
1 minute read
1 Utviklinga av jorda
Utviklinga av jorda
Korleis blei jorda, sola og alle stjernene til? Kvar begynte den verda vi kjenner i dag?
Om du har stilt deg desse spørsmåla, er du ikkje åleine. Dette er ting folk har lurt på i tusenvis av år. Religionane har kvar sine svar på korleis alt begynte, kvar si skapingssoge. Det har vitskapen også. Når du er ferdig med dette kapittelet, veit du meir om korleis planeten vår blei til, og kvifor han ser ut som han gjer i dag.
I dette kapittelet lærer du om • teoriar for korleis universet blei til • kva platetektonikk er, og korleis han har forma planeten vår • korleis vi kan vite kva som har skjedd før menneske begynte å observere • kva som vil skje med jordkloden i framtida