3 minute read

Kurt Olav seiler mot noe godt

KUrT oLav HELLE

KURT OLAV HELLE er 46 år og deler i her i TPN sine lokale betraktninger fra Nesjavegen i Lonevåg. Han er til daglig skribent, manusforfatter, musikkanmelder og mer. Har holdt med Leeds siden ‘71.

Advertisement

piraTaNE frÅ HaTLaNd

dEi foTbaLLMyrKE STadaNE JoppafrELSa iKKJE NÅddE fraM MEd SiTT LEEdS UNiTEd EvaNGELiUM, oG SMÅHELvETaNE EG MøTTE dEr.

Ein gong i 8 års alderen vil eg ut i verda. Eg følte eg var stor nok til å forlata Nesjavegen. Dette var 70-talet, og Leeds United stod svært sterkt i eit sart barnesinn. Ein hadde overlevd Stepp si luftgeværskyting, Lenin Lonin sitt Liverpool evangelium, og Aksen på Leitet si Arsenal hyllest, medan han krasja trøbilen min. Ein trudde verda var rein, kvit, og ubesutla utanfor Nesjavegen. At dei fleste hadde Tomahawk eller DBS syklar, og haldt med Leeds. Ein hadde fotballen under armen, og gjekk mot Hatland for å spela utkonking(eit fotballspel der ein skulle scora mål på straffe). Det var der og då på vegen opp mot Ungdomskulen ein traff på smådjevlane eller kan me kalla dei småhelvetane, kalla Hatlandsfolkjæ.

Dei hadde liksom alt på Hatland. Fotballbane, Ungdomskule, Storspelarane på Osterøy, og mykje anna. Men eg var sterk i trui, oppflaska på Olgabasarar og Joppafrelsa, der ein skulle forklara dei at Leeds United var vegen, sanninga, og livet. Oppgjennom Hatlandsbakkane traff ein ein Man U småraud djevel. Det var han dei kalla for Stein E Dengen Evens. Ein av dei lokale Busby Babies. Han hadde plasterlapp på augo, og var fotballfrelst på Man U, og var ein rasar med ball, og hadde på den tida ein trippande trapp måte å spela på. Ellers var det Vøvle Froden som haldt med Liverpool som liksom eigde denne svarte asfaltbana me små fekk spela fotball på. Hatlandsfolkjæ trudde dei liksom eigde heile fotballverda. Frå før av hadde ein truffe på Arsenal Askillen, son åt Jon Bonde, som presenterte seg fyrste gong ein skulle på fotballtrening: Ska me slåst? Han hadde også plasterlapp på augo. Dette var likso vanleg som tannregulering og fluor. Frå før av kjende ein til Kaptein Sorte Bill og Dr Hook med tilsvarande lapp, men det var ikkje for at dei skulle ha synskorrigering, men hadde misst eller skada augo.

Hatlandsfolkjæ var dei fotballmessige piratane i Lonevåg. Frå før av trudde ein at berre kunne kjempa mot djevelske fotballkrefter på Leitet, men Hatland var eit land der verken Olga emiserane eller Joppafrelsa hadde nådd fram. Eg freista å misjonæra fram det kvite og reine. Med andre ord den rette fotballmessige trua. Eg visste blant tollarar, syndarar, og ufrelste at dette var inga lett jobb... Det hadde ein lest i Fantomet og Tarzan, viss ein bevega seg utanfor ukjent beite, var det både eit krigersk og vanskeleg folk ein ville møta på. Dette var fotballens sjiamuslimar, og ikkje det reine kvite, nærast israelittiske, retttruande fotballfans, kalla Leeds United fans...Nei Lonevåg var ikkje ein enkel plass å veksa opp.

Her om dagen traff ein brått på Joppen på fortauet ved sida av Osterøykroa. Var dette eit teikn mon tru? At han brått skulle dukka opp framføre ein, eit par meter frå der Olga basarane hald til. Der emiserane forklarte ein den rette trusretninga. Der og då forklarte han om den gongen på 70-talet ein var på Brann stadion, med heile Nesjaveg menigheten diltande etter. Joppen hadde kasta blomar mot Leeds bussen, og han hadde snakka med ”føraren” Billy Bremner. Han var engelskkunnig nok til å snakka meir eller mindre flytande språket.Peter Lorimer hadde plukka opp blomane, og sidan sa Thank you. Det var då ein forstod at dette var vegen, sanninga, og livet innan fotballfrelse... Joppen viste vegen. Når ein hadde den trui med seg forstod ein at dette var den rette vegen å fylgja, og har sidan ikkje sett seg tilbake.

Når du les dette er sesongen i gong. Leeds United bør og skal snart væra i Premiere League til neste sesong, som seg hør og bør. Som meistaren skal ein stå i mot hån og spott, og dei med fotballmessige makkar på tunga, som spotta og håna Leeds fansen. Truleg vert Dengen Evens og Lona Askillen tagale når ein no slår ut både Man U og Arsenal i cupen, og det kvite og reine nok ein gong for rula i fotballens verd. At Joppen steig fram igjen i nærleiken av Nesjavegen, var eit teikn, som prova nok ein gong at Leeds evangeliet nok ein gong er oppstanden. Måtte fleire ta til vit og fylgja laget. Foressten: Kviten Elvik har du meldt deg inn i fanklubben no... Janson e tom for kopi papir inne på Lobas.... Mot opprykk no...

This article is from: