
8 minute read
Oppgåver
Den store smellen
LES OG SVAR
1 Kor gammalt er universet? 2 Kva var dei to første grunnstoffa som blei danna etter den store smellen? 3 Kva er ein galakse? 4 Kva kallar vi den mest anerkjente teorien om fødselen av universet? 5 Forklar med eigne ord kva teorien om fødselen av universet går ut på. 6 Kva observasjonar styrkjer teorien om fødselen av universet? 7 Kva andre teoriar om utviklinga av universet kjenner du? 8 Korleis blei dei første stjernene danna? 9 Nemn to eksempel frå kvardagen på at tyngdekrafta verkar. 10 Korleis kan tyngdekrafta lage stjerner og planetar?
GJER OG LÆR
11 Planlegg ein modell av solsystemet ved å bruke frukt. Om sola er ein appelsin, kor store er planetane, og kor langt unna er dei? Du treng ikkje vere nøyaktig, men er jorda på storleik med ei plomme, ei drue eller ei lita rosin?
Får solsystemet ditt plass i huset du bur i? Får det plass på skulen? Du må bruke internett, kalkulator og teikne opp korleis modellen blir. 12 På ein solfylt dag kan du fange noko av solenergien og bruke han til å lage rista brød. Eksperimentet er enkelt. Du treng eit stort, boga lokk, aluminiumsfolie, ein grillgaffel og ei brødskive. Dekk innsida av lokket med aluminiumsfolie. Pass på at han held seg så glatt som mogleg. Rett lokket mot sola. Fest brødskiva på gaffelen og hald han over midten av lokket. Du kan byte ut brødskiva med for eksempel ein marshmallow.
DISKUTER
13 Jobb i grupper og samanlikn ulike religiøse skapingssoger (norrøn religion, samisk tru, kristendom, islam, buddhisme og hinduisme). Er det element i nokon av desse som passar med Big Bang-teorien? Diskuter i klassen. 14 Sola og månen ser omtrent like store ut frå jorda. Kva kjem dette av?
Diskuter i klassen. 15 Har du nok bevis i ditt eige liv til å tru på at tyngdekrafta finst, eller stolar du berre på læreboka og læraren din?
Ting fell ned mot jorda når du slepper dei. Men har du bevis på at det verkar tyngdekraft mellom alle gjenstandar?
Kva slags bevis? Diskuter med ein medelev.
GÅ VIDARE
16 Bruk eit oppslagsverk eller nettet og finn ut kven Edwin Hubble var. Kvifor er eit romteleskop kalla opp etter han? 17 Menneska har sett opp på stjernehimmelen frå urgammal tid.
Prøv å finne nokre eksempel på kva menneske har brukt stjernehimmelen til tidlegare. Kva informasjon henta dei ut frå det dei såg der oppe? Bruk andre kjelder enn læreboka. Lag eit kort samandrag med bilete og tekst, og opplys kva kjelder du har brukt. 18 Det er gjort mange store oppdagingar i astronomien. Nokre av oppdagingane og teoriane har skapt sterke reaksjonar. Finn nokre eksempel på dette, og forklar kvifor reaksjonane var så kraftige. 19 Ikkje alle menneske trur at alt starta med ein stor smell. Det har vore sett fram mange ulike forklaringar om opphavet og utviklinga til universet.
Bruk andre kjelder enn læreboka, og finn eksempel på religiøse og vitskaplege forklaringar på korleis universet har oppstått, og korleis det utviklar seg. Du kan sjå på gamle eller nye forklaringar. Lag eit samandrag av to ulike forklaringar om opphavet og utviklinga til universet, og sei kva kjelder du har brukt. 20 Forklar kva vi meiner med tyngdekrafta. Korleis verkar tyngdekrafta? 21 Om du kunne bu på nordpolen på
Uranus, ville du sjå sola stå opp over horisonten, gå i sirklar på himmelen i 42 jordår, for så å gå ned slik at det blei mørkt i 42 år. Finn eit eple, ein ball eller noko anna rundt og prøv å forstå korleis det er mogleg. Bruk nettet og finn meir informasjon som kan hjelpe deg til å forstå dette. Forklar til ein medelev kva du har funne ut.
Ein spesiell planet
LES OG SVAR
1 Kor gammal er sola? 2 Kva meiner vi med «planetbarn»? 3 Kva er skilnaden på steinplanetar og gassplanetar? 4 Kva var så kjekt med å ha Jupiter
«i nabolaget» den første tida? 5 Kvifor har nesten ingen sett baksida av månen? 6 Kor mykje av vatnet på planeten vår er ferskvatn? 7 Kvifor er det så viktig med ein atmosfære? 8 Kva er det som skjer når vi opplever ei solformørking? 9 Kva er ei måneformørking?
GJER OG LÆR
10 Kva er skilnaden på solformørking og måneformørking? Teikn to figurar som viser dette. 11 Finn ut kor mykje du ville vege på månen, og forklar kvifor det blir slik. 12 Bruk ein lampe som sol og ei frukt som jordkloden til å vise kvifor vi får årstider. Det er lettast å vise om du stikk ein pinne eller eit spyd gjennom frukta og skrur av alt anna lys i rommet.
Teikn gjerne på kontinent med ein tusj, og marker kvar på planeten du bur. Ta bilete av dei ulike årstidene på frukta. 13 Bruk lampe som sol, ei stor frukt som jordklode og ei mindre frukt som måne for å forklare: a) solformørking b) måneformørking
DISKUTER
14 Vi menneske leitar etter vatn på andre planetar fordi vi meiner vatn er avgjerande for å finne liv. Diskuter om vi menneske er trongsynte som leitar etter vatn berre fordi den typen liv vi kjenner, er avhengig av vatn. 15 Somme blir svimle eller kvalme av å snakke om astronomiske avstandar og stader. For eksempel synest somme det er ubehageleg å tenkje på kor langt unna månen er, og at det har gått menneske rundt der oppe. Eller alt tomrommet og dei enorme avstandane mellom planetar og galaksar. Har nokon i klassen det slik? Diskuter kvifor det kan vere skremmande med astronomiske avstandar.
GÅ VIDARE
16 Avstanden frå jorda til månen varierer fordi månen går i ein ellipseforma bane rundt jorda. Når månen er nærmast jorda, er avstanden litt over 356 000 km, og når han er lengst unna, er avstanden nesten 407 000 km.
Bruk samanhengen
tid = strekning fart for å rekne ut kor lang tid eit romskip vil bruke frå jorda til månen om romskipet bevegar seg med 40 000 km/t. Rekn ut kor lang tid romskipet vil bruke når månen er nærmast jorda, og når han er lengst unna.
Historia om Skandinavia / Tynt skal i bevegelse
LES OG SVAR
1 Kva er Baltika og Laurentia? 2 Kva er kontinentalplater? 3 Kvar ligg mantelen? 4 Korleis kan vi vite at Baltika blei pressa ned og under Laurentia for 400 millionar år sidan? 5 Kva er Kaledonidane? 6 Kor tjukk er jordskorpa? 7 Kva er det som får kontinentalplatene til å bevege seg? 8 Kva var det Alfred Wegener la merke til som fekk han til å meine at kontinenta flytta på seg? 9 Kva seier teorien om havbotnsspreiing? 10 Teorien om platedrift – kva seier han? 11 Kor djupt er det djupaste djupet på jorda (Marianegropa), og kor høgt er det høgaste fjellet? 12 Kva har vulkanutbrot og jordskjelv med platedrift å gjere?
GJER OG LÆR
13 Lag din eigen modell for kontinentalplater (to kladdebøker, gryteklutar, lefser eller liknande), og bruk dei til å skrive di eiga forklaring på kva som skjer når platene bevegar seg mot, frå eller sidelengs forbi kvarandre. 14 Lag ei «flipbook» med bevegelsane til kontinenta. Du vel sjølv kor langt tilbake i tid du vil starte. Du kan anten lage di eiga vesle bok, ved å feste saman ark, eller bruke eit av hjørna i ei kladdebok du har. Teikn først ein identisk sirkel på kvar side i boka. Gjer research på nettet, og teikn deretter inn kontinenta til ulike tider. Det kan vere lurt å skrive kor mange millionar år sidan det er, på kvart ark. Til slutt skal du kunne «flippe» gjennom korleis kontinenta har bevegd seg på jorda gjennom historia.
DISKUTER
15 La oss tenkje oss at det var mogleg å byggje ein tunnel rett ned, tvers gjennom jorda, og ut på den andre sida.
I tunnelen er det nok oksygen, passe temperatur og god plass. Med det de kan om tyngdekrafta – kva ville skje om du hoppa ned i tunnelen? Diskuter i grupper. 16 Diskuter i par: Er det kjedeleg eller spennande å finne ut korleis jordskorpa er blitt bretta, sliten ned, smelta og riven opp gjennom millionar av år? De må velje – kjedeleg eller spennande. Og de må grunngi svaret.
GÅ VIDARE
17 Bruk internett til å finne ut akkurat kva det var som skjedde i jordskorpa som førte til tsunamien i Indiahavet i 2004.
Bruk ord du har lært i dette kapittelet, til å skrive eller fortelje til ein medelev kva som skjedde. 18 Sjølv om Etna blir rekna som ein av dei mest aktive vulkanane i verda, blir han ikkje sett på som spesielt farleg.
Det blir drive turisme, jordbruk og skianlegg på vulkanen. Finn ut når Etna hadde sitt siste utbrot, og kvifor det ikkje er så farleg å besøkje han eller bu i nærleiken av han. 19 Finn ut korleis lokalområdet ditt har endra seg dei siste hundre tusen eller millionar åra. Bruk internett eller bibliotek, eller spør ein person du trur kan litt om slikt. Skriv ned det du finn ut. Lag enkle teikningar om du treng det. 20 Finn ut kva det vil seie å vere
«oskefast», og når dette uttrykket oppstod.
Når jorda døyr
LES OG SVAR
1 Kor gammal er sola? Kor lenge har ho igjen å leve? 2 Kva vil skje når sola nærmar seg slutten av levetida si?
GÅ VIDARE
3 Finn meir informasjon om romsondane som er blitt sende mot Mars. Kor langt er det frå jorda til Mars? Kor lang tid brukar ein romsonde på reisa til Mars?
Rekn ut kor stor gjennomsnittsfarten var for romsondane. Skriv eit samandrag av det ein har gjort hittil for å utforske Mars, gjerne illustrert med fotografi. 4 Finn minst tre pålitelege og nokså nye nettstader som omtalar kva som blir gjort for å undersøkje moglegheitene for liv på andre planetar enn jorda.
Hald ein presentasjon for klassen om dette temaet.