
2 minute read
Samansette måleiningar
Ei måleining er ei eining vi brukar i samband med måling. Nedanfor ser du forkortinga for nokre av dei vanlegaste måleiningane vi brukar.
Lengd: cm, dm, m, km Areal: cm2, dm2, m2, km2 Volum: cm3, dm3, m3, km3 L, dL, cL, mL Vekt: g, hg, kg, tonn Tid: s, min, h, dag Energi : W, kW, kcal, kJ
Ei samansett måleining er ei måleining vi brukar når to målingar blir sette saman til éi måling for å fortelje samanhengen mellom dei. Døme på det er km/h som er ei eining for fart, eller kr/kg som er ei eining for pris per kilo.
Her ser du nokre av dei vanlegaste samansette måleiningane:
Veit du om fleire samansette måleiningar?
Dersom vi ser på nemninga for fart (kilometer per time) blir oppsettet slik:
Fart= strekning tid ¼ km h ¼ km/h
Her har vi målt strekninga i kilometer (km) og tida i timar (h). Men vi kan også måle strekninga og tida i andre einingar, som meter (m) og sekund (s).
I samansette måleiningar brukar vi som regel teiknet / i staden for brøkstrek, som i km/h, kr/kg, m/s osv.
DØME 1.21
Ein sjåfør køyrer 480 km i elbil frå Oslo til Bergen. Sjåføren brukar 7,5 timar på turen. Totalt brukar bilen 91 kW på turen, og prisen for 91 kW på ein hurtigladar er 163,80 kr. a) Kva blir gjennomsnittsfarten til bilen på turen (km/h)? b) Kva blir prisen per kilowatt (kr/kW)?
Løysing
a) Vi finn gjennomsnittsfarten ved å dividere strekninga med tida.
Fart= 480km 7,5h ¼ 64km/h
b) Vi finn prisen for 1 kW ved å dividere prisen med forbruket.
PrisperkW=163,80kr 91kW ¼ 1,80kr/kW
Kvifor er x minutt er det same som x 60 timar?
OPPGÅVER
1.79 Gjer om til kilometer (km). a) 2000 m b) 40 mil c) 350 m d) 5,2 mil
1.80 Gjer om til timar (h). a) 30 min b) 15 min c) 6 min d) 54 min
1.81 Rekn ut gjennomsnittsfarten. a) Frode syklar 50 km på 2 timar. b) Sara køyrer 24 mil på 3 timar. c) Hassan spring 10 km på 60 minutt.
1.82 Familien Olsen er på biltur. Dei køyrer ei strekning på 240 km. Kva blir gjennomsnittsfarten dersom dei brukar a) 3 timar på turen b) 4 timar på turen
a) 3,5 timar på turen b) 3 timar og 15 minutt på turen
a) 3 timar og 12 minutt på turen b) 3 timar og 48 minutt på turen
1.83 Oda joggar på tredemølle i treningssenteret. Ho held på i 20 minutt. Energiforbruket er 180 kilokaloriar (kcal). a) Kor mange kilokaloriar forbrenner Oda på 1 minutt? b) Rekn ut kaloriforbruket per time.

1.84 Finn prisen per kilogram (kr/kg) for desse varene når potetene kostar 19,75 kr, gulrøtene 19,08 kr og tomatane 27,60 kr.
1.85 Til ein klassefest kjøper læraren 3,2 kg smågodt for 412,80 kr. a) Kva blir prisen per kilogram? b) Kva blir prisen per hektogram?
1.86 Beaufort-skalaen er ein vindskala som går frå 0 til 12. Nedanfor ser du namn og middelverdien til fire vindfartar. Finn dei vindfartane i m/s og km/h som manglar.

Beaufort-tal Nemning Vindfart i m/s Vindfart i km/h
4 Laber bris 25
6 Liten kuling 12 9 Liten storm 22 12 Orkan 120
1.87 Ein murar betalar 248 kr for 800 kg sand. Kva blir prisen per tonn?
Forklar kvifor 3 km/min er like raskt som 180 km/h.