
5 minute read
Tariffsaker/fagleg politisk
FAGLEG POLITISK ARBEID
2021 eit år som i likskap med 2020 har vore prega av korona og har vore utfordrande for fagforeininga si utadretta verksamheit i den same perioden. Men her i Noreg har landet i løpet av sommaren og hausten gradvis blitt opna opp igjen etter kvart som befolkninga har blitt vaksinert, og det har blitt mogleg å delta på kurs og konferansar.
Advertisement
Nokre av sakene som Verkstadklubben i løpet av årsmøteperioden har vore engasjert i:

10-årsmarkering 22. juli.
I fjor var det ti år sidan terrorangrepet på Utøya og regjeringskvartalet. Torsdag 22. juli vart dette markert her på Stord med filmvisning i kulturhuset, og musikk og appellar ved Storddøra. Verkstadklubben tilslutta seg arrangementet og for første gong tok me i bruk den nye fana vår. Faneberar var Jørgen. M. Pedersen og dottera Tonja.
Stortingsvalet
Stortingsvalet i fjor haust resulterte i et raudgrønt fleirtal på Stortinget, og alt låg til rette for ei ny fleirtalsregjering beståande av AP, SV og SP. Dessverre førte ikkje mellom desse partia fram og me fekk ei mindretalsregjering med AP og SP. Regjeringsskifte viser ein klar og tydeleg retningsendring i politikken. Blant anna kjem fagforeiningsfrådraget til å bli dobla. Dette er eit viktig grep for å styrke faste tilsetjingar og avgrense innleie og midlertidige tilsetjingar. Blant anna er det allereie sendt ut på høyring forslag om igjen å innføre kollektiv søksmålrett i arbeidsmiljølova som Høgreregjeringa fjerna. Dette vil kunne bli eit godt verktøy å bruke for å få tak i ulovlig innleie og misbruk av midlertidige tilsetjingar. Regjeringa vil og sette i gang lovarbeid for å avgrense bemanningsbransjens omfang og rolle.
Krav om betre permitteringsreglar
Arbeidstakarar vert hardt råka av koronatiltaka. Koronapandemien har store konsekvensar for norsk arbeidsliv og næringsliv. For å møte denne situasjonen må me igjen få ekstraordinære tiltak for dei som blir permittert. • Gjennomføre og vidareføre permitteringstiltaka frå mars 2020 • Innføre feriepengar på dagpengar • Utvide permitteringsperioden
Står opp for norske verft
Me er bekymra for framtida til dei store skipsverfta i Noreg. I dag går alt for mange av dei store oppdraga til utanlandske verft. Dette gjeld blant anna elektriske ferjer. Desse vert bygd med tilskot frå det offentlige, og er viktige for å få til miljøvennlig transport. Myndigheitene må spele på lag og finne ut korleis den offentlige støtta skal bidra til sårt tiltrengt aktivitet i Noreg.
Pensjon: Framtidas AFP - god nok som den er, eller ny ordning?
Representantar frå verkstadklubben har vore til stades under konferansen i Stavanger. Me drøfta framtidas tidlegpensjon. Konferansen har blant anna bidrege til auka kunnskap og engasjement hos klubbar og tillitsvalte. Det er ikkje tilfeldig at konferansen fant stad før fristen for å sende inn forslag til tariffoppgjeret 2022. Målet var at floka med avtalefesta pensjon kan nærme seg ei løysing i tariffoppgjeret 2022. Blant anna er å gjøre tidlegpensjon sentralt i tariffoppgjør. LO og NHOs har presentert ein ny, såkalla reformert AFP. I vår vart utredninga lagt fram, med forslag til korleis ordninga med avtalefesta pensjon kunne bli meir treffsikker. Det store spørsmålet som ikkje er svara for er kven som skal ta rekninga for ei ordning som vil bli dyrare. Den tidligare statsministeren, Erna Solberg, - har allereie vore på banen og slått fast at staten ikkje skal betale noko meir for AFP.
Industriaksjon- Energipolitikk
Naturresursane som er fellesskapets eige, skal kome heile folket til gode, og bygge opp arbeidsplassar på høg teknologi og låg energipris. Naturgitte fortrinn skal ikkje vere eit spekulasjonsobjekt på strømbørsen slik me ser i dag. Hausten og vinterens debatt om dei skyhøge strømprisane viser at me treng ei skikkelig opprydding. No har me også muligheita til å få politisk gjennomslag.
Industriaksjonen vil fortsette med å arbeide for at dagens energipolitikk igjen blir underlagt politisk styring og kontroll.
Vår største og viktigaste næring, olje og gassnæringen, - har vore og er under konstant politisk press. Energikrisa i Europa viser kor avhengig me er av å utvikle, ikkje avvikle norsk sokkel.

Dei unge industriarbeidarane Kamilla Espeland og Leif Erik Vae meiner Noreg ikkje kan slutta å leita etter olje enno, men at til dømes verkstadar som Aker Solutions ligg langt framme i å omstilla seg.
Industriaksjonen planla ei stor markering framom stortinget 20. januar og ei landsomfattande fakkelmarkering 15. februar 2022. Ei rekke av LOs lokalorganisasjonar støttar strømoppropet, og her på Stord så skal me mobilisere for at flest mogleg fagforeiningar støttar opp om markeringane.
Målet er å vise at fagbevegelsen har både makt og innflytelse til å endre dagens energipolitikk til det beste for vanlige folk, næringslivet og industrien. Det er berre fagbevegelsen som kan kanalisere dagens misnøye til noe konstruktivt.
Tilgang på fagarbeidarar
«Yrkes» er mykje meir enn kva mange tenker. Det er praktisk fag, med mykje kompetanse og hardt arbeid, - som til slutt ender med et fagbrev. Om det er ein ting alle med fagbrev har til felles, så er det yrkesstolthet! Når Noreg måtte stenge grensene for nesten 100.000 arbeidarar med adresse i utlandet, viste det tydeleg kor sårbare me er i Norge. Å få tak i norske arbeidarar er ei utfordring. I åra me har framom oss veit me at me vil trenge fleire med yrkesfagleg bakgrunn. Tal frå SSB viser at me vil mangla 90.000 fagarbeidarar i 2035, - til å utføre heilt essensielle oppgåver for fellesskapet i åra framover. Det gjeld blant anna innanfor industri, bygg og anlegg, og handtverk. For å løyse denne rimelig store og viktig utfordringa treng me politisk handling. Me treng politikarar som satsar på yrkesfag og sørger for hele faste stillingar. Eksempel på dette er industrimalarfaget. Det er stort behov for industrimalarar i Noreg. Om ikkje fleire vel dette faget så kan Noreg om få år stå utan fagfolk i dette yrket. Få studietilbod i Noreg kombinert med at store deler av desse fagområde er overtatt av innleigd personell (Øst Europa).


VIKTIG JOBB: Bransjen skrik etter fleire som Kaja Lunde (23). Ho er industrimålar på Aker Solutions Stord. UROA: Amram Hadida i Fellesforbundet ved Aker Solutions på Stord, meiner både styresmakter og næringsliv må setja fagarbeidarar på dagsorden.
VERKSTADKLUBBEN HAR FÅTT EI NY FANE
I samband med 75-årsjubileum har Verkstadklubben fått ei flott jubileumsgave av Kværner (no Aker Solutions) i form av ei ny fane.
Framsida av fana viser arbeidere foran Nord-Europa største traverskran «Storen». På baksida viser fana logoen til Verkstadklubben.
Me håpte på å kunne ta i bruk vår ny fane under 1. mai feiringa, men måtte nøye oss med ei digital 1. mai- markering. Verkstadklubben er svært nøgde og takknemlege for den nye fana vår som pryder førstesida og baksida på årsmeldinga.
Amram Hadida - Klubbleiar

Design av ny fane: Tada Reklamebyrå