2 minute read

FILMSPALTA ved Gunnhild Skjold

DEN NORSKE: Reisen til julestjernen (1976)

Advertisement

Regi: Ola Solum

Eg reknar eigentleg med at alle kjenner handlinga her, men ei kjapp oppsummering: På julaftan ser prinsesse Gulltopp julestjerna, og synest ho er veldig flott. Ho går ut i skogen for å fange ho, og går seg vill. Kongen forbannar julestjerna, og livet i kongeriket blir ganske kjipt, før ei vaksen Gulltopp, no kjent som Sonja, kjem tilbake og reiser ut for å få tilbake julestjerna. Om filmen er god eller ikkje utan nostalgifilteret, kan eg eigentleg ikkje uttale meg om. Alle meiningane mine er knytt opp til kjensla av å vere lita og tenke at dette, ja, det er dette som er jula. Eg reknar kanskje med at det same er tilfellet for mange av dokker som les denne filmspalta? Unn deg sjølv litt julestemning, og set på Reisen til julestjernen!

DEN UTANLANDSKE: Hjemme alene (1990)

Regi: Chris Columbus

Familien til Kevin skal feire jul i Paris, og dei har huset fullt mens dei førebur seg på å dra. Kevin er lei av at han alltid kjem dårlegast ut i familien, og når han med eit uhell blir gløymd heime når familien reiser, ser han sjansen til å kose seg utan familien. Men det er ein strek i rekninga: Det er nokre skurkar som vil rane nabolaget mens folk er borte på juleferie. Dette er også ein film eg tippar dei fleste av dokker har sett, og med god grunn. Det er nemleg så mykje som fungerer godt i denne filmen. Filmen er morosam, varm og med super musikk. Det er mange rare delar i denne filmen, men på eit eller anna vis funkar det med både familiedrama, innbrotstjuvar, han skumle mannen i nabolaget som eigentleg er snill, og biltur med eit polkaorkester. Alt i alt, julestemninga er på topp etter denne filmen! Sjekk gjerne ut film nummer to også, men eg anbefaler å late som om resten ikkje finst.

KLASSIKAREN: It’s a wonderful life (1946)

Regi: Frank Capra

Dette blir av mange rekna som den ultimate amerikanske julefilmen. Da han først kom, gjekk det dårleg, men ved ein feil gløymde dei å fornye opphavsretten. Dette gjorde at alle kanalar kunne spele filmen veldig billig rundt juletider, og etter kvart har han funne ein heim både hos publikum og kritikarar. George Bailey har brukt heile livet sitt på å drøyme om å forlate heimbyen sin, men kvar gong han har fått sjansen, har han i staden valt å hjelpe andre. Gjennom filmen ser vi korleis han blir meir og meir misnøgd med livet sitt. Og her kjem genistreken i filmen: Ein engel bestemmer seg for å vise George korleis byen hans hadde vore utan han, og han får sjå korleis han har forbetra livet til alle rundt seg.

This article is from: