5 minute read

Den store smellen

For rundt 14 milliardar år sidan var alt det du veit om, alt du kan ta på – ja, alt du kan namnet på – pakka saman til ein prikk. Absolutt alt var samla i eit punkt mindre enn eit sandkorn, mindre enn eit atom.

Så begynner prikken plutseleg å vekse. Ingen veit riktig kvifor, men alt eser ut. Ikkje slik som planter, dyr og du sjølv veks, men med ein enorm fart og ein ekstrem varme. I løpet av brøkdelen av eit sekund går universet frå å vere mindre enn eit atom til å bli større enn ein galakse. I denne augneblinken blir tid, rom og masse skapt. Universet blir fødd.

Vi brukar namn som «Den store smellen» eller «Big Bang», men det var ikkje noko luft eller vatn som lyden kunne bevege seg i. Derfor var det ikkje eigentleg nokon smell i det heile.

Universet held fram med å vekse, og etter berre nokre sekund har dei aller minste byggjesteinane i naturen danna seg. Nokre minutt seinare smeltar desse saman og dannar kjernane i dei to første grunnstoffa –

hydrogen og helium. Enno er universet så tettpakka at lyset ikkje slepp fram. Først etter nokre hundre tusen år har universet vakse nok til at det er gjennomsiktig.

Etter kvart samlar støv og gass seg til klumpar. Nokre klumpar er små, nokre er store. Dei største klumpane blir varme i midten og smeltar om hydrogen og helium til grunnstoff som du består av i dag. Huda di, håret ditt og tennene dine, men også kleda dine og alt du ser rundt deg, er bygd opp av dei same grunnstoffa. Det er rart å tenkje på at byggjesteinane til alt dette blei danna i desse aller første stjernene.

Nokre av stjernene eksploderer og slyngjer stoffa ut i atmosfæren. Stoffa dannar etter kvart nye stjerner, som igjen blir varme og eksploderer.

Slik held stjerner fram med å danne seg, eksplodere og døy ut. Men etter nokre milliardar år finst det eit par små klumpar i universet med eit klima som gjer at vatn både kan fryse til is, vere væske og fordampe.

På éin av dei små klumpane der klimaet er akkurat slik, sit det ein elev og les i naturfagboka akkurat no. Den klumpen er jorda. Den eleven er deg.

Big Bang – ein teori

Då universet oppstod, var det ingen menneske til stades. Vi er derfor nøydde til å gjette og spekulere rundt kva som skjedde. Det har både religionar og vitskapen prøvd seg på. I dag er det stor semje om at Big Bang-teorien er den beste. Det er fordi det er så mange observasjonar som stemmer med han.

Ein galakse er ei samling av veldig mange stjerner. Sola er for eksempel éi av fleire milliardar stjerner i galaksen Mjølkevegen. Den amerikanske astronomen Edwin Hubble (1889–1953) var den første til å observere at andre stjerner og galaksar i universet er på veg bort frå oss, og at di lenger borte frå oss dei er, di raskare bevegar dei seg frå oss. Altså må universet utvide seg.

Det gav opphav til to ulike teoriar om universet. Dei fekk namna Steady State-teorien og Big Bang-teorien. Tilhengjarar av Steady State-teorien meinte at universet ikkje har noka byrjing eller nokon slutt. Så når stjerner og planetar bevegar seg frå kvarandre, blir nytt stoff danna for å fylle tomrommet som oppstår.

Big Bang-teorien er den beste forklaringa vitskapen har på korleis universet og alt anna blei til. Den store smellen starta for 13,8 milliardar år sidan.

Ifølgje Big Bang-teorien burde det vere mogleg å måle restane av strålinga frå den store smellen. Det burde vere ei svak, jamn stråling uansett i kva retning ein måler. Då denne strålinga blei oppdaga i 1965 og var akkurat slik Big Bang-teorien hadde føresett, blei Steady Stateteorien raskt forkasta.

Ifølgje Big Bang-teorien blei det danna 80 prosent hydrogen og 20 prosent helium under den store smellen. Seinare har store stjerner smelta om hydrogen og helium til tyngre stoff. Når vi i dag undersøkjer kva universet er laga av, finn vi at det består av 75 prosent hydrogen, 24 prosent helium og 1 prosent andre stoff. Det stemmer også på ein prikk med Big Bang-teorien.

Ingen andre teoriar om universet har nokon gong klart å føreseie noko med så stor nøyaktigheit som Big Bang-teorien har gjort. Det at han treffer så godt, gjer han til ein veldig sterk teori.

Big Bang er altså berre ein teori. Men det er den sterkaste og beste teorien vi har, støtta av mange observasjonar.

Tyngdekrafta er tiltrekkinga mellom alle ting som har masse.

Tyngdekraft lagar stjerner og planetar

Nokre hundre tusen år etter den store smellen blei universet mørkt. Temperaturen hadde falle så mykje at det ikkje lenger var noko som glødde og lyste. Lyset kom ikkje tilbake før dei første stjernene blei til. Det skjedde takk vere tyngdekrafta.

Om du løftar ei bok og slepper ho, vil ho falle ned. Det kjem av tyngdekrafta. Det er tyngdekrafta som gjer at du ikkje lettar frå jorda og svevar rundt. Tyngdekrafta gjer også at jorda går i bane rundt sola, og at månen går i bane rundt jorda. Og utan tyngdekraft ville atmosfæren vår forsvunne.

Tyngdekrafta verkar mellom alt, både stort og smått. Alle gjenstandar tiltrekkjer kvarandre. Det verkar ei tyngdekraft mellom deg og ei bok du les. Men både du og boka har så liten masse at tyngdekrafta ikkje kan merkast. Di større masse, di sterkare blir tyngdekrafta. Derfor er det ei mykje sterkare kraft som verkar mellom deg og jordkloden enn mellom deg og boka.

Tyngdekrafta verkar over veldig store avstandar. Du har kanskje høyrt om tidevatn? Det kjem av at tyngdekrafta verkar mellom vatnet i havet og månen.

Så korleis lagar tyngdekrafta stjerner og planetar?

Nokre hundre tusen år etter Big Bang bestod det mørke universet av enorme skyer med dei to gassane hydrogen og helium. Sjølv om det er to veldig lette gassar, verkar det ei tyngdekraft mellom alle atoma. Denne gjorde at atoma blei trekte mot kvarandre. Skyene blei meir kompakte.

Universet er stort og temmeleg tomt, så avstandane er store. Derfor tek det lang tid å byggje opp ei tett gassky. Det tok fleire hundre millionar år for gasskyene å bli så tettpakka at dei blei varme i midten, begynte å brenne, og blei til dei aller første stjernene.

Rundt stjernene samla støv og gass seg til klumpar, takk vere tyngdekrafta. Og rundt éi stjerne samla det seg nokre klumpar som skulle få ei heilt spesiell betydning for deg.

Den store massen til jorda trekkjer oss ned, anten vi er i lufta eller står på ho.

1 Kor lenge er det sidan alt det du veit om, var samla til ein liten prikk? 2 Kva var det som gjorde at Steady Stateteorien blei forkasta? 3 Korleis lagar tyngdekrafta stjerner og planetar?

This article is from: