
2 minute read
Årsmelding sosialtillitsvald/sekretær
ÅRSMELDING SOSIALTILLITSVALD/SEKRETÆR
Sosialtillitsvald har ei delt stilling som og omfattar sekretærrolla i klubben. Arbeidsoppgåvene for sosialtillitsvald har i tillegg til dei faste oppgåvene i ymse utval og komitear, - vore av varierande art. Dei faste utvala der sosialtillitsvald er med, som til dømes arbeidsmiljøutval og IA-utval, leverer eigne årsrapportar. IA-utval er underutval av AMU og rapporter til arbeidsmiljøutvalet.
Advertisement
Nokre av våre tilsette har i periodar trong for alternative oppgåver og dette har vorte freista løyst på best mogleg vis, men diverre har utfallet for nokre også vore at ein har måtta avslutta arbeidsforholdet. IA-utvalet har i perioden jobba godt med å ha eit førebyggjande perspektiv i sitt virke. Her må det framhevast godt samarbeid med IA-koordinator og dei ulike ressursansvarlege ved bedrifta, - samt HR-avdelinga. Eit partsamarbeid som me meiner er ei styrkje for bedrifta og dei tilsette.
Bedrifta har gjennom året fortsatt hatt sterkt fokus på mobbing og trakassering, - og har nulltoleranse for dette. Som eit av tiltaka etter medarbeidarundersøkinga i 2018 har Kværner også i år delteke i forskingsprosjekt saman med UiB. Prosjektet «Grip Inn» har vore ein suksess så langt, men på grunn av koronasituasjonen står det framleis ein del arbeid att, og arbeidet går vidare gjennom 2022 så snart situasjonen tillet det.
Sosialtillitsvald har gjennom året vore delaktig i IA bransjeprogram via norsk industri, samt delteke på ulike kurs i regi av NAV arbeidslivsenter, Akan-dagane og arbeidsgruppa til Grip Inn-prosjektet.
Sosialtillitsvald har også vore sentral sidan seinhausten 2020 med å utarbeide ei ny nettside for verkstadklubben. Denne sida finn du på: verkstadklubben.no
Denne sida skal gi medlemmane våre nødvendig informasjon, høve til å legge inn kvitteringar til medisinkassen, moglegheit for å senda meldingar til klubbadministrasjonen, samt høve til å foreta val og ha medlemsquiz for å nemne noko. Ein ser gjerne at enda fleire av medlemmane tar denne sida i bruk.
ÅRSMELDING SOSIALTILLITSVALD/SEKRETÆR
Som eit ledd i bedriftas haldningskampanje for nulltoleranse av rusmidlar, vert det sterkt understreka at ein har plikt til å gripa inn dersom ein mistenkjer at ein kollega møter på jobb i ruspåverka tilstand.
Sosialtillitsvalt har deltatt i ulike fora med sykefråvær som tema. Dette er også omtala i årsrapporten til IA-utvalet.
Sosialtillitsvald har etter beste evne forsøkt å yte bistand i forsikringssaker av ulik karakter. Her er mellom anna ordninga om å syte for at etterlatne får rettmessig stønad ei viktig oppgåve. Å synleggjera forsikringsfordelane i LO-favør er også ei viktig oppgåve ovanfor medlemmane.
Å handsame kvitteringar på reseptpliktig medisin og utøve refusjon på kiropraktor/fysioterapi er ei ikkje ubetydeleg oppgåve som ligg på sosialtillitsvald. Me har etter beste evne prøvd å løysa dette for medlemmane, og får tilbakemeldingar på at dette er ei ordning som vert satt pris på.
Det er også ein del saker av trasig karakter som åtvaringar, oppseiingar, rusmisbruk, vanskelege livssituasjonar, økonomiske utfordringar m.m. som krev oppfølging. Her har samarbeidet med ressursutviklarane, IA-koordinator og HR vore tilfredsstillande.
Tilsynsvald overfor lærlingane er ei oppgåve som gjeld. Her er det kontinuerleg dialog med ungdomsutvalet og representant frå bedrifta. I sekretærrolla er det mottak av post, innkalling til klubbstyremøter, protokollskriving, handtere årsmelding, bestille blomar/ gåver, arrangere pensjonistsamling, formidle informasjon frå avdeling 118, føre rekneskap til medisinkassen, deltaking i forhandlingsutvalet, m.m.
Roger Sæverud Sagvåg, sosialtillitsvald/sekretær
