2 minute read

Overslagsrekning

Next Article
Kvadratrot

Kvadratrot

Til dagleg har vi ofte berre bruk for å finne eit svar som er omtrent rett. Slik er det til dømes når vi gjer eit overslag over kor mykje vi må betale for varer vi skal kjøpe. Då rundar vi av tala, slik at det blir lettare å finne svaret ved hovudrekning.

DØME 1.22

a) Du kjøper noko som veg 5,1 kg. Prisen per kilogram er 88,90 kr.

Omtrent kor mykje må du betale?

b) Onkel Jens kjøper 8,6 liter bensin til motorsykkelen sin.

Han betalar 136,74 kr.

Gjer eit overslag for å finne prisen per liter.

Løysing

a) Vi rundar av 5,1 kg til 5 kg, og 88,90 kr til 90 kr: 5,1 88,90 5 90 ¼ 450

Vi må betale ca. 450 kr.

b) Vi rundar av 136,74 kr til 150 kr, og 8,6 liter til 10 liter: 136,74 : 8,6 150 : 10 ¼ 15

Prisen per liter er ca. 15 kr.

HUGS

Ved multiplikasjon blir overslaget best når vi rundar av det eine talet oppover og det andre talet nedover. Ved divisjon blir overslaget best når vi rundar av begge tala oppover eller begge tala nedover.

OPPGÅVER

1.88 Gjer overslag ved å runde av tala til heile tal. a) 9,2 4,3 c) 19,1 21,1 e) 97,5 12,3 b) 6,1 11,9 d) 0,9 5,9 f) 106,9 93,7

1.89 Gjer overslag ved å runde av tala til heile tal. a) 26,1 : 5,8 c) 19,5 : 0,9 e) 63,1 : 7,3 b) 103,2 : 11,1 d) 41,1 : 6,7 f) 198,3 : 48,7

1.90 Martin kjøper 3,2 kg pølser til 48,00 kr per kilogram. Gjer eit overslag over kor mykje Martin må betale for pølsene.

1.91 Hanna jobbar i ein skobutikk på laurdagar. Ho tener 469,50 kr på 3 timar. Gjer eit overslag over kor mykje ho tener per time.

1.92 Simen kjøper desse varene i butikken: 1,8 kg eple 2 hg smågodt 0,9 kg appelsinar 0,9 kg appelsinar 2 flasker iste 2 flasker iste

a) Lag eit overslag over kor mykje Simen må betale for kvar av dei ulike varene. b) Omtrent kor mykje må Simen betale for alle varene? c) Bruk kalkulator og rekn ut nøyaktig kor mykje Simen må betale.

1.93 Bruk overslagsrekning og finn omtrentlege svar. 1,9 kg pærer kostar 41,20 kr. Omtrent kor mykje kostar 1 kg pærer?

3 hg smågodt kostar 34,50 kr. Omtrent kor mykje kostar 2 hg smågodt?

35,0 L diesel kostar 542,50 kr. Omtrent kor mykje kostar 50 L diesel?

1.94 Sara og Leo er i butikken og handlar inn for klassen. Dei kjøper desse varene: 9 pakkar pølser 4 pakkar lomper 2 sekkar grillkol 1 flaske tennvæske

a) Omtrent kor mykje må dei betale for varene? b) Bruk kalkulator og rekn ut nøyaktig kor mykje dei må betale.

1.95 Vurder desse overslaga. Dersom du er ueinig, skal du grunngi kvifor.

På ei reise i Italia ser Anna Karin ein suvenir som kostar 21 euro. Anna Karin reknar ut at suveniren kostar ca. 200 kr fordi 1 euro kostar 9,70 kr.

René køyrer båten sin med ein fart på 12 knop. Han reknar ut at det er ca. 200 km/h, fordi 1 knop = 1,852 km/h.

I ein butikk kostar 22 gulrøter 48 kr. Iris reknar ut at 1 gulrot kostar ca. 0,50 kr.

This article is from: