4 minute read

Historia om Skandinavia

La oss reise 550 millionar år tilbake i tid. Noreg og resten av Skandinavia er eit temmeleg flatt landskap på den tida. Og det veks ingenting her. Ingen tre, ingen buskar, ikkje eit einaste grasstrå. Dette flate landskapet ligg heilt på kanten av eit kontinent som har fått namnet Baltika.

Vest for dette landskapet ligg havet. Etter kvart stig havnivået, og det flate, norske landskapet hamnar under vatn. Det veit vi fordi vi på land har funne restar av slam, leire og dyr som lever i havet.

Omtrent 50 millionar år seinare, for rundt 500 millionar år sidan, dukkar det opp vulkanske øyar i havet utanfor kysten. Vulkanane ligg pent på rekkje, ganske likt øyane på sørsida av noverande Indonesia. Vulkanane er eit teikn på at noko er i ferd med å skje.

Inn mot kontinentet Baltika kjem nemleg kontinentet Laurentia i full fart. Laurentia består av det vi i dag kallar Nord-Amerika og Grønland. Og i geologi er «full fart» ganske langsamt. Kontinent bevegar seg berre nokre centimeter i året.

Det kan vere ein uvand tanke at vi lever livet vårt flytande rundt på plater. Men det er tilfellet. Jordoverflata består av kontinentalplater, som flyt rundt på den varme mantelen innanfor.

Men når heile kontinent krasjar i kvarandre, er det snakk om enorme krefter over millionar av år. Sjølve kollisjonen starta for rundt 425 millionar år sidan, og heldt fram i omtrent 20 millionar år.

Resultatet av at dei to platene kolliderer med kvarandre, er at vestkanten av Baltika blir pressa ned og under Laurentia, ned i den mjuke mantelen. Det veit vi fordi vi finn restar av det i dag. Geologar har funne bergarten eklogitt mange stader i Sogn, Sunnfjord, Nordfjord og på Møre. Eklogitt dannar seg under stort trykk inne i mantelen.

Geologar har også funne andre mineral og ørsmå diamantar, som må ha blitt pressa saman av trykket vi finn rundt 150 kilometer under jordoverflata. Det er djupt ned, når vi veit at jordskorpa elles sjeldan blir noko særleg tjukkare enn 40–50 kilometer. Kanskje er det verdsrekord?

Jordskorpa er delt opp i kontinentalplater som bevegar seg rundt på den mjukare mantelen innanfor. Mantelen er den delen av jordkloden som ligg mellom kontinentalplatene og jordkjernen.

Sju søstre er ein fjellformasjon på Helgelands kysten. Fjella er eit resultat av at kontinenta Laurentia og Baltika krasja i kvarandre. Dei to kontinenta sklei ikkje pent innunder og over kvarandre. Store steinmassar, og små fjell, blei rivne laus. Nokre blei skuva fleire hundre kilometer innover på Baltika. Galdhøpiggen og resten av Jotunheimen er for eksempel laga av bergartar som blei skuva innover for 400 millionar år sidan.

Også mange andre stader i Noreg finn vi restar av kollisjonen mellom kontinenta: Lyngsalpane, ein liten køyretur frå Tromsø, er gammal havbotn som har blitt skuva og bretta oppover. Det same gjeld Gullfjell utanfor Bergen. Mange turistar reiser til fjella Sju søstre i Nordland, men ikkje alle veit at dei er laga av bergartar som blei skapte av vulkanar i havet, i tida før kontinenta kolliderte.

I Alta, Oppdal, Otta, Hardanger og mange andre stader i landet kan vi hente ut stein i tynne skiver. Slik skifer brukar vi som takstein, golvfliser eller som heller i hagen. Og det kan vi takke kollisjonen mellom kontinentalplatene for, som bretta, knadde og skauv steinmassar over millionar av år.

Vi kan også sjå korleis retninga til skiferen formar terrenget. Skifer som peikar rett til himmels, gir bratte og avlange fjell, med mange parallelle dalar. Der skiferen står på skrå, får vi gjerne lange fjellryggar med bratte, avløysande stup, som nord for Mo i Rana. Mens horisontal skifer gir eit platå- og hyllelandskap, som på Hardangervidda.

Men kollisjonen mellom kontinentalplatene gir oss ikkje berre håp om den djupaste verdsrekorden. Vi kan ha hatt fjell høgare enn noverande Himalaya.

Om vi forenklar det veldig, og ser for oss kontinentalplatene som flytebryggjer på eit vatn, er det lettare å forstå at om den eine blir dytta ned og litt innunder den andre, vil den øvste bli løfta ekstra høgt opp. Slik var det også då Baltika og Laurentia kolliderte.

Resultatet var ei fjellkjede som kan måle seg med noverande Himalaya. Kaledonidane, som vi kallar fjellkjeda, strekkjer seg frå Irland, over Skottland, til Stavanger, og derfrå nordover til Finnmark og ut i Barentshavet mot Svalbard. Vi reknar med at dei høgaste delane av fjellkjeda låg nær dagens norske kystlinje, for det er her vi finn mineral som er skapte av dei høgaste trykka, langt nede. Og at steinmassar har vore langt nede, betyr at dei øvste laga truleg var løfta langt opp.

I dag ligg dei høgaste fjella våre mykje lenger inn i landet. Og dei er ikkje i nærleiken av høgda til Himalaya. Skandinavia har utvikla seg mykje dei siste 400 millionane år også. Heile planeten har alltid vore i endring, og vil alltid halde fram med å utvikle seg.

1 Fortel kva som skjer når Baltika og

Laurentia kolliderer. 2 Kor raskt bevegar kontinent seg? 3 Kva meiner vi med jordskorpe, jordmantel og jordkjerne?

This article is from: