6 minute read

Ein spesiell planet

Forskarar trur at jorda og månen er eit resultat av at to «planetbarn» krasja inn i kvarandre.

For 4,6 milliardar år sidan var «vår» sky blitt så tettpakka i midten at ho begynte å brenne. Det var byrjinga på sola, som enno varmar oss i dag. Etter kvart samla restane av skya seg til mindre klumpar. Det er freistande å kalle dei «planetbarn», for dei var mykje mindre enn planetar. Men dei var store nok til at dei blei varme i midten, og somme fekk ei fast skorpe utanpå. Desse «planetbarna» krasja etter kvart i kvarandre og blei til større klumpar. Nærmast sola var det mest støv og stein, så der blei det danna steinplanetar. Jorda er ein slik steinplanet. Dei lettare gassane blei slyngde lenger ut, og blei til gassplanetane ytst i solsystemet vårt.

På denne tida var solsystemet vårt ein kaotisk stad. Jorda blei bombardert av stein- og støvklumpar. Jupiter var ein god nabo å ha, for med sin enorme masse trakk han mange av klumpane til seg, eller sende dei ut av solsystemet. Først då jorda ikkje blei bombardert lenger, blei det roleg nok til at det kunne utvikle seg liv.

Men først, eit siste, digert krasj.

Månen

Det er mange teoriar om korleis månen og jorda oppstod. Dei fleste forskarar trur at dei blei til ved at mindre planetbarn krasja inn i kvarandre.

Truleg er planeten vår eit resultat av rundt ti slike kollisjonar. I den siste smellen blei jorda treft av ein klump på storleik med Mars. Han trefte oss med ein fart på rundt 10 kilometer i sekundet! Med den farten er det sannsynleg at det blei så varmt at det meste av begge planetbarna smelta. I samanstøyten blei bitar av begge rivne av, og slyngde ut. Desse bitane samla seg etter kvart, og blei til månen.

Planetbarna trefte kvarandre med ein vinkel som førte til at jorda spinn litt skeivt. På s. 13 kan du lese om kvifor vi kan takke dette krasjet for at vi har årstider.

På dei fleste bilete der månen og jorda kan sjåast saman, kan ein få inntrykk av at dei er ganske nær kvarandre. Men sanninga er at alle dei andre planetane i vårt solsystem ville fått plass mellom oss og månen.

Månen er det mest lyssterke objektet på himmelen om natta, og menneska har til alle tider vore opptekne av han. Gjennom segner og forteljingar har vi funne mange forklaringar på kva månen er, og kva han gjer med oss. Då teleskopet blei funne opp, kunne vi endeleg studere han i detalj, og for over femti år sidan klarte vi menneske for første gong å besøkje månen.

Månen er den nærmaste himmellekamen til jorda, og har alltid fascinert oss. I nyare tid har vi klart å reise dit.

Vi veit at månen er «låst» til jorda. Vi ser den same sida av månen heile tida, og berre nokre få menneske har sett baksida med eigne auge: astronautane som har besøkt han. Vi veit at månen brukar 27,3 døgn på ein runde rundt kloden, og at han er stor nok til å trekkje på hava så det blir høgvatn og lågvatn. Men månen sjølv har ikkje ein drope vatn.

Vatn

Ikkje lenge etter den store kollisjonen som skapte månen, fekk jorda flytande vatn. Det var då planeten begynte å likne på den planeten vi kjenner i dag.

Vatnet var allereie til stades inni den varme, flytande planeten. Då overflata størkna, fordampa vatnet. Dampen steig ut i atmosfæren, som var i ferd med å samle seg rundt den ferske planeten. Der kondenserte dampen og fall ned igjen på jorda som nedbør. Det kan også tenkjast at kometar og asteroidar av is som har treft planeten seinare, har bidrege med vatn. Men utan atmosfæren vår ville vatnet forsvunne ut i verdsrommet.

Lenge var jorda den einaste planeten der vi visste at det fanst flytande vatn på overflata. Sidan vatn er så viktig for den typen liv vi kjenner til, har vi leitt etter det på andre planetar, også utanfor solsystemet vårt. Vi har funne teikn til vassdamp i atmosfæren til planetar som går rundt andre stjerner. Men jorda er enno den einaste staden i universet der vi veit at det finst liv.

71 prosent av planeten vår er dekt av vatn. Nesten alt er saltvatn. Berre 2,5 prosent er ferskvatn. Størsteparten av dette finst i form av is, og berre ein veldig liten del er drikkeleg.

Atmosfære

At jorda utvikla ein atmosfære, er heilt avgjerande for at det er liv her i dag. I tillegg til at han held på vatn, inneheld atmosfæren oksygen og beskyttar planeten mot stråling frå verdsrommet.

Vatn har kjemisk formel H2O. Det består altså av hydrogen og oksygen. Likevel tok det eit par milliardar år før vi fekk betydelege mengder oksygengass i atmosfæren vår. Det skjedde då mikrobar i havet begynte med fotosyntese. Det skal du lære meir om i kapittel 2.

Årstider og formørkingar

Planetane går i banar som ikkje er heilt runde som sirklar, men forma som ellipsar. Dei inste planetane går mykje raskare enn dei som er lenger ute i solsystemet. I tillegg spinn alle planetane rundt seg sjølve, som ein snurrebass. Det gjer vår planet også – det er derfor vi har dag og natt.

Mange trur at vi er nærmare sola om sommaren og lenger unna om vinteren. Det kan høyrast logisk ut. Men straks du kjem på at årstidene er motsette i Australia, slår teorien sprekkar. Det er riktig at den elliptiske banen til jorda somme gonger bringar oss nærmare sola, men det er ikkje det som gjer det varmt om sommaren og kaldt om vinteren. Vi er faktisk nærmast sola om vinteren.

Årstidene kjem av at jorda spinn litt skeivt rundt seg sjølv. Jorda begynte truleg å spinne skeivt etter at ho krasja med ein annan himmellekam. Det gjer at toppen av kloden, her vi bur, somme gonger heller litt i retning sola og andre gonger bort frå ho. Den perioden av året då vår del av kloden heller mot sola, får vi meir varme frå sola. Denne perioden, eller årstida, er vår sommar. Den sørlege delen av kloden, der Australia ligg, heller samtidig bort frå sola og får mindre varmestråling. Då er det vinter hos dei.

Årstidene kjem av at jorda spinn «skeivt», slik at vår del av planeten peikar litt meir i retning av sola i sommarhalvåret.

Ein sjeldan gong skjer det noko spektakulært med strålane frå sola. Dei forsvinn, midt på dagen. Det skjer når månen kjem mellom oss og sola. I dag veit vi nøyaktig når og kvar slike solformørkingar kan sjåast, og mange reiser dit for å oppleve det. Men i tidlegare tider må det ha komme veldig overraskande og gjort sterkt inntrykk på menneska. Det mest naturlege for dei var å tolke det som eit teikn frå gudane.

Det hender også at dei inste planetane passerer mellom oss og sola, og då kan vi med vernebriller sjå dei som ein prikk over solskiva. Du kan skade auga om du ser på sola utan spesielle briller.

Vi opplever også måneformørkingar ein gong eller to kvart år. Men kva kan vere i vegen for månen? Det er oss! Det er jorda. Når jorda kjem mellom månen og sola, får vi ei delvis eller heil måneformørking. Då ser vi skuggen av jorda på månen, og vi ser tydeleg at jorda er rund.

I dag kjenner vi bevegelsane til sola og månen så godt at vi kan føresjå nøyaktig når og kvar solformørkingar kan sjåast. Og folk reiser langt for å oppleve dei, som hit til Svalbard. 1 Korleis blei månen vår til? 2 Kvifor er vi så opptekne av om det finst vatn på andre planetar? 3 Kva er det som gjer at vi har ulike årstider?

This article is from: