
1 minute read
Når jorda døyr
Solsystemet vårt består av ein stor ball med brennande gass og ein drøss større og mindre klumpar som fer rundt han. Åtte av klumpane er store nok til at vi kallar dei planetar. Ein av dei bur vi på.
Solsystemet vårt er omtrent 4,6 milliardar år gammalt, og sola er den nærmaste stjerna vår. Sola gir planeten vår energi, og gjer det mogleg å leve her. Men ein dag kjem sola til å sluke oss.
Sola består hovudsakleg av hydrogen og helium, og ho er så stor at ho inneheld meir enn 99 prosent av all massen i solsystemet. Inne i sola er det varmt. Mens den overflata vi ser, «berre» har 5500 varmegradar, er
Mot slutten av levetida si vil sola ese ut og sluke dei inste planetane.
det 15 millionar gradar på innsida. Det er så varmt, og trykket der er så stort, at hydrogen heile tida blir smelta om til helium.
Den prosessen kallar vi fusjon, og det er den som gjer at det strålar lys og varme frå sola ut i verdsrommet. Det vil sola halde fram med til alt hydrogenet er blitt til helium. Forskarar har komme til at det vil skje om rundt fem milliardar år. Sola er altså midt i livet. Om du hugsar kor gammal sola er, veit du også kor lenge ho har igjen å leve.
Når sola nærmar seg slutten av levetida si, vil ho ese ut og bli så stor at ho kjem til å sluke dei tre inste planetane. Oss også. Men hugs at det er lenge til. Like lenge som sola har eksistert.
