
1 minute read
oppgåve 1Tverrfagleg
Tverrfagleg oppgåve 1
Berekraftsmåla til FN omfattar 17 hovudmål og gjeld for alle landa i verda. Måla skal hjelpe oss med å gjere verda til ein betre stad for alle menneske som lever no, utan å øydeleggje for dei som kjem seinare. Det kallar vi berekraftig utvikling. Mål 1: Utrydde alle former for fattigdom i heile verda
I 1990 levde om lag 2,5 milliardar menneske i ekstrem fattigdom. Sidan då har prosentdelen ekstremt fattige blitt meir enn halvert. I dag reknar vi med at om lag 750 millionar menneske lever under fattigdomsgrensa. Denne grensa er på 1,90 dollar dagen. Målet er at ingen skal leve i ekstrem fattigdom i 2030.
. Skriv 2,5 milliardar og 750 millionar med tal. . Kor mange færre ekstremt fattige er det i dag samanlikna med i 1990? . 1 dollar er verd omkring 8,50 kr (2018). Kva blir fattigdomsgrensa i kroner? . Kva blir fattigdomsgrensa i kroner per veke, månad (30 dagar) og år (365 dagar)?
Å definere fattigdom i Noreg kan vere vanskeleg. Er ein fattig dersom ein til dømes ikkje kan reise på ferie kvar sommar? Europa har definert ei eiga fattigdomsgrense. Ho er sett til halvparten av gjennomsnittsinntekta i det landet du bur i. I Noreg låg ei gjennomsnittsinntekt på 43 300 kr per månad i 2016.
. Kva er fattigdomsgrensa i Noreg per månad etter den europeiske definisjonen? . Kor mykje får ein person med gjennomsnittsinntekt i Noreg utbetalt per månad dersom det blir trekt 13 000 kr i skatt per månad? . Kor mykje kan ein person med ei gjennomsnittsinntekt i Noreg bruke per dag i september? . Kor mykje meir er dette samanlikna med fattigdomsgrensa som FN har sett?
Finn informasjon om utviklinga av fattigdom i verda. . Kva tyder alle former for fattigdom i mål nr. 1? . Finn ut kva det tyder å mangle materielle og sosiale gode, og om lag kor mange menneske som manglar desse goda i dag. . Korleis er utviklinga frå 1990? Vurder tala – kva tenkjer de om å nå mål nr. 1 fram mot 2030? Er det mogleg? . Lag eigne spørsmål ut frå informasjonen de finn.

2Delelege tal og brøk
