar, gongar og stadar, som forresten er fullstendig lov å gjera. Liknande kjønnsveksling har ei stor gruppe med hokjønnsord som helg, ørn, kvern, øks, elv, øy, vik, seter o.a. Ingen reagerer på former som øyar og elvar fordi dei er høgfrekvente ord, samstundes som mange skriv øyer og elver utan noko problem. Denne særeigne stoda har opphav i to ulike tolkingar

av normeringsprosessen som styrer nynorskrettskrivinga. Denne prosessen kan anten ty til etymologi og språkhistoriske prinsipp, eller leggja meir vekt på dagens talemål. I fyrstninga var det etymologiske prinsippet dominerande, fordi mange meinte at det nynorske målet skulle framheva på sine band attende til gamalnorsk i motsetjing til det danske kansellispråket. Hankjønnsord med hokjønnsending som gjest kjem or sokalla urnordiske maskuline i-stammer, som i gamalnorsk fekk fleirtalsendinga -ir i nominativ fleirtal: gamalnorsk gestr – gestir > nynorsk gjest – gjester. Hokjønnsord med hankjønnsending kjem derimot or sokalla urnordiske feminine ō-stammer, som i gamalnorsk hadde nominativ fleirtal på -ar: gamalnorsk ey – eyjar > nynorsk øy – øyar. Systemet er framleis slik i islandsk og i mang ei norsk dialekt, so

NYTT FRÅ NYNOREG Air Canada bøtelagd Air Canada braut den kanadiske språklova då dei ikkje bruka nok fransk, meldinga om ombordstiging, info på setebelte og meir, melder BBC. I Noreg har ikkje mållova sanksjonar, det er det heller ikkje i framlegget til ny språklov.

Skulemål! På valdagen var det tre folkerøystingar om skulemål, alle hadde nynorsk i utgangspunktet. Resultatet vart at Løykja skule i Sunndal kommune på Nordmøre fekk fleirtal for bokmål (173–197), medan nynorsken vann fram ved Ålmundfjord skule (ogso i Sunndal) og Oltedal skule i Gjesdal kommune, med høvesvis 292 mot 193 og 211 mot 173.

Ny språksjef i NRK Karoline Riise Kristiansen er vorten ny språksjef i NRK, ho tek til frå februar av. Ho kjem frå jobben som redaktør i Nynorsk pressekontor.

Frost 2 på nordsamisk Fyrste joledag er det premiere på Frost 2, då kjem han ogso samstundes på nordsamisk med tittlen Jikŋon 2.


21

VIRRA SUBSTANTIV? for Aasen og mange andre var det viktig å synleggjera denne språklege slektskapen. Ortofoni tok til å vera meir gjeldande etter 1917-rettskrivinga (då dei bl.a. innførte e-infinitiv) og har stor tilslutnad frå nynorskbrukarar i dag. Det seier at skriftspråket skal spegla talemålet på mest mogeleg vis, difor vart former som gongar, gjestar, helger og øyer innførte etter kvart, sidan dei finst i talemålet her til lands. Grunnen til at dei faktisk finst, er at på ulike tidspunkt i utviklinga frå gamal- og mellomnorsk til nynorsk, gjekk somme målføre gjennom ei veldig morfologisk utjamning, slik at alle substantiv fekk endingar i samsvar med det grammatiske kjønnet sitt i staden for den opphavelege urnordiske stammevokalen. Tilhengjarane av dette prinsippet ville skapa eit skriftsspråk som kunne representera alle dia-

lekter, ettersom dei meinte at språkbrukarane sitt syn var viktigare enn sjølve språksystemet. Kva former er best å nytta, då? Kort sagt: båe delane. Både etymologiske og talemålsnære former er like verdige i gjeldande rettskriving, sidan sokalla klammeformer (sideformer) gjekk ut i 2012. Personleg meiner eg at den etymologiske tilnærminga har den fordelen av å både nyta av representasjon i dagens norsk (mange målføre fylgjer det gamle systemet med gjester, øyar osv.) og knyta band attende til opphavsspråket gamalnorsk, som ogso hjelper med å svekkja ideen av nynorsk som eit konstruert språk (ny-norsk ikkje fordi han er heilt ny, men nett av di han er moderne i høve til gamalnorsk). Lell er dei talemålsnære formene styrkte av stadig aukande representasjon i dei fleste

talemåla her til lands, so båe tilnærmingane har noko for seg. Til slutt kjem eit par tips til deg som kanskje kjenner deg litt utrygg på nett dette med valfrie former og kjønnsbøying. Prøv å hugsa at: Alle hokjønnsord på -ing må ha hankjønnsending i fleirtal (samlingar, setningar o.l.). Andre hokjønnsord av typen elv, kvern, øks osv. kan ha hankjønnsending i fleirtal (elvar, kvernar o.l.). Alle hankjønnsord på -nad kan ha hokjønnsending i fleirtal (søknader, bunader, månader o.l.), sameleis som framandord på -a (sofaer, villaer, kollegaer, pizzaer o.l.). Andre hankjønnsord av typen bekk, flekk, sekk, streng, ven, gong, stad osv. kan ha hokjønnsending i fleirtal (bekker, strenger, stader osv.). I tillegg kan ein god del lånord (ikkje opphaveleg

norske ord) vera både hankjønns- og hokjønnsord, so dei lyt bøyast konsekvent i eintal og fleirtal. Dei er t.d. drosje, klasse, lampe, tekst, dialekt. Eg brukte nokre av desse orda i denne teksten, kanskje bøygde på ein måte som ikkje er so vanleg (ein klasse og ei dialekt, kontra ei klasse og ein dialekt): Det som er fint med valfrie former i nynorsk, er at kreativitet og konsekvent språkdrakt treng ikkje stengja ut einannan, men kan gå hand i hand og slik gjeva oss eit betre verktøy til å ytra oss på meir autentisk og personleg vis. God skriving, mine vener! Illustrasjon: Anna Sofie Ekeland Valvatne

ANNONSE


22

Illustrasjon: Anna Sofie E. Valvatne


23

EIN DAG PÅ SEMINAR OM SPRÅKTEKNOLOGI HÅKON REMØY

T E K N O LO G I

O

nsdag 18. september var eg på eit dagsseminar med Språkrådet og Nasjonalbiblioteket. Dei som møtte fram, fekk høyra om stoda for taleattkjenning på norsk og litt om kva som er mogeleg. STARTEN Me vart ynskte velkomne med kaffi og litt frukt. Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre og språkråddirektør Åse Wetås hadde opning i lag. Allereie i opninga slo Wetås fast at «det er ei statleg oppgåve å driva med utvikling av språkteknologi». Eit ikkje-gedige språk som norsk treng altso statleg hjelp. Det er ikkje godt nok at taleattkjenningsteknologi berre forstår «vanlig norsk», som ho sa med eit austnorsk tonefall. KVA ER EIGENTLEG TALE? Fyrste innleiaren denne dagen var Peter Dirix, som arbeider for Nuance Communications med taleattkjenning. Innleiinga hans gjekk ut på kva som er mogeleg å få til med teknologien som finst i dag, og korleis han kan verta tilpassa norsk. – Tale er i grunnen berre ljodbylgjer som gjev meining, opna han, og språk er både skrift og tale. Eit problem med å få maskiner til å læra er at leksikonet, altso alle orda i eit språk, teknisk

sett kan vera uendeleg stort – ein kan lett danna nye ord ved samansetjing, og ord kan ha fleire tydingar. Likevel kan leksikonet vera mykje større i eit språk enn eit anna; særleg om ein skal taka med fullformene. Norsk har ubunden og bunden form i eintal og fleirtal for substantiv – altso fire former – medan engelsk har til dømes berre eintal og fleirtal med den bundne artikkelen the. – Alexander Graham Bell var den fyrste som tenkte på taleattkjenning, allereie i 1876 – det kom av at kona hans var dauv og ynskte noko som førte tale over til tekst. Han er kjend for å ha funne opp telefonen. Utviklinga vart sett i gang, og IBM hadde eit produkt klart til heimebruk i 1997 – det var for diktat. Det er fyrst i 2010-åra me har fått taleteknologi som skjønar kva me seier, slik som Siri, Google Home og nokre til. Heilt fram til dette var det berre diktat. Dei fyrste diktattenestene verka ikkje so godt. Ein kunne ikkje ha naturleg tale, ein måtte seia eitt og eitt ord. No har det har utvikla seg til at kontinuerleg tale er mogeleg. – For at maskina skal kunna skjøna kva de seier, lyt ein knyta fonema til ord og rekna ut kva som er mest sannsynleg du prøver å seia, held han fram. – Eit problem er at ingen lagar dei heilt same, identiske ljodane når dei snakkar. Røystbanda skil seg frå person til person, og til tider kan du dessutan vera krimsjuk (forkjølt). Når det gjeld det reint tekniske, kan det vera frå 25 til 150 tydingsskiljande språkljodar i eit språk, i

tonespråk vil det ofte vera særleg mange. Og attpåtil må ein taka omsyn til sokalla allofonisk variasjon, norske døme vil vera slik som uttalevariantane av r, skarring, rulle-r og tapp – eller alle variantane av kj. Når ein so tenkjer at ei maskin skal skjøna eit ord, må ho fyrst kjenna det att, då må det finnast i leksikon. So då må ein mata maskina med store mengder ord, og ein kan no ikkje få med alle mogelege samansetjingane, so då må kanskje maskina dela opp ordet att og få meining på den måten. Men delar av løysinga for å identifisera orda er òg å nytta språkmodellar for å skjøna kva ord det er tale om. Ein kan leggja inn reglar om kva for ljodar som er usannsynlege (el. umogelege) å koma etter kvarandre og dessutan kva ord som høyrer saman. Det er noko som heiter n-gram, statistisk analyse av kva for ord som finst saman. Då kan ein til dømes ha fire ord i lag, og ein vil ut frå korpus (her kan det like gjerne vera eit tekstkorpus) kunna finna ut at engelsk «milk for my serial» er mindre sannsynleg enn «milk for my cereal». Ein annan måte å unngå mykje misforståing er å ha eit spesifikt ordforråd lagt inn: Skal ein bruka taleassistenten til å skriva medisinjournalar, legg ein til dømes vesentleg meir vekt på medisinske uttrykk enn musikalske. – Korpusinnmatinga må vera bra, matar ein inn skit, vil ein kunna få skit attende. Det må vera normalisert og kan ikkje vera fullt av skrivefeil. So til eit ev. tekstkorpus må ein vera

varsam med å fylla det med mange bloggar. For å gå attende til journalane kan ein nemna at journalar og andre skriv som inneheld helsestoff, er mest høveleg å mata inn der – men desse har sjølvsagt ofte avgrensingar i personvernet. – Det store problemet med norsk, seier Dirix, er at me elles ikkje er vande til slik dialektvariasjon, korkje i språk som nederlandsk eller italiensk, der det er ein del variasjon, men det er meir ulike aksentar av standardspråket, medan norsk ikkje har éin standard. For norsk kan det løna seg å definera fonologiske reglar for kvart talemål – kva er det som skil talemåla? I ei anna innleiing, ved Bodil Kvamme Erlandsen frå Stortinget, fekk me vita at dei har arbeidt med å få på plass tale-til-tekst-teknologi for å hjelpa til med oppritsarbeidet. Det fine med stortingskorpuset er at det ikkje er opphavsrett på, og det er både godt ljodsystem og stort dialektmangfald. Nett no arbeider Nasjonalbiblioteket med å få transkribert to stortingssesjonar, om lag 1000 timar tale til saman. Dette er eit korpus som kan gå inn i treningsmateriale for taleattkjenningsteknologi. Alle innleiarane på seminaret ser at det er heilt naudsynt å dekkja den norske dialektvariasjonen og kunna spytta ut både nynorsk og bokmål. So det kan mogelegvis lova godt for framtida for språkteknologi på norsk! Kom gjerne på vinterleir og få med deg ei innleiing om språkteknologi


24

Bilete: Privat

DIALEKTPRISEN GÅR TIL HELSESISTA PR E S S E M E L D I N G

N

orsk Målungdom har kåra Tale Maria Krohn Engvik, kjend som Helsesista, til vinnaren av Dialektprisen 2019. Prisen går kvart år til eit dialektføredøme for ungdom, og blir delt ut av landsstyret i Norsk Målungdom. Engvik får prisen for arbeidet sitt som helsesøster på sosiale medium. – Helsesista når ut til tusenvis av ungdom kvar einaste dag, og ho er opp-

tatt av å bruke eit språk som ungdom forstår. At dette språket er hennar eiga ålesundsdialekt, er viktig for å tydeleggjere at ein ikkje treng å bruke oslodialekt for å nå ut over heile landet, seier leiar i Norsk Målungdom Gunnhild Skjold. Ho trekker også fram at dialekt er viktig for identiteten, og at ungdom har godt av å møte språklege føredøme frå heile landet. – At ungdom får møte ei som pratar direkte til dei og brukar dialekta si som den største sjølvfølgje, gjer det lettare for dei å våge å vere den dei er og bruke si eiga dialekt. Dermed glir dialekt-

bruken til Helsesista også over i dei andre temaa ho tar opp i arbeidet sitt, utdjupar målungdomsleiaren. PRISVINNAREN Tale Maria Krohn Engvik, kjend som Helsesista, er ein helsesjukepleiar frå Ålesund. Gjennom Snapchatkontoen «Helsesista» når ho ut til ungdom med ein bodskap om både psykisk og fysisk helse, pubertet, seksualitet og mykje anna. I tillegg har ho nyleg gitt ut boka #vågåvære, og i år kom TV-serien Helsesista på TV2. PRISEN Dialektprisen blei utdelt for første gong i 2001, og vert

delt ut kvart år av landsstyret i Norsk Målungdom. Det er den einaste språkprisen som vert delt ut av språkengasjerte ungdomar, noko som også bidreg til at han er ein av dei mest prestisjetunge. Blant tidlegare prisvinnarar finn vi namn som P3Morgen, Linda Eide og Lothepus. UTDELINGA Prisen blir delt ut i Spegelsalen på Det Norske Teatret fredag 15. november kl. 18.15. Utdelinga er open for presse og publikum.


25

Bi Bilete: Ingunn Vespestad Steinsvåg

EIN FRAMIFRÅ SUMARLEIR! INGVILD NESE

TIL SKIPING

P

å Skogn i Trøndelag samla målungdommar frå heile Noreg seg til den årlege sommarleiren. Nytt for året var at talet på deltakarar var mykje høgare enn andre år. Sommarleiren vart arrangert saman med Noregs ungdomslag, noko som førte til at me målungdommar kunne prøve

noko nytt. Anten det var teater og impro, eller song og dans, var det mykje ein kunne prøve som me ikkje finn på ein vanleg målungdoms-sommarleir. Sommarleiren hadde temaet urfolksspråk, og av dei kursa målungdommen tilbaud, kunne ein mellom anna lære seg litt samisk. Kanskje enda viktigare, fekk me høyre om dei samiske språka og statusen deira i samfunnet. Mikkel Eskil Mikkelsen frå Sametinget kom og snakka om mellom anna urfolkspråkåret, og etterpå sa han at Målungdommen var velkommen til Sametinget. Me lærte også om språklova og kva som skjer framover med ho.

Sommarleir er ikkje berre læring. Me drog til dømes til Stiklestad og såg eit framifrå spel – Arvesølvet – som lærte oss mykje lokalhistorie. Men det viktigaste ein gjer på sommarleir, er å bli kjent med ungdommar frå heile Noreg som har komme dit for akkurat same grunn som du. Du vil få venner frå heile Noreg som også likar noko så nerdete som språkpolitikk. Kvar kveld har me det viktigaste punktet på programmet: sosialisering. Anten du vil danse, spele ligretto til langt på natt eller ha djupe samtalar om alt mellom himmel og jord, kan ein det. Fritid og sosialisering er det punktet

på programmet der moglegheita for vennskap aukar eksponentielt. Så kort oppsumert:Sommarleir er kjempegøy! Om du nokon gong har hatt lyst til å vera med, men ikkje har tort, bli med neste gong! Eg kan love deg at du ikkje vil angre. Du vil lære masse, møte nokon av dei kulaste folka i heile Noreg og få nye vennskap som kanskje vil vare livet ut. Og om det ikkje passar heilt, kan ein jo alltid komme på neste tilskiping!


26

Kjærleiksbrev til haustkonferansen Norsk målungdom skipa nyleg den årlege haustkonferansen. Han fann stad på St. Paul skule i Bergen sentrum. Her var fleire nynorske talent, som Jon Olav og Kjersti Wøien Håland. Haustkonferansen hadde eit interessant program, med mange gode foredragshaldarar. Hjalti Heimir Gislason, leiar i Osterøy Høgre si opning og foredrag var både underhaldande og lærerik. Ein svært god start på ei fantastisk helg. Sjølv om første dagen av konferansen var kort, fekk eg lært mykje og møtt mange nye fjes frå heile Noreg. Det må seiast at eg har aldri vore på ein konferanse der eg har kosa meg so mykje som eg gjorde her. Av dei mange parallelle punkta var det mange som fekk meg til å sitte framoverlent. Spesielt debattskuleringa med Kristoffer Myklebust Egset og om korleis ta eit godt Instagram-bilete med Anna Sofie Ekeland Valvatne. Under Instagram-punktet fekk vi fare på «bilete-safari» i Bergen sentrum. Vi var so heldige at vi fekk opphaldsvêr, og til og med litt blå himmel under safarien. Høgdepunktet for meg var absolutt laurdagskvelden, med sofasamtale med Jon Olav og Kjersti Wøien Håland etterfølgt av konsert med Jon Olav. Ein koseleg samtale med mykje interessant frå begge to og ein vakker konsert med fin musikk. Mellom foredraga og måltida er det ein ting som står veldig fram, det sosiale. Det er i pausane alltid nokon som spelar kortspel eller liknande. Det er mange ting eg ser igjen kvar gong eg er på landsmøte, landsstyremøte og haustkonferanse. Eg finn som oftast den same gjengen sitte rundt eit bord og spele Ligretto frå morgon til kvelds. Det er so populært at ein av og til må dele opp spelarane i to for å få plass rundt bordet. Å høyre latteren og kjenne på entusiasmen er so morosamt at det er vanskeleg å ikkje slenge seg med. Konkurranseinstinktet blir godt synleg under rundane, spesielt med meg. Å bli med i Norsk Målungdom har for meg ført til at eg har fått mange nye vener, og lært mykje. Tilskipingane fører difor til at eg kan møte att venene eg har fått, og lære enda meir. Med eit variert program og mykje sosialt er ikkje dette noko problem. Eit «problem» med helga var dei parallelle punkta. Det var svært vanskeleg å velje mellom dei når begge punkta var like interessante. Alle dei parallelle punkta eg var på, var svært forvitnelege, men om eg kunne få velje hadde eg vore med på kvart einaste punkt! Som oftast etter lange helgar med foredrag føler eg meg utmødd og trøytt, men heile helga gjekk alt for fort, og eg kunne gjerne fortsett konferansen eit par dagar til. Eg kan nesten ikkje vente til neste gong eg får bli med på tilskiping . Sjåast på vinterleir! Beste helsing, Noa Sebastian Skaare Gjerseth


27

Bilete: I

ngunn V espestad

SteinsvĂĽ

g


28

40 ÅR MED VONDT BRENN’VIN ELINE BJØRKE

ET TERMÆLE

I

fylgje Eldar Vågan er det berre Rihanna som har selt ut Oslo Spektrum raskare enn Vazelina Bilopphøggers. Når han seier noko, er det ofte med eit glimt i auget og berre med eit snev av sanning, men dette verkar det som at er heilt sant. Noreg er beint fram hekte som laks på fluggu på rockabilly frå Toten. I 40 år har Vazelina Bilopphøggers, med Eldar Vågan, Arnulf Paulsen (Høggern) og Jan Einar Johnsen (eller berre Johnsen), som den harde kjernen, underhalde Noreg med god musikk frå Vest-Oppland. Wikipedia-artikkelen om Vazelina (på bokmålswikipedia, skriv gjerne ein artikkel på nynorsk!) deler opp musikkarieren deira på denne måten: starten (1979–1981), stordomstida (1982–2000), oppblomstring (2000– 2006) og framtida (etter 2006). Dei starta karrieren med å vinne distriktsfinale i rocke-VM på Gjøvik, og eit snautt år etterpå selde debutplata deira, 24 timers service, til diamantplate. Dei avsluttar karrieren med seks utselde avslutningskonsertar. Viss alt imellom rocke-VM og diamantplate og dei utselde avslutningskonsertane er stordomstid og oppblomstring, må vi kunne konkludere med at Vazelina har hatt

40 år med fullt kjør og rein suksess. Eller 40 år med vondt brenn’vin, som dei har kalla avsluttingskonsertane sine. Eg tviler ikkje på at det er sant. Generasjonen min blei kjent med Vazelina Bilopphøggers i oppblomstringa, då dei redda julenissen frå høgfjellshotelldirektør Inga Toppen og torpedoane hennar, Aspik og Ruslebiffen, i Vazelina Hjulekalender på TV2 i 2000 (og i reprise nokre år etter dette). Ein av dei finaste julesongane som finst, Hematt tel jul, blei gjeven ut i samband med Vazelina Hjulekalender. Gjennom hjulekalenderen fekk Vazelina ein heilt ny generasjon med blodfans. Eg veit ikkje om eg var mest begeistra eller skuffa då eg innsåg at mor hadde ein boks med Vazelinakassettar på loftet, og at det ikkje var eg som var den fyrste i familien som hadde oppdaga totningane med rockefot. Dei av dykk som er unge i dag (eg innser at eg er på veg ut av denne kategorien), har kanskje blitt sjarmerte av Vazelina gjennom facebooksida Vazelina memes, der ein finn den klassiske Vazelina-humoren i eit nytt format, slikt som ungdomen no til dags forstår seg på. Dei har bygd seg opp eit image over åra, gutane i Vazelina Bilopphøggers (kanskje ikkje fyrst og fremst som moteikon og kvinneforførarar, slik Vazelina memes vil ha det til, men det får no vere). Dei av oss som er spesielt opptekne av dei tradisjonelle dialektene på Austlandet, og på flatbygdene rundt Mjøsa spesielt, kan spørje oss om

dette imaget har vore med på å gjere det meir eller mindre attraktivt å seie je og itte. Journalist Geir Vestad skreiv i Hamar Arbeiderblad i 2009 at dialektene på flatbygdene «(...) blir assosiert med det bondske, treige, litt dumme og litt latterlige – omtrent slik som Vazelina Bilopphøggers har prøvd å gjøre seg når de har prøvd å være morsomme». Han har kanskje rett i at Vazelina ikkje akkurat har bidrege til å gjere det meir attraktivt å prate flatbygdmål viss ein vil bli oppfatta som alvorleg, intelligent og urban. Men det er heilt sikkert at Vazelina har bidrege til at folk, landet rundt, har blitt eksponerte for, sunge på, og blitt glade i totning. Ein skal ikkje sjå vekk ifrå at det finst ein og annan dialektbrukar på flatbygdene som er meir stolt av dialekta si enn han hadde vore utan Vazelina. Frå gi meg fri i kveld frå 1980 og med slagerar som surfbrett og musikk tel arbe har Vazelina laga god stemning på totning på radioen i 40 år. Dei har laga musikk til arbe (og fest) for sjåfør, lærar, elektrikar, veterinær og prest, tømmerhoggar, bildekunstnar og folk som driv med hest, rekneskapsførar, vindaugspussar, jordmor og konduktør, flammeslukar, bedehussongar og polekspeditør. Vazelina har ein brei tilhengjarskare, både på tvers av alder og på tvers av sosiale fellesskap. Eg trur ikkje eg overdriv viss eg skriv at ingen artistar eller band kan samanlikne seg med Vazelina Bilopphøggers. I Noreg trur eg beint fram ikkje det finst maken, og eg kan ikkje

sjå føre meg kven som kan konkurrere med Vazelina i å selje konsertbillettar. Det er nokre år sidan Høggern, som har fylt 70 år, fekk med seg ein med-trommis på konsertar for å greie å halde fylgje med resten av bandet. Sjølv om det er leitt at konserten i Oslo spektrum den 21. mars 2020 blir den siste konserten med Vazelina Bilopphøggers, må vi erkjenne at det kanskje er greiast slik. Og viss Høggern greidde 11 år utan kvinnfolk, må vi greie oss i nokre år utan ny Vazelina-musikk. Vi får berre håpe at Eldar Vågan, som enno er (relativt) ung, gir ut nokre gode soloplater i tida framover. Illustrasjon: Anna Sofie Ekeland Valvatne


Bilete: Vazelinam

zelina.no

Bilete: Va

emes

Bilete : Vaze linam em

es


.5

.6

DIKT

30

.4 .7 .3 .8

KALENDER

.2

Av Anna Sofie E. Valvatne Tenk at det finst folk som aldri nyttar kalender.

.9 .45

.50

.49

.10

Som kan leva livet fritt dansa, hoppa, springa Som berre veit kva tid tannlege, jobbintervju, tog Som aldri er redd for å ha gløymt møte, innlevering, mamma Tenk at det finst folk som aldri nyttar kalender. Tenk det.

.48

.1

.47

.39

.57 .55

.13

.23

.19

.38 .37

.24

.40

.54

.22

.20

.41 .12

.21

.42

.53

.11

.46

.43

.52

.51

.44

.25

.56

.18 .26

.36

.14

.17

.35

.27

.16

.15 .34

.28 .30

.33

.32

.29

.31

Make dot to dot puzzles at picturedots.com

KALENDEREN

Vinterleir på Eina!

Landsmøte 2020

Når: 17.–19. januar

Når: 27.–29. mars

Her skal me få høyra spanande

Me held landsmøte på Ås

innleiingar, drikka kakao og ha det

ungdomsskole. Der skal me

kjekt! Eit godt tips kan vera å ha

velja styre og stell og finna ut

med seg ski og varme klede.

kva me meiner.


31

Erling Løklingholm Leivestad

MOTMÆLEKVISSEN 2. Kva heitte solguden i egyptisk mytologi? 3. Eit stadium av søvnen heiter REMsøvn. Kva står REM for?

7. Kor mange svarte ruter har eit sjakkbrett? 8. Kva land vann Eurovision Song Contest i 2011? 9. Kva år kom Disney sin «Den lille havfruen» ut?

4. Kvar vert galle produsert? 10. Standardlengda på eit maraton vart bestemt av IAAF i 1921. Kor lang er denne distansen i meter? 11. Kven var Noregs konge mellom år

12. Kven regisserte filmen Flåklypa Grand Prix? 13. Kven laga filmmusikken til Rosa Panter-filmane? 14. Kva er dei fem fyrste tala i Fibonacci si talrekkje? 15. I norrøn mytologi: Kva heitte sonen til Odin som var gift med Idunn?

8. Aserbajdsjan

4. Levera

7. 32

3. Rapid Eye Movement

6. Goodison Park

2. Ra

5. Noreg og Sverige

1. Hornindalsvatnet

5. To land tok gull i langrenn under VM i Seefeldt 2019. Kva nasjonar var dette? 6. Kva heiter heimebanen til Everton?

1015 og 1028?

11. Olav II (Haraldsson) den heilage

15. Brage 14. 1,1,2,3,5 13. Henry Mancini

10. 42.195 meter

12. Ivo Caprino

9. 1989

Landsmøte i Noregs Mållag

Sumarleir 2020

Når: 24.–26. april,

Når: 30. juni–5. juli,

Mållaget har landsmøte – her skal ein

Sumarleiren skal me ha saman

mellom anna ha eit framlegg til tuft /

med Noregs Ungdomslag, dette

prinsipprogram føre. Det vert spanande

vert ei kjek attersyn, både med NU

å sjå kva kurs som vert staka ut! Møtet

og med Trøndelag.

vert på Sola i Rogaland.

FASIT

1. Kva heiter Noregs djupaste innsjø?


PROKRASTINERING HILDE HAGEN

SISTEORDET

E

r du ein av dei som alltid har for dårleg tid til å lese på ein prøve eller eksamen? Er du ein av dei som helst ventar til i morgon med å gjere noko? Kanskje du skal byrje om ein time, eller at du nett må ordne noko anna først, men til slutt utset det til dagen etterpå? Undervurderer du ofte arbeidsmengda på oppgåver? Er du ofte stressa fordi du ikkje blir ferdig med ting rett før du må? Då har du litt same problem som eg: Prokrastinering. Å prokrastinere vil seie å utsetje ting som skal gjerast. Helst lengst mogleg. Oftast for å gjere noko unyttig. Og at dette får negative konsekvensar. Eksempel på negative konsekvensar: Stress, dårleg kvalitet på arbeidet, stress, anger og dårlegare søvn på grunn av

for eksempel stress. Og som dei fleste av oss veit, er stress dårleg. Stress kan bidra til å utvikle depresjon, hjarte- og karsjukdom og det er faktisk samanheng mellom stress og både astma og sårheling. Derfor vil eg seie som Rune i førre utgåve: stress ned. Prokrastinering kan ofte føre til stress, dårleg kvalitet, eller at ting rett og slett ikkje vert ferdig, men det finnes også eit lite fåtal som tykkjer det er meir avslappande. Prokrastinering er eit ord mykje brukt blant studentar, men problemet er like til stades både på ungdomsskulen og vidaregåande. Ei venninne av meg meistra verkeleg denne kunsten på vidaregåande, kvar gong me hadde ein prøve eller framføring så byrja ho å jobbe med det kvelden før. Ofte kunne ho jobbe i stress til klokka 5 om natta, sove ein time for så å gå på skulen og ta prøven. Problemet oppstod alltid dagen etter, då ho som oftast heldt på å sovne i dei første fire timane.

I ettertid har ho ikkje endra arbeidsmetodane sine, men anbefaler heller ikkje nokon andre å gå for same strategi. Det å prokrastinere er likevel ikkje alltid eit så synleg problem. Eg har alltid fått høyre at eg er ein strukturert person, ein planleggjar. For så vidt har eg også alltid sett på meg sjølv om ein person som har god kontroll og oversikt over det meste som skjer i livet mitt. Eg veit kva fag eg skal ha til alle tider, og kva rom det er i, eg planlegg kva eg skal ha til middag kvar dag og eg er ein “liste-person”. Eigentleg så er eg berre sjukt flink å late som eg har full kontroll på alt! Som oftast utset eg det meste heilt til fristen er så nær at eg faktisk MÅ setje meg ned og jobbe for å bli ferdig. Og eg trur det er ganske mange av oss… Å utsetje alt til siste liten verkar alltid som ein god ide, heilt til dagen før prøven, eller du må skrive ei 15 siders oppgåve på to dagar. Likevel verkar det som om

dei fleste ikkje lærer av sine feil, for som oftast så går det jo bra. Som oftast får ein jo levert den oppgåva eller ein grei karakter på den prøven. Dette innlegget her blei for eksempel skrive ferdig same dagen fristen gjekk ut, og resultatet vart ein grei tekst om å utsetje ting. Det er heller ikkje slik at det å byrje tidleg med noko nødvendigvis gjer deg mindre stressa. Då får ein ofte berre vere stressa over mykje lengre tid enn dei som utset stresset til dei siste dagane! Andre igjen blir kanskje ikkje stressa i det heile, eller dei er kjempestressa utan å vise det til alle andre. Mitt beste tips er derfor: Du kjem mest sannsynleg til å vere stressa uansett kva du vel, så gjer det som kjennest best ut for deg, så lenge du blir ferdig med det du skulle ha gjort! Illustrasjon: Anna Sofie E. Valvatne

RETUR: NORSK MÅLUNGDOM, LILLETORGET 1, 0184 OSLO

Profile for Motmæle

Motmæle 3.19  

Motmæle 3.19  

Profile for motmale
Advertisement