ÅRSMELDING SOSIALTILLITSVALD/SEKRETÆR
Sosialtillitsvald har ei delt stilling som og omfattar sekretærrolla i klubben. Arbeidsoppgåvene for sosialtillitsvald har i tillegg til dei faste oppgåvene i ymse utval og komitear, - vore av varierande art. Dei faste utvala der sosialtillitsvald er med, som til dømes arbeidsmiljøutval og IA-utval, leverer eigne årsrapportar. IA-utval er underutval av AMU og rapporter til arbeidsmiljøutvalet. Nokre av våre tilsette har i periodar trong for alternative oppgåver og dette har vorte freista løyst på best mogleg vis, men diverre har utfallet for nokre også vore at ein har måtta avslutta arbeidsforholdet. IA-utvalet har i perioden jobba godt med å ha eit førebyggjande perspektiv i sitt virke. Her må det framhevast godt samarbeid med IA-koordinator og dei ulike ressursansvarlege ved bedrifta, - samt HR-avdelinga. Eit partsamarbeid som me meiner er ei styrkje for bedrifta og dei tilsette. Bedrifta har gjennom året fortsatt hatt sterkt fokus på mobbing og trakassering, - og har nulltoleranse for dette. Som eit av tiltaka etter medarbeidarundersøkinga i 2018 har Kværner også i år delteke i forskingsprosjekt saman med UiB. Prosjektet «Grip Inn» har vore ein suksess så langt, men på grunn av koronasituasjonen står det framleis ein del arbeid att, og arbeidet går vidare gjennom 2022 så snart situasjonen tillet det. Sosialtillitsvald har gjennom året vore delaktig i IA bransjeprogram via norsk industri, samt delteke på ulike kurs i regi av NAV arbeidslivsenter, Akan-dagane og arbeidsgruppa til Grip Inn-prosjektet. Sosialtillitsvald har også vore sentral sidan seinhausten 2020 med å utarbeide ei ny nettside for verkstadklubben. Denne sida finn du på: verkstadklubben.no
VERKSTADKLUBBEN STORD
Denne sida skal gi medlemmane våre nødvendig informasjon, høve til å legge inn kvitteringar til medisinkassen, moglegheit for å senda meldingar til klubbadministrasjonen, samt høve til å foreta val og ha medlemsquiz for å nemne noko. Ein ser gjerne at enda fleire av medlemmane tar denne sida i bruk.
43
2021