Lektorbladet # 5 2021

Page 24

24

landsmøtet 2021   lb # 5-21

Landsmøtet bestemmer kursen På sist Landsmøte var det utdanningspolitikken, no er det tariffpolitikken som skal opp til diskusjon. I tillegg skal landsmøtet ta stilling til kva som skal vere Norsk Lektorlag viktigast prioriteringar i perioden 2022–2023.

NORSK LEKTORLAG har allereie gjennomført ein stor revisjon av det utdanningspolitiske programmet sitt: Kunnskap byg­ ger kompetanse vart vedteke på landsmøtet i 2019. No skal Landsmøtet handsame dei andre viktige styringsdokumenta til Norsk Lektorlag. Det skal gjerast ein revisjon idegrunnlaget og eit nytt tariffpolitisk program. I tillegg skal Landsmøtet vedta kva organisasjonen skal prioritere å jobbe for i neste landsmøteperiode.

Delegatane på landsmøtet skal diskutere seg gjennom ny politikk på lønns- og arbeidslivsfeltet. Dei skal også avgjere kva Norsk Lektorlag særleg skal jobbe for i komande landsmøteperiode. Her diskuterer delegatar på Landsmøtet 2019. Foto: Hans Christian Thorbjørnsrud.

Norsk Lektorlag har også eit styringsdokument knytt til kulturpolitikk. Sentralstyret meiner det ikkje har vore tilstrekkeleg tid til å ha ein fullgod prosess for å vurdere korleis kulturpolitikken og Lektorlaget sine interesser i kultursektoren best skal ivaretakast i styringsdokumenta, og at ein ser på kulturpolitisk grunnlag i neste landsmøteperiode.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Lektorbladet # 5 2021 by Lektorbladet - Issuu