LOKALHISTORISK HJØRNE
kurt olav helle KURT OLAV HELLE er 46 år og deler i her i TPN sine lokale betraktninger fra Nesjavegen i Lonevåg. Han er til daglig skribent, manusforfatter, musikkanmelder og mer. Har holdt med Leeds siden ‘71.
Piratane frå Hatland Dei fotballmyrke stadane Joppafrelsa ikkje nådde fram med sitt Leeds United evangelium, og småhelvetane eg møtte der. Ein gong i 8 års alderen vil eg ut i verda. Eg følte eg var stor nok til å forlata Nesjavegen. Dette var 70-talet, og Leeds United stod svært sterkt i eit sart barnesinn. Ein hadde overlevd Stepp si luftgeværskyting, Lenin Lonin sitt Liverpool evangelium, og Aksen på Leitet si Arsenal hyllest, medan han krasja trøbilen min. Ein trudde verda var rein, kvit, og ubesutla utanfor Nesjavegen. At dei fleste hadde Tomahawk eller DBS syklar, og haldt med Leeds. Ein hadde fotballen under armen, og gjekk mot Hatland for å spela utkonking(eit fotballspel der ein skulle scora mål på straffe). Det var der og då på vegen opp mot Ungdomskulen ein traff på smådjevlane eller kan me kalla dei småhelvetane, kalla Hatlandsfolkjæ. Dei hadde liksom alt på Hatland. Fotballbane, Ungdomskule, Storspelarane på Osterøy, og mykje anna. Men eg var sterk i trui, oppflaska på Olgabasarar og Joppafrelsa, der ein skulle
64
THE PEACOCK NEWS AUGUST 2011
forklara dei at Leeds United var vegen, sanninga, og livet. Oppgjennom Hatlandsbakkane traff ein ein Man U småraud djevel. Det var han dei kalla for Stein E Dengen Evens. Ein av dei lokale Busby Babies. Han hadde plasterlapp på augo, og var fotballfrelst på Man U, og var ein rasar med ball, og hadde på den tida ein trippande trapp måte å spela på. Ellers var det Vøvle Froden som haldt med Liverpool som liksom eigde denne svarte asfaltbana me små fekk spela fotball på. Hatlandsfolkjæ trudde dei liksom eigde heile fotballverda. Frå før av hadde ein truffe på Arsenal Askillen, son åt Jon Bonde, som presenterte seg fyrste gong ein skulle på fotballtrening: Ska me slåst? Han hadde også plasterlapp på augo. Dette var likso vanleg som tannregulering og fluor. Frå før av kjende ein til Kaptein Sorte Bill og Dr Hook med tilsvarande lapp, men det var ikkje for at dei skulle ha synskorrigering, men hadde misst eller skada augo.