Tverrfagleg oppgåve 1 Berekraftsmåla til FN omfattar 17 hovudmål og gjeld for alle landa i verda. Måla skal hjelpe oss med å gjere verda til ein betre stad for alle menneske som lever no, utan å øydeleggje for dei som kjem seinare. Det kallar vi berekraftig utvikling.
Mål 1:
Utrydde alle former for fattigdom i heile verda
I 1990 levde om lag 2,5 milliardar menneske i ekstrem fattigdom. Sidan då har prosentdelen ekstremt fattige blitt meir enn halvert. I dag reknar vi med at om lag 750 millionar menneske lever under fattigdomsgrensa. Denne grensa er på 1,90 dollar dagen. Målet er at ingen skal leve i ekstrem fattigdom i 2030.
96
.
Skriv 2,5 milliardar og 750 millionar med tal.
.
Kor mange færre ekstremt fattige er det i dag samanlikna med i 1990?
.
1 dollar er verd omkring 8,50 kr (2018). Kva blir fattigdomsgrensa i kroner?
.
Kva blir fattigdomsgrensa i kroner per veke, månad (30 dagar) og år (365 dagar)?
MATEMATIKK 8 GRUNNBOK FRÅ CAPPELEN DAMM