Naturfag 10 frå Cappelen Damm Grunnbok utdrag

Page 17

Historia om Skandinavia La oss reise 550 millionar år tilbake i tid. Noreg og resten av Skandinavia er eit temmeleg flatt landskap på den tida. Og det veks ingenting her. Ingen tre, ingen buskar, ikkje eit einaste grasstrå. Dette flate landskapet ligg heilt på kanten av eit kontinent som har fått namnet Baltika. Vest for dette landskapet ligg havet. Etter kvart stig havnivået, og det flate, norske landskapet hamnar under vatn. Det veit vi fordi vi på land har funne restar av slam, leire og dyr som lever i havet. Omtrent 50 millionar år seinare, for rundt 500 millionar år sidan, dukkar det opp vulkanske øyar i havet utanfor kysten. Vulkanane ligg pent på rekkje, ganske likt øyane på sørsida av noverande Indonesia. Vulkanane er eit teikn på at noko er i ferd med å skje. Inn mot kontinentet Baltika kjem nemleg kontinentet Laurentia i full fart. Laurentia består av det vi i dag kallar Nord-Amerika og Grønland. Og i geologi er «full fart» ganske langsamt. Kontinent bevegar seg berre nokre centimeter i året. Det kan vere ein uvand tanke at vi lever livet vårt flytande rundt på plater. Men det er tilfellet. Jordoverflata består av kontinentalplater, som flyt rundt på den varme mantelen innanfor.

Jordskorpa er delt opp i kontinentalplater som bevegar seg rundt på den mjukare mantelen innanfor.

Men når heile kontinent krasjar i kvarandre, er det snakk om enorme krefter over millionar av år. Sjølve kollisjonen starta for rundt 425 millionar år sidan, og heldt fram i omtrent 20 millionar år. Resultatet av at dei to platene kolliderer med kvarandre, er at vestkanten av Baltika blir pressa ned og under Laurentia, ned i den mjuke mantelen. Det veit vi fordi vi finn restar av det i dag. Geologar har funne bergarten eklogitt mange stader i Sogn, Sunnfjord, Nordfjord og på Møre. Eklogitt dannar seg under stort trykk inne i mantelen.

Mantelen er den delen av jordkloden som ligg mellom kontinentalplatene og jordkjernen.

Geologar har også funne andre mineral og ørsmå diamantar, som må ha blitt pressa saman av trykket vi finn rundt 150 kilometer under jordoverflata. Det er djupt ned, når vi veit at jordskorpa elles sjeldan blir noko særleg tjukkare enn 40–50 kilometer. Kanskje er det verdsrekord?

1 UTVIKLINGA AV JORDA

15


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.